Klima, Miljø, Olje, Skole, Troms og Tromsø

Treng vi olja?

Vi er heldige og bur i eit rikt land. Det er vel fordi vi har funne olje? Nei, eller i beste fall kanskje. i 2007 brukte staten nesten ikkje ei einaste oljekrone. Då statsbudsjettet vart lagt var det budsjettert med at vi skulle bruke 54,1 milliardar oljekroner. Når statsrekneskapen kjem 25. april vil det vise seg at vi nesten ikkje har brukt ei einaste oljekrone, og at vi fint kunne klart oss utan desse pengane.

Til no viser rekneskapen for 2007 at vi har brukt 2,8 milliardar oljekroner, melder Dag og Tid. Så godt som ingenting på eit statsbudsjett på 711 milliardar. Korfor er det slik? Jo fordi resten av økonomien går svært godt. Nordmenn er som alle andre folk initiativrike og flinke. Derfor får vi det til i mange andre bransjar og. Det skal vi vere stolte over.

Men det neste spørsmålet pressar seg fram; dersom vi ikkje treng oljeinntektane og vi er inne i ein høgkonjunktur som hindrar viktige og naudsynte investeringar i vegar og skoler, korfor hastar det slik? Korfor hastar det slik med å opne sårbare område i Barentshavet, Norskehavet og utanfor Lofoten og Vesterålen?

Svaret er sjølvsagt pengar. Nokre tener gromt på denne olja vår. Men, det er ikkje fiskarane, eller lærarane, eller dei som køyrer på vegane våre. Det må vere mykje betre økonomi for landet vårt å spare oljeformuen på botn av havet, framfor på børsar som for tida går meir ned enn opp. I selskap som vi ikkje liker å samanlikne oss med. Utan dei enorme oljeinvesteringane ville det vere rom i økonomien for å bygge vegar, skolar og anna infrastruktur. Oljeøkonomien har gått frå å vere ei glede til å bli ei plage for vanleg folk.

Det er direkte dumt å plage folk med dårlege vegar fordi vi skal øydelegge klimaet.

Standard