Politikk

Forbanna

Eg slit med å skrive noko samanhengande i dag. Eg blir berre fortvilt og forbanna når eg ser korleis vi oppfører oss mot aylbarna i dette landet. Ei 12 år gamal jente blir henta ut av heimen sin av politi klokka halv to om natta. Korleis er det vi oppfører oss. Har vi ikkje eit minimum av anstendigheit? Litt folkeskikk?

Det fell så lett å ta til samanlikningar med korleis jødane vart tatt ei natt i 1942. Men vi treng ikkje den samanlikninga. Det er nok å vite at slik oppfører ein seg ikkje mot folk, mot barn. Det finst ingen grunn til å gå inn i eit hus om natta, med skremmande lommelykter og rive barn ut av sengene sine. Hadde det vore snakk om ein farleg lovbrytar, men eit barn.

Tilsvaranda har vi ei jente i Tromsø, Yalda heiter ho, der alle norske rettsprinsipp er satt til sides fordi utlendingestyresmaktene meiner ho er skummel. Yalda og familien vann mot UNE i retten. Men i staden for å akseptere det endrar UNE vedtaket sitt slik at familien må ut i ein ny rettsrunde. Eg trudde det skulle vere slik at domstolane kontrollerte forvaltninga, ikkje motsett. Dersom UNE kan endre litt på vedtaket sitt kvar gong dei taper ei sak i retten vil ein rettsprosess aldri bli ferdig. Familien blir halde i ein evigvarande prosess, verre enn noko Kafka kunne førestille seg.

«Noen måtte ha baktalt Josef K., for en morgen ble han arrestert uten at han hadde gjort noe galt.»,

første setning i Prosessen av Kafka

I 2007 fekk SV endra loven så barnas beste skulle telle, understreka i Stortingsmeldinga «Barn på flukt» i fjor, om Faremo ikke klarer iverksette dette må ho gå.

 

 

Standard
Politikk

Menneske mot maskin

Eg meiner Stoltenberg framstår maskinelt og mekanisk i asylsaka. Foto: Harry Wad

Det er noko maskinelt og mekanisk over norsk utkastingspolitikk. Når Jens Stoltenberg argumenterer, argumenter han reint mekanisk. Det er nesten som ein robot som står der på talarstolen og ytrar det han er programert til å seie.

Les desse utsagna frå Stoltenberg, sitert i VG:

– Vi vil ha et rettferdig og forutsigbart regelverk. Da kan vi ikke åpne for et system som premierer dem som jukser med sin identitet, og som gir feilaktige opplysninger om hvor de kommer fra. Vi kan heller ikke gi særbehandling i tilfeller der barn skyves foran, sa statsministeren i Stortinget onsdag.(mi utheving)

Sett dette opp mot historia vi kan lese i NRK i dag. Verona er ni år gamal. Ho er fødd i Noreg, og har budd her heile livet. Ho har gått på skole på Rjukan. Foreldra har budd i Noreg i 11 år. I dag kom politiet for å hente dei og tvangssende dei ut av Noreg. Til Bosnia.

Smak på orda til Stoltenberg opp mot denne historia. Høyrest det rettferdig ut? Føreseieleg, å bli sendt ut etter 11 år?  Trur du Verona har juksa med identiteten sin? Er det å skuva barna framfor seg å påpeike at denne jenta er norsk?

Asylpolitikken kan aldri lausrivast frå einskildskjebnar. Det er einskildskjebnar som er sjølve poenget med asylpolitikken.

Eg kjenn ikkje bakgrunnen til familien til Verona, og korfor dei rømte frå Bosnia. Men, eg klarer ikkje å sjå ein einaste grunn til at vi skal sende ungar til eit framandt land. Verona er født her, vaks opp her, gjekk på skole her. Ho er herifrå.

Spesielt ironisk er det at det denne gongen gjeld Bosnia. Bosnia, eit land som kjem til å bli medlem av EU om ikkje alt for mange år. Då vil alle bosniarane fritt kunne slå seg ned i Noreg på lik linje med andre EU-borgarar.

Eg trur historia kjem til å dømme oss hardt for det vi gjer mot dei ungane som blir sendt ut etter lang butid i landet. Eg håper Stoltenberg er villig til å stå for historiens dom – den vil bli hard.

