USA

Amerikanske atomubåtar til Tromsø

Det er sjølvsagt ei stor sak at vi skal få atomkraftverk inn i Tromsø by. Det er realiteten med å få atomdrivne ubåtar til Tromsø. No trur ikkje eg at det er livsfarleg. Det er trygge reaktorar og sjansen for at det skal skje noko medan dei er her som får konsekvensar for oss er svært liten. Det vi burde ta ein diskusjon om er korleis vi kan vere sikre på at desse båtane ikkje har atomvåpen om bord.

Kanskje er dette ein av ubåtane vi får sjå i Tromsø?  USN Virginia er ein av dei nyare amerikanske atomubåtane frå 2004. Det er ein  ubåt laga for å jakte andre ubåtar og har ikkje atomvåpen om bord. Foto: Wikimedia/U.S. Navy photo by General Dynamics Electric Boat

Kanskje er dette ein av ubåtane vi får sjå i Tromsø? USS Virginia er ein av dei nyare amerikanske atomubåtane frå 2004. Det er ein ubåt laga for å jakte andre ubåtar og har ikkje atomvåpen om bord. Foto: Wikimedia/U.S. Navy photo by General Dynamics Electric Boat

La oss først slå fast og vere samde om at sjansen for at det skal vere atomvåpen ombord er mykje mindre no enn det var under den kalde krigen. I 1991 sette US Navy alle taktiske atomvåpen på land. Det er derfor no berre strategiske atomvåpen om bord på amerikanske ubåtar, og det er berre dei fjorten Ohio-klassebåtane som har atomvåpen ombord. Det viktigaste våpenet om bord på dei andre ubåtane er Tomahawk-missilet, ein kryssarrakett. I dag har desse missila ikkje atomstridshovud, sjølv om nokre av dei hadde det under den kalde krigen.

Det vi ikkje veit er kva type ubåtar som kjem til å legge til land i Tønsvika i framtida. Eg ringte FOH på Reitan i dag for å spørre dei. Eg tenkte det var best å gå rett til kjelda. Dei kunne ikkje, eller ville ikkje svare på om det var aktuelt at ubåtar av Ohioklassen skal komme til Tromsø, men at amerikanerane var svært klar over at Noreg ikkje tillet atomvåpen i fredstid.

I pressemeldinga frå FOH er dei likevel eksplisitte på dette. Der står det:

Det ligger nå i planene at amerikanske ubåter jevnlig vil ha havneligge i Tromsø for mannskapsbytte/hvile og proviantering. Fartøyene det dreier seg om er ikke strategiske ubåter, og bærer følgelig ikke atomvåpen.

Eg må berre innrømme at eg likevel er litt skeptisk.

Eg prøvde å spørre litt meir, for under den kalde krigen, då Noreg hadde same haldninga, vart dettte løyst gjennom «don’t ask, don’t tell». Norske styresmakter sa at dei hadde sagt frå til USA om kva som var rett, og at ein rekna med at amerikanarane aksepterte dette. Men ein spurte ikkje direkte om amerikanske skip som kom til Noreg hadde atomvåpen om bord.

Denne haldninga må vi bort frå. Atomvåpen er framleis ei av dei aller største farane på denne jorda. Framleis er atomvåpenarsenalet så stort at det kan utslette alt liv på jorda fleire gonger. Totalt er det over 15 000 atomstridshovud i verda. USA og Russland har 93% av desse.

Land Antal atomvåpen
Russland 7 300
USA 6 970
Frankrike 300
Kina 260
Storbritannia 215
Pakistan 130
India 120
Israel 80
Nord Korea >15
Kjelde: http://www.ploughshares.org/world-nuclear-stockpile-report

Eg meiner det er viktig at departementet no legg opp til at ein spør amerikanarane direkte før kvart anløp (som må godkjennast av departementet) om det er atomvåpen om bord, og ber om ei forsikring om at det ikkje er det.

I dagens klima burde det vere mogleg å få til

Standard
Internasjonalt,Politikk,Video

Syria, flyktningar og ein atomvåpenfri verden

Ein ny videoblogg, lage i sinne og skuffelse. Arbeidarpartiet har svikta to gonger på kort tid, først om atomvåpen så om syriske flyktningar.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard