Grågud og kvitekrist – kapittel 9

Tidleg same våren hadde Fåne tatt til å gjere i stand gravplassen sin. Den låg på ein brink rett overfor husa, ikkje langt frå haugen til sjølve haugkallen. Sjølve gravinga hadde Fåne fått ferdig mens han var i live. Steinsettinga hadde trælane på Borg gjort ferdig etter at liket kom heim frå Vågar. Dei to store hellene som skulle ligge over grava sto klare til å bli velta over gravkammeret. Sola hadde enno ikkje tatt til å gløtte over himmelranda då Bjørnulv rusla opp mot grava. Han sette seg på gravkanten og halla ryggen mot den eine hella. Han visste ikkje om han ønska at faren skulle komme til hauglegginga. Kom Steinbjørn var det han som måtte ta avgjerda om Koll skulle følge Fåne i haugen. Kom Steinbjørn ikkje, var det han sjøl som måtte trasse både Tore og andre gode menn for å berge livet til Koll.
– Du veit det er forventa at eg og skal ligge der.
Bjørnulv kvapp. Han hadde ikkje høyrt at Koll kom. Røysta til Koll var heilt roleg som om han snakka om noko heilt kvardagsleg.
– Vil du det?
– Det er ingen som spør kva eg vil.
– Eg spør.
– Blir eg lagt i haug med Fåne, så kan eg ikkje lære deg å rite runer og bok-stavar. Då kan eg heller ikkje lære deg om Krist. Og då kan det hende at heng-guden får viljen sin med deg.
– Kva trur du Fåne hadde villa?
– Om eg svarar deg på det, hjelper det deg lite. Seier eg at eg trur han ikkje hadde villa det, kan det like gjerne vere fordi eg gjerne vil leve. Seier eg det motsette, kan det og vere fordi eg vil leve, og trur at du vil la meg leve fordi eg er så rettskaffen at eg snakkar sant. Fåne kunne berre Fåne svare for. Vi får håpe Steinbjørn kjem, så slepp du den avgjerda.
– Du veit eg vil ha deg i live, Koll. Og eg veit ikkje kva Steinbjørn vil. Men han kan eg ikkje trasse. Om han kjem.
– Det var då svært så djup- og tungsindige karane var på ein vakker morgon.
Stemmen til Ranveig var fylt av ertande lått.
– Kristmenn trur på Kristi allmakt. Blotmenn trur på lagnaden. Så seier dei i alle fall. Men alltid legg dei råder om korleis dei skal trosse Krist-makta eller lagnaden. Mannfolk er nokre underlege skapningar. Det eg veit, er at enno er vi alle tre i live. Vidare veit eg at åbiten står på bordet nede i Fåne-stua, saman med ei god kanne øl. Eg tok fram av det beste ølet i dag. Eg veit ikkje om vi har fortent det,
men eg veit det er godt. Og eg veit det vil gjere meg godt. Eg trur det vil gjere dykk to tåpelege karar godt og. Kom no, elles drikk eg kanna tom aleine, og det vil ikkje gjere meg berre godt.
Bjørnulv kjente at han brått vart så tindrande glad. Han treiv Ranveig og hufsa ho opp på ryggen sin og sette på sprang nedetter vollane med ho. Ho kvein sin ei ungjente, sette knærne i sidene på han og hyppa han framover. Koll sette i ein stor latter og prøvde seg på ein liten gallopp, han og, men fekk det ikkje heilt til. Dei hadde alt munnen full av mat då han smilande bøygde seg inn døra.
Bjørnulv tømte siste skvetten frå ølkanna i hornet sitt. Trugande løfta han kanna mot Ranveig.
– Kva er dette for noko, kvinne? Har du trolla med ølet? Aldri har ei ølkanne vore så udryg her i huset før. Du får hente ei ny, og om ho er like udryg som denne, så skal du sanneleg få stå til rette.
Ranveig fall ned på kne og ba så tynt ho kunne, utan å breste i latter.
– Nåde, høgvørde herre, eg har ikkje gjort noko galt. Det er nok han Kristmannen og runkallen der som har kasta trolldom over ølet. Høgg du hovudet av han, skal eg ta det med og legge det i øltynna. Då blir nok ølet drygare.
Bjørnulv såg strengt på Ranveig og peika mot døra. Ho tokka seg i veg, lita og krokut. Så sette han auga i Koll.
– No får vi sjå kva som hender med neste ølkanna, om nokon skal miste hovudet.
Dei snaua fata seg i mellom. Bjørnulv halla seg attover og rapa høgt og velnøgd. Han makta ikkje å gjere noko med det då han kjente at tårene tok til å renne nedover langs nasen. Det rare var at det ikkje kjentest umannsleg då Ranveig stakk til han ein klut som han kunne tørke dei vekk med. Han tørka og tørka til det slutta å renne. Så snytte han seg kraftig, og kjente at han hadde det godt og smilte mot begge dei to gamle.
– Her sit eg, trælen Bjore har vore, med føtene under eige bord og gret som ein unge og har det godt. Her sit eg saman med det beste trollkvinna og den likaste runkallen i heile norderlanda. Skal eg fortelle dykk kva som kjem for meg? Det kjem for meg at vi skal få mange gode år saman. For du Ranveig, du skal flytte hit og hente mange kanner øl enno. Begge skal de gjere ei lang reise saman med meg, før vi alle skal kvile i jorda. Og du, Koll, der du kjem frå, der er det grøne og bølgande bøar, ikkje sant. Under desse bøane trur eg du ein gong skal få kvile, ikkje på ein forblåst kolle i Lofot.
I det same dundra det hardt på døra. Bjørnulv spratt opp og drog sverdet.
– Kven er det som dundrar så tungt på døra.
– Asgaut, tolvte.
– Eg trudde vi var vener som ikkje trong té oss slik.
– Eg er her i ærend for hovdingen på Borg.
– Ber fram ærendet ditt.
– Eg kjem for å hente Koll.
– Kva vil du han?
– Det er haugferd i dag.
– Døra er att. Det kjem ho til å vere til du høgg ho sund. Og då møter du sverdet mitt, om du ikkje brenn huset ned over meg. Koll hentar du berre over mitt lik, Asgaut.
– Hovdingen sa han trudde du ville ta det slik. Kan vi snakke om det, Bjørnulv?
– Berre snakk, du, men det hjelper deg lite.
– Kan eg komme inn og snakke?
– Stikk inn hovudet, du, så får eg ta det av. Er du først inne, veit både du og eg at eg ikkje kan stå meg mot sverdet ditt.
– Om eg legg sverdet igjen ute, får eg då komme inn?
Bjørnulv tagde lenge. Etter ei tid høyrte han latter og nøgde rop utanfor huset. Han syntes og han høyrte nokon som nemnte namnet Koll. Han høyrte mennene dra seg bort frå døra. Forvirra kasta han eit blikk mot bordet. Der sat Ranveig einsam og tynte den siste dropen øl or kanna og opp i hornet sitt.
– Koll! Kor er Koll?
– Han gjekk.
– Gjekk? Eg sto og vakta døra.
Ranveig humra mens tunga fanga den siste ølfukta frå hornet.
– Fåne var ein lur rev. Han hadde ikkje berre ein utgang frå hiet sitt.
– Let du Koll gå?
– Var det ikkje du som såg for deg at Koll skulle kvile i sitt heimlands jord?
– Eg sa visst det.
– Men du trudde ikkje på det?
– Eg veit berre at dei har henta Koll som ein oksekalv på beite for å slakte han.
– Oksekalven veit ikkje kva han går til. Koll visste det, men han gjekk lell. Han valde sjøl. Han var fri då han gjorde det. Betyr ikkje det noko for deg, Bjore.
Bjørnulv trudde nesten ikkje sine eigne øyra. Kva slags rett hadde denne ølslikkande gamle heksa til å sitte der og kalle han med trælenamn? Han kjente ein nesten uimotståeleg trong til å kaste seg over ho og klemme pusten ut av den tynne og skrukkete gamle halsen hennar. Han tok eit skritt mot bordet, men sansa seg og fræste ut:
– Hel ta deg, kjerringskinn.
Så snudde han og sprang som ein gal nedover mot naustet der Fåne låg sveipt. Han opna døra og snuste inn i naustet. Det var ingen likstank å kjenne. Han sokk ned ved sida av Fåne. Let hovudet søkke ned mot det kalde, daude brystet. Gjorde ikkje noko forsøk på å halde tilbake tårene som sprengte på. Gret så sårt som han ikkje hadde gjort sidan den gongen i utmarka på Fjell då han hadde prøvd nysverdet til Gaute.
Hikstande fall han i søvn der han sat. Han bråvakna av eit skrik ein stad. Lydde. Fann ut at skriket måtte ha vore hans eige. Høyrte at véret hadde slått om mens han sov. Vinden sjoa om naustveggane. Høyrte nedbøren plaske kring seg. Syntes det høyrtes ut som regn eller svært våt sklette.
Han kjente ikkje at han orka å reise seg å gå ut og møte verda. Tok i staden til å småprate med Fåne. Aldri hadde Fåne vore så lett å prate med som no. Han var mjuk og varm i røysta og ga trøystande svar på alle spørsmål. Fortalte at han aldri hadde vore nokon gud si fulltrue, men at han nok, som dei fleste bønder og vikingar, hadde vendt seg oftast til Tor, men at han og hadde funne stor hugnad i å halde venskap med Njord. Det var som om Njord, som var hovding for dei eldre vane-gudane, var visare enn æsane. Men etter at han hadde slutta å segle i viking og leigde bort jorda til Tore Hjort, hadde både Tor og Njord vortne fjernare for han. I staden hadde han tatt til å dyrke venskap med Balder, og funne ut at Balder såg med stor vørdnad på Kvitekrist. Balder og Kvitekrist kunne nok ha vorte gode vener om ikkje Krist hadde vore så stri på at ingen andre gudar skulle ha noko å seie der han rådde. Odin hadde Fåne alltid frykta og halde seg lengst mogleg unna. Odin var ein som hovdingane fekk bale med, om dei så ville.
Då lo det borti naustkråa.
– Eg kunne tenke meg at vi kom dit, ja. Enkle menn vil ha enkle gudar. Det finst altfor mange enkle menn i norderlanda no for tida. Men eitt er eg glad for, Bjørnulv. Du har lært av meg å finne visdom hos dei daude, endå om eg støtt har funne at dei hengte er dei visaste.
Bjørnulv sprang opp. Det lo igjen.
– Nei, sit du berre. Denne gongen ser du meg ikkje. Du kan springe til Utgard om du vil. Likevel når du ikkje unna orda mine, om eg vil dei skal nå deg. Men du skal vite at eg er vorten i tvil. Eg veit ikkje om eg vil ha deg som fulltruen min. Eg har tatt til å grunne på om du er for veik. Kanskje er vi alt vortne for veike begge to. Kanskje har vi ikkje noko å hente hos kvarandre lenger. Det kjem ein konge saman med Kvitekrist. Kanskje skulle eg ha møtt dei lenger sør. Det kjem ein hovding og hentar Fåne snart. Hovdingen seier han er min fulltrue. Likevel skulle du ha vore der ute og talmast med han om trælen din. Men for den som ikkje er sterk nok, er det alt for freistande å lytte til daude menns visdom, mens andre avgjer liv og lagnad der ute. Høyr! No kjem dei og hentar Fåne. Og deg. Er du like letthenta som han?
Det lydde tunge steg og låge røyster på vegen ned mot naustet. Bjørnulv sto som fastfrosen. Ei nesten umerkande melding frå Fåne seig langsamt inn:
– Stå…i…ro. Ver…like…lett…henta…som…eg. Det…er…til…det…be..s..te.
Mennene opna døra. Høgrehanda til Bjørnulv knytte seg som i krampe kring sverdhjaltet. Asgaut og Kjartan steig inn i brodden for fire andre huskarar frå Borg. Det var som flimra det ei tyngsle bort frå auga til Asgaut då han vart vár Bjørnulv.
– Nåh, der er du. Vi har leita etter deg over alt. Det er dags å legge Fåne i haug. Dei fleste er komne.
– Steinbjørn..?
– …er ikkje komen. Men vi kan ikkje vente lenger.
– Er det ikkje han som skal velte hellene over grava?
– Når han ikkje er her, må du gjere det. Hovdingen vil snakke med deg. Han ba meg ta vare på sverdet ditt så lenge.
– Har hovdingen funne ut at Fåne var så viktig ein mann at han må ha to trælar med seg i haugen, både Koll og Bjore?
To djupe smertefurer skar seg inn kring auga til Asgaut.
– Fåne åtte berre ein træl. Han heitte ikkje Bjore. Så vidt eg veit finst det ingen træl med det namnet verken på Borg eller Fånevolden.
– Det er så mykje eg ikkje veit, Asgaut. Men eg trudde skikken var slik at alle frie menn ber våpna sine når dei hauglegg ein odelsbonde og viking. Lær meg, Asgaut, om eg tar feil.
Asgaut såg ned, men Kjartan nikka
– Slik er det, Bjørnulv.
– Men for meg gjeld det ikkje? Eg skal stå der våpenlaus som ein træl som ventar på kniven? Han krev stor lydnad av mennene sine, Lofor-hovdingen. For stor kanskje. Kven av dykk ville gje frå seg våpna sine og gå våpenlause til hauglegginga?
Bjørnulv augefór dei, ein etter ein. Ingen av dei møtte blikket hans.
– Lett..hen..ta, so..m e..g, mól det inni hovudet til Bjørnulv. – Truleg er du for veik, skratta det frå naustkråa. Utan å ha tenkt på det sto han med eitt der med det nakne sverdet i handa.
– Kom og ta sverdet mitt, Asgaut. Du kan det om du vil. Om du ikkje brått er blitt like redd for det som Tore Hjort tydelegvis er blitt. Kom no. De er seks. Eg er ein. Alle veit at eg ikkje er nokon stor sverdmann. Gjer det som hovdingen har sagt de skal gjere, eller la meg gå. Asgaut?
– Sver du at du skal gjere det hovdingen pålegg deg å gjere?
– Nei, det kan eg ikkje sverge.
– Du ba meg lære deg. Veit du ikkje at det er næraste skyldmannen
til den daude som skal hogge trælen som skal følge han. Eg trur Tore ville frita deg frå det.
Bjørnulv drog opp ein skeiv smil og stakk sverdet i slira.
– Han er for god for denne verda, Lofor-hovdingen. Ta Fåne. La oss gå. Så får vi sjå kven som skal hogge kven, før dagen er omme.
Då dei kom fram såg Bjørnulv at både ferdanista og verktyet var kome på plass i grava. Det forundra han at det sto ei sølvvekt på ein så framtredande plass, til det gjekk opp for han at Fåne, som så mange vikingar, måtte ha vore ein stor handelsmann. Dei la båra med Fåne nedi grava og Asgaut plasserte eit skjold ved hovudenden og eit ved fotenden av båra. Tore Hjort plasserte sverdet, øksa og spydet ved sida hans, slik ein kvar hærmann ville ha våpna sine liggande mens han tok kvila si.
Den gamle, halte hesten til Fåne sto og såg sløvt nedi grava. Den forsøkte seg på eit vrinsk idet kniven til Kjartan gjekk inn i halsåra, men vrinsket køyvdest av blodspruten. Den var plassert slik at den datt nedi grav tett innved skjoldet som var plassert ved fotenden til båra som Fåne låg på. Gardshunden, også den gammal og nesten blind, forsøkte å slikke opp nokre dråpar av hesteblodet idet kniven til Kjartan snitta over halsen.
To av gardskarane på Borg førte Koll fram mot gravkanten. Koll fanga blikket til Bjørnulv og smilte. Bjørnulv drog sverdet opp av sliren og gjekk fram mot Koll. Med eit raskt snitt skar han over taua som batt hendene til Koll saman. Bjørnulv snudde seg mot Tore og kremta.
