Grågud og kvitekrist – kapittel 8

Steinbjørn sto ute på odden og såg utover Vestfjorden. Sola hadde gjømt seg bak ein sky, men likevel var det varmt og godt. Frøy hadde bore grønt utover jorda igjen. Nokre niser leika seg der ute på fjorden. Havet brumma og braut kring foten på Vågakallen, endå fjorden låg still og kyrr. Det hadde nok blåse friskt ute i havet om natta. Dei lange, slake dønningane som briska seg til skumskavlar over båane der ute, fortalde om det.
Han løfta på hatten og tørka eit sveittgrann av skallen. Det var såpass drag i lufta at det lange, grå bølgehåret for framover ansiktet og la ein lokk tvers over nasen. Han kosta den til sides og greip baki nakken og vart ståande slik med håret samla inni handa.
Bjørnulv sto eit stykke lenger inne på odden, halvt gjømt bak ein stor stein. Korfor han halvgjømte seg slik, var han ikkje sikker på. At faren visste seg iakttatt gjekk fram av den litt anspente måten han sto.
– Ikkje rart at skridfinnane kallar far min for Allat. Han er høg. Rank er han og, endå om livet ikkje har fare berre vakkert fram mot han. Det er kanskje derfor han er så grå.
Steinbjørn sette hatten på hovudet igjen. Hatten var og grå, med sid brem. Greitt å sjå at den var laga av naturfarga gråull, slik kufta og broka var det.
Grå. Høg og grå. Grå sid hatt.
Før Bjørnulv visste av seg, sprang han fram og greip faren i armen.
– Frende…
– Det der må du aldri gjere meir, Bjørnulv. Komme så brått på ein mann bakfrå.
– Du visste at eg var her.
– Blikket ditt brann. Vinden
førte lukta di. Likevel…
– Du var på Borg i jula.
– Eg? Nei. Det er mang ei jul sidan eg var på Borg.
– Eg trudde kanskje… Eg trefte ein… Men den gongen i båten… Det kunne ikkje vere deg. Du liknar så mykje.
Steinbjørn sukka og vinka avvergande. La handa si bortpå aksla til Bjørnulv og førte han med seg bort mot ein flat stein. Dei sette seg.
– Fortel.
Etterpå sat dei tause begge. Steinbjørn plukka nokre laukstrå som sto der. Stakk dei i munnen. Togg sakte.
– Det har eg aldri tenkt på. At eg liknar gråguden. Men no har eg gjort det eg svor. For sekstan vintrar sidan. Heretter skal eg bere fargar. I alle fall når eg er mellom folk.
– Kva råd gjev du meg, frende?
– Om lagnaden har bunde deg til seidguden, monar mine råd lite. Denne Kvitekrist… Eg kjenner han ikkje. Han er ny her i landet. Men det seier dei at Sigfar og eingong var. Førte krig mot dei gamle gudane, vanane. Tok Njord og tvillingane som gissel. Ga verdilause gissel tilbake. Ein svikar og seidkall, men likevel den mektigaste. Og visaste. Men heller ikkje han kan gå lagnaden forbi. Når Surtssonene kjem i Neglfare… Eg veit ikkje, frende. Eg har mest glømt gudane.
– Når du ikkje veit, så…
Bjørnulv gjorde mine til å reise seg, men Steinbjørn drog han varleg i ermet.
– Sit litt til. Vi kan vel samrå om det?
Han hufsa seg litt og plukka nokre fleire laukstrå.
– Eg trur Koll er klok, men som alle kristmenn er han noko synkvervt av guden sin. Ranveig er nok den som ser klårast og veit flest vegar til sanninga. Fortel ho om likskapen mellom han og meg. Kanhende opnar det ein veg for ho.
Han plukka nedi marka igjen. Denne gongen var det syre han stakk i munnen, mens han smilte skeivt til Bjørnulv.
– Du hadde nok håpa på likare råd frå far din, endå om du skulle vere bra van med at det er lite han er kar om å gjere for deg.
– Du sa at du hadde ikkje bore fargar på sekstan vintrar?
– Ja?
– Det hadde du svore ein eid på?
– Ja.
– Men no kan du bere fargar igjen?
– Ja, eg…
– Du har prova at du er kar om å gjere det du har sett deg føre, også for meg. At lagnaden ville det skulle gå sekstan vintrar, var det vel ei meining med. For eg trur ikkje vi heilt manglar lykke, vi to.
– Det må vi tru, Bjørnulv.
Det var stilt nede på tingvollen. Dei fleste var farne heim no tinget var over. Tore Hjort var att med nokre av mennene sine for å sjå etter noko småvøling på garden sin. Eit par andre skuter låg og utpå vågen. Mellom dei var skuta til Frode Gautason.
Som dei nærma seg garden til Tore, kom Tore Hund springande imot dei.
– Her har hendt nytt mens de var borte, pusta han.
– Kva då for nytt?
– Fåne er drepen. Frode Gautason har hogd han.
– Korleis gjekk det til?
– Dei sat og drakk og Fåne sa at han unte Frode den vanæra som hadde hendt han på tinget. Då drog Frode sverdet og hogg Fåne.
– Har han lyst drapet på seg?
– Ja.
– Har han bydd bot til frendane til Fåne.
– Rimeleg bot til Fåne sine frendar skulle eg ha betalt, om han hadde hatt nokre, herma Tore.
– Kor er Frode no?
– Han held på og pakkar i hop. Tore Hjort sa han ville ikkje ha han her lenger.
– Då må vi skynde oss.
Steinbjørn la i veg bortover mot garden til Hjorten.
– Du kjem så brått, Steinbjørn, helsa Tore.
– Kan eg få låne seks menn hos deg. Eg vil sette dørrett hos Frode før han dreg.
– Det hadde eg venta. Eg blir sjøl med, sjuande.
Frode var på det nærmaste ferdig med å pakke i hop, då flokken kom bort til teltet hans med Steinbjørn i brodden.
– Du kjem mangment, Steinbjørn. Våga du ikkje komme aleine?
– Eg treng desse mennene no når eg set dørrett hos deg, Frode.
– Kva for klagemål mot meg har du? Eg trudde du vart ferdig med dei på tinget.
– Eg krev drapsbot for frenden min, Fåne.
– Frenden din?
– Det veit alle at Fåne Vigfusson var nærfrenden til mor mi, og at andre frendar ikkje lenger finst i Øgsfjorden. Eg tar derfor arven etter han og krev drapsbot her for retten. Drapsbota kan eg vente med til neste ting om du så vil, men arven tar eg no, og desse mennene er vitna mine.
– Når Tore Hjort set makta si bak deg, må eg berre gje meg. Men full drapsbot gjev eg ikkje, for spitorda hans.
Steinbjørn nikka.
– Det går eg med på. Du kan reie ut halv drapsbot med det same, om du så vil. Med det same lyser eg ut at sonen min, Bjørnulv, skal sjå etter arven min borti Lofot. Og om det er sølv etter Fåne, kan han bruka av det. Om han gjer det med vit og i samråd med Tore Hjort.
Med det vart det.
Seinare tok Bjørnulv far sin til sides og sa:
– Eg vil at du skal gje Koll fri.
– Eg sette deg til å styre med garden etter Fåne. Då må du ha såpass husbondsmakt at du sjøl avgjer korleis garden skal styrast og trælane skal stellast. Det kan eg berre seie at eg skal ikkje kreve deg for skadebot om du gjev Koll fri.
– Ranveig skal ha husvist på garden. Om ho og dei vil, kan ho ha dotter og dotterdotter si hos seg der.
Steinbjørn smilte.
– Vil du ha dette vitnefest? Eller er det nok at eg gjentar at du har husbondsmakt på garden, og steller han slik du vil, så lenge du ikkje øyder han?
Det ga kvarandre handslag på at slik skulle det vere.
Før dei skiltes sa Steinbjørn:
– Vi har vølt husa heime i Kjos. Ingen går svoltne til koven lenger. Ei halvtynne med øl finst det vel og. Du er velkomen dit, om du ser deg høve, og Tore lar deg.
– Først trur eg nok vi må møte denne Tryggvasonen. Etterpå kjem eg gjerne til Kjos, om eg lever.
– Møtet med Olav har eg tenkt meg med på. Ingen veit kven som stuper på den turen.
Tore sigla heim til Borg same kvelden. Det var for varmt til å ha liket til Fåne liggande. Og Tore trudde han helst ville i haug på sin eigen grunn i bakkane opp mot Borg.
– For det skal du vite, sa han til Bjørnulv, at mykje av jorda nedimot Borgpollen og bakkane oppetter var Fåne sine. Men han har i alle år latt meg få bruke dei mot ei rimeleg leige. No får du avgjere korleis du vil stelle deg med det.