Eg meiner at det må gå ei grense for kor lenge barn kan vere i Noreg og framleis bli sendt ut. Eg er derimot villig til å akseptere at vi set inn ressursar for å få avgjort asylsøknadar raskare. Eg skal vere med å diskutere – fordomsfritt – om det er for mange ankemoglegheiter og for lett å sende omgjeringskrav. Eg er villig til å bruke ressursar på å raskt sende folk ut etter at avgjerda er tatt raskt.

Eg er derimot ikkje villig til å diskutere om det er rett at barn som har budd lenge i riket skal få bli her. Barnets beste må vere avgjerande. I 99 prosent av tilfelle vil det vere best for barnet å få bli i landet om dei har budd her i fleire år.

Eg heiar på menneska, ikkje maskinane

 

 

Standard
Internasjonalt, SV

Asylsaka i Stortinget

Eg må berre skrive ein rask kommentar om asylsaka i Stortinget. Venstre har lagt fram eit framlegg i Stortinget som er eit bra. Eg er samd med det Venstre skriv, dessverre har det ikkje moglegheit til å bli vedtatt uansett kva SV stemmer.

Mange kritiserer SV for å ikkje stemme på dette forslaget. Det skjønner eg. Det ville vore bekvemt å stemme for det, og hadde SV sine stemmer vore avgjerande meiner eg at vi sjølvsagt skulle gjort det. Sjølv om det skulle bety at regjeringssamarbeidet med AP ryk. I dagens situasjon ville imidlertid det ikkje hjelpe barna som må få bli i Noreg.

Matematikken i Stortinget er slik at vi må få Arbeidarpartiet til å snu om politikken skal bli endra. Presset er så stort på regjeringa at eg trur det er mogleg å få til ei utsetting i alle fall til Stortingsmeldinga om barn på flukt er på plass. Det er då slaget vil stå.

Ein meiningslaus protest i Stortinget no vil berre vere med på å gjere Arbeidarpartiet meir innbitt. Det er ikkje mogleg å få snudd denne politikken utan å få snudd Arbeidarpartiet. Enn så lenge er det betre å halde fram denne kampen i regjeringa, enn å protestere i Stortinget. Eg blir litt optimistisk når så mange fylkeslag i Arbeidarpartiet vedtar gode standpunkt i denne saka.

Vi må derfor ha ein taktikk som gjer at vi kan oppnå målet, framfor å protestere på ein måte som underminerer det endelege målet.

Det endelege målet er sjølvsagt at desse norske barna får bli i Noreg. Dei er jo norske. Eg trur vi skal klare dette, no må presset på Arbeidarpartiet berre auke.

Her er mi løysning

 

Standard
Fridtjof Nansen
Feature, Politikk

Amnesti no!

 

Fridtjof Nansen

Vi er stolte av Nansen, men er vi arva etter han verdig? Foto: Anders Beer Wilse/Nasjonalbiblioteket

Yalda skal sendast ut av landet, foreldra blir sendt til kvart sitt land. Ho har budd her i fem år, over av halvparten av livet sitt. Er det farleg for oss om ho får bli?

Allan på tre år har fått avslag på søknaden sin om opphald i Noreg, landet der han er født og har levd heile livet sitt. Det kalde brevet seier han skal ut av landet, sjølv om foreldra enno ikkje har fått avslag. Er det farleg for oss om han får bli?

Yalda og Allen er berre nokre få døme på kor umenneskelg den norske flyktningepolitikken er. Vi må la bara sitt beste vere styrande også for utlendingepolitikken.

Tre ting må skje

  1. Det må umiddelbart bli gitt amnesti for alle barn og foreldra deira som har budd i Noreg i tre år eller lenger.
  2. Vaksne asylsøkjarar som har vore meir enn fem år i Noreg må få amnesti. Vi kan ikkje krevje at folk skal leve i uvisse for alltid.
  3. Dei som er ureturnerbare er faktisk ureturnebare. Då må dei få lov til å jobbe, betale skatt og skape seg eit liv utan å leve i uvisse

Eit slikt amnesti er gjennomført i mange land i Europa. No er det Noreg sin tur. Eit slikt amnesti vil frigjere sakshandsamarar i UDI slik at søknader kan bli behandla raskt. Dei som ikkje skal få bli må sendast ut raskt.

Skriv under på kampanjen for å la Yalda bli.

Standard