Grågud og kvitekrist – kapittel 2

Bjørnulv låg etter dei andre gutane på våpentreninga. Anna var ikkje å vente, sa Asgaut. Dei andre gutane hadde hatt våpen av ulike slag i hende mest sidan dei var fødde. Trælen Bjore hadde aldri fått lov til å ta i eit våpen.
Det var særleg sverdet han hadde vanskar med. Kvar gong han tok i sverdet kjente han svien frå den einaste gongen i gutedagane han hadde tatt i eit sverd.
Han og Gaute kunne vel vore fem vintrar den gongen, og Gaute hadde fått eit nytt sverd til åremålsdagen. Han hadde funne seg ein gammal bjørkestubbe uti bumarka som han sto og hogg på. Etter å ha hogge ei stund trøytna han, og spurde om ikkje Bjørnulv hadde lyst til å prøve nysverdet litt.
Det var sjølsagt ikkje nei i Bjørnulv sin munn. Han gjekk laus på bjørkestubben med aka den villskap som ein femvintrars gut kan makte.
Brått greip ei grov hand i nakken på han. Ei anna, like grov hand, vreid sverdet ut av neven hans. Guten vart kasta bortover marka, mens Frode brukte det vesle sverdet til å kutte seg eit høveleg bjørkeskot som vaks like ved den gamle stubben. Han rafsa lauvet av skotet og gjekk laus på Bjørnulv.
Det var ikkje første gongen trælen Bjore fekk smake riset, men aldri før slik som denne gongen. Etter dei første innleiande rappa, sleit Frode kleda av han, og gjekk for alvor laus på den nakne, vesle gutekroppen.
Gaute forsøkte å gå mellom.
– Far, ikkje slå han så fælt, det var eg som baud han å låne sverdet. Det var eg som fekk han til det.
Men faren berre føysa Gaute unna.
– Du skulle kan hende hatt juling, du også. Men denne trælen skal i alle fall få lære seg at ein træl ikkje tar i fri manns våpen.
Slaga fortsette å hagle heilt til han svimte av. Det gjekk fleire dagar før han kunne røre seg utan å kjenne smertane.

Nei, han fekk det ikkje til med sverdet. Og Kalv Kvite, som var den eine av dei to som skulle lære gutane sverdleik, ga snart opp.
– Det er noko som alle veit, hekste han, – at trælar ikkje kan lære å bruke fri manns våpen. Og sverdet, det er fri mann sitt fremste våpen.
Denne Kalv Kvite var ein underleg figur. Han var heilt kvit, både i hår og hamlét. Berre auga var raude, som hos ein mann som hadde sete for lenge over ølbollen.
Kalv Kvite var ein hund etter kvinnfolk, men dei fleste kvinnfolka skydde denne underlege, vesle mannen, så han måtte helst ty seg til trælkvinner som ikkje hadde nokon rett til å unndra seg famntaka hans. Men det vart og prata om at det ikkje kunne vere så mykje han fekk til i hop med kvinnfolka, for det hadde aldri spurtest at det grodde i noko kvinneliv etter at Kalv Kvite hadde vore der.
Men med sverd i hand var Kalv Kvite ein mann å rekne med. Det var derfor han ofte vart sett til å trene opp unggutar, endå om han for heller hardt fram. Det hendte ikkje så sjeldan at gutane gjekk frå øvinga hos Kalv Kvite med blodet rennande. Og av og til var ikkje såra heilt små heller. Dette fekk Bjørnulv merke fleire gonger den korte tida Kalv Kvite var læraren hans.
Det vart til at Asgaut måtte ta hand om opplæringa av Bjørnulv, og han hadde eit uendeleg tålmod. I meste laget, syntes Bjørnulv titt. Bjørnulv hadde mest lyst til å kaste sverdet og springe og gjømme seg, men Asgaut tvang han til å drive på.
Ein dag Asgaut hadde drive Bjørnulv hardare enn han pla, sat dei begge på ein stein og pusta på. Bjørnulv meinte seg sjå at det var noko som plaga Asgaut, men visste ikkje heilt korleis han skulle te seg med det. Dei vart sittande der å kike litt skrått bortpå kvarandre.
Brått sa Asgaut:
– Gaute fortalde meg noko…
Bjørnulv fór opp.
– Gaute skulle lære seg å passe kjeften sin.
Så sokk han ned på steinen igjen.
– Men det kan vel komme mykje god latter ut av fortellingar om korleis trælen hans har hatt det i oppveksten.
Asgaut aka seg litt nærmare på steinen og la ei hand bortpå aksla til Bjørnulv.
– Du skal ikkje ha så låke tankar om Gaute. Det er rett at han likar å bli likt. Og det er rett at han kanskje ikkje passar kjeften like godt støtt. Men dette trur eg berre han har fortalt til meg, og eg trur ikkje han gjorde det med nokon vond vilje. Eg veit berre at det var nyttig for meg å få vite det. Likevel må du lære å bruke sverdet. Derfor må du, så godt du kan, prøve å glømme det som hende den dagen for ti vintrar sidan.
Ei stund sat Bjørnulv der med hengande aksler. Men brått for han opp og gaula til Asgaut at han skulle hogge hovudet av både Asgaut og Gaute, såpass at den historia ikkje skulle bli gåande på bygda.
Så vilt og rasande hadde Bjørnulv aldri svinga sverdet før, endå om det svei og brann og verkte i heile kroppen, slik det støtt gjorde når han prøvde seg med sverdet.
Han gjekk på Asgaut, vill som ein berserk. I førstninga måtte Asgaut vike for raseriet til Bjørnulv. Men etter ei stund hadde Asgaut ingen problem med å komme seg unna dei ville hogga.
Han prøvde å snakke med Bjørnulv, men det nytta lite. Bjørnulv gjekk berre på og brølte at han skulle ta livet av Asgaut. Til sist såg ikkje Asgaut anna råd enn å slå sverdet ut av handa til Bjørnulv.
Ei stund sto Bjørnulv berre og såg overraska på Asgaut. Så tok akslene hans til å riste, og han la på sprang opp i marka.

Om kvelden kom Asgaut til Bjørnulv og ba han bli med seg ut ein tur. Dei gjekk ned til fjæra og sette seg på kvar sin stein på vorren. Det hadde kome eit haustleg drag i lufta, og blada hadde tatt til å gulne. Dei sat litt, og drog kappene godt om seg mot det kulsne draget frå havet.
– Eg ville snakke med deg, begynte raudskjeggen.
Bjørnulv såg i ei anna lei, og svara ikkje.
– Eg ville berre seie at det er ikkje noko skam å bli rasande. Det er heller ikkje noko skam at eg er betre med sverdet enn du er. Eg har brukt det i fleire år enn du har levd. Det er heller ikkje noko skam å ta til tårane når ein har vore skikkeleg rasande. Eg synest i alle fall ikkje at det er det når eg gjer det. Elles så ville eg ha sagt at det sinnet du viste meg i dag, det skal du ta godt vare på. Det kan komme godt med ein gong du har bruk for å gå på ein mann. Og kan du i eit slikt sinne bruke sverdet med noko større dugleik, kan det komme til å gå gjetord om deg.
Bjørnulv sat framleis og såg i ei anna lei.
– Og du skal vite at det Gaute fortalde meg, det kjem ikkje vidare frå meg. Eg er nokså sikker på at det heller ikkje kjem vidare frå han. Eg trur ikkje Gaute ville like å ha meg til uven.
Det tok til å riste litt i akslene til Bjørnulv igjen.
– Jaja, heldt Asgaut fram. Det var no det. Men så var det ei anna sak. Det kjem ein til gards – truleg i morgon, ein du aldri har møtt. Bodvar heiter han. Han har vore i Trøndelagen i sommar. Kva han har gjort der, er eg ikkje heilt viss på, men eg trur det har noko med Tryggvasonen å gjere.
Bjørnulv kunne ikkje halde seg lenger.
– Korfor tar du meg hit for å snakke om han? Kva har han med meg å gjere?
– Han har vel ikkje nettopp noko med deg å gjere, enno. Men eg tenkte at du kunne ha godt av å vite at han er ein av dei som står Hjorten nærast. Eg tenkte heller ikkje det gjorde noko om du fekk vite at soga om Bodvar Bjarmlending ikkje er så heilt ulik soga om Bjørnulv Steinbjørnsson.
Bjørnulv såg storøygd på Asgaut.
– Meiner du at…
Asgaut lo litt.
– Ja, eg meiner det.
– Og du sa at han er ein av dei som står Hjorten nærast, stotra Bjørnulv.
Asgaut såg fast på Bjørnulv.
– Eg sa det, ja. Forresten har eg ikkje merka at Tore har gjeve deg nokon grunn til å meine at han ser ned på deg heller.
Bjørnulv kjente at han raudna litt der han sat, og tenkte på det Tore hadde sagt til han med det første han var komen til Borg.
– Det er ei anna sak, og. Det har vore låkt med øving i bogeskyting. Men etter det vesle eg har sett, trur eg ikkje at du skulle bli blant dei kleinaste
der. Og eg kjenner meg viss på at når Bodvar kjem, så blir det mykje trening med bogen. Det er få i Hålogaland som kan måle seg med Bodvar når det gjeld bogeskyting.

Bodvar var Kalv Kvite si rake motsetning på alle vis. Mørk var han, både i hår og hamlet, og dryg i måla, både ein og hin vegen. Og han var ikkje lenge heime på Borg før Bjørnulv forsto at han heller ikkje trong truge seg på kvinnfolka. Det kunne nesten verke som det snarare var motsett. Likevel såg det ikkje ut til at eit einaste kvinnfolk vart fornærma over ikkje å nå fram til han. Bodvar sin måte var slik at ingen kjente seg krenka.
For Bjørnulv var det ein nesten umogleg tanke at denne mannen eingong hadde vore træl.
– Så trygg på meg sjøl blir aldri eg, tenkte han meir enn ein gong.

Nokre dagar etter at Asgaut hadde snakka med Bjørnulv, var det ikkje Kalv Kvite, men Bodvar som møtte dei på treningsvollen.
Bodvar sto breibeint og augefor gutane etter kvart som dei kom. Blikket hans var så svart og kvasst at alle retta ryggen når han såg på dei.
Alle gutane stilla berre med sverd, slik dei var vane med.
– Jaha, så de er sverdmenn alle saman, ser eg.
Det låg ein liten spott i stemmen til Bodvar.
– Sjøl er eg ikkje nokon stor sverdsvingar, så ettersom Hjorten har sett meg til å øve med dykk i dag, så får de svinte dykk til å hente boge og pil.
Bjørnulv hadde høyrt eit nyss om at Det kanskje skulle bli ei omlegginga av treninga denne dagen, og hadde tatt med seg bogen og pilene sine. Men for ikkje å dumme seg ut om han hadde mistydd, hadde han lagt bogen og pilene sine bak ein einer like ved treningsvollen: Han var derfor den første tilbake.
– Du er Bjørnulv Steinbjørnsson?
Bjørnulv berre nikka og såg nedi marka.
– Jammen, så stå ikkje der som ein træl. Sjå på meg når eg snakkar åt deg, gut.
Utan at Bjørnulv heilt visst korleis det gjekk til, sto han brått framfor Bodvar med sverdet i handa.
– Sjå der, ja, lo Bodvar.
– Det er tak i deg lell. Men la oss no ikkje gå laus på kvarandre med sverdet. Det unner vi ikkje dei som no kjem.
Bjørnulv høyrte bråket av dei andre gutane og skynda seg å stikke sverdet tilbake i slira.

