Ikkje politikk

Godt nytt år

Då er vi i gang med eit nytt år. Eg tør ikkje spå så mykje om det nye året, men nokre få spådomar skal eg kome med:

  1. På denne bloggen vil det kome innlegg som er kritisk til høgrestyret både i Tromsø og i Noreg
  2. Politikken i retning større skilnader vil halde fram i Noreg.
  3. Nokre vil klage på at bustadprisane er for høge, andre vil klage på at prisane ikkje stig fort nok.
  4. Eit forsett om å gjere Noreg mindre avhengig av olje vil dessverre ikkje bli gjennomført i år heller

Nokon som vil vedde mot meg på desse spådomane? Nei, eg trudde ikkje det.

Bloggåret 2013 var for denne bloggen litt så som så. Eg hadde ein god del færre lesarar i 2013 enn i 2012. Ein av grunnane til det var at det i 2012 vart lenka til denne bloggen frå VG eit par gongar, noko som gjorde at besøkstala fauk i vêret. I 2013 skreiv eg nok ingenting som var interessant nok for VG.

Eg blir ofte litt forundra når eg ser kva innlegg som blir mest lest på bloggen. I fjor var det mest leste innlegget eit med den sexy tittelen «Den fylkeskommunale parlamentarismen i Troms«, medan andreplassen vart inntatt av det like sexy «Ein parlamentarisk farse«. Det er tydeleg at dei som les denne bloggen ikkje er mellom dei som klikkar mest på overskrifter som «Se Rihannas ti mest sexy private bilder» OK, no er eg faktisk litt spent på kva for ei av desse tre lenkene som kjem til å få flest klikk. Ikkje skuff meg kjære lesarar, vis at dokker er opptatt av meir enn parlamentarisme!

Tilsaman har eg skrive 617 innlegg på denne bloggen (nokre få av innlegga er skrivne av andre, eg tar gjerne mot gjesteinnlegg om du har noko på hjartet) sidan bloggen vart oppretta i 2005. Åtte år med meir eller mindre aktiv blogging er eg godt nøgd med. Gjennom desse åtte åra er «NRKSUPER og Superia – supert av NRK» det mest leste innlegget av alle. Det skreiv eg i 2009, og det er framleis på topp fem lista.

Til sist, tusen takk for at du les, og kanskje kommenterer det eg skriv. Eg set kjempestor pris på det. Dersom du ikkje vil gå glipp av noko på denne bloggen i 2014, finst det mange måtar å halde seg oppdatert på.

Så til slutt, sida det er så populært får eg vel avslutte med ein litt skremmande selfie frå julkvelden, og med det ønske alle eit glitrande godt nytt år!

Pål Julius Skogholt

Standard
Feature

Bloggen i 2012 – ei oppsummering

Det mest leste innlegget på bloggen min i år handla om «Nynorsk – eit frigjeringsprosjekt» Det er eit viktig tema, og språk engasjerer, men den viktigaste grunnen til at dette innlegget kom på førsteplassen var nok at VG lenka til innlegget på førstesida. Hovudinnhaldet i innlegget var kanskje:

Nynorsken frigjorde oss frå det danske embedsmannspråket og også bokmålet er blitt betre på grunn av det.

Andre populære innlegg på bloggen i året som gjekk. Har handla om konsekvensen av høgrestyret i Tromsø kommune. I «Gråt min kjære by» skreiv eg:

Det styret vi har i Tromsø no er det råaste høgrestyret i landet. Dei seier at marknaden skal styre alt.

Den utsegna er nok dessverre framleis gyldig. Eg trur dette er eit tema som engasjerer mange. Det er kanskje grunnen til at denne videobloggen vart den mest sette i 2012:

Eg trur det nye året kjem til å handle mykje om kva høgrestyret gjer med Tromsø kommune. Men eg trur og asylpolitikken og den internasjonale økonomiske krisa blir viktige tema. Begge delar skriv eg ein del om på bloggen min. 2013 kjem og sjølvsagt til å handle om stortingsvalet. Eit val som kan bli til stor skade for folk flest i Noreg om høgresida vinn. Eg kjem nok til å nemne den saka og på bloggen min.

Til slutt, takk til alle dei 23 000 som har vore innom bloggen i 2012, og ein ekstra takk til alle som har kommentert.

 

 

Standard
Feature, Ikkje politikk

Lite aktivitet og dårleg samvet

Dårleg samvett er ikkje noko særleg å trakte etter. Men eg skal innrømme at eg av og til kjenner eit stikk av dårleg samvett fordi eg ikkje skriv nok og ikkje innsiktsfullt og artig nok på denne bloggen. Det har eg bestemt meg for å legge bak meg.

Eg har opplevd to ting. Det eine er at det er vanskeleg å skrive spennande om norsk politikk så lenge eine er statssekretær. Det er mangt ein deltek i som eg gjerne skulle ha skrive om, men som ikkje er eigna for offentleggjering. Likeins blir det vanskeleg å meine noko om det som skjer på område som tilhøyrer andre departement. Då blir det å skrive noko som er verd å lese og skrive utfordrande. Det blir lett sjølvsagheiter eller dårlege møtereferat. Det skal eg ikkje belemre dykk med. Det viser seg og at når kvelden kjem og det er tid for å sette seg ned med bloggen så er ikkje kreftene til stades. Eg prioriterer lesing og samtalar med familien.

Så, eg har ikkje tenkt å ha dårleg samvet for at eg skriv for lite. Derimot har eg tenkt å skrive når eg verkeleg har noko å melde, eller trongen til å meddele meg blir for sterk. Det blir nok ikkje så ofte, men det får heller vere.

Bloggen er ikkje nedlagt, men tempoet er blitt mindre som trufaste lesarar om dei finst har merka.

Standard
Feature, Politikk

På plass i Oslo

Kan det vere tilfeldig at dette er utsynet eg har fått gjennom kontorvindauget?

Kan det vere tilfeldig at dette er utsynet eg har fått frå kontorvindauget mitt?

No har eg unnagjort den første arbeidsdagen som statssekretær i i Nærings- og handelsdepartementet, og eg gler meg til dei neste dagane. Eg trur dette blir spennande, og det kjennes godt å få bidra til utviklinga av næringslivet i landet.

Eg er litt usikker på kor mykje blogging om dei tema eg skal jobbe med. Det får vi komme tilbake til etterkvart. Men eg vil gjerne ha innspel, anten her på bloggen min, på twitter eller på e-post.

Forøvrig har eg stor tru på at dette går bra. Administrasjonen verkar å vere proff, og det er spennande politikarar eg skal jobbe saman med.

Standard