Kommunepolitikk,Troms og Tromsø

Farlege skolevegar og breie sykkelvegar

Eg må innrømme at eg er overraska over at det er 18 årsgrense på sykkelvegane i Tromsø. Det kan i alle fall verke slik på kommentaren frå Tone Angell Jensen i Nordlys. Ho har valt å oversjå i alle fall to viktige fakta.

Det første er at det er alt for få gode sykkelvegar i Tromsø. Sykkelvegar som inviterer både barn og vaksne til å sykle. Eg skulle ønske at ho hadde rett, at det verkelg var sykkelautostradaer på kryss og tvers av øya, på fastlandet og på Kvaløya. Dessverre er det ikkje slik, men med Tenk Tromsø og sykkelsatsinga vil det bli betre både for vaksne og for ungar. For trygge sykkelvegar, fortau og gangvegar er kanskje det mest sentrale dersom vi vaksne skal tørre sende ungane våre ut i trafikken.

For det andre er trygge skolevegar noko av det aller viktigaste vi jobbar med i Tenk Tromsø. Det har no vore møter mellom alle skolane, FAUa og kommunen for å kartlegge skolevegane og kvar vi skal sette inn tiltak. Gjennom Tenk Tromsø skal vi bruke 300 millionar på trygge skolevegar i Tromsø.

Så kan eg vere samd med Jensen at alt dette sjølvsagt skulle vore gjort for lenge sidan. Alt for lenge har omsynet til buss, sykkel og gange blitt prioritert  etter omsynet til bilane. Det er vi i ferd med å endre.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Kommunepolitikk,Miljø,Politikk

Heller satellitt enn bommar

I Tromsø har vi over lengre tid diskutert måtar å organisere bompengane på som gjer det billigare og enklare å få dette til enn å sette opp store bomportalar rundt i heile byen. Slik vil vi at meir av pengane vi betalar inn faktisk skal gå til trafikksikring, bussar, fortau og vegar. Fram til no har dette vore litt luftige tankar om at det sjølvsagt burde vere mogleg å få dette til. Men i går fekk i alle fall eg litt meir kjøtt på beina på dette.

Les og denne artikkelen i Nordlys.

I går hadde eg saman med folk frå Ap og Raudt eit møte med Autosim og Telespor. To tromsøbedrifter som mener dei har ei løysning for dette. Det går ut på å sette inn ein GPS-brikke i bilen. I første omgang tenkt kopla til OBD. Det er den kontakten som verkstaden brukar når dei koplar til bilen din for å diagnostisere den, og er ei tilkopling dei aller aller fleste bilane har. Denne brikken kommuniserer med ein sentral for å finne ut kva du skal betale. Dersom vi gjer det på denne måten kan vi oppnå fleire ting.

  1. Vi kan lage eit meir rettferdig betalingssystem. Vi vil ikkje lenger vere begrensa til kvar det er plass til å sette opp bommar ol. Det ville og vere mogleg å lage betalingsfrie område rundt skolar, barnehagar ol. Ein kan og gjere betalinga avhengig av køyrde kilometer og ikkje berre om du passerer ein bom eller ikkje.
  2. Vi slepp stygge bomportalar
  3. Vi kan bidra til å styrke næringslivet i Tromsø gjennom at dei får utfordrande og store oppgåver gjennom å bygge opp dette systemet.
  4. Vi kan få eit system som er billigare og enklare å sette opp og drifte.

Masse utfordringar

Det betyr sjølvsagt ikkje at eit slikt satellittbasert system vil vere utan utfordringar. Den aller største er at dette vil vere nybrotsarbeid, og som i alt nybrotsarbeid vil det bli gjort feil, ting vil ikkje fungere optimalt frå dag ein. Det vil kunne undergrave tilliten til systemet og undergrave finansieringa av ein byvekstavtale.