Bodvar stilla gutane opp på to rekker.
– Slik står bogeskyttarane når det er alvor, sa han.
– Men no er det berre øving. Og det første eg har å seie til dykk, er at de skal glømme alt de har lært om bogeskyting. Ingen av dykk har lært bogeskyting som duger i strid. Det de kan, er vanleg bondeskyting.
Gaute tok eit steg fram og såg hardt på Bodvar.
– Jada, Gaute Frodason, eg veit at du er son til ein hovding i ein av fjordane aust mot Ofoten. Likevel tar eg ikkje tilbake eit ord av det eg har sagt. I morgon vil du vite litt av kva eg meiner.
Så var dei i gang. Ikkje med det dei trudde dei skulle gjere, men med å trene opp arm-, aksel-, og ryggmusklane. Bjørnulv var van med tungt slit, så han greidde dei fleste øvingane lett. Der var nokre bondesoner som og greidde seg bra, mens dei av høg byrd hadde større vanskar med å henge med.
Morgonen etter såg Bjørnulv at det var vondt for Gaute å greie å løfte grautskeia til munnen.
Då skytinga kom i gang for alvor, viste det seg snart at Bjørnulv spente bogen betre og skaut lenger enn dei andre gutane. Han råka ikkje så godt i byrjinga, men det betra seg raskt.
Ein dag rakte Bodvar sin eigen boge til Bjørnulv.
– Prøv denne du.
Bogen til Bodvar var større og grovare enn Bjørnulv sin, og Bjørnulv stridde litt med å spenne den heilt ut. Han greidde det ikkje heilt, men han la likevel monaleg til den skottlengda han greidde med sin eigen boge.
Bjørnulv leverte bogen tilbake til Bodvar med eit sukk.
– Det tar visst ei tid enno før eg kan stå i skottlina saman med deg, Bodvar.
Likevel kunne han ikkje la vere å smile litt over den uventa æra som var blitt vist han.

Eit par dagar etterpå kom sjølvaste Hjorten ned til øvingsplassen. Han hadde med seg ein ny boge som han ga Bjørnulv.
– Bodvar seier du treng denne. Du har vakse i frå den du til no har brukt, seier han. Du får skyte nokre skot med denne, så du ven deg til han. Seinare på dagen kjem eg tilbake. Då får du kappskyte med Bodvar og meg og vise kva kar du er.
Bjørnulv vart ståande heilt klumsa. Kom seg ikkje til å seie eit ord. Tore lo litt.
– Ordhage folk har eg nok av. Det er bogeskyttarar eg treng.
Då Tore kom tilbake, syntes Bjørnulv at han hadde byrja få eit bra tak på den nye bogen. Likevel orda han litt tafatt frampå om at han ikkje var særleg lysten på å skjemme seg ut i ei tevling der han ikkje hadde noko å gjere, men Tore var ikkje til å snu.
Først skulle dei skyte fem piler kvar. Dei skaut mot kvar sitt neverstykke. Den som var først ferdig og hadde råka best, var vinnaren. Asgaut skulle vere fremste domaren, dersom det var tvil.
Bodvar vart først ferdig, og det viste seg at han hadde skote alle pilene sine gjennom neverstykket, i same holet. Berre ei av pilene til Tore hadde gått gjennom nevra, men dei andre fire sto godt samla kring holet. To av pilene til Bjørnulv hadde gått gjennom like ved sida av kvarandre. Dei tre siste sto nær inntil dei to hola.
– Eg må døme Bjørnulv sist, sa Asgaut, – men eg trur Tore må legge seg i trening om han skal greie å halde på andreplassen her på garden over litt tid.
Same rekkefølgja vart det i alle dei andre øvingane. Men når det gjaldt kven som kunne skyte lengst, så var det berre siste pila til Bjørnulv som avgjorde. Ho hadde nådd mykje kortare enn dei fire andre. Asgaut trudde det kunne vere noko galt med pila, og kravde omskyting, slik at Tore fekk siste pila til Bjørnulv og omvendt. Dei to pilene nådde akkurat like langt, så Asgaut vart nøydd til å døme Bjørnulv sist også denne gongen.
Men Bjørnulv høyrde ikkje at nokon kalla han Bjore etter den dagen.