Koll sat og såg inn i grua då Bjørnulv kom inn. Det brann ein låg varme som ikkje greidde å halde hallen varm. Bjørnulv kulsa og sette seg innåt grua. Koll rota litt i glørne og la på litt meir torv.
– Nå, der er du. Kjem far din?
– Nei, korfor skulle han..?
– Tok han ikkje arv etter Fåne?
– Korleis veit du at..?
Augo til Koll glødde då han sette dei i Bjørnulv. Så døydde elden i augo hans ut og han sukka.
– Eg gløymde kor ung du er. Orsak meg. Eg skal forklare deg…
Koll rota litt meir i grua før han igjen såg på Bjørnulv. No var augo hans heilt tome.
– Vi hadde eit spel, Fåne og eg. Vi spela herre og træl. Jauda, vi var det og. Men ettersom åra gjekk, så vart vi meir og meir som vener å rekne. Når det var andre her, så spela vi herre og træl-spelet. Elles… Eg trur han etterkvart vart det mennesket som har stått meg nærast. Etter at Krist tok mor mi til seg. Eg veit ikkje, men eg trur du må vere særs lite kjenslevar om du ikkje skal merke det når nokon som står deg så nær døyr. Det vart eit tomrom inni meg då han ikkje var meir. Var det Frode som drap han?
– Kva får deg til å tru det?
– Det kom slik for meg.
– Ja, det var Frode. Visste du at det var far min som hadde odelen etter Fåne?
– Ja.
– Korfor har du aldri fortalt meg det?
– Du fekk tidsnok vite det, meinte eg. Men korleis er det, tok ikkje far din arven etter Fåne?

– Jau.
– Korfor er han ikkje her, då?
– Han sette meg til åremann på garden.
Ansiktet til Koll lyste opp i eit stort smil.
– Så no er det du som styrer garden her. Og eg er trælen din.
– Nei.
– Kastar du meg ut? Vil du ikkje ha meg? Er det fordi eg er Kristmann?
– Nei. Nei. Nei. Nei, til alle tre spørsmåla. Eg kastar deg ikkje ut. Eg vil ha deg her, enten du no er Kristmann eller ikkje. Koll, eg vil ha deg her som læraren min. Eg vil at du skal lære meg å rite runer. Eg vil at du skal lære meg å rite bok-stavar. Eg vil at du skal lære meg meir om Krist-trua di. Men du skal ikkje vere træl. Du skal vere fri mann. Løysing vil dei kalle deg. Men det er vel betre enn å vere træl? Eg vil følge deg til Borg i dei seine kveldane når du fortel trælane der om Krist. Vi treng ikkje fortelle dei at du er fri mann. Vi kan halde fram med det herre og træl-spelet som du og Fåne hadde gåande.
– Og korleis blir det med gardsdrifta? Vil du ta tilbake jorda di, eller vil du halde fram som huskar på Borg?
– Det veit eg ikkje. Eg må snakke med Tore.
Dei sat lenge over ølkrusa den kvelden, Bjørnulv og Koll. Sjeldan hadde Bjørnulv vore så tung i hovudet som han var då han leita seg til koven sin. Likevel fekk han ikkje sove. Alt det nye kverna i hovudet hans. Kva skulle han gjere? Skulle han ta tilbake jorda si? Skulle han halde fram som gardskar på Borg? Skulle han gjere det kjent at Koll var frigjeven? Han var enno tung i hovudet då han trødde bakken opp mot Borg dagen etter.
Han kjente seg liten då han møtte Tore oppe på Borg. Tore var i ferd ned å sette trælane og gardskarane til dagens gjerning då Bjørnulv steig inn på gardstunet.
– Nå der er du, helsa Tore. – Du har vel tenkt gjennom hauglegginga av Fåne?
Hauglegginga av Fåne! Visst skulle han ha tenkt på det. Han flakka med auga og torde ikkje møte blikket til Tore.
– Ja, nei, eg, det vart…
Så tok han seg saman og tenkte: Eg kan ikkje stå her og stotre. Han løfta hovudet og møtte blikket til Tore.
– Eg veit så lite, sa han lågt.
Tore rykkte til.
– Det er sant. Det er så lett å glømme. Om du vil la meg få rå deg, så…
– Det er ikkje nokon eg heller ville ha til å rå meg, om du vil.
– Visst vil eg. Og no må vi raskast råd etle oss til å få Fåne i haug. Seinare får vi tenke på og snakke om alt det andre som må tenkast på og snakkast om.