Vidare tenkjer eg dei viktigaste hindringane som må løysast er:

  1. Korleis handterer vi bilar som kjem utanfrå og ikkje har ein GPS-brikke i bilen? Skal dei sleppe å betale eller må vi ha ein type bom på innfartsvegane til byen?
  2. Korleis gjer vi det med bilar som er registrert i andre kommunar, korleis sikrar vi oss at dei og bidrar i systemet om og når desse bilane blir køyrt i Tromsø?
  3. Korleis sikrar vi personvernet? Ingen av oss vil vel at nokon skal vite kvar vi køyrer til ei kvar tid (sjølv om dei fleste av oss allereie gjev google eller apple all denne informasjonen). Det lar seg nok gjere om databehandlinga skjer i brikken og berre fakturainformasjon blir overført ut av bilen, men vi må vere sikre på at dette er i orden.

På mange måtar er Tromsø den perfekte plassen å teste ut dette systemet. Vi har lite gjennomgangstrafikk, noko som gjer mange av utfordringane mindre. Dei utfordringane vi har er eg ganske sikker på at lar seg løyse. Eg er litt meir usikker på om det lar seg løyse innafor den tidsramma vi har har. Vi har ikkje råd til å utsette ein byvekstavtale, først og fremst fordi vi er avhengigge av statlege pengar for å få til bussatsinga i Tromsø.

La meg gjerne høyre kva du meiner i kommentarfeltet.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Miljø,Politikk,Troms og Tromsø

Tromsø treng ein byvekstavtale

Eg trur ikkje det finst ei levande sjel eller politikar som verkeleg ønsker å innføre bompengar i Tromsø. Men her er realiteten: Tromsø veks med omtrent 1000 personar kvart år. Desse tusen skal bevege seg rundt i byen vår. Dei skal på jobb og studiar. På fritidsaktivitetar og i barnehage. Dei skal bruke trafikksystemet vårt for å få kvardagen til å gå opp. I dag er det slik at alternativet for mange er bil. Det som er heilt sikkert er at vegsystemet vårt ikkje vil tåle denne veksten utan ei kraftig og dyr oppgradering, ei oppgradering som innebærer at fleire får eit reelt alternativ til bilen gjennom buss, gange og sykkel.

Eg skulle sjølvsagt ønska meg at denne oppgraderinga vart betalt av staten. Eg skulle ønska meg at staten betalte for hyppigare bussavgangar med større kapasitet, at staten betalte for trygge skolevegar og gode fortau, at staten betalte for vegar der næringstrafikk og dei som må bruke bilen kom raskt og trygt fram. Å ønske hjelper dessverre ikkje, å kaste myntar i ein ønskebrønn hjelper dessverre ikkje.

I Noreg er finansieringssystemet slik at staten betaler ein god del av kostnadane dersom byane stiller med eigne pengar. Den oppgraderinga av trafikksystemet som Tromsø treng om vi ikkje skal kvelast i eksos og køar vil koste minst åtte milliardar kroner. Staten har sagt at dei kan stille med mellom 40 og 50 prosent om vi finner dei resterande 50-60 prosentane lokalt. Eg veit ikkje om noko anna finansiering enn bompengar som gjer at vi kan klare dette løftet. Eit løft som er heilt naudsynt om byen vår skal vere attraktiv i framtida.

Vi kan sjølvsagt som Frp og Bjørn Gunnar Jørgensen nekte å sjå denne realiteten, vi kan nekte å ta framtida på alvor, tru at om vi lukker auga vil køane, svevestøvet og klimaendringane forsvinne av seg sjølv. Men, realiteten er, at når du opnar auga igjen vil situasjonen blitt verre enn han er i dag. Vi må ta tak i problema no, vi må løyse dei no, og vi må bruke dei verktøya vi har tilgjengelege no. Vi treng ikkje like det, men bompengar er det verktøyet vi har.