– Eg har sete i naustet i dag og snakka med Fåne. Han fortalde meg at han var den første herifrå som fór i viking og handelsferd i austerveg. Ved Bulgar fekk han sin første træl. Det var ei kvinne. Ho ga han fri i Miklagard. Seinare tok han aldri ein træl før Koll. Han fortalde meg at han samla på sølv – og gull, når det ein hende gong høvde slik, men trælar samla han aldri på, sa han. Han meinte at han også skulle greie seg godt i Valhall utan ein træl. Koll har oppgåver her i Lofot, oppgåver som enno ikkje er fullførte, fortalde han meg. Eg sit som far min sin åremann på garden etter Fåne. Eg meiner Fåne har gjeve meg i oppgåve å verge livet til Koll med sverdet mitt. Sverdet mitt rekk ikkje langt mot så mange gode menn som her er samla, om Lofor-hovdingen ber dei gå laus på meg. Men skulle eg falle her, så ber eg dykk om å la meg følge Fåne i haugen. Vi prata så godt saman, han og eg, i dag.
Det steig ei murring frå mennene kring grava. Bjørnulv såg at Tore Hjort svelgde og budde seg til å ta ordet. Han kom ikkje så langt før ein djup stemme skar gjennom uroa ved grava. Alle snudde seg mot den høge mannen som sto på ein knaus rett overfor dei. Synet fekk til og med Tore Hjort til å bleikne. Hosene var grøne så det skar i auga gjennom uveret. Trøya var skarlaksraud. Over det heile vifta ei kappe så blå som ein sommarhimmel. Over den høge panna og det grå håret sat ein hjelm der alle kunne sjå at det blenka i innlagte gulltrådar.
– Eg vil legge frenden min, Fåne, med heider i jorda i dag. Men eg har sagt til åremannen min at han har hand- og halsrett over alt som lever på garden eg har ervt etter Fåne. Gamal skikk seier at ingen stor-hovding kan endre det. Det er grunnen til at nokre av oss reiste hærrop og våpen då Ynglingeættling Harald kom nordover for å ta arven frå oss. Ætta mi kjempa då. Eg vil reise same kampen i dag, om nokon prøver seg på det same.
Auga til Bjørnulv sleit seg laus frå Steinbjørn og søkte seg mot Tore. Ansiktet til Tore Hjort var nesten like raudt som trøya til Steinbjørn. Det var tydeleg at Tore sleit for å finne ord. Truleg såg Steinbjørn det same, for han rette opp venstrehanda og gjorde eit teikn. Med eitt kom det ei tylft menn til syne til venstre for han. Alle var skinnkledde og bar langboge med ei pil kvilande lett på bogestrengen.
– Skridfinnar, susa det gjennom manneflokken nede ved grava.
Steinbjørn gjorde eit nytt teikn og ei ny tylft menn dukka opp til høgre for han. Også dei hadde bogar med pil på strengen. I tillegg bar dei andre våpen. Nokre hadde sverd, andre spyd. Alle hadde dei tunge økser stukke inn under beltereima. Desse var ikkje skridfinnar, men norrøne menn inne frå Øgsfjorden.
Bjørnulv kjente blodet sjoa gjennom kroppen. Han fatta om akslene til Koll med venstrearmen. Høgrehanda knytta seg om sverdhjaltet.
– Ho hadde rett, Ranveig, kviskra han. – Lagnaden avgjer meir enn Odin og Kvitekrist.
Koll berre smilte og kviskra:
– Enno er inkje avgjort.
I det same let det i luren oppe frå utkiken på Borg. Den mørke skapningen der opp viste med armen utover fjorden. Der kom det ein båt lensande. Han segla som hadde han Hel i hælane. Med det véret som no rasa, skulle han ha hatt minst to klør sett. Men båten kom for fulle segl. Dei som hadde best syn fortalde seinare at det vatnet han tok inn framme segla han ut igjen atte.
Det var Helga som først reiste ropet.
– Det er Bodvar! Det er nytt om Tryggvasonen!
Med eitt var heile gravfølget i sprang ned mot støa. Berre Tore Hjort, Asgaut og Kjartan var ståande igjen ved grava, saman med Bjørnulv og Koll. Steinbjørn og følget hans trekte sakte nedover. Steinbjørn steig roleg fram mot Tore, og fall på kne framfor han.
– Lofothovding, pusta han. Det skjer store saker i verda. Eg står til di teneste. Men først må vi lukke grava over frenden vår. Eg er ikkje framand for ein spade. Tar du ein, du og?
Tore rekte ut ei hand og la den på aksla til Steinbjørn.
– Reis deg, Steinbjørn Bjørnulvsson. Eg tar med takk imot truskapen din. Det er lenge sidan eg har handtert ein spade, men det går nok. Velt hellene over grava og lukk ho. Etterpå skal vi møte større oppgåver saman.
Steinbjørn rista sakte på hovudet.
– Skikken seier vel at det er eg som skal velte hellene og lukke grava, men eg trur at både stoda og Fåne vil noko anna.
– Åremann! Lukk grava!
– Det gjekk ei tid før Bjørnulv forsto kva det var far hans hadde meint. Så sette han ryggen mot den første hella og skulle til å velte den over grava. Då kom han brått på noko, retta seg opp og skar ansikt som av smerte.
– Det vart så vondt. Eg trur eg treng hjelp. Bra at eg har ein træl her.