Det gjekk ikkje lange tida før det var menn på veg til alle gardane, roande og riande, for å be folk inn til gravøl over Fåne.
– For det trur eg, sa Tore, – at om vi legg i
hop det som enno finst i tønnene i Fåne-stua og på Borg, så skal folk sleppe å reise tørste frå gravølet. Mat trur eg heller ikkje det skal skorte på. Det finst både sel og fuglar på holmane, og det skulle ikkje undre meg om vi greier å veide ein kval til Fåne sitt gravøl. Så vidt eg veit sto han seg godt med gudane. Dei unner nok han og gjestane hans ferskkjøtt til avferda.
Tore sto litt og såg nesten bedande på Bjørnulv. Så kom det mjukt: – Du veit at du må sende Koll i lag med Fåne.
Først skjøna Bjørnulv ikkje kva Tore meinte. Så kjente han at det tok til å bygge seg opp eit stort skrik inni han. Den gamle træle-redsla fløymde ut i kroppen hans, og det verkte som etter ein uvant og hard arbeidsdag. Så braut skriket seg ut.
– Nei! Nei! Koll skal ikkje drepast uskyldig fordi Fåne er drepen. På den garden der eg er åremann skal ikkje noko menneske drepast som eit dyr, berre fordi dei kallar han træl.
– Meiner du Fåne var så klein ein kar at han ikkje fortener ein træl til å syte for seg når han trer inn i hallen til Odin Allfader?
– Eg veit at Fåne ikkje hadde ønska det. Og kva skulle ein Kristmann som Koll ha å gjere i Valhall. Eg trur ikkje ein gong dei ville sleppe han inn dit. Han ville vere dømt til for alltid å virre omkring i utanfor-landet. Det kan eg ikkje sjå at Fåne heller ville vere tent med.
– Eg veit kor vanskeleg det er for deg, Bjørnulv, men det er gammal skikk. Du vil minke ettermælet til Fåne mykje om han ikkje får trælen sin med seg. Og det bryr ingen seg om han er Kristmann eller blotmann. Trælen følger herren sin og går han til hande. Det er herren si tru som avgjer kor dei skal hamne. Trur du heng-guden bryr seg om kva tru trælen hadde før han vart træl?
– Kanskje ikkje. Men eg bryr meg. Og hos meg skal ingen mann slaktast. Koll blir. Eg veit at Fåne ville ha ønska det slik. Du får gje deg denne gongen, Tore. Eg trur ikkje Fåne sitt ettermæle minkar fordi eg ikkje slaktar Koll. Det blir i så fall mitt namn som får pletten, men det har så mange plettar frå før at ein til skal eg vel greie å bere.
Tore hadde vorte brattare i nakken mens Bjørnulv tala.
– Gardskarane mine plar lyde meg.
– Så er eg ikkje gardskaren din lenger. Du får sende atterbod til bedarane dine. Vi skal nok greie å få Fåne i haug, Koll og eg og andre som måtte sjå seg syn til å kome i slikt eit skammeleg gravøl.
– Så, det er slik du startar gjerninga di som åremann på Fånevolden, med å vanvørde han som sat der før. Men, nei, eg sender ikkje atterbod. Fåne var ein ven. Han skal fare herifrå med full ære. Det står ikkje kleinare til med meg enn at eg kan unne han ein av mine eigne trælar med seg på ferda.
– Baud du deg nokon gong til å gje han trælar mens han var i live?
Tore stivna.
– Kva vil du med det?
– Eg ber deg svare meg. Gjorde du?
– Ja.
– Kor er dei no? Har han slakta dei?
– Han ville ikkje ha dei, mumla Tore.
– Men no, når han er daud, då synest du at du kan nøye ein av trælane dine inn på han. Kjenner du alle venene dine like dårleg som du kjente Fåne? Tenk deg om. Du veit han ville ha takka deg nei no og, om han hadde kunna.
Tore flakka med blikket.
– Vi får snakke om det seinare.
– Snakke kan vi. Men denne gongen blir det som eg vil, Tore, om du ikkje får han som eig både garden og Koll, til å seie noko anna.
Utetter dagen tok det til å skye over, og havskodda kom sigande inn frå nord. Ein og annan sluddbyge strødde si kvite væte over dei grønkande engene. Dagslyset kvarv i ei ullgrå halvnatt.