Så er det openbart at det vil koste. Og, for nokre av oss vil den kostnaden bli tung å bære. Eg trur likevel kostnaden blir enno større når arbeidsplassane forsvinn fordi verken arbeidstakarar eller produkt kjem seg fram. Tromsø har ei god utvikling, med vekst i både private og offentlege arbeidsplassar. Dersom denne veksten og denne utviklinga skal halde fram er vi avhengig av eit effektivt transportsystem. då er vi avhengige av ein byvekstavtale. Dessutan, dei som har minst pengar blant oss i dag har heller ikkje råd til bil. Dei er prisgitt andre framkomstmiddel. Det å gjere bussen betre, det å gjere det enklare å gå og sykle er og med på å gjere forskjellane mellom folk mindre.

Vi kunne gjort som Frp, vi kunne lata som problema forsvinn av seg sjølv. Men då stoppar og utviklinga av Tromsø opp.

Standard
Kollektivtrafikk,Kommunepolitikk

Eit steg nærmare bompengar i Tromsø

Det er ein god dag for Tromsø når administrasjonssjefen i dag legg fram sitt forslag til bompengar i Tromsø. Dette er berre mine første og raske reaksjonar. Kom gjerne med innspel. Framlegget finn du her

Du kan lese meir om dei ulike prosjekte på Tenk Tromsø sine sider, www.tenktromso.no

Det er naudsynt og viktig at vi innfører bompengar i Tromsø. Det trengst av to grunnar. For det første for å få pengar til den grunnleggande viktige satsinga på buss og på gange og sykkel, og dernest for å legge begrensingar på personbiltrafikken i Tromsø. I dag er det ca 95 000 dagelge bilreisar i Tromsø. Dersom dette for halde fram med å vekse i takt med belfolkningsvekst og velstandsvekst vil denne byen drukne i biltrafikk, i svevestøv og i støy og det blir utriveleg å bu her.

Administrasjonssjefen legg opp til takstar på 30 kroner i rushtida og 10 kroner utanom rushtida med ei innkrevingstid på 20 år. Det synst eg verkar fornuftig. Så blir det heilt sikkert forhandlingar om dette. Det viktigaste for meg er å sikre at vi har inntektar nok til å gjere det vi må gjere for bussane våre, med fortau og sykkelfelt.

Eg synst og innstillinga frå administrasjonssjefen er alt for lite offensiv på bruk av ny teknologi. Eg er heilt sikker på at det finst betre og billigare måtar å gjere dette på enn gamaldagse og dyre bomstasjonar. Eg ønsker meg at Tromsø kan vere ein pilot på å utprøve andre måtar å kreve inn denne avgifta på. Det finst alternativ der ute.

Porteføljen over kva vi skal gjere i Tromsø er omfattande, og vil bli diskutert. Eg tenkjer at det aller viktigaste er at vi raskt må ruste opp busstilbodet slik at det finst eit alternativ for folk når bompengane blir innført.

I tillegg håper eg det skal vere mogleg å få på plass (eller i alle fall ei grundig utgreiing som gjev oss gode tal på økonomien i eit slikt prosjekt) ein båt over Tromsøsundet og over Sandnessundet (ca Strand til sentrum). Det er veldig spennande å sjå at Tønsberg kommune har lagt ut eit anbod på ein autonom elektrisk passasjerbåt. Kanskje det kan vere måten å få det til å gå i hop økonomisk også i Tromsø?

Uansett, dette er porteføljen slik den ser ut i dag (rekkefølgja er ikkje prioritert).