Gyda! Namnet var som eit vårsøg i hugen hans. Gyda Skaftadotter på Li.
Han visste at ho aldri kunne bli anna enn eit søtt sår i hugen hans. På Li hadde det sete fribårne odelsbønder i alle ættleder i manns minne. Så dotra på Li var esla til noko betre enn ein løysing frå ein fjern fjord. At ætta til Bjørnulv ein gong hadde vore hovdingar, gjorde ikkje saka betre. Ei ætt som hadde tedd seg slik at dei hadde fått gudane sin vilje imot seg, måtte det vere noko grunnleggjande galt med.
Men det smilet ho hadde sendt han sist ho og foreldra gjesta på Borg, det vart nok ikkje lett å glømme. Og ho hadde snakka til han.
– Eg høyrer det er du som tevlar i bogeskyting, hadde ho kviskra til han då ho strauk forbi saman med dei to døtrene hans Tore.
Ingen kunne han snakke med om dette. Ikkje Gaute. Ikkje Asgaut. Og slett ikkje Bodvar. Dei ville berre meine han trudde han var blitt noko stort etter at han tevla med Bodvar og Hjorten.
Så snart han hadde høve til det, strauk han opp i bakkane for å vere aleine og kjenne på desse nye, rare kjenslene.
Ein dag hadde han lagt vegen oppover mot Bjørntuva. Det var ein av desse klåre og gjennomsiktige haustdagane, omlag ei veke før vintertid. Frosten hadde enno ikkje vore på gjesting, men han kjente det gufsa litt kaldvore ned frå Gullringhamran.
Bjørka hadde kledd seg i gult, men bar for det meste enno lauvet sitt. Dirringa i ospelauvet var det slutt med for denne gongen. Som vanleg var ho den første til å kle av seg lauvprakten. Dei raude rogneblada var blitt brunare dei siste dagane, og hadde og tatt til å falle. Berre ei og anna selje sto enno trassig og grøn innimellom aka den gule og raude fargeprakten. Han fall i tankar om korfor ikkje alt dette raude i naturen kunne brukast til farging av ty. Harmeleg at både raudt og blått fargestoff som vara måtte kjøpast for så dyre pengar frå framande land at berre dei rikaste stormennene hadde råd til slikt.
Då merka han at han ei tid hadde sete og sett på nettopp ei av dei fargene som berre storfolk kunne ha. Det innslaget av blått som han hadde festa auga på, høyrde til i eit belte kring ein stakk. Inni stakken var det ei kvinne eller ei jente som gjekk der å bøygde seg over tuvene. Stakken gjekk elles så i eitt med fargene i naturen at det hadde vore vanskeleg å få auge på ho.
Nyfiken rusla han nedetter mot kvinnemennesket som gjekk der krumbøygd over tuvene. Tyttebæra skulle vel alle ha fått i hus no.
Han såg på det lyse håret som flomma laust over akslene at det var ei ugift jente. Ho høyrde visst stega hans i lyngen, og retta seg kvasst opp for å sjå kva det var som kom. Fortumla stoppa han.
– Gyda!
– Nei, er det du som fer slik og skremmer jenter i marka, lo ho.
– Ja, nei, det var no ikkje nettopp det… Eg meiner…
Han stotra og stamma og kjente at han vart raud. Forargeleg at han skulle bli så raud og ikkje finne på noko å seie til den vakre jenta.
– Du undrar vel på kva eg fer her og grev etter i marka på denne tida?
Ho hadde såvisst ikkje vanskar med å finne orda.
– Ho mormor fann ut at ho hadde for lite tranebær til eit av dei mange remedia sine. Og så ba ho meg om å gå opp i marka for å sjå om eg kunne finne nokre. Men det er visst blitt for seint. Du ser eg har ikkje mykje å bere heim til ho.
Ho synte fram neverkoppen sin, og han såg at dei små, raude bæra så vidt dekte botnen.
– Tranebæra er ikkje lette å finne tidlegare på året heller, fekk han seg til å seie, og angra med det same. Der røpa han trælen i seg igjen. Frie karar for ikkje i marka og leita bær. Trælgutar, derimot, dei kunne brukast til slikt og.
Men ho berre lo, og han høyrde at det ikkje var nokon vond latter.
– Det har du jammen rett i. Ikkje er det mykje av dei, og ikkje er dei lett å finne, dei som er heller. Men no må eg visst sjå til å komme meg heim. Du får følge meg bort til ho mormor, når du no først er her. Eg kjenner meg ikkje trygg på at bjørnen har gått i hi enno, så lite lauv som det har falle.
– Er det mykje bjørn her?
– Nei, mykje er det ikkje. Men dei fortel at ei ku vart slegen
av bjørn tidlegare på hausten. Far snakkar om å få med seg folk og gje seg på bjørneveiding. Men det blir som oftast ikkje med meir enn snakket med han. I alle fall når det gjeld veiding.
Dei gjekk tause ved sida av kvarandre nedetter lia. Ho veifta litt med neverkoppen sin.
– Forsiktig så du ikkje tømer ut dei bæra du har funne, kunne han ikkje la vere å formane.
– Eg veit alt om deg, sa ho.
– Å, sa han.
– Det blir snakka om deg.
– Å?
– Ja. Om deg og ætta di. Og om gudane.
– Kan eg vere noko å snakke om?
– Ja. Du er god med bogen.
Han sparka litt i lyngen, men fann ikkje på noko å svare.
Dei gjekk ei stund utan å seie noko.
– Du veit alt om meg, sa du?
Ho lo. Ein brå og overgjeven latter.
– Nei, ikkje alt, når eg tenker meg om. Eg veit ikkje noko om korleis du tenker og kva du kjenner. Vil du fortelle meg om det?
– Eg trur ikkje det er stort å fortelle.
– Det må det vel vere, for ein som har hatt ein slik lagnad som du.
– Nei, eg veit ikkje, eg. Kva er det du vil høyre?
– Alt.
– Det vert ikkje lite det.
– Eg plar ikkje nøye meg med lite. Mormor mi har lært meg at det skal eg ikkje.
– Er ho klok, mormor di.
– Ho er den klokaste eg veit om. Men snart kan du gjere deg opp di eiga meining.
– Er du sikker på at ho vil treffe meg?
– Javisst. Ho vil treffe alle som betyr noko for meg.
– Betyr noko for deg, gjentok han som eit dvergmål, og såg at ho også kunne raudne.
Dei var nesten i veggen på den vesle stova før han vart var ho. Stova var låg og gjort av tømmer og jord, og gjekk mest i eitt med naturen. Men det var merkeleg at han ikkje hadde kjent røyklukta frå ljoren.
Det sto ei lita grå kjerring i døra og tok imot dei. Ho såg ut som om ho kunne vere eitt med jorda og like gammal som Odin. Men auga brann grå-grønn-brune under samanvokste augebryn som enno var kolsvarte.
– Nåh, der er de, sa ho.
– Eg har venta på dykk eit bel no. Det vart få bær, forstår eg, men eg kan vel greie meg med dei du har funne, sa ho til Gyda.
– Kom inn, om de ikkje forsmår. Eg har varma ei kanne tynnøl, og krydra ho. Eg trur det er det de treng etter ein haustdag i marka.
Bjørnulv såg usikkert bortpå Gyda.
– Korleis..?
– Du, Bjørnulv Steinbjørnsson, du forsmår vel ikkje ein drikk krydra tynnøl? Og du, Gyda Skaftadotter, du kan trygt komme inn. Verken mor di eller far din ventar deg heim riktig enno. Dei er vane med at ho gamle Ranveig held på dotterdotter si ei stund, når ho først kjem hit.
– Men korleis.., gjentok Bjørnulv.
Den gamle lo ein kneggande latter
– Åja, ho der, ho har tala om for meg korleis du ser ut. Dessutan så liknar du såpass på far din at eg nok skulle ha kjent deg igjen utan at nokon hadde prata om deg på førehand.
– Du kjenner far min?
– Skulle ikkje eg kjenne far din? Men kom no inn, før ølet blir kaldt. Eg likar ikkje å gjere noko til fånyttes.
– Men korleis kunne du vite at vi kom, undra Bjørnulv då dei sat over ølbollen.
– Har ikkje Gyda fortalt deg at eg er ei trollkjerring, humra den gamle.
– Nei, er du det?
– Mange vil nok meine det. Og eg ser ingen grunn til at dei ikkje skal få halde fram med å meine det. Men til deg kan eg vel fortelle at det var fuglane som fortalde at de var på veg.
– Fuglane?
– Ja, høyrde du dei ikkje? Rypa som skratta oppe i lia, kråka som skreik at her kjem det folk?
– Nei, eg…
– Nei, du var venteleg for opptatt av den vene jenta som gjekk ved sida av deg. Du har vel ikkje vore i soveskinna hos ho enno?
Begge dei unge raudna og såg ned.
– Nei, det har du ikkje. Eg ser det på auga dine. Gutane ser på ei jente på ulikt vis før og etter første gongen i soveskinna. Du har før-blikket i auga dine.
– Ser ikkje jenta på guten på anna vis før og etter?
Gyda var nesten arg i stemmen.
– Å jauda, det gjer dei visst. Men det er lettare å sjå det på gutane. Jentene lærer seg meir til å skjule blikket sitt. Men eg kan sjå at de begge har lyst på kvarandre. Likevel trur eg det er best å vente eit bel. No må du gå, Gyda, dei tar til å vente på deg heime. Og eg skal prate litt aleine med unge Bjørnulv.
Etter at Gyda var gått, slo Ranveig meir øl i bollen og baud han drikke. Så stulla ho lenge med eitkvart borte ved elden. Ho læst ikkje sjå på Bjørnulv. Likevel syntes han at han kjende auga hennar på seg heile tida.
– Du går inn i den sekstande vinteren din. Jamgammal med Gyda, murra den gamle omsider.
– Ja.
– Du trong ikkje svare. Eg spurte ikkje.
– Nei, dåså.
– Eg skulle like å vite om det er like bra to i deg som det var i farfar din, den gamle Bjørnulv.
– Det veit eg ikkje. Eg har aldri kjent han.
Ho læst ikkje høyre. Heldt berre fram med å prate.
– Eg kjenner meg nokså trygg på at det er du som skal ha Gyda. Og så var det best om Skafte på Li ga ja-ordet sitt til det. Det blir så vanskeleg om du må ta ho mot ætta sin vilje. Men han gjev nok ja-ordet sitt, han Skafte, om han lever så lenge, og om det er Tore som spør for deg. Du skal ikkje søke ho i soveskinna før du får ho. Ho er ei stormannsdotter, veit du.
– Ja, eg veit det. Og eg har aldri…
Blir det hardt for deg, og det blir det nok, så finst det vel både lausfriller og trælkvinner på Borg. Mannfolka har det lett, slik. Dei kan berre ta seg til rette blant småkårskvinnfolka. Ikkje det at trur du vil trenge ta deg så mykje til rette. Dei vil nok vere villige nok, tausene. Ikkje er du uven å sjå på. Brei om bringa kjem du til å bli, høgvaksen og smal om lend. Dei liker slike karar, småtausene. Det gjer forresten vaksnare kvinnfolk og. I alle fall dei som ikkje har lært seg til å sjå kva som gjømmer seg bak yttersida på karfolka. Og om du ætter på farfaren din, og det trur eg du gjer, så er du slett ikkje blant dei verste, på innsida heller.
Bjørnulv sat der og visste med seg sjøl at det for aka tid ville vere uråd for han, løysingen, å få dotter til bonden på Li. Sat der å visste at det berre var tullprat at sjølvaste Hjorten på Borg nokon gong skulle be om dotter til bonden på Li til ein løysing i hirden sin, uakta kor bra ein bogeskyttar han skulle komme til å bli.
Likevel var det noko ved den gamle, noko ved orda hennar som gjorde at han ikkje kom seg til å protestere. Orda hennar drog han inn i ein draum om eingong å ekte den fagre Gyda på Li. Og brått såg han ho, Gyda, naken og villig framfor seg i skinet frå elden som den gamle stulla med. Og han kjente ein brann både i hugen og i lendene.
– Ja, ikkje sant, mulla den gamle, – ei slik dros er verd å vente på, nokre vintrar. Ho blir ikkje mindre fager av det. Snarare tvert om.
Han sprang opp frå benken og ville famne den fagre skapningen. Då var ho borte.
Den gamle var kvass i målet:
– Eg har jo sagt at du skal styre deg og vente. Kanskje får du sjå ho fleire gonger, om du lærer deg å te deg. Men du skal vente, har eg sagt, og nøye deg med å sjå.
– Korleis..? Kom han seg til å mumle.
– Det kan vere det same. Berre lit på gamle Ranveig, du.
Og vit at dei to ættene våre har kryssa kvarandre mange gonger, og blanda seg med kvarandre.
– Betyr det at Gyda og eg er i ætt med kvarandre?
– Åja, fritt er det ikkje. Men det tar til å bli langt ute, no.
– Kven er du?
Han skreik det nesten.
– Kven eg er? Ei trollkunnig finnkjerring austanav Hinnøya, seier dei som ikkje held meg for noko. Og det er dei aller fleste. Dotter til finnkongen på Hinnøya, seier dei som held meg for noko. Men dei er det ikkje stort fleire av enn eg sjøl. Far din, kan hende. Kanskje dotter mi, mor til Gyda. Men det er eg ikkje sikker på. Og om ho meiner det, så vågar ho ikkje seie det så folk høyrer på. Gyda, heilt sikkert, og kanskje du, om ei tid.
– Finnkongen på Hinnøya? Kva har han med ætta mi å gjere? Betyr det at eg er av finnætt?
– Det er du, langt ute. Men finnblodet renn tynt i årene dine. Det skulle ha vore tjukkare, men slik vart det ikkje.
– Kva meiner du, menneske?
Ho tok ein djup sup av ølbollen. Blikket var innovervendt, som om ho ikkje såg det nære. Ho tok ein sup til av bollen.
– Ein gong, langt, langt att i tida, skal det ha funnest to brør. To brør av det folket som var, eller skulle kome til å bli mitt folk. Den eine av dei, seier dei, heitte Bjørnulv. Han tok ei kvinne av eit norrønt folk, og vart hovding for det folket. Han er det du ætter unna. Bror hans heitte Gaupe, og etter han ætter folket mitt. Det vart kleint med venskap mellom dei to brørne, fortalde dei gamle. Men seinare fann dei to folka tilbake til venskapen, og hadde mykje med kvarandre å gjere. Det hende og at det vart giftemål mellom dei. Då eg vart fødd, i høveleg tid etter at Bjørnulv, farfar din var fødd, avtalte fedrane våre at vi to skulle ha kvarandre. Vi møttest, farfar din og eg, og kom til å synest godt om kvarandre. Men det gjekk stadig meir attover med ætta di, og ein dag kom farfar din til far min og sa at han ikkje lenger makta stå ved den avtalen far min og far hans hadde vorte samde om. For meg var det ein tung dag. Det var det for han og, veit eg. Men for far min var det nok ei lette. Han skynda seg å gje meg bort til ein stormann aust i Tjeldsundet. Eg var tolleg vakker, den gongen. Og medgifta mi var slik at det ikkje var vanskeleg å bli av med meg for far min.
– Men korfor sit du her no, i denne gammen, du som vart gift med ein stormann i Tjeldsundet?
– Eg fekk det aldri godt, der i Tjeldsundet. Mannen min gjorde det snart klart for meg at det var medgifta mi, og ikkje meg han var interessert i. Han dengte meg mykje når han syntes at eg ikkje heldt mål som husfrue på ein storgard. Og han tok meg berre når han var så full at han mest ikkje makta noko. Elles heldt han seg til frillene sine. Likevel fekk eg ei dotter, mor til Gyda. Då han såg at det var ei dotter eg fekk, knesette han ein av frillesonane sine og gjorde han til odelsgut på garden. Eg fann meg i alt, heilt til han ein
dag dengte meg i påsyn av folka sine. Då sendte eg gann mot han. Etter den dagen kom han seg aldri ut av koven sin. Heller ikkje var han kar for å ha friller hos seg, der i koven. Etter det vart alle redde for meg. Sonen hans torde ikkje anna enn å behandle meg bra. Då dotter mi vart gift her til Li, avgjorde eg at eg ville følge ho hit. Eg kunne sjå at halvbror hennar vart glad for det.
– Men som mor til husfrua på Li, kunne du vel bu betre enn du gjer her?
– Ja, han ville vel ikkje ha våga anna, bonden på Li, om eg hadde villa. Men det skal du vite, at han er ein innful fyr, Skafte på Li. Han greidde snart å vende Tyra, dotter mi, imot meg. Ho torde vel ikkje anna. Ho vart ikkje mindre dengt, ho enn eg hadde vorte. Og kvar gong eg trassa Skafte, gjekk det ut over ho. Men ho ville ikkje at eg skulle sende gann mot han. Så etter ei tid kjente han seg rimeleg trygg. Ein dag kom han til meg og sa at om eg flytta hit opp i marka, så skulle han denge Tyra mindre. Eg trur han har halde den lovnaden. Og etter kvart har eg kome til å trivast her. Her kan eg uforstyrra ta imot småfolk som treng råd for einkvan sjukdomen eller andre plager. Det hender at det kjem folk av høgare byrd og. Dei hadde neppe likt å oppsøke meg i tunet til Skafte.
– Jamen, korleis..?
– Nei, no må du gå. Det er mørkt, men det kjem ikkje til å hende deg noko. Kom tilbake når du har høve og kjenner at det er rett. Då kan det vel hende du møter Gyda, eller i alle fall får sjå ho.

