Miljø, Politikk, Troms og Tromsø

Bioetanol i Tromsø og Bodø

På tidlegsommaren meldte Statoil at dei ville legge ned bioetanolpumpa i Tromsø og Bodø. Statoil forklarer nedlegginga med dårleg sal. Tromsø SV reager sterkt på dette.

Sjølv om det er store problem med å bruke bioetanol basert på mais og andre matprodukt så er det ingen tvil om at bioetanol basert på restprodukt frå treindustrien og potensielt frå marine algar har eit potensiale for å bidra til å redusere klimaendringane. Bioetanol er ikkje nok, eller åleine løysninga på klimaproblema, men ein del av eit framtidig klimanøytralt samfunn.

På nettsidene sine skriv Statoil Fuel & Retail om sin visjon at dei vil:

Reduser den negative innvirkningen vår virksomhet og produkter har på miljøet

og

Ta samfunnsansvar og bidra til bærekraftig utvikling

Dette harmonerer dårleg med at dei legg ned bioetanopumpa i Bodø og Tromsø. Vi vil med dette oppmode Statoil Fuel & Retail til å omgjere avgjerda om å legge ned pumpene. Også i Nord-Noreg bør det vere mogleg å fylle bioetanol.

Standard