Hovudinngangen på Langnes skole
Feature, Skole, Troms og Tromsø

Baseskolar eller klasserom – himmel eller helvete?

Hovudinngangen på Langnes skoleEi av dei store utfordringane med norsk skolepolitisk debatt, og den debatten som går i Tromsø no om baseskolar er at den handlar om absoluttar. Anten er du for baseskolar, kreativitet og samarbeid eller så er du for klasseromskolar, disiplin og pugging. Slik er sjølvsagt ikkje verkelegheita. Vi treng ikkje sjangle frå den eine grøfta til den andre.

Eg og SV meiner at det ikkje er arkitekturen som skal bestemme pedagogikken. Målet må vere å bygge skolar som er fleksible nok til at pedagogikken og undervisninga til ei kvar tid kan utnytte rom på ein måte som gjer læringa for elevane best muleg.

Skal vi få det til kan vi ikkje bygge reine klasseromsskolar, for vi treng små grupperom og vi treng rom der fleire kan vere saman. Vi kan sjølvsagt heller ikkje bygge berre eit stort rom der alt skal foregå.

I SV meiner vi at kvart fag og kvar elev og elevgruppe må undervisast på ein måte som gjev best muleg resultat. Av og til betyr det klasserom og 30 elevar på rad, av og til betyr det små grupper og prosjektarbeid, av og til betyr det store basar og ein sjeldan gong kan det betyr forelesningar for store grupper. Utfordringa er å bygge ein skole som kan gje rom for alle, eller flest muleg av desse undervisningsformene slik at fagfolka i skolen saman med foreldra kan sørge for eit undervisningstilbod som gjer at kvar einskild elev når sitt potensiale i kunnskap, i kreativitet og i samarbeid.

Det som er heilt sikkert er at elevane treng trygge og stabile rammar rundt undervisninga, og at dei treng trygge og fagleg sterke lærarar. Det treng dei uavhengig av korleis skolen ellers er organisert.

Eg vil advare mot å la dette bli ein debatt for eller mot basar eller klasserom. La det bli ein breiare debatt om korleis vi legg til rette for skolar som tillet mange formar for undervisning – for å best nå alle elevar. Ofte vil det vere klasserom, men ikkje alltid.

Standard