Året sleit seg fram mot midtvintersblot. Det var som om vinteren ikkje greidde å feste grepet om landet. Det hende at det snødde såpass at lendet vart kvitt, men straks snudde veret seg og hølja snøen vekk med sterke stormnevar frå sørvest. Mørket låg som ein våt skinnfell over landet. Folk sturte og vart ilskne.
Likare vart det ikkje etter at Tore Hjort sjøl sigla aust i Vågar til garden sin der, for å sjå etter at alt gjekk som det skulle med førebuinga til midtvintersblotet. Til sist måtte Asgaut lyse ut at den som først greip til våpen ville bli hengt på galgebakken, og den som først tok til knyttnevane ville bli slengt bunden i ei utløe i to døgn. Ingen var i tvil om at Asgaut ville stå ved det han sa, så det roa seg etter det.
Det vart betre etter at Kalv Kvite ba seg fri frå tenesta hos Tore Hjort og flytta over i garden til Skafte på Li.
Blant mennene vart det snakka ein del om denne flyttinga til Kalv, og om korfor Tore hadde vore så villig til å la han gå. Ein slik sverdkjempar var det underleg at Tore ikkje gjorde meir for å halde på, var det nokre som meinte. Andre sa seg glade for at Kalv var flytta til Li, og dei trudde nok at Tore i grunnen og var glad for det.
– Rett nok er han god med sverdet, Kalv, var det ein som sa.
– Men Tore har kan hende sett korleis Kalv såg på døtrene hans. Og berre nornene må vite kva ein mann som Kalv er villig til å gjere for å få det han trår etter.
– Ja, flein ein annan, – Kalv skrytte av at Skafte hadde lova han at han kunne bruke kjerringa til Skafte det han ville, om han berre flytta til Li. Men det trur eg nok at etter ei tid så blir nok ikkje mora til gagns. Då er det nok dottera på garden, den lyse og fagre Gyda som må til pers.
Då greidde ikkje Bjørnulv sitte der lenger. Han var ute av døra før han visste av seg, og hadde gått eit godt stykke før han merka at han var på veg til Ranveig. Han stoppa litt opp og kjente etter. Var det rett av han å gå til Ranveig i dag? Han kjente seg ikkje sikker på at han var bodsendt. Han kjente det heller ikkje som om han ikkje var ønska. Men han visste at han måtte snakke med Ranveig. Ho som kunne så mykje måtte då kunne gjere noko slik at Gyda ikkje fall i Kalv Kvite sine klør.
Då han kom fram til den vesle stova til Ranveig drøyde han litt. Det var noko som butta imot, kjente han. Han skaut seg attom ei diger rogn, og skotta bort mot døra. Dei nakne greinene på rogna tok ikkje mykje av for regnet som sila og draup, draup og sila. Einskilde bær hang enno på nokre av greinene. Dei var svarte mot det svinnande lyset.
Døra i Ranveigstova gjekk opp. Ein svær mannsskapning krøkte seg ut. Bjørnulv klemte seg nærare inntil rogna. Dette var noko han ikkje skulle ha sett. Men han kunne likevel ikkje la vere. Den høge og breie mannen såg seg fort ikring før han skynda seg bortetter stigen. Bjørnulv såg ikkje beint på han. Visste at det fanst folk som kunne merke det om nokon såg beint på dei. Likevel var det uråd å ikkje kjenne igjen mannen då han for framom rogna. Bjørnulv kjente ein sting i bringa med det same. Bodvar! Kva kunne vel han ha for ærend hos Ranveig?
Enno ei god tid sto Bjørnulv kurande still. Det var nok best han ga Bodvar eit godt forsprang, før han sjøl tok til å vandre heimvegen mot Borg.
Då gjekk døra opp igjen, og Ranveig sto der i det bleike lyset frå stueelden.
– Bjørnulv, kalla ho lågt.
– Berre kom fram. Eg veit du er der.
Han sto heilt stille.
– Kom no. Eg ville du skulle komme, endå om eg ikkje hadde tenkt å kalle på deg før litt seinare.
Då seig han sakte fram frå skyggen attom rogna og stiltra seg inn i Ranveigstova.
Ho sessa han på pallen og stakk eit horn med varmt øl i handa hans. Ho såg grunnande på han då ho flidde han hornet. Så snudde ho seg mot åren og tok seg god tid med å rote i varmen og legge nye bjørkekubbar på elden.
– Dette har ikkje hendt før, Bjørnulv, snudde ho seg mot han, – at nokon har kome før eg kalla på han. Det må ha hendt noko omframt der bortpå Borg.
Då rann dei ut av han, alle orda om korfor han hadde sprunge frå Borg til ho, til Ranveig, den einaste han trudde kunne gjere noko vettugt med det som hadde vorte sagt.
Ho såg lenge på han, utan å seie eit ord. Raka litt i elden igjen. Tok ølkanna, skjenkte litt meir i hornet til han.
– Jaha, sa ho så.
– Jaha, det er ikkje alt vi rår over, vi menneske. Nornene har oss i si makt. Det er vi nøydde til å tru. Men først, Bjørnulv, berre dette: Du såg noko nyss som det ikkje var meininga at du skulle sjå. Då er det nok best at eg fortel deg litt om det.
– Meiner du at Bodvar..?
– Ja. Lurer du ikkje på korfor han var her?
– Jau, men eg…
Ho lo litt. Raka enno ein gong i elden.
– Du er ein underleg ein, du Bjørnulv. Du liknar farfar din. Du har styrken hans. Men du har noko meir. Eg veit ikkje kva det er. Derfor fortel eg deg det eg no skal fortelle. Eg ville aldri ha fortalt det til nokon.
– Om Bodvar?
– Ja, om Bodvar. Du trur vel at Bodvar er ein lykkeleg mann?
– Korfor skulle han ikkje vere det?
– Så svar meg då på korfor han skulle vere lykkeleg.
– Han har vore træl. No er han ein høgt vørd mann hos sjølvaste Tore Hjort. Kvinnene… Eg meiner… Dei… Det ser ut som om… som om dei ikkje har noko imot å sleppe han innåt seg.
Bjørnulv kjente korleis den ufordragelege raudna flamma over ansiktet hans igjen, slik det støtt gjorde når han skulle snakke om kvinner og kjensler. Han håpa at Ranveig ikkje merka det i dette lyset. Elles såg ho mest inn i elden på åren i alle fall.
– Er ikkje du og bra vørd hos Tore Hjort, Bjørnulv?
– Eg skal ikkje klage. Eg har det bra. Men slik som Bodvar…
– Kappskaut ikkje du med sjølvaste Hjorten for ei tid sidan?
– Jau, men…
– Kor mange av jamaldringane dine har blitt vist så mykje heider?
– Det veit eg ikkje…
– Er du lykkeleg, Bjørnulv?
– Lykkeleg, eg? Eg er bra nøgd. Alle som har kjent trælekår ville vel vere bra nøgde om dei hadde det slik eg har det. Men lykkeleg… Du veit då, Ranveig, at det er noko eg saknar.
Igjen kjente han kor raudna flamma oppetter ansiktet.
– Du seier noko, Bjørnulv. Ville det ikkje vere sannare å seie nokon?
No vart han enno raudare. Han forsøkte skjule det med å ta ein ny sup av hornet, men sette ølet i vranga. Då han hadde hosta seg ferdig såg han at Ranveig smilte.
– Jaja, Bjørnulv, du har vel aldri tenkt at slik kan det vere fatt med Bodvar og?
– Med Bodvar? Men har er då vel…
– Enn om det var dotter til Tore Hjort han hadde kjær?
– Helga?
– Ja, enn om?
Då sa ikkje Bjørnulv meir. Drakk berre djupt av hornet og stirra inn i elden.
Handa til Ranveig strauk vart over håret hans.
– Stakkars deg, Bjørnulv, eg tøyer tålmodet ditt. Det var ikkje for dette du kom, men for Gyda. Vit då, Bjørnulv, at nornene spinn så mang ein vev som vi menneske ikkje kan løyse. Men ikkje trur eg at nornene har spunne det slik at Kalv Kvite skal kome Gyda usømeleg nær. Og det kan eg love at eg skal gjere det som står i mi makt for at så ikkje skal hende.

Dei seks figurane framme på pallen var svarte av mange blot og mykje blotblod. Kring halsen på den eine glimta det i ein gullring. Det var Frøya, vanedisa, urdisa.
Bjørnulv skolv. Endeleg skulle han få ta del i det som alle frie menn og kvinner, unge som gamle, fekk ta del i.
– Dette er eit omframt blot, kviskra Gaute.
– Det er ikkje vanleg med seks gudar på pallen til eit midtvintersblot. Særleg er det uvanleg at sjølve Odin blir påkalla. Det spørst om det blir menneskeofring i dag.
Det gjekk kaldt gjennom Bjørnulv. No sat dei der blant krøttera, trælane, og venta. Men sjøl var han ikkje lenger trælen Bjore som sat forskremt og høyrde dei gamle fortelle om korleis trælar vart ofra om hovdingen syntes gudane hadde vist han lite godvilje sidan siste blot. Og korleis kunne ein træl vite kva hovdingen tenkte om gudane sin godvilje? Berre sitte der og vente på at kanskje kom dei snart og henta han som offer til gudane. Det var helst ein velskapt ungtræl av mannkjønn som vart ofra om hovdingen meinte at gudane kravde menneskeoffer.
Han håpa at Gaute tok feil.
Hovdingen sjøl, Tore Hjort, sto framme ved gudepallen saman med den byrge husfrua si, Asta Toresdotter frå Bjarkøy. Bringesølvet hennar lynte i lyset frå faklane.
Der framme ved gudepallen skulle også Skafte på Li ha stått. Men i år hadde han skikka
bod om at han ville blote heime på sin eigen gard, til sine eigne ættediser. Dette var mest å sjå på som eit bod om at frå no av ville han tevle med hovdingen på Borg om hovdingemakta i Lofot. Tore vart svart i åsynet då han fekk bodet, men at han sa lite.
Mellom mennene vart det snakka om at det nok var Kalv Kvite som sto attom dette påfunnet. Andre meinte at det nok kom av at Skafte på Li heldt på å skjemme seg ut for heile folket ved førre midtvintersblot, for si manglande krafts skyld. Han var sikkert ikkje meir mannleg i år, og våga seg derfor ikkje til Borg. Det ville vere for stort eit nederlag å måtte be Tore peike ut ein annan til å vere medgode.
Bjørnulv høyrde undrande på snakket, og forsto at det kravdest ei særskilt kraft for å stå mellom gudane og menneska. Etter det Ranveig hadde fortalt han, var det greitt å forstå at Skafte på Li ikkje hadde denne krafta. Men det var leit at Skafte ikkje hadde denne krafta, for så fekk han ikkje sjå Gyda under blotet.
No sto hovdingeparet der framme, mellom dei kokande blotgrytene og gudane på pallen. Tore løfta så vidt på høgre handa si, og Asgaut steig fram. Det gjekk eit sjo av overraska godkjenning gjennom folkemugen.
Alle hadde venta at ein av dei største bøndene ville ta Skafte sin plass som medgode. At det vart Asgaut, hadde ingen venta. Men Asgaut var ein omtykt og høgt vørd mann, ikkje berre mellom gardsfolka på Borg, men i heile Lofot. Enno ein gong hadde Tore makta gjere det overraskande som likevel var det rette.
Større og meir blanda vart folkesjoet då Tore enno ein gong løfta handa og Bodvar Bjarmlending steig fram mot gudepallen.
– Dette er visseleg eit omframt blot. To medgoder har aldri spurtest her på Borg før.
Gaute var oppkava i stemmen.
Frå gudehuset på langveggen steig no den gamle gydja Siv Ragnvaldsdotter fram. Ho bar ein bylt pakka i kvite linklede som ho heldt fram mot Tore. Han greip blotteinen, dyppa den i blotbollen og skvetta blod over bylten og over gydja, mens han song galdrar. Då Tore tagde, snudde Siv seg mot Asta og rakte ho bylten.
Siv seig ned mot golvet, greip ei tromme som låg der, og ga seg til å tromme. Tromminga hadde ein takt og ein rytme som heile tida skifta. Tromminga var lågmælt. Det same var stemmen til Tore som heile tida følgde tromma. Bjørnulv kjente kor den ujamne rytmen greip inn i han, reiv i han. Han kjente lyst til å kaste seg på golvet og hyle. Og fjernt, mest utafor seg sjøl, såg han at dei andre i romet hadde det likeins.
Heile tida dansa Asta der framme, vaggande, urytmisk som tromma. Linet bølga seg etter ho. Omsider fall den inste linenden ned på golvet, og med eit triumferande skrik løfta ho innhaldet i bylten over hovudet. Like triumferande som skriket til Asta, var dei siste trommekvervlane til gydja Siv.
Over hovudet heldt Asta det tørka avlelemmet til ein hingst, eit lem som var tørka saman med lauk og velluktande urter, eit storfelt avlelem. Igjen gjekk det eit sukk igjennom folkeflokken.
Asta senka lemmet ned framfor ansiktet sitt. Tok til å kysse det, sleike det, suge det, mens ho song med høg, kvinande stemme. Trommelyden låg nesten uhøyrleg under den skjerande kvinnestemmen, men auka i styrke då Asta greip ein blottein og tok til å smøre lemmet inn med feitt frå blotbollen.
Songen og tromma stoppa brått. Ei ung taus med langt, lyst hår og nakne føter under ei sid, blå kappe gjekk fram mot Asgaut. Han løfta hendene og opna spenna i kappa. Ho sto med hendene langs sida og let kappa falle mot golvet. Det var ikkje berre føtene, men heile jenta som var naken under kappa.
Jenta snudde seg mot Asta, rekte fram hendene og fekk hestelemmet lagt oppi hendene sine. Ho bøygde seg ned og kyssa det. Så gjekk ho fram mot pallen der Frøya sto.
Igjen tok tromma til å lyde. Med bøygd hovud fall jenta på kne framfor Frøya og rakte hestelemmet fram mot ho. Tromma lydde villare. Bjørnulv såg at Frøya smilte og nikka. Asgaut rørte lett ved aksla til jenta. Ho reiste seg. Spreidde beina. Bøygde seg fram og tok til å lirke lemmet inn i holet mellom Frøya sine bein. Då var Asgaut bak jenta og løyste broka. Like varleg som jenta lirka hestelemmet inni Frøya, førte han sin eigen manndom inn i jenta.
Låten i tromma vart villare. Jenta sin rørsler med hestelemmet inni Frøya vart villare. Asgaut følgde på inni jenta i same takten. Brått høyrdest eit skrik. Frå Frøya, frå jenta, frå Asgaut? Bjørnulv visste ikkje. Kanskje kom det frå alle tre samtidig. Frøya smilte. Jenta sokk i hop på golvet. Asgaut stelte med broka si, og sto igjen alvorsam ved sida av Tore og Bodvar.
Tausa låg enno ei lita tid på golvet framfor Frøya. Så reiste ho seg. Bøygde seg igjen og kyssa føtene til Frøya før ho sakte drog hestelemmet ut. Det såg ut som det hadde krympa, hang liksom slapt over hendene hennar der ho bar det fram til Asta som sto der med eine enden av linkledet i hendene sine. Saman linna dei to kvinnene lemmet inn i linkledet og la det på pallen framfor Frøya mens dei song til Siv si tromme:
Urmor, urdis, vanevette
håløygdis frå urolds tid
mannelem deg lite mettar
heilaghesten må deg ri
Gje oss år som tidleg blømer
Gje oss frost som varmen rømer
Gje oss frævnad
Gje oss mette
Gje oss soner
Gje oss døtre
Gje oss bløming
Gje oss liv

