
Jahn-Arill Skogholt er forfattaren av Grågud og kvitekrist
Dette er siste romanen til far min, Jahn-Arill Skogholt. Eg legg boka ut her i ulike format. Boka kom opprineleg ut på Orkana forlag i 1999. Dei har mange spennande bøker til sals, kjøp dei!.
Eg håper mange vil finne glede i denne boka. Del ho gjerne med andre. Last ho ned, men du har ikkje lov til å tene pengar på boka.
Den versjonen du finn her, er den som låg på datamaskina til han Pappa då han gjekk bort. Eg har ikkje fått krysslest mot den trykte versjonen for å finne ut om det er avvik. Det skal eg få gjort etterkvart. Om det er avvik kjem eg til å rette opp det. Eg vil tippe at det er eit par skrivefeil i dette manuset som er fanga av korrekturen i den trykte versjonen.
Etterkvart håpar eg at den andre romanen, «I Havherrens land» skal bli publisert her, men då må eg få skanna boka først.
ISBN nummer på htmlversjonen er: 978-82-998087-0-5 (html)
Last ned for eReader (Palm markup language)
Last ned som ePUB (for Sony Reader og andre
Andre tekstar av Jahn-Arill Skogholt
Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? 
Pingback: Moms på elektroniske tenester | Eit stykkje av verda
Pingback: Eg er ein lærar | Eit stykkje av verda