1 Kollektivfelt i Tromsdalen Bygge cirka 300 meter kollektivfelt langs Bruvegen, og gi bussen bedre framkommelighet på den eksisterende vegen og i krysset ved bruhodet.
2 Kollektivfelt mellom Blåselvegen og Blåmannsvegen Bygge 1,7 kilometer kollektivfelt nordover for å gi bussen bedre framkommelighet mot sentrum.
3 Kollektivfelt mellom Storelva og Blåselvegen Bygge 1,5 kilometer kollektivfelt nordover for å gi bussen bedre framkommelighet mot sentrum.
4. Innfartsparkering på Skjellnan Bygge innfartsparkering på snuplassen på Skjelnan for å tilby overgang fra bil til bybuss.
5 Bedre veg og kryss i Klokkargårdsbakken Forbedre og utvide vegen, som i dag er smal, Svingete og spesielt utfordrende for bussen på vinterføre. Krysset ved Hansine Hansens veg skal også oppgraderes.
6 Kollektivfelt og bedre kryss i Sykehusvegen Bygge 650 meter toveis kollektivfelt, utvide vegen og forbedre kryss for å gi bussen bedre framkommelighet.
7 Innfartsparkering på Kvaløysletta Bygge innfartsparkering ved bruhodet for å tilby overgang fra bil til bybuss.
8 Ny bussterminal i Giaeverbukta Bygge om bussterminalen, slik at den får større kapasitet og gir både buss og passasjerer enklere adkomst.
9 Bedre framkommelighet for busser langs Strandvegen Utvide veien og bygge kantstopp og fortau på begge sider av veien mellom Sydspissen og Bjørnøygata.
10 Ny sentrumsterminal og bedre forhold for gående og syklende i sentrum Bygge ny bussterminal og bedre holdeplasser i sentrum. Når flere bygater samtidig får fortau og sykkelfelt blir det enklere å komme seg til de nye busstoppene.
11 Kollektivfelt mellom Sjølund og Langnesbakken

Bygge cirka 300 meter langt kollektivfelt i nordgående retning langs Kvaløyvegen. Vegen blir samtidig bredere, og får sykkelveg, fortau og støyskjermer.

12 Ny bru over Tromsdalselva Koble busstraseen mellom Evjenvegen og Tromsdalen sammen. Samtidig skal veien utbedres på begge sider av Tromsdalselva.
13 Innfartsparkering på Berg Bygge innfartsparkering på Snuplassen på Berg for å tilby overgang fra bil til bybuss.
14 Kollektivknutepunkt i Kroken Forbedre vegene, fortauene og holdeplassene mellom Krokensenteret og Kroken skole for å gjøre busstrafikken effektiv oggi passasjerene bedre adkomst.
15 Bussveg mellom Hamna og Langnes Bygge adskilt bussveg mellom Hamna og Langnes.
16 Bedre framkommelighet for bussen langs Heilovegen Utvide veien og jevne ut stigningen i Heilovegen for å gi bussen bedre framkommelighet.
17 Sykkelveg med fortau langs Dramsvegen Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
18 Parker og lekeplasser, benker og kunst Gjøre Tromsø sentrum til en mer attraktiv plass for alle ved å oppgradere til sammen 63 ulike steder.
19 Sykkelveg med fortau langs Strandvegen Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
20 Sykkelveg med fortau rundt Nordspissen Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
21 Sykkelveg med fortau langs Ringvegen Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
22 Sykkelfelt med fortau i Hamna Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
23 Sykkelveg med fortau langs Kvaløyvegen Skille gående og Syklende fra Langnesbakken til krysset med Mellomvegen på Sydspissen. Her får syklister og fotgjengere hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
24 Sykkelveg med fortau i Tromsdalen Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
25 Sykkelveg med fortau langs Evjernvegen mellom Tromsdalselva og Tomasjordvegen Skille gående og syklende fra bruhodet i Tromsdalen til Evjenvegen og videre til Tomasjordvegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
26 Sykkeltrase over Tromsøya mellom sentrum og Langnes Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
27 Sykkelveg med fortau mellom Skjelnan og Kroken Skille gående og syklende langs fylkesveg 53. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
28 Sykkelveg med fortau langs Hansine Hansens veg Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
29 Sykkelveg med fortau fra Tromsdalen til Solligården Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
3O Sykkelveg med fortau langs Erling Kjeldsens veg Skille gående og syklende, som får hver sin dedikerte del av vegen. Dette gjør det enklere og tryggere å gå eller sykle.
31 Ny tunnel og hovedveg til flyplassen Bygge en ny tunnell gjennom Øya og ny veg til flyplassen. Det gir en rask og effektiv forbindelse mellom flyplassen og havna i Breivika. Da blir dagens «tverrforbindelse” mer attraktiv for gående og syklende, og bussen vil få langt bedre framkommelighet.
32 Kollektiv-, sykkel- og gangetiltak i Langnesområdet Bygge egne kollektivfelt for buss mellom Workinn og «tverrforbindelsen”. Samtidig skal fotgjengere og syklister få sykkelveg med fortau mellom Workinn og den nye rundkjøringa ved postterminalen og fra den nye rundkjøring mot internvegen. Det etableres også gang- og sykkelbru over «tverrforbindelsen», og egen sykkelveg med fortau fra Giæverbukta til Langnesbakken.
33 Nytt kryss nederst i ”tverrforbindelsen”

