Grågud og kvitekrist – kapittel 6

Den dagen Kot skulle reise ned til plassen sin på Helle, passa han opp Tore ute tunet, mens Tore var aleine.
– Eg ville gjerne snakke med deg, hovding, be deg om noko.
– Og kva er det?
– Eg ventar ikkje at du skal seie ja. Eg skulle nok ha nøgd meg med å takke for fridomen min, men eg vil gjerne ha Atla og dotter hennar med meg.
– Nei, det kan du ikkje vente at eg skal seie ja til. Om alle skal be om fridom for alle, så har eg snart ikkje trælar igjen.
– Nei.
Kot vart ståande og trø.
– Er ho kvinna di, Atla?
– Nei. Ho var kvinna til Harm. Ho meiner at dotter hennar er med Harm. Eg skulle gjerne gjere for kvinna til Harm, og dotter hans, det beste eg kunne.
– Er du sikker på at du vil dette, Kot. Om ho er den eg trur ho er, så er ho ikkje mykje å sjå på. Ikkje er ho særleg dugande i arbeidet heller. Skal du ha ei kvinne, vil du trenge ei som er god til å arbeide.
– Ho er kvinna til Harm. For Harm si skyld skulle eg gjerne…
– Du Kot, du Kot. Der bur visst meir i deg enn ein skulle tru, og det er visst ikkje noko stort sakn om du tar ho med deg, om du vil deg sjøl så vondt. Jaja, ta ho du, og ungen med. Det blir magert for dykk til vinteren, men det får bli di sak. Eg kjem ikkje til å gje dykk noko for å berge dei skarve liva dykkar.
– Eg har ikkje tenkt å be deg heller. Eg får takke, då, og be deg seie frå at ho kan vere med meg.

Snøen rann av marka. Det veksla mellom sol og mildt regn. Alt ved sommardagsleite var mest aka jorda snøbar. På Borg var førebuingane til festarøl i full sving. Enno fanst det att øl frå julefeiringa, men i tillegg sto nye tønner og brumma med nytt sterkøl.
Det hasta med festarølet. Bodvar skulle sør til Trondheimen i sommar også. Det galdt å ha øyra og auga på alt det som denne Luva-ættlingen brygga i hop. Det vart prata fram og tilbake om Bodvar skulle reise før eller etter vårtinget. Helst ville Tore at han skulle reise før, men innsåg til sist at skulle dei få til eit festarøl som dei ikkje skjemde seg ut på, så måtte han reise etter vårtinget.
– Men då må du vere ferdabudd og reise beine vegen frå Vågar etter vårtinget, slo Tore til sist fast.
– Og då får du ikkje tid til å stoppe verken hos Raud i Salten eller hos Hårek på Tjøtta. Eg får heller sende andre dit.
Det var travle tider på Borg. Tausene vann ikkje over alt som skulle gjerast både til festarøl og tingferd, så det vart sendt bod på jenter frå Ægheim om å komme og hjelpe til. Det var blottausene frå jula og nokre eldre jenter som kom. Snart visste alle på garden at blottausene var barntunge. Folk nikka då dei høyrte det. Det var berre enno eit teikn på at gudane hadde tatt vel imot ofra på juleblotet.
Dei første gjestane kom nesten ei veke før festarølet skulle ta til. Det var dei som hadde lengst veg som kom først. Mellom dei var folket frå Trondarnes, Sigurd Toresson, brorson til Asta, og folket hans. Mellom dei var broren til Sigurd.
Dei to brørne var svært ulike. Sigurd var bleik og lys i håret, og tok alt til å bli noko tungfør i kroppen, endå om han enno var ein ung mann. Han viste lita interesse for idrett og leik, og sat helst og høyrte på når eldre folk snakka. Når dei kom inn på handelsferder kasta han hovudet framover, og det brann i auga hans.
Tore, som var jamgammal med Gaute og Bjørnulv og vart kalla for Hund, var heilt annleis, mørk i hår og hold, mjuk og mjå, og let ikkje eit einaste høve til tevlingar av alle slag gå frå seg.
Andre dagen har var på Borg, kom han bort til Bjørnulv. Endå om han var halve hovudet mindre enn Bjørnulv, fekk han likevel til å sjå på Bjørnulv ovanfrå og ned på eit vis. Det var ikkje til å ta feil av at her var det ein som var seg medviten at det rann hovdingeblod i årene hans.
– Dei seier at du er god med bogen. Dei seier at det her på garden snart berre er Bodvar Bjarmlending som er betre enn deg. Eg skulle like å vite om det er du som er så god, eller om det står kleint til med våpendugleiken her på garden.
– Det får du spørre Bodvar om.
Bjørnulv kjente seg ikkje heilt vel framfor denne framfusne hovdingsonen.

– Eg hadde no elles ikkje tenkt å spørre nokon. Eg tenkte snarare på å få til ei tevling og sjå sjøl.
– Ja, det trur eg nok ikkje Bodvar har noko imot, om du spør han.
Bjørnulv snudde seg og ville gå, men Tore greip tak i armen hans og heldt han igjen.
– Korfor skulle eg spørre Bodvar? Tør du ikkje stille opp utan å spørre Bodvar om lov?
– Eg? Er det meg du vil kappskyte med? Eg trudde du meinte Bodvar. Eg meiner det er det som ville høve seg, ettersom det er Bodvar som er best her på garden.
– Det kan du ha rett i, men det er så mangt og så mange som krev Bodvar no om dagane. Eg trur knappast han har stunder til å leike i lag med oss ungdomane. Derfor får eg nøye meg med deg.
Bjørnulv likte seg ikkje, men han kunne ikkje komme unna. Han ønska at han kunne ha snakka med Asgaut eller Bodvar før dei sette i gang. Skulle han la seg slå av denne hovdingsonen nordfrå, eller skulle han gjere det han var god for, og vinne, om han var best. Korleis ville Tore ta det om han vart slått av ein som sto så langt under han i rang?
Dei skaut etter dei same reglane som Bjørnulv kjente frå før, og det vart snart klart at Tore var god. Bjørnulv såg at han trengte ikkje meinke seg mykje for å la Tore vinne. Då var det som om han høyrte ein stemme tale til seg:
– Du skal ikkje gjere deg mindre og kleinare enn du er. Om Tore Hund ikkje veit at det ikkje er noko skam å tape for enn likare kar enn han sjøl, treng han å lære det.
Bjørnulv skaut det beste han kunne, og då tevlinga var over, var det greitt å sjå kven som hadde vunne. Men sigeren var ikkje så overlag at taparen trong ha noko skam på seg. Likevel var dei ikkje vanskeleg å sjå at den unge hovdingesonen ikkje likte at nokon var betre enn han, så han utfordra straks Bjørnulv til kappsprang.
– Men då vil eg at fleire skal vere med, sa Tore.
Han plukka ut frå sitt eige følge ein som heitte Karle, og Gaute og to til av gutane på Borg. Før dei starta, såg Bjørnulv at Tore snakka lågt med Karle.
Tore og Bjørnulv kom likt ut. Så drog Tore litt ifrå, men Bjørnulv beit tennene i hop og tok i så det nesten svartna for auga hans. Han høyrte den samme røysta inni seg og visste at han skulle ikkje la seg slå av Tore om det ikkje var heilt visst at Tore var raskare enn han var sjøl.
Det var uråd å dømme om kven av dei som gjekk først over mål. Dei to som sto der og skulle dømme vinnaren, var heilt einige om det. Ingen av dei kunne seie om det var Tore eller Bjørnulv som hadde vore best. Derimot var det greitt at Karle frå Bjarkøy hadde slått Gaute, så vidt det var.
Då dei hadde fått igjen pusten, utfordra Tore til ein ny omgang. Denne gongen kom Bjørnulv ikkje så godt ut i starten. Det var som om Karle var i vegen for han, og Tore hadde fått ei bra forsprang då han kom seg fri. Likevel tok han igjen opp jakta på den snarføtte Tore.
