Politikk, Satire/ironi/humor

Islamifisering og kristendomifisering

I dag er eg blitt  utsett for både islamifisering og kristendomifisering. I dag hadde vi julelønsj på jobben, og trur du ikkje eg fekk juletapas! Eit tydeleg teikn på at islam overtar samfunnet – heilt sikkert.

Neste gong eg vart utsett for religionen si krypande overtaking av samfunnet var då eg kom i barnehagen. Der er eg van med heidenske symbol som nissar og juletre. Men i dag – dei første orda dotter mi sa til meg då eg kom var:

— Ære være gud i det høyeste!

Jaja, glatt er det no uansett.

Standard
Feature, Politikk, Satire/ironi/humor

Krf og kontantstøtta

Kjell Ingolf Ropstad, ein forundra stortingsrepresentant frå Krf, ønsker å auke kontantstøtta til 10 000,- blanke kroner. Foto: Lillian og Lena/http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/bildegalleri

– Eg skulle gjerne hatt 10 000,- kroner frå staten, seier den lure borgaren

– Korfor skulle staten gje deg 10 000,- kroner, svarer den lett forundra stortingsrepresentanten frå Krf

– Jau, fordi eg ikkje bruker dette offentlege tilbodet som alle kallar barnehage, det må då vere verd noko, svarer den lure borgaren

– Å ja, ja sjølvsagt skal du få pengar for å ikkje bruke det tilbodet vi har bygd opp, men 10 000,- kroner er alt for lite, du skal sanneleg få 10 000,- kroner i månaden hos meg, kjem det frå Kjell Inge Ropstad, den forundra stortingsrepresentanten frå Krf

Den lure borgaren er sjølvsagt nøgd med svaret, kven vil ikkje ha pengar frå staten. Men han er ingen dumrian og tenkjer at eit tilbod som er for godt til å vere sant ofte er for godt til å vere sant. Det er kanskje verd å spørre den forundra stortingsrepresentanten om det er hakar ved dette tilbodet.

– Nja, seier den forundra stortingsrepresentanten til den lure borgaren, – Du får ikkje lov til å jobbe og betale skatt, det må andre gjere for deg. Du må og la ungane dine vere utanfor det sosiale miljøet som dei fleste andre ungane er i, og kanskje vil det føre til at ungane dine gjer det dårlegare på skolen i framtida.

Den lure borgaren tenkjer seg om ei lita stund. Han likte ikkje haka, men kanskje kunne det likevel vere ein måte han kunne skaffe seg desse 10 000,- kronene og likevel halde fram med å jobbe og tene pengar. – Du forundra stortingsepresentant, om eg leier inn ei litauisk barnepike til luseløn for å passe ungane mine medan eg er på jobb, kan eg då likevel få 10 000,- kroner i månaden av deg?

Den forundra stortingsrepresentanten tenkjer seg om i nokre sekund… – Ja, det burde vel gå bra, det viktigaste er jo at eg får gje deg pengar og at du ikkje bruker barnehagane.

Den lure borgaren smiler nøgd, stikk pengane i lomma, går på jobb og gjer karriere.

 

VG i dag

Politisk.no

Standard
Batteri
Ikkje politikk, Satire/ironi/humor

Smaken av batteri

Batteri

Huska du korleis batteri smaka? Foto: Rob Nunn/http://www.flickr.com/people/scalespeeder/

Ein gong i min pure ungdom lærte eg meg at du kan smake på eit batteri for å finne ut om det er straum igjen på batteriet. Dette funka først og fremst på dei gamle flate 4,5v batteria som no er blitt meir eller mindre borte. Det var lett å få begge polane borti tunga samtidig. Og var det straum, vart det og ei herleg sitring.

Dette har fått meg til å tenke, på kraftkrisa i Midt-Noreg. For det eg huskar frå barndomen er at det nesten alltid var litt straum att på batteriet, også etter at lommelykta ikkje funka lenger. Og slik er det på dei aller fleste batteri, det er litt straum igjen. Eg tør ikkje tenke på kor mange batteri som blir kasta kvar dag med litt straum igjen på, men mange er det.

Burde vi ikkje fått til ein nasjonal dugnad der vi samla inn desse batteria og sendte dei til Midt-Noreg? Då kunne vi bygd ein batteritappingsfabrikk i Skogn som var spesialkontruert for å tappe siste rest av alle batteri. Det ville vore eit godt og miljøvenleg bidrag til å løyse kraftkrisa.

Eller – det trur eg eigentleg ikkje.

Standard