Han smilte mot Koll og gledde seg over at Steinbjørn delte smilet hjarteleg med han. Litt vondskapsfullt kjente han at det ikkje var noko skår i gleda at Tore tydelegvis kjempa for å halde maska då Bjørnulv og Koll i fellesskap brukte ryggen til å velte hellene over grava.
Asgaut, Kjartan og dei fire andre båreberarane hadde latt seg rive med av folkemugen i spranget mot støa. No kom dei tuslande tilbake og hjelpte til å skuffe jord over grava til Fåne. Koll og Bjørnulv smilte til kvarandre i ei felles oppleving av tevlinga mellom dei to hovdingane om kven som var den beste til å spa jord på grava. Tore var yngst, men Steinbjørn hadde mange års fattigdom og hardt arbeid bak seg. Det kunne sjå ut som om Steinbjørn heldt seg litt tilbake for ikkje å knekke den yngre Lofor-hovdingen heilt.
Bodvar sat enno på aktertofta då dei kom ned i støa. Han sleika seg om munnen og sette den tome ølkanna på tofta ved sida av seg og bøygde seg høvisk for Tore.
– Det hastar, hovding. Tryggvasonen er på veg nordover. Hårek treng hjelp til å møte han. Raud har fått bod. Vi når ikkje nord til Trondarnes. Og Sigurd, han sit i ro. Du, Raud og Hårek må møte han. Vi må segle snart. Tenn båla i gildehallen. Vi må blote for siger.

Mennene sat kring bordet og rødde. Mest var det Bodvar som hadde ordet og fortalde om stoda langs kysten sørover.
– Det brenn veter og flyg hærpil over heile Trøndelag no. Olav Tryggvason har brunne hovet på Lade. Det kan ikkje bøndene i Trøndelagen finne seg i. Hårek på Tjøtta har fått bod frå frendane sine i Namdalen og Innherad. Frå Tjøtta og Torgar rustar dei ut fem skip no. Raud den Rame meiner han kan mønstre fem skip frå Salten på kort tid. Får vi med oss Øyvind Kinnriva frå Vesterålen, skulle vi kunne mønstre åtte skip frå Lofot, Vågar og Vesterålen. Då han vi segle mot Luva-ættlingen med atten skip. Han har truleg ikkje meir enn tolv, og ingen av dei kan i storleik måle seg med «Ormen» til Raud og din «Gullveng». Berre så synd at Erling Skjalgsson og Olav sit i så stort venskap og mågskap. Då får vi heller ikkje med oss Sigurd frå Trondarnes, for mågskapen si skyld. Saman med dei to kunne vi ha jaga Tryggvasonen av landet ein gong for alle.
Kalv Kvite kom ridande til Borg same kvelden i brodden for ei halvtylft at huskarane sine. Han vart ikkje verande lenge. Ville berre fortelle at han hadde sjøsett «Svana» og at han rekna med at han, saman med grannane sine skulle greie å manne og utruste skipet. Han ville berre at Tore Hjort skulle vite det, så han ikkje kravde dobbel leidang av folket i Li-grenda.
– Det vil eg og at du skal vite, Tore Hjort, sa han, – at eg seglar ikkje under ditt merke mot kongen fordi eg vil inn i varmen på Borg. Vener blir vi aldri, du og eg, Tore. Men eg hatar Kvitekrist mykje meir enn eg hatar deg. Du skal vite at du har ikkje trugnare mann i følget ditt enn eg, denne gongen.
Dagen etter kom dei rekande frå smågardane kringom. Ikkje alle var like godt væpna, men det fanst våpen på Borg så dei kom etterkvart til å sjå ut som ein hær, dei som fann romma sine i dei to skipa til Tore. Nokre av dei fylte dei tome romma i «Gåsa» til Steinbjørn. Berre nokre få av skridfinnane hadde funne seg plass ombord. Dei andre hadde kvorve i skinnbåtane sine.
Fram mot kvelden kom to velbudde skip slørande inn i pollen. Det var «Huge» frå Hov og «Skarven» frå Ægheim. Det vekte litt oppsikt at det var Svart som sto i løftingen på «Skarven». Svart sjøl gliste så det såg ut som om halve ansiktet hans var gjort av tenner.
– Det hadde du aldri trudd, Tore, at eg skulle bli ein av styrmennene dine i strid. Hagbard ligg overende med ein vond fot og kan ikkje anna enn å påkalle
alle jotnane i Utgard til kamp mot Olav og Kvitekrist. Han fekk oss til å surre seg til styreåra, men straks vi møtte første tungsjøen vart det så vondt at han svimte av. Då snudde vi og bar han til koven. Eg tør ikkje tenke på kva dei stakkars kvinnfolka no lærer av nye ord. Etter at vi hadde bore Hagbard på land, valte mannskapet meg til styrmann, men eg skal love deg, Tore, at eg ikkje skal bli vond på deg om du set ein annan i plassen min.
Tore svara med eit nesten like stort glis.
– Vi får sjå, Svart, vi får sjå. Viser du deg udugeleg og blir liggande for langt etter sørover, så skal vi vel finne ein annan til å ta hand om styreåra.
Tidleg neste morgon segla dei seks skipa sørover. «Gullveng» og «Terna» segla først. Tore Hjort førte sjøl «Gullveng» med Asgaut som stavnbu, mens Bodvar sto i løftingen på «Terna» og hadde Kjartan som stavnbu. Frå mastetoppen ombord på dei to skipa vaia merket med den svarte borgen på grøn botn. Det var det same merket som flagra øvst i masta på dei andre skipa og, men under bar dei sine eigne merke. «Gåsa» førte ei sølvfarga kvann på grøn botn. «Svana» hadde fått eit nytt merke: Ein sølvfarga oksekalv på grøn botn. Hovætta si svarte ørn kvilte vengene på ei raud bakgrunn i masta på «Huge». I masta til «Skarven» leika ei svart nise på blå botn.