Forspranget fram til Tore minka litt, men ikkje fort nok, syntes Bjørnulv. Dessutan høyrte han pusten til Karle kloss i ryggen på seg. Igjen tømte han hovudet sitt for alle andre tankar, utan den eine: å ta igjen Tore, ta igjen Tore og slå han.
Pusten til Karle vart borte bak han, og ryggen til Tore kom nærmare. Då høyrte han pusten til Karle igjen, denne gongen som ei kvæsande ralling bak seg. Så var det noko framfor den eine foten hans, og han stupte overende. Han såg steinen på bakken mens han datt, men greidde ikkje å vri seg unna før alt vart mørkt.
Då Bjørnulv vakna, sat dei andre gutane storøygde kring kan, og Tore heldt ein kald og våt klut mot hovudet hans. Straks Bjørnulv kjente seg såpass at han kunne sette seg opp, skyssa Tore dei andre gutane avgarde.
– Eg vil snakke litt toeine med denne karen, sa han.
Enno ei stund stella og stulle han litt med Bjørnulv, vridde opp kluten i vasskjørlet og tørka blod som hadde rent nedetter halsen.
– Du skal vere glad for at det vart hol og blod, så blir ikkje kulen og verken så ille etterpå, mulla han.
Tore kasta kluten i bøtta og sette seg framfor Bjørnulv. Ei stund såg han på Bjørnulv utan å seie eit ord, men så kom det:
– Eg vil du skal vite at det var eg som ba Karle om det. Eg reknar Odin som mi fulltrue, og då kunne eg ikkje la deg vinne over meg i to tevlingar etter kvarandre.
– Kva trur du Odin meiner om å vinne på slikt vis?
Tore lo litt.
– Å, Odin er ikkje så nøye på korleis han får det som han vil, berre han får det. Han har mang ein gong gjort sine motmenn verre pretter enn eg gjorde deg no. Men eg ville berre ha sagt det, så du ikkje har verre uvilje mot Karle enn du treng ha.
Då dei kom opp til dei andre gutane igjen, sa Tore:
– Det er noko til kar, denne Bjørnulv. Hard i hovudet, rask på føtene og god med bogen, endå om han synest vere noko uviss på føtene ein gong i mellom. Men det spår eg at vi kjem til å få høyre meir om han seinare. Så eg synest vi kan ta til å kalle han Bjørnulv Bogedrott med ein gong. Så kan vi seinare seie at vi var dei første som såg at han kom til å fortene det namnet.

Same dagen kom gjestane austfrå. Det var båten frå Fjell som låg først. Det var greitt at Frode Gautason meinte å ha rett til å vere den første austanav som sette fot i fjæra på Borg, der sonen hans var høgt i ære som huskar hos sjølvaste Tore Hjort.

Frode Gautason sto brei og brautande i framstamnen då skipet la til brygga. Men han makta ikkje å styre harmen sin då han såg at det berre var Asgaut og ikkje Tore sjøl som helsa han velkommen.
– Jasså, så Tore, frenden min, har det så annsamt at han sender årmannen og trælane sine til å helse fjordkongen velkomen til gards.
Gaute tok eit steg framover, enten det no var for å helse på far sin eller forsøke å roe han, men Asgaut vinka han på plass igjen.
Asgaut bøygde seg vørdsamt for Frode.
– Eg vil tru Tore hadde freista finne tid til sjøl å helse velkommen om han hadde visst at det var ein konge som kom. Sjøl har han aldri smykka seg med finare namn enn herse. Eg ber om orsaking på hans vegne, men samstundes må eg få lov til å peike på at trælar er det ikkje i det følget eg har med meg.
Frode sette auga i Bjørnulv, men ba berre mennene sine dra opp skipet og tjelde det.
– Og så reiser vi telta våre her på stranda.
– Tore ba meg vise deg og følget ditt til gards med ein gong.
Asgaut heldt seg høvisk, men Bjørnulv kunne sjå at han tok til å få eit stramt drag kring kjakane.
– Eg vil ikkje hefte Tore i alt det han har å gjere. Og på garden er det vel berre plass til dei som er i ætt med han i tredje leden eller nærmara, og som han er skyldig til å be til bryllaupet til dotter si. Vi andre får vel halde oss unna til sjølve gjestebodet tar til.
