Eit erobra politiskjold i Iran. Biletet er stole frå bloggen "Nakhana" http://nakhana.wordpress.com/2009/12/27/
Feature, Internasjonalt

Iran – eit spørsmål om religion

Eit erobra politiskjold i Iran. Biletet er stole frå bloggen "Nakhana" http://nakhana.wordpress.com/2009/12/27/

Eit erobra politiskjold i Iran. Biletet er stole frå bloggen "Nakhana" http://nakhana.wordpress.com/2009/12/27/

Er alt det som skjer i eit muslimsk land eit spørsmål om religion? Spørsmålet tvinger seg fram etter at Dagsrevyen i går ba ein religionhistorikar om å kommentere det som skjer i Iran no om dagane. Korfor gjorde Dagsrevyen det? 

Iran er sjølvsagt eit teokrati – eit prestestyrt diktatur – men det som skjer der no, er så vidt eg kan klare å skjønne ikkje eit spørsmål om religion først og fremst. Dette handlar om noko heilt anna. Dette handlar om at folket er svært ungt. Dette handlar om at folk ikkje har arbeid. Dette handlar om at dei som har arbeid ikkje klarer å sjå noko utvikling og framtid. Dette handlar om basis og overbygning. 

Det regimet finst ikkje, og kanskje har det ikkje funnest  som over lang tid kan overleve ein situasjon slik UD beskriver på sine landsider for Iran

Arbeidsledigheten ligger i følge offisiell statistikk på om lag 11 %, men private økonomer og utenlandske observatører antyder at det nok dreier seg om 20 %. Hvert år kommer 800 000 unge og nyutdannede til i arbeidsmarkedet og i følge noen rapporter får bare halvparten av disse jobb. Ikke overraskende velger mange å forlate Iran, og det anslås at om lag 150 000 universitetsutdannede emigrerer fra Iran hvert år. 

I eit land som har store oljeinntekter er det ingen tvil om at dette ikkje kan vare. Folket har rett til å tru på arbeid og velferd, men blir nekta dette. Eit regime kan ikkje overleve med meir enn halvparten av ungdom og unge vaksne utanfor arbeidslivet. Dette skaper sinne som vil eksplodere om det ikkje lenger finst tru på at det blir ei positiv endring. Det er verd å merke seg at halvparten av folket i Iran er under 27 år (medianalderen i følgje CIA World factbook). Desse har aldri opplevd sjahen sitt styre eller revolusjonen i 1979. Når dei blir nekta innverknad gjennom røysteurna, vil dei få innverknad på anna vis. 

Eg trur regimet kjem til å falle og at det kjem til å skje før vi trur. Dersom regimet skal overleve må det sannsynlegvis bruke vald og undertrykking  som blir verre enn noko vi har sett til no. 

Så tilbake til der eg starta. Utan å seie noko stygt om Kari Vogt som svarte fornuftig og godt, så meiner eg Dagsrevyen burde hatt ein økonom eller statsviter i studio. Det ville dei hatt om dette gjaldt eit ikkje-islamsk land. 

Så vil eg sjølvsagt legge til at dette handlar om religion og kultur òg. Det handlar om ungdom som ikkje får uttrykt seg, ikkje får vere den dei vil vere og som manglar ei framtid. 

  • Dagbladet skriv om situasjonen her
  • og VG her

Ein video frå demonstrasjonane her:

Standard