Bjørnulv vart gåande og trø oppe på Borg utetter dagen, endå om der ikkje var mykje å trø etter. Gyda og Tyra hadde ridd saman med Helga til Hol tidleg på dagen. Dei hadde hatt både Asgaut, Kjartan og Tore Hund i følget sitt. Ranveig var igjen stad å finne, endå han hadde leita etter ho både ute og inne. Han skulle så gjerne ha prata med ho for å få hjelp til å stå imot alle dei som han visste ville kreve at koll skulle i haug saman med Fåne. Han visste ikkje korfor, men han kjente det på seg at Ranveig ville sjå på den saka slik han sjøl gjorde.
Det leid mot kveld før han kom seg til å trø ned mot Fånevolden igjen. Han kjente at det ville ikkje bli lett å sjå Koll i auga, endå om han visste at han ville gjere alt som sto i hans makt for å hindre at Koll skulle i haug dagen etter. Han hadde skimta Tore eit par gonger mens han rak rundt på Borg om dagen, men ingen av dei hadde gjort noko for å komme meir i prat med kvarandre.
Nedanfor galgerogna syntes han at han vart vár ein høg, gråkledd skapning som sto der under utofsen og skydde seg for véret. Den eine augeblinken var det som om den gråkledde var der, den andre augeblinken var han borte. Han drog handa over auga og slengte væta ifrå seg, og syntes den gråkledde vart meir handfast av det. Jau, det var ikkje tvil. Mannen sto der. Glad raska Bjørnulv på stega og tydde seg innunder utofsen til den gråkledde.
– Er du her alt no, far. Korfor kjem du så i løynd? Vart vi ikkje einige om at du skulle bere staselege klede neste gong vi møttest?
Den gråkledde klukka fram ein kald latter.
– Du skulle vel kjenne meg så godt no, Bjørnulv, at du veit at eg fér i løynd når eg synes det høver best. Det er no elles noko nytt at du kallar meg far. Eg trudde det var «meingud» som var namnet ditt på meg. Eg syntes eg måtte prate med deg fordi du ikkje unner meg å sjå trælen din i hallen min.
Bjørnulv kvakk to steg attende og kom utfor utofsen der han fekk skletteeling midt i fjeset så han mista synet av den gråkledde igjen.
– Kan du ikkje la meg vere? Eg har vigd meg til Krist. Skal vie meg til Krist. Koll er Kristmann. Kva skal du med han i hallen din?
Latteren var kaldare enn nordavinden.
– Trur du at Koll vil bli den første Krist-trælen i hallen min? Eg har mange av dei, og dei har vi mykje moro med. Eg har lært mykje om Krist sine veikskapar frå dei. Dei er så glade i å prate desse Krist-mennene.
Den kulsande latteren kom igjen.
– Eg trur du kjem til å gje meg Koll, Bjørnulv. Eg trur ikkje du er sterk nok til å stå imot alle dei som vil tvinge deg. Eg trur også at du kjem til å bli mi fulltrue. Eg har ikkje råd til å miste deg til Krist, Bjørnulv. Krist har for mange vener. Eg har for få. Det er du som skal bikke vektskåla, Bjørnulv. Slik har disene spunne det. Den veven slepp vi ikkje fri av, verken du eller eg.
Bjørnulv heiv seg rundt og sprang, sprang som han ikkje hadde gjort sidan kappløpet med Tore Hund. Han snåva i steinar og røtter, men heldt på beina som ved eit under, heldt nesten på å brake i hop med langhuset på Fånevolden, fekk ikkje stoppa, men vreid seg forbi hjørnet, greip med venstre handa om hjørnet og vart slengt inn mot veggen, kjente nasen gnure mot grovt tømmer i dørkarmen og merka det varme blodet som rann ned mot munnvikene.
To forundra ansikt stirra opp frå tavl-brettet då han stumla seg inn døra. Han sjangla seg bort til pallen, datt om der og hadde Ranveig sitt bekymra fjes over seg med det same. Ho drog ein mjuk klut fram frå ein stad innanfor det omfangsrike skjørtet og fekk tørka blodet av han. Ho vart mildare i blikket då ho såg at det ikkje var noko alvorleg fatt med han.
– Du kjem brått, smilte ho. – Kjem du frå eit møte du ikkje syntes om?
Bjørnulv sukka. Både Ranveig og Koll kunne høyre at det var ein letta og god sukk.
– Eg skal ikkje spørre om korleis du veit om møtet mitt. Eg har lært meg at du veit mangt som du ikkje skulle vite.
Han løfta høgrehanda og strauk ho over den mjuke og skrukkete kjaken. Med det same sovna han.

Neste kapittel