Politikk

Krystallnatt

Denne apellen hadde eg på krystallnattmarkeringa i Tromsø i dag. Det var litt kontroversar på førehand om at det var Palestinakomiteen som tok initiativ til markeringa. Det kan eg skjønne. Men, det vart ei veldig fin og stilfull markering. Du kan lese det iTromsø skriv om saka her.

Krystallnatta

I natt, for 80 år sidan vart 7500 jødiske forretningar øydelagt og 1400 synagoger vart sett i brann. Det var startskotet på eit av dei mest barbariske kapitla i menneska si historie. Går vi her i gatene i Tromsø kan vi sjå snublesteinane med namna på dei 17 jødane og byborgarane våre som vart drepne i konsentrasjonsleirane. For Holocaust var ikkje drapet på seks millionar jødar, men drapet av ein jøde, eit menneske seks millionar gonger.

Det er 80 år sidan. Det burde vore nok med tid til å lære, å ta inn over oss at antisemittismen, jødehatet, frykten for dei framande, dei som er annleis ikkje må få ta styringa. Vi har hatt 80 år på oss på å bli betre menneske, kvar for oss og som samfunn.

Vi står ikkje midt i barbariet no, men

  • I 2012 vart fire jødar skotne i Toulosse. Tre av dei var barn.
  • I 2014 vart fire drepne ved det jødiske museet i Brüssel
  • I 2015 vart igjen fire tatt livet av i ein kosherbutikk i Paris
  • Det er ein auke i angrep på jødar og jødiske institusjonar i heile Europa og i USA
  • Og for 13 dagar sidan gjekk ein mann inn i ein synagoge i Pittsburg og drap 11 menneske.
  • Her i Noreg hadde nynazistane i Nordisk mostandsbevegelse demonstrasjonar i Moss og Fredrikstad i oktober.
  • Pogromar har ei tusenårig historie i Europa. Det er ikkje alle tradisjonar vi skal ta med oss.

Den britiske filosofen Edmund Burke skal ein gong ha sagt: «Alt om skal til for at ondskapen sigrar er at gode menn ser ein annan veg»

Vi kan ikkje sjå bort, anten det gjeld jødar, rohingya, homofile i Tanzania, eller palestinarar. For berre å nemne nokre få grupper som er «dei framande»

Det vi veit frå den store haldningsundersøkinga til Holocaustsenteret i 2012 er at dei om har antisemitiske haldningar også i stor grad er mot innvandring og mot muslimar. Frykten for dei framande er der. Barbariet er framleis mogleg, 80 år etter.

Her i Europa er det skremmande å følgje utviklinga i Ungarn der eit tilnærma autoritært styre gjev George Soros – den rike jøden – skulda for det som går galt. Den rike jøden har vore brukt i propaganda før, med fælsleg resultat.

Vi som er samla her i dag er samla for å minnest. For å minnest det som skjedde for 80 års sidan, men og for å minne kvarandre på at alt som skal til for at det går galt igjen er at gode folk ser bort.

Sjå ikkje bort. Stå saman i kamp mot rasisme og antisemittisme. Bli ikkje skremt av «dei framande»

Standard