– Det må visst vere første gongen at det ikkje er plass til dei Tore ber til gards.
– Eg vil ikkje gå i føtene hans når han har det annsamt. Og eg ventar at han ber meg til gards sjøl, når han får høve til å ta imot meg på sømmeleg vis. Asgaut bøygde seg for Frode og vinka følget sitt med seg.
Dei trefte både Tore Hjort og den unge Sigurd Toresson frå Trondarnes i tunet oppe på Borg, ivrig opptatte med å samtale om korleis dei skulle ordne brurferda utan å bryte med gammal sed og skikk, når brura ikkje skulle hentast på ein annan gard. Sigurd heldt på at det måtte vere rettast å føre brura til ein av dei andre gardane til Hjorten, Hol skulle vere høveleg, og så føre ho derifrå og til Borg på sjølve bryllaupsdagen.
Dei to var så ihuga inne i samrøda at det gjekk ei tid før Tore hugsa at han hadde sendt Asgaut og følget hans for å ta imot dei nye gjestane.
– Kor blir det av Frode Gautason og følget hans, Asgaut?
– Jau, det har seg slik at du har ein unådig konge sittande i fjæra hos deg no, Tore.
Bjørnulv la merke til at Gaute vart raud og stam om kjakane.
– Unådig konge? Kva er det du pratar om, Asgaut?
Tore såg undrande på Asgaut og rista på hovudet.
– Sei meg, Asgaut har du vore haugtatt? Har tussane fått makt over vettet ditt. Meg synes det lite morosamt at du står her og trøyer tida med tøv når viktigare saker står for døra.
– Orsak meg, Tore, men ikkje har eg vore haugtatt, og ikkje pratar eg tøv. Frode Gautason kallar seg fjordkonge og er unådig fordi du ikkje sjøl tok imot han. Han driv no og set opp telt nede på stranda og meiner han skal la vere å ta opp plassen på garden for dei som er tredjeledds eller nærare i ætt med brura.
Tore rista på hovudet igjen.
– Dette hadde eg ikkje bruk for no. Kjem du, Sigurd, med meg ned til stranda? Om vi kjem to hersar og ber, så må vel kongen blidgjerast og bli med til gards. I alle fall må han vel bli det om vi spør han til råds om korleis vi skal gjere det med brudeferda.
– Ja, det trur eg nok, humra Sigurd. Men om vi spør han, så må vi nok gjere som han rår oss, eller så blir han truleg unådig igjen.
Det vart som Sigurd hadde gjort framlegg om. Helga Toresdotter vart i løynd ført til Hol to dagar før bryllaupet. Frode Gautason gjekk kring på Borg og skein som ei sol og fortalde alle at det var bra han kom såpass tidleg som han gjorde, slik at han fekk høve til å løyse eit problem som dei to hersane hadde stridd med utan å finne noka løysing. Neste morgonen reid Bodvar og brursveinane hans tungt væpna nedover til Hol. Slik skikken var, tok dei seg god tid på vegen nedover, slo på skjolda og ropa hærrop ved gardane, og stoppa på dei største gardane for å la seg skjenke øl og få med seg dei ugifte gardssonene på vegen vidare.
Det var over høgdagsleite då dei nådde Hol. Garden låg som utdøydd då dei reid inn på tunet. Følget løfta hærskrik og reid i galopp fram mot skåledøra. Bodvar svinga spydet over hovudet før han banka på skåledøra med skaftet.
– Eg veit du er der, årmann Kvate Hauksson. Lat opp døra og gjev meg brura mi, om du ikkje vil ho så vondt at ho skal kallast flannfluga.
Ei glugge i veggen vart opna. Innanfor glugga skimta dei ansiktet til Kvate Hauksson.
– Du geberdar deg mannleg, Bodvar Bjarmlending. Men det har mang ein kar gjort, om han
enn leid av horundfall. Har du nokon som kan tale for deg?
Kjartan Arason styrte hesten sin fram mot glugga.
– Om du ikkje kjenner meg igjen, Kvate Hauksson, så er eg Kjartan Arason. Eg talar for Bodvar. Og det seier eg så alle her høyrer, at aldri skal nokon mann kunne kalle han fudfloge. Og at han ikkje lir av horundfall, skulle alle vite som var på Borg og drakk jul i vinter. Blottausene klaga ikkje, og no går dei barntunge til kvardags der ute på Ægheim. Men nett no er dei på Borg og styrar til bryllaup. Du kan sjøl sjå dei når du kjem dit med brura.
Døra til skålen var opna så vidt på gløtt, og Helga Toresdotter vart pressa ut gjennom dørgløtten.
– Her har du brura di, ri no bort i fred, kauka det innanfrå.
Helga freista pile seg bort til det nærmaste av bura, men vart under mykje latter fanga av brursveinane og løfta opp på hesten framfor Bodvar.
– Ja, no har eg brura, men framleis saknar eg heimanfølget hennar. Saktens greier ho seg utan, om det er så at du vil ha garden brunnen ned over hovudet på deg. Men kva ettermæle Tore Hjort sin årmann på Hol då vil få, svarar eg ikkje for.
Seint og sakte tok dei inne i huset til å skuve ut kister og ambrar og dallar gjennom dørsprekken. Kvar gong døra igjen vart stengt, slo brursveinane på skjolda og ropa på eld. Slik heldt det på heilt til heile heimanfølget sto ute på garden. Då tok heile følget til å slå taktfast på skjolda og rope:
– Øl! Øl! Øl!
Då endeleg slo Kvate Hauksson døra på vid vegg og baud smilande brurgomsfølget stige inn, der dei vart ønska velkomne av ein smilande Tore Hjort som delte høgsetet med Sigurd.
Ølet fløymde friskt i hallen, men både trælkvinnene og gardtausene gjekk ufreista til og frå. Alle visste at dei ikkje måtte rørast før brurparet var komne i brureseng dagen etter. Men heite blikk verken kunne eller ville nokon hindre.
Også på vegen oppover for følget i mak. Dei måtte nesten det, for det var ikkje alle som sat like støtt på hestane. Men oppe ved Skjerpen reiv ein liten flokk, leia av Tore Hjort, seg laus frå vegen og følget og sprengreid bakbakkane opp mot Borg.

På Borg sto alle dører på vid vegg, og fram mot skåledøra var det pynta med nysprotte lauv; til høgre rogn for brudgomen og til venstre bjørk for brura. Tore og Asta sto i døra og helsa velkomen, mens kvinnene sto i flokk bak bjørkelauvet og dei gifte mennene som ikkje hadde vore med på brudehentinga sto på hi sida bak rognelauvet.
Brursveinane veik av til høgre og tok plassen sin saman med dei gifte mennene. Berre Bodvar reid rett fram mot skåledøra med Helga framfor seg i salen. Framfor skåledøra tøyla han hesten sin slik at den gjekk rundt seg sjøl, mens han ropa:
– Eg lyser for alle at eg har henta brura mi til gards, med lovleg rett og lovleg heimanfølge. Eg overlet ho no til kvinnene, som skal gjere ho i stand. Men i morgon krev eg ho igjen. I morgon krev eg ho i brureseng til fudfeste og koneskaut.
Så slepte han Helga ned framfor bjørkekvistane, hoppa av hesten og let seg ta imot og leie til sess i høgsetet. Dei andre mennene seig inn etter han, mens kvinnene tok sete i gamleskålen.
Dei gifte mennene var ikkje særleg øltørste. Skulle ikkje vere det, heller. Dette var dei unge og ugifte sin kveld, og då både Tore og Sigurd reiste seg og gjekk, rusla dei andre gubbane etter. Sistpå var det berre Frode Gautason som sat der og heldt lag med dei unge. Men då Gaute tok til å sende lange og harme blikk til far sin, tokka også han seg ut av skålen.
Som alltid var når ølet flomma, kjente Bjørnulv seg ille ved. Rett nok var det berre ungdomar som sat kring bordet og drakk i kveld, men han visste at det også blant dei var nokre som ikkje syntes det var særleg gildt å sitte til bords med «løysingen frå Kjos». At det kunne seiast noko liknande om han dei feira i kveld, visste han at det ikkje var mange som tenkte på. Og i kveld var ikkje Asgaut i hallen, så han hadde ikkje han å halde seg til. Og Bodvar, ja han måtte drikke djupt og djervt i kveld, om han aldri så lite likte det.
Ein gong utpå kvelden då Bodvar måtte utom nova eit ærend, passa Bjørnulv på å gjere seg same ærend ut. Han stilte seg attmed Bodvar, så nær at dei kunne snakke saman utan at andre høyrte det.
– Du veit korleis eg har det med slike drikkegilde, Bodvar. Blir du harm om eg ikkje blir sittande lenge?
– Ikkje om du løftar hornet titt, mens du er her. Berre dei andre trur at du blir borte fordi du er så drukken at du ikkje vinn deg tilbake. Såpass synes eg du får heidre meg på denne dagen.
Då dei gjekk inn gjorde Bjørnulv seg ustø på føtene, datt ned på benken, løfta hornet og tømte det. Mesteparten rann nedover haka og kleda. Han brølte etter påfyll med ein gong, og heldt på slik ei stund. Heile tida kika han på dei andre om dei skulle legge merke til han, men det var berre Gaute som skjulte ein liten smil då blikket deira møttest.
Så snart han syntes han kunne, fekk han med stor møye reist seg frå bordet og vakla ut av døra og bortover tunet og framover brinken ned mot fjæra. Der seig han ned på ein stein og kjente at han neppe hadde vore heilt stø på føtene sjøl om han ikkje hadde gjort seg til.
Han hadde ikkje sete lenge før øldunsten og manneteven seig ut av nasen hans, og dei gode luktene tok til å fylle han. Det anga salt og friskt frå havet, det dufta søtt frå veksande gras og sprettande lauv. Etter ei stund seig han sakte nedover mot den gamle, verslitne badstova som sto der inni pollen.
Han hadde høyrt i forbifarta ein av dei siste dagane, noko om brurlauget. Og han tenkte at kanskje hadde dei elda der i dag, og kan hende var det enno såpass varmt at han kunne få sveitta noko av ølet ut av kroppen. På vona braut han med seg nokre bjørkekvister der han gjekk.
Han var komen nesten fram til badstova då han brått høyrte jentelatter og braket då døra til badstova vart slengt opp. Han kasta seg ned attom ein stein og kika fram. Og såg ei tylft med nakne jenter som kom springande ut av badstova og kasta seg på sjøen. Dei spruta og skreik, for sjøen var enno styggeleg kald.
Bjørnulv vart sittande som forheksa og sjå på dei. Dei var så reine og nakne desse jentekroppane, mykje reinare og naknare enn ei nyskura taus som skreva mot ein av gardskarane. Også så kvite og lette og runde som dei var. Dei var som fortetta luft som spruta opp av det piska havet. Brysta deira, dei var så like, endå så forskjellige dei var. Nokre duva, store og mette. Andre spissa seg små og svoltne mot verda. Likevel var dei som støypte i same forma, ei form som krympa og strekte seg, alt ettersom.
Og der var midjer, liv som tok springfart og kvelvde seg til rause hofter og runde bakendar. Og likeins der; nokre rausare og rundare med lovnad om ei framtidig frodig husfrue, det var som bar dei alt usynlege nøklar i eit usynleg belte kring livet. Andre mindre, fastare truleg, spenstige liksom, utan klåre lovnader om korleis dei om nokre år ville kjennast under husherre sine hender i ektekoven.
Og der var magar og der var lår. Og alt var rundt, rundt, rundt.
Men rundast av alt, vakrast av alt, var det ei som var. Gyda. Ho var ikkje støypt i same forma som dei andre. Det var støypt berre ei i den forma
– Der er ikkje noko i verda så rundt som kvinner, og ingen andre kvinner som Gyda, tenkte han, og skvatt då han kjente ei hand på aksla si og ei røyst som kviskra:
– Dette skal du ikkje sjå, Bjørnulv. Kom fort, før brureseiden tar deg heilt. Du er godt på veg, alt no. Kom fort, før det er for seint.
Handa drog og drog i aksla hans. Men han såg ingen fare. Han såg berre alt dette vakre og runde som ei tylft gonger plaska og spruta rett framfor auga hans. Men handa vart meir og meir krevande, og brått kjente han som ei iskald klo som grov seg inn i kjøttet under høgre øyra hans.
Smerten var så intens at den braut augekontakten med dei duvande drosene i havet. I staden leita blikket seg mot dette som plaga han så ilskt, no når han hadde det så godt. Han møtte blikket til Ranveig og rykte til med det same, vakna liksom opp. For han såg noko i blikket til Ranveig, noko han kjente igjen frå andre, men aldri hadde venta å finne i nettopp hennar auga. Det var naken redsle som stirte på han.
Han vart så paff at han utan vidare motstand følgde med ho der ho drog han bort frå badstova, frå dei sprutande og hylande jentene.
Då jentene ikkje lenger var å sjå, skubba ho han overende i eit grønkande skogsnar, og tok til å rive sprettande lauv og groande plantar. Ho flerra opp skjorta hans og tok til å teikne mønster med plantane og blada over ansiktet, brystet og armane hans, mens ho song ein tone som reiv og sleit så langt inne i han at han aldri hadde visst at det var noko der. Brått kjente han liksom eitkvart som braut seg laus frå kroppen hans og kasta seg til vers med skrik som ein korp og ei kråke.
Han sette seg opp, rista på hovudet og kjente seg tom og sliten, nesten som etter stormnatta i vinter.
– Kva er det, Ranveig? Kva er det som skjer?
Ho daska han over kinnet, halvt argt halvt muntert.
– Veit du ikkje at Helga er gått inn i bruredøgnet sitt? Veit du ikkje at det er sterk seid som følger ei brur døgnet før ho går i brureseng? Kva slags tosk er du som gjev deg til å sjå på ei brur skal bli og ternene hennar. Hadde eg ikkje kome no, hadde vi mista deg. Men når du ter deg som ein galning, så hadde du kanskje fortent å bli det.
Han seig saman og kjente at han berre ville sove, men Ranveig rista rasande i han.
– Sei meg kva var det du tenkte? Vil du sjå til å svare meg. Du får ikkje sove no, for då mister eg deg kanskje likevel. Vil du sjå til å svare.
Han kjempa seg på føtene. Rista igjen på hovudet og såg undrande på Ranveig.
– Kva er det du snakkar om?
Ho såg rasande på han, men så var det som om ei sky letta frå ansiktet hennar.
– Åja, det er sant. Du visste vel ikkje det eingong, du.
Det er slik at døgnet før
ei jente skal gå i brureseng, festar det sterk seid til ho. Dei kallar det Frøyas seid. Derfor han ingen sjå ansiktet hennar den dagen utan å ta skade, og slett ikkje heile nakne kroppen.
– Men jentene som var med ho, kva med dei? Gyda var der. Korleis går det med ho?
– Frykt ikkje for Gyda du. Seiden bit ikkje på møyer, berre på menn og dei kvinner som har kjent menn.
Heile det gamle ansiktet drog seg i hop i ein flir.
– Det er kan hende forklaringa på at så mange av «møyene» frå gardane bortover ikkje var i lag med Helga i natt.
– Meiner du at..?
– Nei, eg meiner ikkje noko, eg. I alle fall seier eg ikkje noko meir. Men tenke og tru, det gjer eg no som eg vil.
Mens dei rusla bortetter bøen kom det stilt og tenksamt frå Bjørnulv:
– Men Gyda, ho var der.
Ranveig strauk han lint over armen.
– Ja, Gyda, ho var der. Kom no i lag med meg, så skal eg bøte skjorta di, og lese eit par galdrar til over deg. Eg vil vere viss på at vi får behalde både deg og vettet ditt.

Neste kapittel

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.