Ein hyllest til bilistane

I dag hadde eg ganske enkelt lyst til å hylle bilistane i Tromsø. Eg syklar mykje, heile året, til jobb og frå jobb, til møter og frå møter. Andre stader i landet les eg stadig om konfliktar mellom bilistar og syklistar. Det opplever eg så godt som aldri i Tromsø. Bilistane i Tromsø er, slik eg opplever det, hensynsfulle og greie. Dei slepp syklistane fram, også når vi strengt tatt ikkje har forkøyrsrett.

Det gjer at eg opplever Tromsø som ein svært trygg sykkelby. Så er det enkelte kryss som er uoversiktlege og vanskelege, vegar som er trange der det av og til kan vere litt kluss. Men, det er fordi kryssa er vanskelege og vegane smale, ikkje fordi vi som er trafikantar i Tromsø er vanskelege. Sjølvsagt er dette berre mi oppleving av ting, men eg trur det viser at vi klarer å få det.

Så er det nokre ting som er irriterande som syklist. Det aller mest irriterande er når bilar står parkert på fortau og sykkelvegar. Men det endrar ikkje hovudinntrykket. Bilistane i Tromsø er rett og slett flotte folk!

Varebil parkert i sykkelveg
Einskilde irriterande situasjonar er det, men stort sett er bilistane i Tromsø flinke til å ta omsyn.

Så er sjølvsagt alt eg skriv no feil, fordi vi er jo ikkje syklistar eller bilistar. Dei aller fleste av oss er begge delar, i tillegg til at vi går og tar buss. Det er kanskje det som skal til for at vi tar omsyn til kvarandre i trafikken?