Ordliste

Árs og frid – godt år og fred (vanleg helsing)
Bardagen – krigen
Bestla – mor til Odin
Blottein – kvist til å skvette blod under blota
Bolen – kroppen
Borsson – kallenamn for Odin
Dis – kvinneleg guddom
Dros – jente
Einherje – stor krigar som er komen til Odin i Valhall
Flann – mannleg kjønnsorgan
Flannfluga – frigid kvinne
Flein – flire spottande
Frævnad – forplantning
Frøy – mannleg fruktbarheitsgud, bror av Frøya
Frøya – kvinneleg fruktbarheitsgud
Fud – kvinneleg kjønnsorgan
Fudfeste – første samleie i ekteskapet
Fudfloge – homofil mann
Geirodd – spydodd
Gydje – kvinneleg guddom, brukast også om kvinne som står for blotet
Hamlet – ansiktsfarge
Hamløype – ein mann eller kvinne som kan ikle seg dyreham etter eigen vilje
Hauld – ættefaren som ligg i haug på ein gard
Heimanfølget – medgift
Horget – blotstad utomhus som er avgrensa av veband
Horundfall – impotens
Ikjøtar – lekamleggjer
Irpa – ættedis for håløygætta som har fått gudestatus, søster til Torgjerd Holgabrud
Knesette – berre born som faren tok på kneet og godtok som sine hadde rett til arv
Kyrr – roleg eller smult vatn
Meingjær – dårleg gjær i ølet slik at det blir veikt og surt
Neglfare – skip som er gjort av daude menns neglar, og som kjem flott under Ragnarokk.
Derfor bør ein alltid klippe neglane på menn som blir gravlagt ubrente for å utsette Ragnarokk.
Njord – den eldste av vanegudane, far til Frøy og Frøya
Njosne – spørre nytt
Norne – skjebnegudinner
Nålys – lys du kan sjå over eit hus når einkvan skal døy
Ranrike – småkongedømme på Austlandet
Seid – magi
Serkland – Nord-Afrika
Sigfader – kallenamn for Odin
Sjo – susande lyd
Skålen – opphaldsrom i eit langhus
Stavnbu – Nestkommanderande ombord på eit langskip
Sudr – sør
Surtssønane – dei som seglar Neglfare til kamp mot æsane
Talmast – slåst
Tegn – fri bonde
Torgerd Holgabrud – ættedis for Håløygætta som har fått gudestatus, gift med sagnkongen Holge som Hålogaland skal vere kalla opp etter. Søster til Irpa.
Tyende – tenestefolk
Tylft – tolv menn. Ofte var eit tylft naudsynt av juridiske grunnar.
Vanedis – Frøya blir kalla vanedis fordi ho høyrer til vanegudane
Vanevette – kallenamn for Frøya
Veband – band rundt horget og/eller tingplassen, heilage band
Veigsfjord – noverande Wexford i Irland
Veitsle – ein kongeleg rett til å reise rundt på gardane med følge og ete på bøndene sin kostnad
Vorren – steinmur langs ei båtstø
Ygg-herre – kallenamn for Odin
Øyreting – tinget for trønderfylka
Åbiten – frukost
Åredeia – tenestejente som hadde til oppgåve å få tent opp elden om morgonen

One thought on “Ordliste

  1. Pingback: Eit forsøk med e-bok

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.