Bjørnulv hadde snakka med far sin om å mønstre på «Gåsa», men Steinbjørn hadde ikkje vore særleg mota på det.
– Eg trur Tore gjerne vil ha deg ombord på «Gullveng». Han meiner at han treng dei beste skyttarane i sitt eige bakrom. Eg er samd med han i det. Ingen av oss treng tvile på kva for eit skip Olav vil søke seg inn til når det kjem til strid. Det er heller ikkje uviktig for meg at det er lettare for deg å vinne heider og fagnad under auga til hovdingen enn det vil vere i bakrommet til far din. Dette blir første striden din, Bjørnulv. Mitt råd er at du tér deg tappert, men varleg. Eg skulle gjerne sjå deg som stavnbu ombord i «Gåsa» ein dag.
Slik hadde det seg at Bjørnulv og Tore Hund delte sete i bakrommet på «Gullveng». Tore prata som ein foss og la ut om korleis han skulle rette pilene sine mot kongen. Litt trollkunnig kunne han fortelle at han var, så han meinte han skulle greie å styre pilene sine mot dei mest ubeskytta delane av kroppen til Krist-kongen.
– Han har nok verna seg med Krist-seid før han fér til møte med håløygane, men eg trur knappast at Krist-seiden står seg mot det eg har lært hos skridfinnane. Denne gongen skal vi lære kongen og Krist-pakket hans ei lekse dei seint skal glømme.
Bjørnulv berre nikka og smilte. Meir skulle det ikkje til for å halde ordstraumen frå Tore ved lag.
Dei var ikkje komne langt ut på Vestfjorden før det gjekk rop mellom båtane. Straks var alle vár dei fem skipa som stakk ut frå Raftsundet og tok til å stange mot dønningane i Vestfjorden. Skarlaksseglet og det gullpryda drakehovudet på det første skipet glitra i sola og fortalde at her kom den rike Øyvind Kinnriva seglande med følget sitt. Dei tok rev i segla og eit godt bel før dei nådde Godøya hadde vesterålingane tatt dei igjen.
Ved Godøya låg Raud og venta. «Ormen» var nesten like rikt pryda som «Stjerna» til Øyvind. Begge hadde ord på seg for å like å vise fram rikdomen sin. Både skipa og klesdrakten fortalde at her var det menn som hadde råd til å bere rikdom med seg i ufred. Tore Hund kunne ikkje dy seg å kome med spitord om dei to hovdingane. Sjøl var han ikkje van med, frå Bjarkøya og Trondarnes, at det vart bragla med rikdom når ein gjekk i strid. Der vara dei seg for å la kostbare eignelutar gå til tap og spille. Skikken var ikkje slik på Borg heller. Tore Hjort såg ut som ein simpel bonde ved sida av dei to brikjande hovdingane då dei gjekk i land på Godøya for å samrå seg om korleis felttoget mot Olav Tryggvason skulle leggast opp.
Det vart slik ein kunne vente. Dersom dei møtte kongen før dei fekk kontakt med Hårek, skulle Tore legge seg inn mot kongeskipet i midten, mens Raud skulle dekke høgre fløy og vere den første til å tette hola i Tore si fylking, dersom kongen fekk overtaket. Øyvind skulle dekke venstre fløy og gå til åtak der han meinte han kunne gjere mest skade. Om kongen ikkje hadde fleire enn tolv skip, skulle Øyvind sine skip ikkje bindast saman, men kvar styrmann skulle legge til strid der han fann det mest naudsynt.
Tore Hund drog opp ein skeiv flir då han høyrte om planane.
– Ja, det kunne ein vel vente. Lofotværingane skal vere åtet i fella, og så skal dei andre hauste skinn slik det høver. Vi får håpe at vi møter Hårek før vi møter Olav. Den gamle ølvomma frå Tjøtta vil sikkert kreve å overta som åte. Det er det mest ærerike og det hastar for han. Han er gamal vorten, og kan døy på sotteseng kva dag som helst. Kanskje er det siste sjansen hans til å døy for spydodd eller sverdegg og få seg ein plass i Valhall. Den gamle hornsvingaren vil truleg trivast dårleg i Hel sine døkke hallar.
Tore Hund og Bjørnulv fekk mangt eit høve til å samtale sørover leia. Ikkje ein einaste dag trong dei slite over årene. Heile tida hadde dei god bør, og ingen kravde mykje innsats frå bakrom-karane.
Tore var heile tida oppi under over kor lite Bjørnulv visste. Som son på eit viktig hovdingsete hadde han fullt innsyn i det som rørte seg mellom kysthovdingane og noko mellom innlandshovdingane og. Rett nok var det slik at Sigurd ikkje var så overlag glad i å fortelle sin yngre bror om alt han fekk vite, men mor deira var ei kvinne som ikkje let seg stenge ut frå det som var å vite, og ho sytte for at også yngste sonen hadde tilgang til kunnskapen.
Det var ingen grunn for tevling mellom Bjørnulv og Tore på denne turen. Dei var begge jamkarar i bakrommet. Begge var forvitne og ville eigne til seg den kunnskapen som den andre hadde. Trælen frå Fjell og hovdingsonen frå Trondarnes hadde eit hav av kunnskap å byte med kvarandre.
