Feature, SV

SVs arbeidsprogram: Et rettferdig og inkluderende arbeidsliv

Dette kapitlet i forslaget til SVs arbeidsprogram vil nok ikkje skape dei store debattane i partiet. Ikkje fordi dette ikkje er viktig, men fordi det er stor grad av semje i SV om dette. Hovudretninga i dette kapitlet er å legge til rette for at fleire skal komme i arbeid, og vere i stand til stå i arbeid utan å slite ut kroppen.

Forslaget legg opp til to hovudinnfallviunklar for å få dette til. Dei ønsker å styrke fagorganisasjonane si rolle og gje arbeidstilsynet og andre relevante tilsyn meir effektive verkty for å sørgje for at reglane blir følgt. I tillegg blir det lagt opp til ein likelønspott for å utlikne skilndaen i løn mellom kvinner og menn i offentleg sektor. Like viktig er det sjølvsagt å likestille skift og turnus. Det er med i programutkastet.

Komiteen legg opp til at det skal vere fult frådrag på skatten for kontingent til fagorganisasjonane. Viktigare er kanskje forslaget om regionale verneombud i bransjar der det er få organiserte for å sikre ein trygg arbeidsdag for alle arbeidstakarar. Eit viktig poeng er at det skal bli lettare å få allmenngjort tariffavtaler. Det er eit viktig verkty i kampen mot sosial dumping.

SV ønsker å legge til rette for at dei som er ufrivillig i deltidsarbeid skal få ei lovfesta fortrinnsrett til full stilling før nye blir tilsett i ei bedrift. Komiteen skriv i framlegget sitt:

Ved ledige stillinger skal kvalifiserte ansatte tilbys utvidelse av sitt arbeidsforhold inntil hel stilling. SV vil styrke den lovfestede fortrinnsretten for deltidsansatte ved nye ansettelser i en bedrift. Dette kan gjøres ved at bedriftene aktivt må søke Arbeidstilsynet om dispensasjon for å opprette nye deltidsstillinger når de har ansatte som jobber deltid fra før.

Eg synst dette er eit godt framlegg, men eg er i tvil om det er nyttig og fornuftig prosedyre med søking til Arbeidstilsynet. Eg trur ein kan oppnå det same ved å gje fagorganisasjonane eller ein ansatt rett til å klage til arbeidstilsynet. Dette vil gje same resultat trur eg, og vere betydeleg mindre byråkratiserande og fordyrande. I tillegg ser eg for meg at det fort kan bli kapasitetsproblem i tilsynet som gjer at ei bedrift blir sittande lenge utan svar. Det kan bety inntektstap og at ein mister ein verdfull person som ein eller kunne tilsett. Eg meiner det er viktig for eit sosialistisk parti, ja kanskje spesielt for eit sosialistisk parti, å leite etter verkemiddel som ikkje skaper byråkrati. Vi treng mest muleg folk i tenesteproduksjon – offentleg og privat – og minst muleg folk i byråkratiet.

SV går framleis inn for sekstimarsdagen. Komiteen foreslår at denne blir innført gradvis gjenom at delar av veksten i økonomien blir tatt ut gjennom kortare arbeidstid. Dette er ein god og fornuftig innfallsvinkel til korleis samfunnet kan over tid ta seg råd til lengre fritid.

Det er ei stor utfordring i dag at asnvaret for tariffavtaler, løns- og arbeidsvilkår i store bedrifter blir uhola og pulverisert gjennom franchiseordningar. Derfor blir det foreslått at franchiseordningar skal regulerast ved lov og at franchisegjevar skal ha eit solidaransvar for at reglar blir følgt. Det trur eg er ei god ordning.

Komiteen foreslår at det skal gjelde minstekrav for arbeids- og lønsvilkår i selskap som vil bruke norske flyplassar og hamner. Det er eit godt og offensivt grep for å bidra til arbeidsvilkår internasjonalt. Eg stiller likevel to spørsmål. Er det muleg å handheve på ein fornuftig måte, og burde ikkje det same gjelde i selskap som vil bruke norske vegar?

Fleire blogginnlegg om SVs arbeidsprogram finn du her

Standard