Den nakne tausa gjekk igjen bort til Asgaut. Knela framfor han. Hovud og hender kvarv under kufta hans. Snart tok broka til å sige nedover låra hans.
Då pila ei trælkvinne med nedslått blikk og eit stort fange høy fram mot gudepallen. Ho kasta frå seg høyfanget og breidde det utover på golvet framfor pallen. Så kraup ho eldande snøgt mot utgangen og vart borte. Asgaut førte jenta bort til høybrea, la ho ned og låg med ho der, lenge.
Etterpå sette han ho opp på pallen framfor Frøya og skvetta rikeleg med blotblod frå bollen både på ho og Frøya, før han la den blå kappa kring ho igjen.
Tromma auka i styrke og to nye blottauser kom inn, begge i skarlaksraude kapper. Den eine bar eit okselem for Torgerd Holgabrud, den andre eit bukkelem for Irpa, dei to mektige ættedisene for Håløygætta. Alt gjentok seg med desse to som med den første, berre det at no var det Tore og Bodvar som para seg med dei to blottausene, Tore Torgerd-tausa og Bodvar Irpa-tausa. Igjen gjekk det eit sjo igjennom folkemengda. Bjørnulv kika bortpå Gaute, men denne berre kneip munnen saman og rynka forvirra på augebryna.
Dei neste to tausene var tomhendte og bar blå kapper på akslene. Til Siv sitt trommespel dansa dei ein vill dans framfor Frøy og Njord, så kappene sto som vindspente segl kring dei. Då tromma stoppa, kasta dei seg på gruv framfor kvar sin gud.
Då var Asgaut og Bodvar der, også dei heilt nakne no. Dei reiste opp kvar si jente og tok kappa av ho. Dei hjelpte jente med feitt frå blotgrytene oppi to blotbollar. Med denne blandinga av feitt og blod tok jentene til å gni inn det ovstore og stive lemmet til kvar sin gud. Mens jentene gnidde inn gudelemmane sto Asgaut og Bodvar bak kvar si jente. Men dei trengte ikkje inn i dei, dei berre sto der med mannslemmet mellom låra på jenta, og strauk ho over lender og lår.
Då slo Siv brått ein skarp kvervel på tromma og dei to karane smaug seg rundt tausa dei heldt på med, sette seg på pallen, Asgaut framfor Njord, Bodvar framfor Frøy. Med eit godt tak kring hoftene drog dei jenta ned i fanget åt seg og trengte inn i ho. Etterpå vart munnane til gudane smurde inn med rikelege mengder av blod og feittblandinga før jentene kyste dei. Så kyste Asgaut og Bodvar kvar si jente.
Igjen låg trommelyden der, låg og djup. Det rykte i Tore. Det var som han meir drogest enn gjekk fram mot Odin på pallen. Då var Asgaut, Bodvar og dei to tausene kring han, alle framleis nakne. Tore stoppa heit framme ved pallen framfor Odin og rekte hendene i veret. Raskt kledde dei to jentene av han. Ikkje før var han naken, så var Asgaut og Bodvar der og batt hendene hans. Så kasta dei eit reip over ein bjelke i taket, festa det til dei bundne hendene og hala han til vérs.
Imens hadde Asta lagt kappene om dei to jentene og sett dei på pallen i lag med dei tre tausene som sat der frå før. No flidde ho Asgaut og Bodvar kvar sitt spyd. Asgaut vendte spydet sitt mot bringa til Tore, Bodvar sitt mot ryggen hans. Teiknet frå tromma kom. Spyda lynte i skinet frå langelden. Blodet pipla frå risp i bringe og rygg. Tore svinga lett i reipet mens han kvad:
Allfar, Åsherre
einherjers herse
Valhallahovding
hangagud.
Einøygd og allvis
hang du på treet
såra av geirodd
ved Mimes brønn.

Sjøl heng eg hovhengt
Borsson-frenden
gjev seg til Ygg-herren
Bestlas son.
Meingud frå sudr
trugar landet.
Hovdingblot gagnar
trur eg for visst.
Sigfader hjelp oss
så hjelp du deg sjøl.

Frå kvar si side fanga Asgaut og Bodvar opp i blotbollen dei bloddråpane som pipla frå hovdingen før dei fira han ned og løyste han. Imens hadde Asta igjen løfta kappene av Frøya-, Holgabrud- og Irpa-tausene. Saman ga dei seks seg til å smøre inn Odin frå topp til tå frå dei blotbollane der hovdingblodet var, mens Tore kvad:
Sigfar, Allfar
kvinnekjær kåtgud
tak imot blotet
for árs og frid.
Signe den sæden
som gytes i hovet.
Styrk slik dei eiga,
Allfar si ætt.
Tene deg skal dei
disene gode:
Frøya den sprengkåte
Irpa den fagre
Torgjerd den fryktlause
Holgabrud.

Enno ein gong para dei tre karane seg med kvar si taus, den same som dei hadde lege med tidlegare.
No strøymde tenestetausene og trælkvinnene inn i hallen. Nokre sette opp langbord på begge sider av langelden, andre bar inn dampande blotmat, mjød og øl i kanner og bollar. I høgsetet sat hovdingeparet. Til høgre for hovdingen, sat gydja Siv, mor hans. Ho hadde Bodvar attmed seg. Nærast høgsetet på andre sida sat Asgaut. Så følgde dei gjævaste bøndene og konene deira nedetter bordet. Gaute og Bjørnulv
sat begge ved nedre halvdel av bordet, men langt framme mellom hirdmennene.
Folk åt og drakk av det som var sett fram, men praten ville ikkje komme i gang. Berre smatting og eit og anna ølrapet høyrdest kring bordet. Tore tok til å rynke bryna. Til sist sa han:
– Nåh, gode grannar og gardsfolk, korfor er de så tause? Tykte de ikkje om blotet?
Ein bonde som heitte Torgils svara:
– Det var eit omframt blot, hovding. Maken kan eg ikkje minnast. Vi veit vel ikkje heilt korfor…
– Kva tykte du var så omframt?
– Eg kan ikkje minnast så mange gudar på pallen før.
Ein annan bonde, høgt oppe ved bordet på Asgaut si side, Torgny Bjørnson, var stri i røysta då han tok ordet.
– Det er ei tåg av ætt mellom deg og meg Tore. Såleis skulle det vere viktig for oss begge å verje om ætta sin heider. Aldri kan eg minnast at nokon utanom ætta tidlegare har ofra sæden sin til ei av ættedisene. Eg er utrygg på korleis disene tar imot eit slikt offer.
– Meiner du, Torgny, at det var galt av meg å ikkje velge deg til medgode i standen for Bodvar?
– Nokre vil kan hende tenke det.
– Du, Torgny, skulle vere gammal nok til å minnest farbror min, Hástein Dagsson, han som kom vekk på Bjarmlands-ferd. Gjer du det?
– Så gammal er eg ikkje at minnet mitt har tatt til å skjømmast.
– Men så sjå på Bodvar då!
– Eg veit at Bodvar liknar mykje på Hástein, men vi veit ikkje om han er sonen hans. Og om så er, så veit vi ikkje om Hástein nokon gong knesette Bodvar.
– Nei, vi veit ikkje. Vi veit ikkje eingong om Hástein levde så lenge at han kunne ha knesett Bodvar. Vi veit berre at Bodvar har eit veikt minne om at han vart kalla Bodvar Hásteinsson før han vart træl hos bjarmehovdingen Auttla. Og enno har eg ikkje høyrt nokon som lystar stå fram og skylde Bodvar for å lyge på seg det minnet. Men det er ein annan grunn og, til at eg valte Bodvar. Eg har lova bort eldste dotter mi til han. Og ettersom gudane ikkje har gjeve meg soner, så kan det vel vere at Bodvar ein dag kjem til å sitte som hovding på Borg, og blir den som skal føre ætta vidare. Eit augeblikk var det stilt som dauden i skålen. Så braut jubelropa laus og alle ville drikke med Bodvar og Tore og Asta og Helga Toresdotter.
Etterkvart som det stilna litt i skålen, tok Tore ordet igjen.
– Det er ei sak til eg må fortelle dykk. De veit at Bodvar var sør i Trøndelagen i sommar og utetter hausten. De veit det ordet går at frenden min, Håkon Ladejarl, vart heller eigenmektig av seg, ettersom han steig på åra. Det er og blitt sagt at det var vondt for han å halde måten med kvinner, at han ikkje kunne la andre menns husfruer i fred. Det ordet var sannare enn vi ville tru. På ettersommaren var Håkon på veitsle i Gauldalen. Der budde han hos Tyra på Romol, men kasta auga sine på Gudrun Lundesol, kona til Orm Lyrgja på Bunes. Ho ville han ha, og kravde ho. Men Orm nekta, og skar ut hærpil mot jarlen. Det heile enda med at Håkon vart drepen av sin eigen træl, Kark, mens dei to gjømte seg for bondehæren i eit svinebol. No får vi berre håpe at Odin har tatt til seg Håkon frende i Valhall, endå om han vart drepen av ein træl. Kva trur du om det mor, du som kan hende er den mest kunnige om slike ting?
– Rett nok er det ein vanlagnad for ein fri mann, og då særleg for ein jarl å bli drepen av ein træl. Likevel skulle eg tru at Odin og Frøya no kranglar seg imellom om Håkon skal sitte i Valhall hos Odin eller i Sessrymme i Folkvang hos Frøya. Om Håkon fekk velge, ville eg tru at han helst sit i Sessrymme og ventar på at Frøya skal kalle han til leiet sitt.
Tore skratta.
– Håkon jarl var ikkje van med å vente på at andre skulle kalle, mens han var i live.
Siv humra saman med han.
– Det har du rett i son. Det må vere underleg for å Håkon å vere den som ventar og ikkje den som skikkar bod. I alle fall trur eg trygt vi kan drikke minneskål for Håkon, i vissa om at han no er blant einherjane.
Med stort bulder drakk folk no minneskål for Håkon, og heidra han som ein av dei største i Håløygætta.
– Eg vil tru, heldt Tore fram då bråket stilna, – at de og undrar dykk på korleis det kunne ha seg at det denne gongen vart boren fram offer til Odin. Dertil eit såpass uvanleg offer. Det er ikkje vanleg at vi ofrar til Odin ved midtvintersblot, som de veit. Men det har hendt meir i Trøndelagen enn det eg til no har fortalt. Det trur eg Bodvar skal få fortelle om.
Bodvar sat tenksam ei tid, så drakk han djupt av ølbollen og tok til orde:
– Dagen før Håkon vart drepen av trælen sin, stemna fem langskip inn fjorden mot Nidaros. Erlend Håkonsson, som rådde for skipa mens faren var på veitsle i Gauldalen, møtte dei med tre skip, ubudd på ufred, men vart møtt med odd og egg. Erlend let livet der. Det var endå ein av desse Luva-ættlingane som vil skape seg kongenamn i Norge, ein Krist-dyrkar som kallar seg Olav Tryggvason. Dei seier han er son av kong Tryggve i Ranrike, han som vart drepen av kong Gudrød Eiriksson. No sit denne Olav i Nidaros og er tatt til konge over alt landet på Øyreting. Det blir sagt at han hatar dei gamle gudane våre, og vil gjere Kvitekrist til einaste guden i landet. Eg ottast at vi kan vente han nordover til sommaren. For det veit alle at ingen einekonge i Noregsveldet kan sitt trygt om han ikkje har håløygane med seg.
– Kva seier inntrønderane til dette?
Det var ein av hirdmennene som spurte.
– Dei seier vel omlag det same som vi gjer. Men vi skal ikkje glømme at Olav Tryggvason er Luva-ættling. Og Luva-ættlingane har aldri kvidd seg for å bruke svik om våpna har veila. Og om han får med seg vikværingane og vestlendingane, så kan det bli ei dryg tugge for inntrønderane.
– Er han noko tess, denne kongen?
Olav er ein stor og mektig sjøkonge. Han har lege i viking i fleire år, og har mange særs røynde og våpenføre menn hos seg. Eg trur ikkje vi skal forlite oss på inntrønderane denne gongen. Eller kva seier du Tore?
– Eg trur ikkje du tar mykje feil, Bodvar. Vi har knappast andre enn oss sjøl å lite på. Men eg trur nok at om Hårek på Tjøtta, Raud den Rame og eg står saman, så blir det ikkje så einfeldt for kongen å legge Hålogaland under seg. Eg trur ikkje hovdingane på Bjarkøy og Trondarnes heller er så ihuga på å legge seg flate for ein einekonge av Luva-ætta. Vi har litt røynsle i arv frå den tida Harald Luva sjøl gjesta oss.
Då var det at ein liten bonde frå yttersida, med eit tynt pistrete skjegg, ein som heile kvelden hadde sete og mumla for seg sjøl nedi ølbollen, hadde drukke seg til mot og tok ordet:
– Det har vore sagt før i kveld at dette har vore eit omframt og underleg blot. Og det som uroar meg er at blottausene syntes meg noko i kåtaste laget til å vere møyer. Det undrar meg, Tore, om du har tillate deg å skjende gudane ved å bruke blottauser som ikkje var møyer?
Det vart drypande stilt kring bordet. Folk skotta opp mot Tore for å sjå korleis han tok ei så grov skulding.
Tore vart først kvit i åsynet, og handa gjekk som av seg sjøl mot sverdhjaltet. Så såg dei han beit tennene saman og tok seg på tak.
– Eg ser du har supa traust av ølbollen i kveld, Aslak. Og når vitet er lite frå før, så trengst det ikkje mykje øl for å jage det vesle som er. Trur du at mor mi ville la nokon vere blottauser om ho ikkje var viss på at dei var møyer? Trur du at bøndene på Ægheim aktar både meg og døtrene sine så lite at dei ville gje dei høve til å misse møydomen når dei visste at dei skulle vere blottauser? Du er blotgjest hos meg i kveld, Aslak. Du skal gå skadeslaus herifrå om du aktar tunga di resten av kvelden. Gjer du ikkje det, svarar eg ikkje for kor hovudet ditt er å finne i morgon.
Rusen kvarv brått frå Aslak bonde. Han vart kvit i åsynet og tokka seg snart ut av skålen.

Etter kvart som ølbollane tømmest vart praten lystigare. Mennene tok til å bli nærgåande mot tausene som bar inn nye ølkanner. Konene tok til å samla med seg døtrene sine og sige over i eldhuset der det var reidd opp med mjuke fellar på pallane. Bondedøtrene kunne ikkje anna enn å skifte blikk med einstaka unge menn der dei vart føysa ut av hovet av mødrene sine. Nokre av dei eldste mennene tykte visst og at det rakk med øldrykken for denne gongen, og følgde etter kvinnene sine. Asta vart sittande, men eit skarpt blikk frå ho fekk døtrene til å følge etter dei andre kvinnene.
Ettersom konene og dei ugifte jentene forsvann, vaks kvinneflokken nede ved døra. Det var lausfriller, gardtauser og trælkvinner, ikkje berre frå Borg, man frå dei andre gardane med. Nokre av dei kasta frekke og lystne blikk på mennene ved langborda, men dei fleste sto berre og småtrødde og såg ned.
Asta festa blikket sitt på Bodvar. Lenge sat ho og stirte på han utan å seie noko, men så kom det:
– Jaha, Bodvar, du skal bli måg, høyrer eg Tore fortel. Frende er du visst alt, etter det Tore meiner, Bodvar Bjarmlending, Bodvar løysing.
Tore hogg auga i ho, men ho let seg ikkje merke med det. Bodvar berre såg i bordet og leika med eit mjødhorn framfor seg. Asta heldt fram:
– Ein son av håløygætt som ingen kan vitne er blitt knesett, er han lovleg å rekne for håløygættling, tru? Kan du seie meg noko om det, Bodvar? Dei seier du skal vere lovkunnig attåt alle dei andre gode eigenskapane du har. Kva seier du, Tore? Du skulle vel vite litt om det, ættling av ein lovseiemann på Steigarting som du er.
– Tei still no, Asta, fræste Tore lågt. – Eg har ikkje dengt deg særleg, dei åra vi har vore ektefolk. Men held du ikkje kjeften din no, så vankar det ei dengsle mange gonger verre enn du nokon gong har opplevd, verre endå enn det du til denne dag kunne ha tenkt deg.
– No talar du slik det høver seg ei høgboren husfrue, Asta verdotter mi, peip det frå Siv. Ho sat der enno og det var beinsett for alle at ho ikkje nett hadde spytta i ølbollen.
– Mor mi, sa Tore, – eg skyldar deg vørdnad, både som mor mi og som blotgydje.
Men strekk ikkje vørdnaden min for langt. Eg trur det er tid for både deg og Asta å leite opp sovepallen no.
– Akt deg du, Tore husbonden min, så ikkje folk tar til å kalle deg for løysingsmåg. To løysingar i hirden din er kan hende minst ein for mykje. Blir ein av dei måg, blir det kan hende heile ætta utskjemt, fræste Asta.
Tore greip ho i armen og klemde åt så hardt han makta. Ho greidde ikkje å halde tilbake eit siste stønn av smerte, men heldt fram som om ingenting var hendt.
– Jaudå, Bodvar, du tedde deg mannleg mot blottausene før i dag. Tromma til vermor mi verkar slik på menn. Til trommelåten makta til og med Skafte på Li å vere mann førre året. Vis oss no at du maktar vere kar mot dei to blottausene dine utan tromma, så veit eg at dotter mi ikkje blir liggande karlaus og barnlaus i sovefellane. Kanhende viser det seg at du til og med har to til å avle gutar. Det er det ikkje alle som har.
Kinnhesten Tore ga ho dreiv ho ut av høgsetet. Han samla ho opp frå golvet, kasta ho over aksla og kviskra til Asgaut idet han for forbi:
– Få mor mi til sovefellen. Gjer det du må for å få ho dit, men skad ho ikkje.
Det vart seinare kviskra om at den kvelden høyrdest det sår jammer og ynk frå buret der sjølfolket heldt til. Asta viste seg ikkje for folk fleire dagar etterpå.
Asgaut gjekk og sette seg ved sida av Siv. Han snakka lågt med ho og fekk ho til å drikke djupt og ofte av ølbollen.
Snart seig ho ned frå benken, og Asgaut bar ho til det buret der ho heldt til. Ei terne sørga for å få ho under fellen.
Asgaut og Tore råktest ute på tunet. Tore var samanbiten og stram i åsynet, Asgaut berre gliste. Han dunka Tore i ryggen og lo.
– Jaja, hovding min, kaute kvinner kan titt vere verre enn våpenføre menn. Godt vi kan tukte dei med muskelkrafta vår, når det er naudsynt. Odin må vite korleis verda elles vil sjå ut. Og hugs no det, Tore, at du er ikkje den første som har måtta tukte ei tungekåt husfrue. Far din var ein godlynt mann, men det var ikkje fritt for at Siv fekk smake svolken når kautskapen og tunga bar av med ho.
Då Tore og Asgaut kom inn i hovet igjen var det ingen kvinnehop nede ved døra lenger. Mennene hadde henta dei. Det klaska og surkla kringom på pallar og golv, der mennene tok ut kåtskapen sin. Nokre av kvinnene skreik i kåtskap, ein kåtskap som ikkje var mindre enn mennene sin. Andre skreik i redsle og smerte der mennene for fram. Dei fem blottausene hadde samla seg kring Bodvar som kvinnelause menn kasta ilskne blikk mot. Men ingen våga nærme seg blottausene som Tore hadde fredlyst.
Det jamna seg ut med talet på kvinner og menn, ettersom mennene spydde og sovna kringom på pallane og på golvet.
Bjørnulv hadde fare varsamt over ølbollane, og fått sneiord frå Gaute for det.
– Ein viking og hirdmann lyt drikke så det minkar i ølbollen, om han vil ha vørdnad frå manneflokken. Du drikk som ei ufest møy.
No låg han under bordet og stinka av sitt eige spy, medan Bjørnulv sat og følgde med i det som gjekk føre seg i hallen. Han såg at mange av mennene for hardt fram mot kvinnene. Han kjente lyst til å skrike at slik gjer ein ikkje, men visste at han ikkje var kar om å sette sitt igjennom hos røynte hærmenn. Visste og at hallen var fredlyst, og at Tore hadde gjeve mennene lov til å ta for seg av kvinnene som vart bydd på blotkvelden.
Brått sat Bjørnulv der med ei ung jente i fanget sitt. Ho kasta armane kring halsen hans og hulka:
– Berg meg frå han der. Han har alt skamfare to kvinner og no er han etter meg.
Bjørnulv såg ein stor brande av ein mann som kom vaklande mot dei. Han kjente han att som ein av dei største sverdkjemparane i hirden. Mannen greip jenta i armen og røska ho mot seg. Bjørnulv heldt att som best han kunne. Dei sleit i kvar sin arm på jenta. Bjørnulv var redd for at dei skulle slite ho sund. Han prøvde å gjere stemmen sin fast og bestemt då han sa:
– Denne jenta er med meg. Du får finne deg ei anna.
Det var som han hadde venta, håplaust. Mannen remja noko uforståande og sleit hardare i jenta.
Bjørnulv visste ikkje kva han skulle gjere. Hallen var fredlyst, det hadde hovdingen sjøl slått fast tidlegare på kvelden. Så kom han på at det berre galdt for våpen. Muskelmakt var det ingen som hadde sagt noko om. Igjen sleit dei begge i jenta, til mannen med blodskotne auga slo etter Bjørnulv. Då slapp han brått. Skorten på motstand fekk mannen i ubalanse og i kne, men han slapp ikkje taket i jenta. Sakte sjangla han seg på beina att, med eit fast tak i jenta.
Då langa Bjørnulv ut eit spark. Han sparka så hardt som han makta og råka mannen i skrittet. Mannen sette i eit gaul, krøkte seg i hop, remja ein gong til, spydde og slokna.
Då kjente Bjørnulv ein mektig neve i nakken som snudde han rundt. Bjørnulv sokk saman i knea, klar til å møte den nye fienden.
Det var Asgaut som sto der og lo.
– Eg trur ikkje du treng ottast, Bjørnulv, sa han.
– I morgon vil han neppe minnast kva det var som råka han. Visst vil han kjenne at han er øm i skrevet, men det vil han nok tru kjem av han har vore svært til kar med kvinnene. Ta no jenta med deg og gå. Eg har andre saker å ta meg av enn å vakte på dine kvinnesaker.
– Eg har ikkje.., byrja Bjørnulv heller arg.
Asgaut berre la handa si over munnen hans, smilte og var borte.
– Ta meg med, kviskra jenta.
– Berg meg, det er fleire som han her i hallen. Ho peika ned på mannen på golvet.
– Jamen eg, byrja Bjørnulv, men kom ikkje lenger, for no var det jenta som la handa si over munnen hans.
– Du er kjær i ei anna, eg veit det. Du veit ikkje kor du skal ta meg hen. Men eg veit. La oss stikke ned til Fåne sitt hus nede i Borgfjæra. Trælen hans har nok sytt for at det er varmt og godt der. Og Fåne sjøl, han slokna for ei god stund sidan. Kjenner eg han rett, og det gjer eg nok, så kjem ikkje han til å ta på heimveg før den siste blotgjesten har reist frå Borg. Blir du med meg kan eg hjelpe deg til å få den du er kjær i.

Bjørnulv såg storøygd på jenta og følgte ho.

Jenta hadde rett. Trælen Koll hadde hatt vett nok til å gjere det godt for seg mens herren var borte. Han låg og snorksov innved åren der store bjørkekubbar og torv flamma. Den nesten tomme ølbollen hadde han ståande attmed seg.
Bjørnulv såg storøygd på mannen.
– Korleis kan ein træl våge å ta seg slik til rette? Hadde noko slikt skjedd på Fjell, så hadde det stått om livet hans. I alle fall måtte han ha rekna med å bli slått omlag helselaus. Han var nøye med å måle kor høgt ølet stod i tynna om han nokon gong reiste frå garden, bonden på Fjell.
– Åja, du veit, det er med bønder som med anna folk, lo jenta, – dei er ulike. Og med Fåne og Koll er det slik at ein ikkje veit heilt kven som er herren i huset. Dei har budd toeine saman i eit utal vintrar og er som eit gammalt ektepar å rekne.
Bjørnulv såg stort på ho.
– Meiner du at..?
Ho lo igjen.
– Nei, det meiner eg ikkje. Eg sa «eit gammalt ektepar» og som du kanskje veit så brukar ikkje gamle ektepar koven til stort anna enn å sove i. Ikkje det at eg trur Fåne og Koll deler sovekove. Slik er det nok likt med andre gardar at trælen deler soveplass med dyra. Ulikt er det at ekte-sovekoven står tom.
– Men Fåne, då, undra Bjørnulv.
– Kor søv han?
– Han søv på pallen der borte.
Jenta peika mot nokre fellar på pallen langs eine langveggen.
– Du verkar kjent her i huset.
– Ja, eg har vore her nokre gongar.
– Med andre gutar etter blotfesten?
– Møy er eg ikkje, men møydomen min for ikkje her i huset. Den var det Tore Hjort som tok for nokre vintrar sidan.
– Tore Hjort?
– Ja. Eg var blotmøy då. Men eg har vore her saman med far min nokre gonger. Han er ein gammal ven av Fåne. Det har også hendt at eg har vore her saman med andre gutar. No veit du det. Så får du avgjere sjøl om du likevel vil ha meg.
– Ha deg?
– Du berga meg frå ein valdsmann. Eg kjem deg i møte med heile kroppen min, om du vil ha han. Men eg likar ikkje å vere saman med menn slik at alle ser det. Etter at Tore tok meg, som blotmøy, har eg alltid ønska å vere aleine med den karen eg har valt. Og eg vil velge sjøl.
– Og i kveld har du valt meg?
– I kveld har eg valt deg.
– Og eg veit ikkje eingong kva du heiter.
– Veit eg kva du heiter? I skålen i kveld vart du kalla Bjore Løysing, Bjørnulv Løysing, Bjørnulv Steinbjørnsson. Kva skal eg kalle deg?
– Sjøl kallar eg meg Bjørnulv Steinbjørnsson. Du må finne ut kva du vil kalle meg.
Ho lo og klappa han på kinnet. I hardaste laget til at det kunne kallast kjærleg.
– I morgon tidleg veit eg meir om kva eg vil kalle deg.
– Kan du ikkje fortelle meg korfor Fåne ikkje brukar den oppreidde ektekoven?
– Fordi han framleis ventar på Disa.
– Og kven er Disa?
– Ho var frå Ullstad, som eg. Eg heiter forresten Ullfrid Hauksdotter, berre så du veit det. Disa og Fåne, dei var kjære i kvarandre. Ein vinterdag for omlag førti vintrar sidan, gjekk ho frå Ullstad for å vitje Fåne. Det var ein strålande vakker dag, men ein av dei vinterdagane som ikkje er til å lite på. Dei såg ho gjekk forbi Mærvold. Like etter tok det til å blåse opp. Det var det siste nokon såg til ho. Men dei fann ikkje restar etter ho. Ikkje eit bein, ikkje eit hårstrå.
– Korleis kunne det ha seg? Leita dei skikkeleg?
– Dei leita så godt det gjekk an. Det vart snakka om at ho måtte vere haugtatt. Derfor ventar Fåne framleis på ho med ferdig oppreidd sovekove med mjuke fellar og dundyner og linlaken i. Den dagen ho kjem skal han ikkje trenge skjemmast over gamle og brukte og lusete fellar i koven.
– Er det til den koven du har tenkt å ta meg?
– Nei, den skal stå ubrukt for Disa. Men som skikken er, så finst det også her i huset ein kove på andre langsida, ein kove for ungfolket eller gamlefolket, alt etter korleis det høver seg. Dit har eg tenkt å ta deg.
– Men enn om Koll vaknar og ser oss. Kva gjer han då?
– Du
ottast for mykje, Bjørnulv. Sei meg, veit du ingenting om blotskikkane her i landet?
– Det spørst kva kant du ser det frå. Det eg veit om blotskikkane er trælen sin angst for å bli kalla inn i blotskålen for å vere eit av offerdyra ved blotet. Du veit vel at eg er vaksen opp som træl?
– Nei, men etter som du vart kalla løysing, så… Men kom no.
Fort var ho borte ved åren og tente ei spik som ho brukte til å tenne ei lampe inne i koven. Spika for som ei lyspil tilbake i åren der ho flamma brått opp og var kol. Eit lite augeblikk vart han nesten blenda av ein kvit serk då stakken vart borte. Så var serken og borte, og ho var berre eit mørkt omriss mot det veike lysskinet frå koven.
Sjøl kom han seg ikkje til med noko anna enn berre å bli ståande der, med armane hengande rett ned langs sida. Så merka han at ho kom mot han. Omrisset vaks. Det vart hår og lukter og hender som plukka av han plagg for plagg. Til slutt sto han der med sko og hoser og ei brok i tull kring beina og kunne ikkje ta eit steg.
– Stø deg på meg og løft det venstre beinet, kviskra ho.
Han høyrte det var latter i stemmen. Han ville tenke på Gyda. Tenke på at Ullfrid hadde sagt at ho ville hjelpe han til å få Gyda. Men kom seg ikkje til med anna enn å gjere som ho sa. Veiva berre utan mål og meining borti håret hennar mens ho fekk det siste beinet hans fri frå kleda.
Så drog ho han inn i koven og lærte han og lærte han og lærte han. Lærte han kor mjuke kvinner kan vere, kor glatte dei kan vere og kor krevande og sterke dei kan vere, og kor uendeleg tålmodige dei kan vere mot den som dei trur vil dei vel.
Med det same Bjørnulv vakna forsto han først ingenting. Her var fellar så mjuke som Frøyas hår. Her var puter fylte med dun, her var teppe av dun. Var han fallen og kommen til Sessrymme, til Frøyas eigen sal? Men han hadde då ikkje vore i nokon strid?
Så høyrte han ein latter, såg eit mørkhåra hovud med dansande mørke auga kikke på seg, og hugsa og smilte.
– Eg trudde ikkje det var vanleg oppå Borg at huskarane låg og drog seg til langt på dagen. Kom deg no opp, så skal du få ein sup øl.
Han greip etter ho. Fekk tak om den smale midja og drog ho inn og ned til seg.
– Nei, kom heller hit du, så skal du få eit kyss og noko meir attåt, murra han.
Ho stritta litt imot, men ikkje mykje, så hendene hans oppdaga snart at ho berre hadde serken på seg enno. Motstanden hennar var heller ikkje verre enn at ho løfta litt på seg og gjorde det lettare då han forsøkte å skuve serken opp og av ho.
– Fekk du ikkje nok i natt, din kåting, knurra ho og rispa han med neglane nedetter bringa så det gjorde vondt.
Då syntes han at han måtte gripe hendene hennar og halde dei og tvinge ho under seg. Det vart eit lite basketak der i koven, men han trudde nok at han ville ha fått det vanskelegare dersom ho hadde sett seg imot på alvor. Det kunne ein og sjå på smilet hennar då han hadde baska seg oppå ho og heldt hendene hennar ned mot kovegolvet.
– Du er som andre karar, du trur du kan ta det du ikkje får, skjente ho. Men det var latter og ikkje alvor i stemmen.
– Til denne tid har eg ikkje tatt noko, smilte han, – men no tar eg eit kyss.
Han trong ikkje ta det. Og heller ikkje var det nokon grunn til å halde hendene hennar lenger. Dei kunne begge bruke hendene til noko anna.
Etterpå vart dei liggande ei stund og halde rundt kvarandre, heilt til Ullfrid kom på:
– Nei, no må vi opp så du får sjå kva Koll har stelt i stand til oss.
Ho drog på seg serken igjen og smatt ut av koven. Han tumla seg naken etter. Då sto ho der klar og smetta skjorta nedover hovudet hans. Han såg seg om etter resten av kleda.
– Du treng ikkje meir førebels, sa ho og tok handa hans.
Han kjente at ho hadde rett. Det spraka ein god eld på åren og han var enno sveitt etter basketaket i koven.
– Sjå, sa ho, – Koll har velkome oss.
Han såg det. Det var sett opp eit bord framfor pallen. På pallen og under bordet låg det fellar. På bordet sto det eit trau med godt banka tørrfisk i høvelege bitar. Der sto og eit trau med brød og eit fat med gult, skinnande smør og to kanner med øl.
– Og dersom du trur at det er eg som har lagt kleda dine så fint opp på pallen, så må du tru om igjen. Det er det og Koll som har tatt seg av, kvitra ho.
Bjørnulv løfta ølkanna for å ta seg ein sup. Den hadde vakker utskjæring langs kanten. Han granska skurden. Det var ein heller uvanleg skurd. Kanna var ny. Altså måtte ein tru at det var nokon her i bygda som hadde gjort skurden. Nedover kanna var skore inn noko som med ein gong såg ut som vørdslause hakk. Han sette kanna frå seg som om han hadde brunne seg.
– Ullfrid, kan det vere..? Trur du at..? Er det..?
Han peika på ølkanna og såg vill i blikket på Ullfrid.
Ho såg den styrlause redsla i blikket hans og vart fælen.
– Kva er det, Bjørnulv?
– Kan det vere runer, det der på ølkanna?
Ho tok kanna og såg granskande på ho.
– Ja, det er det visst. Men er det noko å bli så oppøst for? Koll skjer runer på så mangt, han.
– Jamen det kan vere trollruner, meinruner.
– Tøv! Trur du Koll skjer meinruner i noko som skal brukast i hans eigen gard. Då ville det jo berre slå tilbake på han sjøl og resten av garden.
Bjørnulv nikka og roa seg. Jau, det høyrdest vettugt ut. Han løfta kanna og tok ein god sup.
Ullfrid lo litt.
– Nå, kjentest det ut som trolløl?
– Nei, det kjentest godt ut. Men korleis kan det ha seg at Koll kan riste runer, og kor har han den underlege treskurden frå? For det er vel han som er meister for den og?
Ullfrid hadde opna munnen til eit svar då ho vart avbroten av ei hamring på døra og ein stemme som gaula:
– Koll, Koll, kor er du? Er du der inne?
Då ingen svara heldt stemmen fram:
– Koll, Koll! Latsabb! Svartire! Hysskolt! Hestpeis! Okspung! Høyrer du ikkje at herren din hamrar på døra og vil inn? Eg skal, ved alle gudar, skjære stasen din av deg og bruke den til agn på juksa om du ikkje opnar døra og slepp meg inn. Og nåde deg, ditt misfoster av ein seljekall, om det ikkje er eld på åren og varmt når eg kjem inn.
Ullfrid sette i ein skrallande latter.
– Berre lat opp døra du, Fåne. Det er ingen grunn til å tru at ho ikkje er open.
Dei høyrde fingrar som krafsa oppetter døra. Fingrane fann til slutt det dei leita etter og døra opna seg. Inn kom ein skapning i ei diger skinnkufte. Han stengte døra etter seg og glåmte på dei to på pallen.
– Velkomen til gards, frende, skratta Ullfrid.
– Kva er det som har jaga deg frå blotgildet så brått? Kom no, så skal du få deg ein sup øl. Det er eit gildt øl du har. Kven er det du har stole korn frå i år?
Gubben myste mot dei to på pallen.
– Nå-h, er det deg, Ullfrid? Kven er kvitreven som sit attmed deg? Det kan no vel aldri vere Koll? Så lågt har du vel ikkje sokke enno?
– Nei, let ein stemme frå dørgløtten.
Skapningen som åtte stemmen smatt inn og drog døra i etter seg.
– Du og eg, herre, vi får visst vente før vi får ungmøyer i berre serken attmed oss på pallen.
Han i skinnkufta snurra rundt og langa ut ein neve etter den som nyss var komen inn. Han på si side smatt unna som ein oter.
– Ro deg no, herre. Korfor er du så arg? Er her ikkje eld på åren og øl på bordet. Kva betre kunne du vente når du kjem heim på ei så ukristeleg tid?
– Du og dette kristpreiket ditt, murra den første.
– Ølet som står på bordet er visst ikkje tenkt for meg. Gjestane våre får ha ølet sitt i fred. Hent ein dugeleg bolle, så blir noko åt andre og. Om du ikkje har drukke opp det som er, mens eg har vore borte.
Han ved døra smatt ut og vart borte.
Den skinnkledde kom bort til bordet der Ullfrid og Bjørnulv sat. Han såg på dei med blå og vassne, men kvasse auga.
– Jaså, så du fann deg ein du lika denne gongen og? Men denne ser knapt ut til å vere vaksen nok til å gjere teneste i koven.
Han bøygde seg nærare Bjørnulv, såg granskande på han og brast i latter.
– Åja, no ser eg kven det er. Jaja, var han kar nok til å felle Geirmund Kåte, så var han vel kar nok til å felle deg og, vil eg tru. Men kor blir det av denne jotunsonen som skulle hente øl til oss?
– Eg er her, herre, let det frå bortmed døra.
– Eg skal berre sette frå meg ølbollen, så skal eg hjelpe deg av med skinnkufta.
Fåne venta til den andre kom og drog av han den tunge skinnkufta. Så sette han seg på benken og greip etter bollen. Så kom han i andre tankar og såg mot Koll.
– Denne bollen er for stor til å drikke av, din saupskolt. Har du ikkje med eit horn til meg så skal eg teve ryggstykka dine til du skrik til denne kristusen din.
Koll svara ikkje, rakte berre eit drikkehorn fram til herren sin.
Fåne fylte hornet, drakk djupt og rapa. Så såg han bortpå Koll som framleis sto der.
– Kva står du der og kopar etter, din gudesvikar? Har du ikkje eit horn til?
Koll viste fram det hornet han sto og heldt på.
– Ja, kva står du der for, din tulling? Du er vel like øltørst som eg, kjenner eg deg rett. Sett deg på pallen, fyll hornet ditt og drikk.
Koll let seg ikkje be to gonger. Han hiva seg ned på pallen, demla hornet sitt i ølbollen og drakk.
Fåne sat der og smatta litt. Løfta på hornet. Såg på det. Sette det frå seg. Løfta det igjen.
– Jaja, grynta han, – la oss no drikke for eitkvart. La oss drikke for godt år og disene sin miskunn over hovdingen oppå haugen. Han kan trenge det, der han sit med berre to døtre og ei ilsk kjerring.
Han løfta hornet og drakk. Dei andre følgde han.
– Jaja, Ullfrid, hikra Fåne etter ei tid.
– Her sit du i berre serken saman med tre karar, den eine i berre skjorta. Er du ikkje redd for at vi skal gjere deg noko?
Ullfrid smilte, strauk han over skjegget og kyste han på kjaken.
– Eg trur dette er dei tre karane i verda eg er minst ottesam for, smålo ho.
– Han i berre skjorta, han gjer meg knappast noko eg ikkje vil han skal gjere meg. Og du frende, du har aldri gjort meg
noko mein. Det veit eg at du aldri ville finne på heller. Og Koll, han eg om mogleg endå snillare enn du er.
– Koll, snøste gubben, – lit du på den svartiren, så er du endå dummare enn eg nokon gong har trudd at du var.
Ho bøygde seg bort og strauk Koll over skjegget. La seg over fanget til Fåne og kyste Koll på nasen.
– Ja, Fåne, Koll lit eg på. Og det gjer jo du og.
Ho kitla Fåne ertande med veslefingeren i øyret.
Bjørnulv sat der med store auge og visste ikkje kva han skulle tru. Ullfrid hadde då sagt at Koll var trælen til Fåne. Og her sat Koll attmed dei og drakk av same ølbollen og vart kyst på nasen av Ullfrid. Han høyrte at Koll vart utskjelt av Fåne. Likevel behandla Fåne Koll som ein likemann når han sessa han på pallen og baud han øl av den same bollen som han sjøl drakk av.
– Du seier ikkje stort?
Det gjekk ei tid før Bjørnulv oppdaga at det var han Fåne snakka til.
– Nei, eg er ikkje…eg har aldri…eg veit ikkje…eg forstår ikkje…det er…
– Koll, du har fortalt meg tidlegare at du er den vettugaste av oss. Kan du seie meg kva denne unge mannen meiner?
– Ja, herre, det trur eg nok at eg kan. Men det er vel i grunnen såpass enkelt at også du skulle kunne svare på det.
Bjørnulv høyrte spotten i stemmen til trælen, og venta på slaget som aldri kom.
Fåne svara berre:
– Det er mogleg det, træl, men når eg spør deg om noko, så ventar eg eit svar som alle kan forstå.
Koll tok ein djup sup av drikkehornet sitt. Så løfta han det ein gong til og såg forundra på det. Han skar grimasar og rista hornet. Snudde det opp ned, men det kom ikkje ein drope ut. Så nikka han forståande mot drikkehornet, dyppa det igjen i ølbollen og fylte det. Drakk, men ikkje så djupt denne gongen.
Han sette hornet på bordet, la skalleskinnet i djuptenkte faldar, rista på hovudet, såg på Fåne og sa:
– Tja.
– Tja? Kva i alle åsynjers namn meiner du med det? Tja, er det eit svar?
Fåne kava seg opp og laut også fylle drikkehornet før han fall til ro igjen.
– No får du gje meg eit skikkeleg svar, din gudsforaktar, din kraumkall, din åtseletar, din, din …
– Ja, sjølsagt, herre. Visst skal eg gje deg eit svar. Eg trur denne unge mannen synest det er rart at trælen din sit til bords med deg, og at ein fri mann kan tole så mykje av ein træl. Og så undrar han kan hende på korfor du ikkje gjev meg fridomen når det er slik mellom oss.
Fåne såg på Bjørnulv.
– Er det slik du tenker?
– Ja-a. De-et trur eg nok. Eg forstår meg ikkje heilt verken på deg eller på Koll. Eg kan ikkje forstå meg på ein træl som kan riste runer. Heller ikkje forstår eg meg på ein bonde som byd trælen sin sitte til bords med meg og drikke øl.
– Synes du ikkje eg skulle gjere det?
– Det er det berre du som kan avgjere. Men eg er ikkje van med at det er på det viset. Men korleis kan det ha seg at Koll kan riste runer? Og kor har han lært den skurden han har skore på ølkannene?
– Jau, ser du…
Fåne drakk djupt av hornet og vart fjern i blikket.
– Koll tok eg som træl borti Irelandet for mange år sidan då eg var i viking der. Han var noko dei kalla munk og budde i eit stort hus dei kalla kloster. Eit stort og kaldt hus gjort av stein. Eg forstår ikkje at dei ikkje fraus i hel om vintrane. Det han dreiv med der, det var stort sett berre å riste runer og noko dei kallar stavar. Eg har tent mang ein slant på runekunna hans Koll.
– Ikkje så få heller, om sanninga skal fram.
– Tei no du still, Koll.
Fåne sukka og vart fjern i blikket.
– Og etterkvart så… Når vi går her toeine… Eg likar best å vere ven med folk, så no er det blitt slik det er. Eg veit at mange synest at eg skulle ha hatt meir age på trælen min. Det får dei berre meine. Men mange av dei som meiner at eg skulle ha dengt han meir, dei er takksame for kunstane hans.
– Stavar, kva er det?
Bjørnulv var nesten berre auga av undring.
– Vis han, Koll, sukka Fåne.
Koll reiste seg og gjekk bort til eit rikt utskore skåp. Han opna ei av dørene og tok ut noko som var pakka inn i fint linklede.
– Dette, sa Koll med djup vørdnad i stemmen, – er ei bok. Desse teikna er stavar. Og fordi dei er i ei bok, blir dei ofte kalla bokstavar. Denne boka er skreve på eit språk som heiter latin. Og den fortel om Den Einaste Sanne Gud, han som heiter Jesus Kristus, eller Kvitekrist, som han ofte blir kalla her i Norderlanda.
Då sette Bjørnulv i eig gapskratt.
– Du er ein god rakkarfant, du Koll, som vil prøve å innbille oss at den skinnbunten der kan fortelle oss noko. Men det måtte vel i så falle vere noko så urimeleg som at det finst berre ein gud.
Til si store forundring merka Bjørnulv at verken Ullfrid eller Fåne lo med han. Latteren køyvdest i strupen hans og han vart berre sittande å gape.
Koll smilte.
– Dersom du går ut og ser deg om, så vil du vel få ei meining om kva slags ver det kjem til å bli?
– Ja, sjølsagt.
– Dersom du ser på mosen på trea, så veit du kva som er sør og kva som er nord, ikkje sant?
– Jau.
– Alt dette som du ser er teikn som fortel noko til deg, er det ikkje?
– Jau, men…
– Sjå på dette, på desse boksidene, dette som du sikkert vil kalle krusedullar, eller noko slikt. Det er og teikn, teikn som fortel noko til meg. Det er slikt munkane i Irelandet stellar med. Dei brukar slike teikn til å skrive ned det som andre fortel, eller noko som dei sjøl har opplevd. Andre kan då tyde desse teikna på same viset som om han høyrde nokon fortelle historia. Dei lydane vi brukar når vi snakkar, det er og teikn. Og teikna er annleis her enn i Irelandet, der eg kjem frå, som igjen er annleis i Frankarlandet, som igjen er annleis enn i Serkland og så vidare. Du må kjenne teikna om dei skal fortelle deg noko. Men om du kjenner dei, så fortel dei.
– Men dette med den einaste gud, kva meiner du med det?
– Sjå det er ei anna sak. Vi som har møtt Kristus, vi veit at han er Den Einaste Sanne, og at dei gudar som blir dyrka her i Norderlanda berre er Djevelens blendverk. Men eg var ikkje skapt til å bli misjonær blant frie norske menn. Eg har ein liten kyrkjelyd blant trælane. Det får halde. La oss ikkje snakke meir om det.
– Desse teikna, desse stavane, desse bok-stavane, er det noko alle kan lære?
– Har du lyst til å lære dei, Bjørnulv?
– Det veit eg ikkje så visst. Det er så mykje eg må lære, eg som berre har vore træl. Men eg har lyst til å lære det meste, om det ikkje er seidkunstar.
– Eg skulle så gjerne ha lært deg, Bjørnulv, men då må du først lære deg latin, og det er ikkje gjort i ei snarvending.
– Går det ikkje an å bruke desse bok-stavane til å fortelle på norrønt mål?
Koll såg forundra ut og vart sittande i tankar ei tid. Så kika han bortpå Bjørnulv.
– Det var ein tanke. Det var sanneleg ein tanke. Det må vel kunne vere mogleg? Ja, det må vel det?
Koll fall igjen i tankar.
– Men då måtte eg ha noko å skrive på og med. Og det finst jo ikkje i desse barbariske traktar.
– Eg frys, braut Ullfrid inn i samtalen. – Vill du ikkje varme meg litt borti koven, Bjørnulv?
Bjørnulv hadde vore så djupt inni samtalen med Koll at det tok ei tid før han sansa kor han var og kven det var som snakka til kan. Han såg seg litt forvirra omkring.
– Eg skulle visst ha vore oppe på Borg for lenge sidan. Eg trur eg må…
Ullfrid lukka munnen hans effektivt med sin. Og drog han med seg borti koven. Han var ikkje vanskeleg å dra.
Denne gongen var det igjen ei heilt ny Ullfrid som møtte han. Ei langsamare og mjukare Ullfrid som gjorde ting med han som nesten fekk han til å gå frå vitet. Han undra om det ikkje fanst grenser for kva kvinner kunne gjere for å få ein kar ut av fatning.

Neste kapittel

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.