Koble sammen den nye internvegen på Langnes med Erling Kjeldsens veg, eller «tverrforbindelsen”. Krysset får også en ny arm sørover. Dette gir bedre trafikkflyt i et område som ofte har lange køer i dag.

34 Bedre veg mellom Gimle og Håndverkervegen Bedre Stakkevollvegen på strekningen fra Gimle til krysset med Håndverkervegen, med sykkelveg med fortau, og gi bussen bedre framkommelighet. Samtidig flytter vi fylkesvegen mot sjøen på strekningen mellom Gimlevegen og Nordøyavegen. Dette gir bedre løsninger for næringstrafikken.
35 Ny bru til Kvaløya Bygge ny boru fra Langnes til Selnes. Det gir bedre framkommelighet og kortere reisetid for gående, syklende, kollektiv og næringstrafikken. Samtidig får nødetatene bedre beredskap.
36 Miljø- og trafikksikkerhetstiltak i nedre Tromsdalen

Med en rekke ulike tiltak forbedre trafikksikkerheten for gående og Syklende og beboere i området. Samtidig blir bomiljøet bedre med støy- og støvreduksjon.

37 Redusere flaskehalser for bussen Fjerne ulike hindringer som forsinker bussen i dagens bytrafikk.
38 Holdeplasser langs metrolinjen Bygge og forbedre holdeplasser på strekningen mellom Langnes og Sydspissen, og fra sentrum til Breivika.
39 Bedre holdeplasser Forbedre holdeplasser i hele byområdet.
40 Fortau Bygge en rekke mye fortau på ulike steder i Tromsø for å gi fotgjengere bedre trafikksikkerhet, særlig i de eldste bo-områdene i byen.
41 Trafikksikker skoleveg Sørge for trafikksikre skoleveger, med blant annet fortau, belysning, fotgjengeroverganger og i noen tilfeller hjertesoner.
42 Varmekabler i fortau i sentrum Legge ned varmekabler i alle fortauene i sentrum, slik at fotgjengere kan gå tørt og sikkert i sentrum hele året.
43 Økt driftstilskudd til kollektivtrafikk Øke tilskuddet til bybussen, for å få flere avganger og nye rabattordninger.
44 Ladestasjoner for elbusser Bygge ladestasjoner for elbusser.
45 Gangtilgjengelighet holdeplasser Gjøre det lettere for fotgjengere å komme seg til bussholdeplasser, blant annet på nye snarveger.
Standard
Miljø,Troms og Tromsø

Bompengar i Tromsø

I Tromsø treng vi utbygging av vegar, gangvegar og sykkelstiar for rundt rekna 8 milliardar kroner. Dersom vi skal få staten til å bidra (med nesten halvparten) må vi og bidra sjølv. Derfor er det naudsynt med bompengar i Tromsø.

Korfor treng vi denne utbygginga, jau fordi byen veks og fordi vi må gjere vårt for å få ned klimagassutsleppa. Då må vi legge betre til rette for gåande, syklande og dei som tar buss. Likevel er det tenkt at 45% av pengane skal gå til vegar, 30% til bussane og 25% til sykkel-gang- og miljø- og trafikktryggingstiltak. Den fordelinga bør vi kanskje og diskutere?

Eg er ganske så sikker på at vi ikkje kjem utanom bompengar, eg er litt meir usikker på kva for eit av dei alternativa Statens vegvesen har presentert som er det beste.