– Men eg forstår ikkje heilt korfor bror din sit heime på Trondarnes mens vi fér mot Olav, undra Bjørnulv. – Bror din er då ingen Kristmann, og det er då aka grunn til å tru at Olav vil kviste makta til bror din og, om han vinn fram med kristningsverket sitt.
– Bror min bryr seg ikkje mykje om gudane. Jaudå, han held store blot og ber folk til gilde, men eigentleg er det berre eitt han trur på, og det er sølvet. Går han til kamp mot Olav og taper, så ryk både gardane og sølvet. No ser han tida an og skyldar på mågskap. Om Olav vinn, så feirar han gjerne Krist-messe før sølvet si skyld. Blot eller messe, det er det same for han. Truleg ser han ein føremon i om Olav vinn. Då kan han bli lendmann og få finneferda aleine, om Hårek er på taparsida.
– Denne mågskapen, korleis er det med den?
– Det har seg slik at kona til Sigurd, Sigrid, er søster til storhersen på Sola, Erling Skjalgsson. Erling på si side er gift med Åstrid, søster til Olav.
Tore humra litt.
– Det sat langt inne, det giftarmålet mellom Åstrid og Erling. Erling er ein byrg mann, og ville ikkje la Olav gje seg jarlenamn. Støtt hadde frendane hans hatt hersenamn, sa han. Og sjøl ville han ikkje ha likare namn enn før-frendane sine. Åstrid syntes det var leit at ho som var kongsdotter og kongssøster skulle gifte seg med ein som berre sat der som herse på Sola. Ho var ikkje vond å sjå på og hadde eit stort heimanfølge, så ho såg nok for seg at det ein dag skulle komme eit friarmål frå ein kongsson. Ho var nok ikkje framand for tanken om å sitte som dronning ein dag, Åstrid. Ho hadde gode brikkar på brettet, Åstrid, for Olav hadde sagt at ho skulle sjøl få rå for giftarmålet sitt. Ho endra meining då Olav let slå i hel beste jaktfalken hennar og sende den ribba til ho. Som betaling for giftarmålet let Erling og alle frendane hans seg kristne. Slik har det seg at det sit ei kristen kone på Trondarnes. Ho tel nok Sigurd frå å fare mot Olav, og Sigurd er glad for det, trur eg.
Segla kvilte aldri på turen sørover. Det var lyst nok til å segle både dag og natt, og dei nådde Tjøtta utan å ha sett noko til Krist-kongen sine båtar. Fleire gongar under vegs sette dei folk i land for å njosne nytt, men ingen hadde høyrt eller sett noko til framande skip på tur nordover. Mennene tok til å trøyttast på goddagane då dei segla inn til Tjøtta der fem velbudde skip låg og venta på dei.
Bjørnulv hadde høyrt mangt eit gjetord om denne Ynglingeættling og sonen til Øyvind Skaldespelar som hadde bygd seg opp frå småmann til eineherskar på Tjøtta og den mest vørde mannen i heile Hålogaland. Rett nok hadde Tore Hund berre spitord å komme med om denne storhovdingen, men det hadde Tore om dei fleste hovdingane.
– Ver varsam om du skulle komme under auga til Hårek, flein Tore. Du har ein bra boge. Ikkje la Hårek få sjå den på nært hald. Då vil han ha den – som gåve. Hårek har det laget at han får det meste han vil ha – som gåve. Dei som ikkje ville gje han gardane sine på Tjøtta – som gåve eller til ein overlag billig pris, dei har etterpå vist ein underleg hang til å vandre til Valhall eller Hel. Og gardane deira, dei sit Hårek med no. Det blir og sagt at det var ein mann på Tjøtta som hadde den beste ringbrynja som nokon gong var laga i Hålogaland. Det beit ikkje våpen på ho, sa dei. Den brynja eig Hårek no. Berre så synd at ho er for lita for han.
– Han er ein stor mann, Hårek?
Tore gaplo.
– Du får sjå, du får sjå.
Hårek var stor, den eine vegen. I høgde var han mindre enn folk flest. Skallen var blank, og det hang nokre pistrete grå hår kring øyra hans. Men i breidde og i livmål var det ikkje mange som kunne tevle med han. Han tedde seg som om alle var trælane hans. Bjørnulv kunne sjå at både Raud den Rame og Tore Hjort likte det kleint, men Øyvind Kinnriva gjorde alt han kunne for å halde seg til vens med den feite Tjøtta-hovdingen. Steinbjørn sørga alltid for å halde avstand til Hårek.
Det var sjølsagt at frå Tjøtta og sørover skulle Hårek
segle i brodden. Øyvind Kinnriva skulle støtte opp under Hårek når dei møtte Olav. Raud og Tore fekk dekke kvar sin flanke.
Bjørnulv og Tore Hund kom til å overhøyre ei ordveksling mellom Steinbjørn og Tore Hjort. Steinbjørn let falle nokre beiske ord om at Hårek nok var ein betre skald enn Tore Hjort.
– Men i strid ville eg heller ha hatt deg som leiar enn Hårek, sukka Steinbjørn.
Tore Hjort såg på han og smilte.
– Du skal ha takk for det, Steinbjørn. Men du veit korleis Hårek er. No gjeld det å halde saman mot Olav. Når vi møter Olav får vi nok legge oss fremst i fylkinga, både du og eg. I godver er Hårek flink til å segle føre, men når det røyner på, blir det nok vi lofotværingar, vågaværingar og hinnaværingar som får ta støyten, endå om vi veit at det er Hårek som får skaldekvada. Vår lagnad, Steinbjørn, er å røyne bardagen utan å få kvad etter oss.
Dei frå lengst nord tok til å bli kei av aka denne seglinga. Heldigvis var børa god, så dei trong aldri ta etter årene. Tore Hund mumla noko om at mennene kunne ha hatt godt av ei økt over årene. Det ville ha sløkt hugen til å vende nordover til kjerringvarmen og sengehalmen, meinte han.
Utanfor Namdalen støytte dei på eit par mindre skip som låg og venta på kongen. Dei visste sikkert at han var på veg nordover for å kristne, sa dei, og slo seg i lag med båtane nordfrå for å møte kongen.
Dei segla forbi Namdalen og Innherad, og mennene tok til å prate høgt om at dei trudde ryktet om Olav si ferd nordover var berre tullprat og at no var det på tide å vende heimover. Det var arbeid som venta på gardane, sa dei. Hovdingane måtte gjere seg morske for ikkje å få mennene alt for mykje mot seg.
Det var tidleg ein morgon dei runda Kvaløya og såg sørover mot Hasvågøya og Småværet. Vinden hadde vore ørlite kontrari heile natta, men dei hadde makta å krysse seg framover utan å ty til årene.
Ein flåte på tolv skip låg for kurs vest-nordvestover frå Oksbåsen. Det steig eit rop frå heile Håløyg-flåten. Mennene greip sverda og slo dei mot skjolda for å egse seg opp til strid. Ingen var i tvil om at skipa til Olav Tryggvason som kom dei i møte. Dei brølte på Odin, Tor, Njord og Ull og svor på at no skulle Krist-kongen jagast av landet ein gong for alle.
Skipa til kongen drog seg endå høgare opp mot vinden. Det var klårt at dei hadde sett skipa som kom stemnande nordfrå. Segla på kongeskipa tok til å blafre, så høgt gjekk dei opp mot vinden. Som ein mann gjennomførte halskarane sin manøver, alle skipa stagvendte på likt og la seg på kurs vest-sørvestover.
– Dei rømer, var det ein som skreik.
– Dei seglar mot Vesterhavs-øyene, skreik ein annan.
– Dei rømer landet, kauka ein tredje.
– Kongen tør ikkje møte oss, hoia ein fjerde.
Mennene slo på skjolda og heldt eit svare liv, sikre på at dei hadde skremt kongen vestover mot storhavet.
Bjørnulv la merke til at Tore Hund fomla innanfor kufta si og drog fram ei pil. Han heldt pila ei stund og mumla noko før han sendte den etter flåten til kongen. Bjørnulv såg aldri kor pila tok vatnet.
Dei andre mennene i bakrommet slo opp ein hjarteleg latter. Dei forsøkte å overgå kvarandre i å kome med spitord mot ynglingen som trudde han kunne skyte ei pil over halve verda. Den einaste som ikkje lo var Tore Hjort. Han kalla Tore Hund bort til seg og var morsk i målet då han spurte om kva dette var for galskap.
– Eg kan ikkje minnest at eg ga ordre til at nokon skulle skyte. Vi har ikkje for vane å kaste bort gode piler på Borg. Når du seglar med meg, høyrer du kva eg har og seie og gjer det, ikkje noko anna.
Tore Hund såg frimodig på sin eldre namnebror.
– Nei, det er rett at du ikkje ga nokon ordre. Men pila var mi, den. Eg tenker eg kan skyte mine eigne piler kor eg vil. Mennene har fått seg ein god latter. Berre det tenker eg var god nok grunn til å skyte. Du er hovding, Tore. Du skulle vite at dei har brukt mange dagar til å bygge seg opp til strid mot Olav. Når det ikkje vart strid, kan ein god latter vere bra å sette i staden. Men eg er ikkje nokon narr. Derfor skaut eg ikkje pila for å kalle på latteren. Den pila eg skaut, den kjem til å følge Olav Tryggvason så lenge han lever, og den kjem ikkje til å gjere han mykje godt. Du og dei andre hovdingane, Tore, har jaga Olav og minka æra hans. Det er bra nok det, men pila mi, den har gjort han mykje meir mein.
Dei to namnebrørne såg lenge og hardt på kvarandre. Tore Hjort var den første til å bryte augekontakten. Han spytta over ripa og sa håst:
– Så, du er ein seidmann så ung du er. Er det vanleg mannsferd å seide der nord på Trondarnes?
Tore Hund smilte, ein smil det var tydeleg at Tore Hjort kleint likte.
– Nei. På Trondarnes er det lite seid. Seid og Sigurd går ikkje godt i hop. På Bjarkøy derimot… Tar eg ikkje mykje feil, så er vi Odin sine fulltrue, både du og eg. Då skulle ingen av oss vere framand for seid. Men om det er vanskeleg for deg, så får du heller freiste å tenke på pila mi som morskap for mannskapet. I alle fall trur eg ikkje at pila mi har øydelagt noko for deg. Eg vil tru tvert imot. Ho ligg i havet no. Det skal ikkje gå så mange år før ho råkar Olav, om han då ikkje maktar å tyne dei gamle gudane heilt. Men det trur eg ikkje han greier. Ikkje han.

Neste kapittel

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.