Klima, Miljø

Klimaendringane blir tydelegare og tydelegare

I dag legg Bjerknessenteret fram ein ny rapport om klimaendringane i Noreg. I følge Dagbladet seier rapporten at vi kan forvente oss 5-7 gradar høgare vintertemperaturar i Finnmark. Rundt fire grader i resten av landet. No er det kanskje ikkje noko katastrofe at vi går frå minus 40 til minus 33 i Finnmark om vinteren er det lett å tenke. Men, også det får konsekvensar. Dei siste åra har det vore mykje lauvmakk i nord, ein av grunnane er at vi ikkje har hatt periodar på over ei veke med minus 35, det drep makken, har eg lest ein plass.

I framtida kan det bli mindre lauv og meir makk. Noreg endrar seg.

Standard
Feature, Klima

Kor høgt kjem vatnet?

Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia

Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter per år i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia

Vi har alle høyrt skrekkvisjonane om at havet kan stige med sju meter. Det kan det kanskje i det aller verste tilfellet, men det skjer ikkje med det aller første. Sjølv om mange hevdar at klimaendringane går fortare enn det forskarane bak IPCC meinte.

Bjerknessenteret har saman med Miljøverndepartement gjeve ut ein rapport der dei går gjennom sannsynlege havnivåstigningar i alle kommunane i landet (jada – det gjeld sjølvsagt berre kystkommunane). Her er tala for Troms:

2050

2100

Kommune

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Kvænangen 15 238 58 286
Nordreisa 14 233 56 280
Skjervøy 15 234 58 282
Kåfjord 14 237 56 284
Storfjord 14 237 56 284
Lyngen 14 237 57 285
Karlsøy 18 229 63 279
Tromsø 17 222 63 273
Balsfjord 13 230 54 276
Målselv 14 185 56 232
Lenvik 14 187 55 233
Berg 17 178 62 228
Torsken 17 178 62 228
Tranøy 14 187 56 234
Sørreisa 13 186 54 232
Dyrøy 13 186 55 233
Salangen 11 184 51 229
Lavangen 10 183 49 227
Gratangen 10 183 48 226
Ibestad 13 193 54 239
Skånland 13 196 54 242
Bjarkøy 16 181 61 231
Harstad 14 194 57 242
Kvæfjord 15 180 58 228

Tala er sjølvsagt usikre, blant anna fordi vi framleis har landheving i Noreg etter siste istid.

Det er sjølvsagt vanskeleg sjå for seg kva desse centimetermåla eigentleg betyr for oss. Med det er klart at det har betydning. Bloggen «Living White» har nokre bilete som viser korleis stiginga av vasstanden kan slå ut i Tromsø. for eit par dagar stod havet nesten i inngangsdøra på Tomasjordnes. Det blir i alle fall ikkje færre slike dagar, sannsynlegvis blir det langt fleire.

Standard