Her kan du lese heile rapporten frå vegvesenet

Utgangspunktet mitt i denne diskusjonen er:

  • Så mange som mogleg må vere med å bidra

  • Det må vere ei rettferdig innkreving

  • Vi må ikkje straffe dei som er heilt avhengig av bil

  • Vi må redusere biltrafikken.

I utgangspunktet er dermed alternativ ein frå Statens Vegvesen utelukka. Som dokker ser av bildet så innebærer dette bommar på alle innfartsvegane til øya. Det medfører at dei som bur på fastlandet og på Kvaløya må bære den største byrda, medan bilistane på øya slepp å betale så lenge dei held seg på øya. Eg synst det er urimeleg fordi det blir skeivt kven som må betale, og fordi det er på øya det er enklast å bytte ut bilen med andre og meir miljøvenlege transportmiddel.

Dei seks ulike alternativa frå Statens vegvesen til kor bommane kan vere.

Dei seks ulike alternativa frå Statens vegvesen til kor bommane kan vere.

Alternativa vidare gjev eit stadig meir finmaska nett av bomstasjonar. I utgangspunktet liker eg alternativ seks best.

Det vil vere bomstasjonar ved overgangane mellom sonane. I alternativ seks vil 86 500 trafikantar vere med å betale. Tabellen for dei ulike alternativa ser slik ut:

Trafikantar som må vere med å betale

Aleternativ 1

46 000

Aleternativ 2

63 000

Aleternativ 3

77 500

Aleternativ 4

79 000

Aleternativ 5

82 500

Aleternativ 6

86 500

Ulempen med alternativ seks er at det er dyrare å sette opp. Kvar bomstasjon kostar pengar å sette opp og å drifte. I alternativ seks vil det vere bomstasjonar som knapt vil gje eit overskott til prosjektet. I alternativ seks er det 18 bommar, medan alternativ fem har 15 bommar. Eit meir finmaska nett av bommar vil og medføre at nokre vegar vil måtte stengast for biltrafikk. Også, eg skriv bom, men det vil ikkje blir ein fysisk bom tvers over vegen. I våre dagar går dette elektronisk. Du vil ha ein brikke i bilen som registrerer passeringa.

Kva vil det koste oss?

I utgreiinga frå Statens vegvesen er det foreslått at taksten skal vere 30 kroner i rushtida og 15 kroner ellers. Det er viktig å huske på at du ikkje vil betale i alle bomstasjonane. I løpet av ein time skal du berre betale ein gong, uansett kor mange bommar du passerer. Det er og lagt opp til at du maksimum skal betale for 80 passeringar i månaden og 20% rabatt med autopassbrikke.

Det betyr at i verste fall vil du få denne kostnaden:

80 passeringar * 30 kroner – 20% = 1920 kroner i månaden. Det kan komme til å merkast på økonomien.

Ein meir sannsynleg kostnad er denne. 20 arbeidsdagar * 2 passeringar à 30 kroner + 10 andre utanfor rushtid à 15 kroner – 20%. Det blir 1080,- kroner. Det er ikkje gratis det heller. Fordelen med dette er sjølvsagt at kvar einaste gong du syklar eller går så sparer du pengar. Men det er kanskje ei fattig trøyst for nokre av oss. Ein annan måte å sjå dette på er at alternativ seks er berekna til å gje ei inntekt på 3,8 milliardar over 15 år. Med 75 000 innbyggarar i Tromsø så vil det seie 3377,- per innbyggar per år.

Ja, det er ingen tvil om at dette vil koste pengar og at vi vil merke det. Eg trur likevel det er naudsynt, med omsyn til miljø og behovet for betre trafikkflyt i Tromsø. Det har og ein kostnad at vi ikkje gjer noko. Då vil vi halde fram med å ha kummerlege forhald for syklistane, køar for bilane og svevestøvet vil halde fram som før.

Eg vil gjerne ha dine innspel på alternativa som er presentert – eller kanskje heilt andre måtar vi kan gjere dette på.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard