Grågud og kvitekrist – kapittel 1

Gildehallen på Fjell var pynta til fest. På åren flamma bjørkekubbane, endå det skulle vere langt på sommaren. Men sommaren hadde ikkje villa ta ordentleg feste om landet dette året. Kald skodde låg om toppane, og frå Vestfjorden pistra sørvesten kald og rå. Ikkje det at det var noko uver å snakke om. Båtliggande på havet var det kvar bidige dag. Heller ikkje regna det så ovvettes, men det var eit hustrig saurver som folk vart ilskne og oppfarande av.
Åreelden kasta flakkande lys over alt det gjævaste garden åtte. Hauldane på Fjell hadde vore dugande til å kare i hop i fleire ættleder no. Og lite gjekk det ut der i garden. Både Frode Gautason, som no sat på Fjell, og far hans og far hans før der igjen hadde ord på seg for å vere heller knipne både på kost og suvl, endå ingen av dei hadde hatt ord på seg for å knipe mot seg sjøl. I tre slektledd hadde bonden på Fjell hatt tilnamnet ølvom, når dei ikkje sjøl høyrde det.
Men i dag hang praktvevnadene på veggane i gildehallen og det glima i både gull og sølvprydde våpen mellom vevnadene. På bordet framfor høgsetet blenkte det i den dyraste eigneluten ætta åtte, ein gjenstand som året rundt låg inntulla i mjukt klede, og som berre ved dei store høve kom fram på bordet. Alle viste at begeret med den djupgrøne leten tolte svært lite før det sprakk, og då kunne ingen sette det i stand igjen.
Ætta hadde ått eit slikt beger til, men det var for to ættleder sidan slått i knas av ei vørdslaus taus. Berre gullbeslaget som hadde vore om kanten fanst enno i ei av kistene i buret. Den Frode Gautason som då sat på Fjell hadde slage tausa mest i hel og jaga ho av landet.
Men i dag var gildet så stort at begeret måtte på bordet. Tausene var glade for at ingen av dei var betrudde til å handtere det. Det var alltid matmora sjøl som hadde hand om det kostelege begeret.
Nei, det var ikkje noko vanleg bortfarsgilde dei feira på Fjell i dag. At odelssonen var komen til skjels år og alder, hadde runda femten vintrar og var myndig etter loven, det kunne saktens gje grunn til eit gilde midt i ein uvanleg grå og klam sommar. Men så var det at denne sonen hadde brakt så stor heider over ætta si.
På vågastemnet no nyss, etter at Gaute Frodason hadde vunne den årvisse kappspringinga, hadde sjølvaste Tore Hjort sett auga sine i guten, spurt han kven han var og kor han kom frå.
– Når den dagen kjem at far din drikk deg vaksen, då skal du kome til meg på Borg. Gode idrettsfolk får eg aldri for mange av, verken her i Vågar eller vest i Lofot, på Borg.
Dette hadde Hjorten sagt, og lagt til at endå om det no var for seint å snakke om fostring, så skulle han sjøl syte for at så mannleg ein gut fekk den våpenlæra han trong for å bli heil kar. Frode Gautason og Tore Hjort hadde seinare gjort handslag på det.
Frode kunne ikkje forstå anna enn at dette betydde at ætta på Fjell etter dette måtte vere å rekne blant dei førande i denne delen av Hålogaland. Og endå så knipen Fjell-bonden til vanleg var, så forsto han at det ikkje var til å unngå at han heldt eit drusteleg gilde for sendelaget som var komen frå Tore Hjort for å hente sonen hans dit vest til Borg.
Hjartet bultra i bringa til Frode der han førte leiaren for sendelaget opp i høgsetet. Ein gamal draum som farfar hans hadde vore den første til å målbere, såg no ut til å gå i oppfylling.
Gamle-Gaute hadde sagt til sonen sin dagen før han døydde:
– Du sit på ein god gard, Frode sonen min. Fer du fint åt med godset som eg og fedrane mine har samla, og bygger garden heller enn å øyde han, så kjem den dagen at ætta vår skal sitte mellom dei fremste her i Hålogaland. Ætta vår er gammal, og har fostra hovdingar så langt atti tida som soga og segnene går. Men her var for mange hovdingar kring ein fjord som var for liten. Og ingen av hovdingane hadde makt til å bryte dei andre under seg. Derfor har ætta vår aldri nådd opp mellom dei fremste.
Men han sa meir, gamle-Gaute:
– No er dette forandra. Dei andre hovdingane her i fjorden sette seg opp mot Harald Luva, Hårfagre kalla, då han gjesta Hålogaland. Det fekk dei bøte for. No er det Fjell-haulden som sit einsleg hovding igjen her ved fjorden. I Kjos er det berre armod og usseldom. Det neste er vel at dei søkk ned i trælekår. På Øgsnes er heile ætta reinska ut. Brukar du og ættlingane dine meir vett enn gods, kan den dagen komme at haulden på Fjell sit der han retteleg skal sitte, mellom dei fremste håløygane.
Frode gøymde ein smil i skjegget der han sessa seg i høgsetet. Faren hadde synt seg sannspådd. Gaute førte med seg til Borg ein træl som bar namnet Bjore. Trælen var fødd i same natt som Gaute, og gjeve han i namnegåve. Men Bjore var ikkje fødd til træl. Eldste sonen til Steinbjørn Bjørnulvsson i Kjos, hadde han, Frode, tatt som træl for skyld Steinbjørn ikkje såg seg i stand til å betale.
Ølet som ternene bar til gardsfolket, var ikkje av det likaste slaget. Det var kome meingjær i ei av øltynnene ved siste brygging. Ølet var både beiskt og surt, men det var ikkje i Fjell-bonden sitt to å tømme ut øl i tynnevis. Gardsfolket fekk drikke det. Og at det verka som anna øl, det hadde vist seg tidlegare. Så då fekk det vere godt nok.
Kring høgsetet hadde dei drikke av likare slag. Først nokre horn med mjød for å mjuke opp ganen og halsen. Så kom bollane med godøl på bordet. Gardsfolket supa surøl og kasta beiske blikk opp mot bollane som skumma ved høgseteenden. Men Frode visste at han trong ikkje ottast. Han hadde både tukt og age på gardsfolket sitt. Dei fekk vere godt nøgde med at dei fekk metten sin frå samme kjøttgryta som sjølfolket og sendelaget.
Gardsfolket kasta seg glupske over maten. Ein to-fors okse var ikkje nettopp kvardagskost der i garden. Saltsild og makketen boknafisk hadde dei lært å ta til takke med.
Husfrua, Astrid Olvesdotter, ei inntørka flis av eit kvinnfolk, vart fælen då ho såg kor folket reiv i seg frå mattraua. Skulle ho få den skamma at gjestane måtte gå umette frå bordet fordi gardsfolket så glupsk reiv i seg maten? Halvt venta ho at mannen hennar skulle sette auga sine i folket og stoppe matlysten deira eit grann, men han hadde berre auga for gjestane og sonen som sat benka tett innved høgsetet.
Ho kasta engstelege blikk etter matselja si, der ho myndig dreiv tausene ut med tome og inn med fulle fat. Men matselja læst ikkje ottast for matmangel etter det ein kunne sjå på ho. Retteleg fælsken vart ho då ho såg smila som tok til å breie seg over ølbollane nedetter bordet, og forsto at det ikkje lenger var surøl som vanka for gardsfolket heller.
Astrid vinka matselja bort til seg og utba seg med låg, men hard stemme ei forklaring på det som skjedde.
– Surøltynna er tom, kviskra matselja tilbake.
– Og eg trudde ikkje eg kunne bere surmjølk på bordet i dag.
Astrid syntest ho måtte gje ho rett i det.
– Og kjøttgryta, tømmest ho?
– Eg trur vi har nok til alle, meinte matselja.
Det tok til å roe seg kring bordet. Gode rap steig frå folket, og fortalde at dei tok til å få metten sin. Mennene saug på munnskjegget for å få med seg kvar ein drope av godølet, som så undersamt var kome i bollane deira.
Då tok Frode ordet der oppe frå høgsetet.
– Som alle veit, så er det Gaute, sonen min, vi drikk av landet i dag. Det er med ære og som vaksen kar han no fer heimanfrå. Eg er viss på at han ikkje vil minke æra verken for seg eller ætta her på Fjell, når han no fer til Borg. Men skal han verge ære, må han ha manns verje. Derfor gjev eg deg no dette, sonen min.
Frå attom høgsetet drog han fram eit sverd og spente det om livet til Gaute. Blodet steig Gaute til hovudet då han såg sverdet. Det var ikkje eit sverd av mange, men sjølvaste Gorrbit som hang der. Med det sverdet hadde farfars far til Gaute eingong hogd ein mann tvert av på midten, etter det soga visste å fortelle. Etter det hadde sverdet hatt namnet Gorrbit.
Endå raudare i hovudet vart han då faren drog fram eit av dei beste spyda sine og flidde han. Etterpå kom det fram ein framifrå boge og eit vakkert pilekogger fullt av piler.
– Du er vaksen mann no, Gaute, sonen min. Akt vel på at desse våpna blir deg til ære og gagn og ikkje til mein. Øv deg vel i våpenleik. Gode våpen er bra, men gjer lite gagn om ikkje mannen som fører dei meistrar kunsten.
Blodet rann bort frå hovudet til Gaute igjen. Dei kunne sjå at han vart bleikare enn han pla vere. Dei som sat nærast kunne og sjå at kinnknutane arbeidde på kjeven som beit tennene i hop og at knokane kvitna om sverdskjeftet.
– Her på Fjell har eg fått første øvinga i våpenleik, sa han lågt, men med sikrare stemme etterkvart som han snakka.
– Hos Tore Hjort blir vel ikkje øvinga kleinare. Men no vil eg prøve sverdet du har gjeve meg, far. Hent hit Bjore, trælen min, og ein hoggestabbe, ropa han til vaktmannen nede ved døra.
Frode gjorde ei rørsle som ville han stoppe det som var i ferd med å skje, men kom på at Gaute no var vaksen og fekk gjere med trælen sin som han ville.
Bjore kom sakte inn i hallen mens han trilla ein hoggestabbe framfor seg.
– Trill stabben bort til åren og reis han slik at han står støtt.
Gaute peika med sverdet sitt. Hoggestabben var stor og tung, men det gjekk utruleg raskt at trælen fekk den reist, og makstra slik at den sto støtt. Gaute gjekk bort og kjente på den. Så nikka han godkjennande.
– Legg venstre handa di på stabben med sprikande fingre. Trælen såg spørrande på han ei lita stund. Så glatta ansiktet seg ut og vart heilt utan uttrykk då han gjorde som han var tilsagt.
Gaute sto liksom og tok mål av handa ei stund. Så blenka det i sverdet, og blodet tok til å farge stabben. Smilande løfta Gaute det ytterste leddet av trælen sin veslefinger. Han gjekk bort til ei av tausene.
– Heng den til tørk for meg.
Til ei anna sa han.:
– Hent noko til å binde om såret.
Så snudde han seg mot høgsetet der faren sat.
– Ja,
far, eg meinte eg måtte ha rett til å ha såpass igjen av trælen min.
– For det er slik, snudde han seg mot trælen, at du og eg har vore meir leikekameratar enn herre og træl. No er det mitt håp at vi kan bli våpenbrør der vest hos Tore Hjort. Du er fri no, og kan glømme trælenamnet ditt, Bjore. Frå i dag skal du bere det namnet som tilkom deg i fødselen. Kom og la oss handtakast, Bjørnulv Steinbjørnsson.
– Eg trur ikkje det manglande leddet på veslefingeren vil gjere deg mindre våpenfør enn du elles ville vore, kviskra Gaute til Bjørnulv mens dei handtokest.
– Og no, Gaute hadde igjen snudd seg mot høgsetet.
– No er eg sikker på at du far vil be Bjørnulv sette seg ved langbordet og ta for seg av det som måtte vere igjen av mat og drikke.
Frode var like raud i toppen som sonen hadde vore for ei tid sidan. Tennene tygde skum.
– Eg har ikkje for vane å sesse verken trælar eller løysingar ved langbordet i gildehallen.
– Det er så, far.
Gaute var fast både i blikk og stemme.
– Men fribåren son til fribåren mann har det aldri vore noko skam å sesse i langbenken. Særleg ikkje når mannen er av hovdingætt. Soga, eller kanskje skulle eg seie segna, fortel endåtil at hans ætt og vår ætt er runnen av same rot langt atti tida. Den skylda Steinbjørn hadde til deg, den er no i alle fall betalt.
Frode sa ingenting mens Gaute maka til ein plass for Bjørnulv ved nerenden av langbordet. Men då Gaute igjen tok plassen ved sida av høgsetet freste han lågt:
– Det neste blir vel at du gjev bort sverdet du fekk av meg i dag. Far din og farfar din har tatt godt vare på det ætta åtte. Det ser ikkje ut til at du vil gå i våre fotefar. Meir skal eg ikkje seie, så slepp eg å sende deg med større skam av landet
Gaute svara ikkje på det.

Sørvesten låg der, beint i mot då dei kom i fjæra neste morgon. Ut fjorden var det ikkje snakk om å bruke segl. Som så ofte før, var det årane som var mest til å lite på.
Styrmannen, Asgaut Raudskjegg Sylvesson, grein mot dei to gutane.
– Jaja, gutar, no får vi sjå korleis de meistrar denne idretten.
Gaute lo.
– Eg trur nok du vil oppdage at både eg og Bjørnulv har halde om ei åre før. Men blir det galt så er vi jo åtte mann i ein seksroring, seks til å ro, ein til å styre og ein til å bytte om nokon blir trøytte.
Bjørnulv sa ingenting.
Då dei runda Bukkhausen hadde Gaute forstått at det var stor forskjell på å ro ein seksroring og ein tororing, som han var mest van med å handskast med. Han la og merke til at fingerkluten til Bjørnulv var gjennomtrekt av blod.
Det var ei god stund sidan Bjørnulv hadde lagt merke til det samme. Han kjente og kor det banka og verkte i fingeren.
– Jaja, tenkte han, kanskje bra at eg har fingeren å kjenne på, så kjenner eg mindre av kor trøytt eg blir etter kvart.
Asgaut la kursen utover i Vestfjorden då dei passerte Bukkhausen. Det var tydeleg at han tenkte på å styre utanfor Vesle-Molla, kanskje utanfor Skrova også. Han veksla nokre låge ord med Kjartan Arason og overlot styreåra til han, men vart ståande i løftingen i lag med han.
Tvers av Gullbrandsøya glapp taket på åra for Bjørnulv. Åra var så sleip av blodet frå fingeren hans at det var vanskeleg å halde åra støtt. Asgaut kasta eit blikk mot han, men sa ingenting. Bjørnulv festa eit hardare tak på åra og greidde igjen å halde takten.
Gaute kjente at det tok til å brenne i rygg og armar. No måtte vel ein av dei to i løftingen komme ned og avløyse litt. Men Asgaut og Kjartan berre sto der. Skifta litt på å halde i styreåra, prata lågt saman.
Kvithatten på bårene var mektigare då dei fekk Skrova opp om styrbord. Kjartan, som heldt i styreåra då, gjorde ikkje meining til å endre kurs, heldt berre fram, rakt ut Vestfjorden.
Dei seks ved årene rodde og rodde heilt til dei hadde Skrova godt attanfor tvers. Då greip Asgaut styreåra og nikka til Kjartan.
– Segl, ropte Kjartan. Dei seks drog inn årene. Gaute og Bjørnulv kom seg ikkje til med noko før dei andre røynte fire hadde fått seglet til topps og stramma riggen.
Bjørnulv sokk i hop på tofta då vinden fylte segla og dei sto slaget inn mot Henningsvær-flæsa. Han kjente at han helst berre ville sitte slik, men han visste at dersom dei ikkje greidde å segle seg opp i vinden forbi Henningsvær-flæsa og Vestværet, så måtte dei igjen ro seg opp mot vinden for å stå eit nytt slag fram mot Lofot. Forresten visste han ikkje kor hen på Lofot Asgaut hadde tenkt å lande, så det var mogleg at det enno sto mykje tung roing igjen.
Han grov inni kufta og fann tak i ein senestump. Med tennene og med høgre hand greidde han å stramme den kring den avkutta veslefingeren for å stoppe blodet. Han la ikkje merke til at både Asgaut og Kjartan hadde auga på han mens han heldt på med dette. Lite ville han vel og ha brydd seg om han hadde sett det.
Seksroringen var ein framifrå sjøbåt. Dei greidde å presse seg forbi både Henningsvær-flæsa og Vestværet, og sto kursen vidare fram mot Mikilvika.
Då ropte Kjartan brått:
– Klar for kuvending.
Denne gongen prøvde både Bjørnulv og Gaute å vere med på arbeidet. Gaute gjekk mest i vegen for det vante mannskapet. Bjørnulv gjekk på hovudet på tilja og vart borte.
Gaute slepte alt han hadde i hendene og kasta seg over Bjørnulv. Ein av mennene let falle nokre heller uhøviske ord då han greip etter trossa som Gaute hadde halde. Båten la seg over med ny kurs for Rolvsfjorden.
Då Bjørnulv kom til seg sjøl igjen hadde dei fira seglet og heldt på å lagge til land inne i Rolvsfjorden. Asgaut kom bort til Bjørnulv og tok venstre handa hans. Han såg på sena som var knytt om fingeren og smilte litt i skjegget.
– Det ser ut til at du har greidd å stoppe blodet. Det kan nok bli mannfolk av deg eingong. Det er ikkje stort meir vi kan gjere før vi kjem heim til Borg. Der får vi la ei sårkunnig kone sjå på fingeren din.
Mens dei heldt på å ordne med båten kom ein gammal gubbe ruslande ned til fjæra. Han og Asgaut Raudskjegg helsa på kvarandre.
– Du får sjå etter båten, du Svein, sa Asgaut. – Vi har ikkje meir farjøl enn vi greier å bere det. Men båten får ligge her til vi sender nokon for å hente han. Du veit hovdingen blir ikkje blid om han er blitt skadd i mellomtida.
Gubben akka og okka seg.
– Det er ikkje råd for meg å sette vakt over båten. Så dårleg som veret er, så må vi nytte alle hender til å berge høy når veret lagar seg såpass at det er mogleg. Men i dei tidene veret er som verst, skal båten bli godt vakta. Men kjem det hermenn, så har ikkje eg folk nok til å sette meg opp mot dei.
Asgaut berre grynta noko før dei tok i veg.
På turen over fjellet maka Asgaut det slik at han heile tida gjekk attom Bjørnulv, som om han skulle vere klar til å ta imot han i fall han datt.
Turen fall lang for Bjørnulv. Men han heldt seg på føtene, og trudde ikkje han hefta dei andre så verst mykje.
I tunet på Borg sto det ein høg mann og tok imot dei. Han helsa på Asgaut og veksla med han nokre ord om ferda.
Så snudde han seg mot Gaute.
– Eg trur ikkje eg tar feil når eg meiner at du er Gaute Frodason frå Fjell, som eg møtte på vågastemna for ikkje lenge sidan. Eg ser du har nytta tida godt og vakse deg mannlegare. Du skal vere hjarteleg velkomen hit til Borg. Her er det god bruk for fremmelege mannsemne som deg. Men kven er denne andre guten du har med deg, Asgaut?
Bjørnulv hadde stått i bakgrunnen mens Tore helsa på Asgaut og Gaute. No steig han fram mot Tore før Asgaut fekk tid til å svare.
– Om ikkje du hovding tykkjer det er for freidig av meg, så vil eg helst svare for meg sjøl. Sjøl kallar eg meg Bjørnulv Steinbjørnsson. Men det kan nok hende at du vil møte folk som kjem til å kalle meg Bjørnulv Løysing. Det skulle heller ikkje undre meg om ein og annan kunne finne på å kalle meg Bjore træl.
Tore Hjort såg undrande på han. Så kasta han blikket like undrande bort på Asgaut. Men det var Gaute som steig fram for å fortelle korleis det heile hang i hop.
Mens Gaute fortalde, skifta blikket til Tore mellom Gaute og Bjørnulv. Blikket gjorde også eit snarærend nedom handa til Bjørnulv.
Han sto still ei stund etter at Gaute hadde slutta forklaringa si.
– Mykje våpenøving har du vel ikkje fått, du som har hatt slik ein vanlagnad. Men eg kjenner far din og veit kva ætt du kjem frå. Det er folk som ikkje svik nokon i striden. Mannleg har eg og sett dei kunne gå fram i bardagen. Du ser ut til å ha same toet i deg. Også du er velkomen til Borg. Og i mi teneste heiter du Bjørnulv Steinbjørnsson. Men no skal Asgaut ta deg med og sjå til at du får stelt fingeren din skikkeleg.
Noko særleg glup handling var ikkje den fingerhogginga, Gaute, men eg kan forstå at du måtte gjere det for far din si skyld.
Seinare kom Tore til Bjørnulv og ville prate med han i trumål. Bjørnulv undra seg svært over kva den mektige hovdingen ville prate med han om, men sa ingenting. Følgde berre med Tore nedover bøane på Borg.
Til siste sette Tore seg på ein grov stein med utsikt over Borgpollen, og gjorde meining til Bjørnulv at han skulle sette seg attmed han.
– Sei meg, Bjørnulv, kor mykje veit du om ætta di?
Bjørnulv sat litt. Tenkte seg godt om før han svara.
– Det er ikkje vanleg å prate om ætt til ein træl. Men eit og anna ordet lak det jo ut av dei mest skadefro gardskarane på Fjell. Dei blir sagt at ætta mi var ei hovdingætt der inne i fjorden, jamgod med ætta på Fjell. Ja, det vart endå sagt at det skal vere eit ætteband mellom mi ætt og Fjell-ætta. Men dette visste dei visst ikkje mykje om, dei som nemnde det. Det vart og sagt at mi ætt mista makta si då ein av ættefedrene sette seg opp mot kong Harald Luva då han kom til Hålogaland for å stadfeste makta si over heile Norgesveldet. Sidan har det gått jamt nedover, heilt til trælekår for eldste son til Steinbjørn Bjørnulvsson i Kjos.
– Då veit du det viktigaste. Og det du har høyrt er sant. Då treng du berre å vite
no, at hadde dei andre hovdingane i Hålogaland vist like mykje mot og vilje som forfaren din, så hadde kan hende Hålogaland i dag vore like fritt som Island er. Elles kan eg ikkje klage på fridomen vi har hatt mens Håkon Sigurdsson Jarl har sete på Lade og demt opp for auka kongemakt sørfrå. Ladejarlane er då også av håløygætt, så det er ikkje urimeleg.
– Likevel ser du, hovding, ikkje glad ut, våga Bjørnulv seg til å smette inn.
– Nei, Bjørnulv, det kan du ha rett i. Det går rykte om at ein ny konge av Luva-ætta, ein stor og mektig viking, etlar seg til å gjere arvekrav på Norge. Og Håkon Jarl har ikkje styrt godt dei siste åra. Det er mange som ikkje likar han. Det kan lett opne for ei ny kongemakt. Og eg trur neppe denne Luva-ættlingen er mindre maktsjuk enn ættefaren hans var. Men eg har tenkt å møte Olav Tryggvason på same viset som forfaren din møtte Harald Luva. Og eg trur at fleire tenker som eg, denne gongen. Og på eit vis blir det visst verre no, enn då Harald Luva kom, om vi fell til fote. Etter kva eg høyrer har denne Tryggvasonen tatt til å blote til Kvitekrist, ein maktsjuk, framand gud som ikkje toler andre gudar ved sida si. Derfor samlar eg gode menn og mannsemne rundt meg no. Vi må bu oss til den striden som skal komme, vi hovdingane her nord. Så du får vere gild, Bjørnulv, å ta våpenøvingane framover alvorleg.
Bjørnulv såg storøygd på Tore mens han snakka. Han kjente at noko vaks inni seg. Har sat han, trælen Bjore, løysingen, og vart tilsnakka av sjølvaste Tore Hjort mest som ein likemann. Fekk høyre av Tore no ville handle som forfaren til Bjørnulv eingong hadde gjort. Fekk høyre at det var den gamle Bjørnulv som hadde handla rett, den gongen for lenge sidan, og tapt på det, fordi dei andre ikkje hadde hatt syn og mot til å gå same vegen, vegen rakt imot kongen som ville ta fridomen frå håløygane. Han smilte bleikt opp til Tore, og nikka fleire gonger kraftig på hovudet.
– Når Tryggvasonen kjem, håpar eg at eg kan vere med deg og bere våpen mot han.
Han ville ha sagt det med djup og mandig stemme, men høyrde sjøl at det mest let som kvekking frå ein krimsjuk frosk.

Neste kapittel

One Reply to “Grågud og kvitekrist – kapittel 1”

  1. Tilbakeping: Eit forsøk med e-bok

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.