Erna Solberg på valvaken. Foto: CF Wesenberg. Copyright: Høgre
Politikk, Val

Tida for spekulasjonar er forbi

Den nye regjeringa har allereie tatt til å gjere noko. Så då kan vi ta til å kommentere politikken. Og, sjølvsagt lyg overskrifta vi skal framleis spekulere. Struktur er minst like viktig som menneska. Derfor er det vel så interessant kva endringar den nye regjeringa har gjort i departementsstrukturen som kva folk som skal kle dei ulike embeta.

Den aller tydelegaste endringa er at fiskeridepartementet er årelatt. Dei bleike restane er overført til næringsdepartementet. Hamner og farleier er overført til samferdsel. Det er i seg sjølv interessant. Betyr det at vi får meir vekt på tranport og mindre vekt på fiskeri og fiskerihamner? Det blir i alle fall interessant å følgje med. Det er kanskje naturleg å overføre fiskeripolitikken til næringsdepartementet når det som gjer fiskerinæringa spesiell skal bort. Noko av det som har vore bra med fiskerinæringa er at ressursane har vore felleseige. Det skal det bli slutt på, fisken skal privatiserast for godt. Då blir skilnaden på å drive med fiske og å lage møblar liten.

Ei anna stor og viktig endring er at planavdelinga blir flytta frå miljødepartementet til det nye og store kommunaldepartementet. Eit departement som kanskje no bør skifte namn til innanriksdepartementet? Uansett er det no ei fare for at miljø blir mindre viktig i plansaker, eller så blir byråkratiet mindre effektivt. Dei fleste innsigelsane etter plan og bygningslova som kjem opp på departementsnivå gjeld miljøsaker. Eg reknar med at miljøverndepartementet framleis skal meine noko om dei? I så fall blir det meste meir tungvint. Det blir og Jan Tore Sanner i kommunaldepartementet som skal avgjere statleg plan for E8 til Tromsø, ikkje miljøvernministeren. Eg meiner dette er eit teikn på at miljø i alle fall i form av naturvern blir mindre viktig for den nye blå regjeringa.

Eg er og spent på korleis dei skal handtere EU og EØS-saker framover. Vidar Helgesen på SMK skal samordne desse. Det kan vere eit godt grep, men dei fleste EU-sakene er djupt faglege og spesifikke til eit tema. Fagkunnskapen om desse sit i dei ulike departementa, det kan kome til å bli tungvint dersom alt dette skal koordinerast frå SMK. Vi kan og fort få ein revirkamp mellom SMK og UD. Det vil ikkje vere bra.

Eit grep som eg trur kan bli bra er at klimapolitikken blir flytta til miljø. Den har i dag vore i finans og UD (regnskogsatsinga). Det er klart at finans er viktig og har tyngde i regjeringa, men det er nok likevel rett å samle dette på ein plass.

Uansett, lykke til, det kan bli spennande diskusjonar framover, og forhåpentlegvis mykje motstand mot den politikken som kjem

Sjå oversynet over alle endringar her

Standard