Ikkje politikk, Litteraturforsøk

Kapittel 2 om Brombakkane

Første kapittel her

Då Aksion og Bonte vakna dagen etter var dei så svoltne at dei kunne ete ein hest, om det ikkje var for at ein hest er stor og ein brombakk er liten. Dei hadde eit problem. All maten deira hadde blitt øydelagt i stormen. Dei bestemte seg for å finne ein kafe der dei kunne få seg ein bit frokost.

Nede på hamna var det mange kneiper. Dei gjekk inn på ei av dei nærmaste, der var det lyst og triveleg. Eld på peisen og god lukt av bacon og egg. Kafeen var heilt full, ikkje eit einaste ledig bord, men ved eitt av borda sat det berre ein mann. – Unnskyld, er det ledig her, spurte Aksion. Han var den mest snakksalege av dei to. Mannen var hyggeleg, og dei sette seg ned og fekk mat servert. Mannen tørka baconfeitt av skjegget og fortalte at han var ørnetemmar. Dei fortalte at dei var på veg til India for å få tak i kanel til sjokoladen dei skulle lage, men ikkje heilt visste korleis dei skulle ta seg vidare. – Det er mangel på kanel over alt, sa mannen. – Ingen av dei andre som har reist for å få tak i meir kanel, er komne tilbake. Men de ser ut som staute gutar, kanskje de kan finne ut kva som har skjedd. Aksion og Bonte vart stille og såg bekymra på kvarandre.

– Kanskje eg kan hjelpe dykk eit stykke på veg, sa fugletemmaren plutseleg. Han fortalte at den største og sterkaste ørna hans ikkje kunne bære dei så langt som til India, men så langt som til Hellas kunne det gå. – Viss de kjem dykk til Himmelbjerget innan i morgon kveld så skal de få låne den ørna, sa fugletemmaren før han reiste seg og gjekk ut døra.

Aksion og Bonte heiv i seg dei siste restane av frukosten. Korleis skulle dei komme seg til Himmelbjerget med alt gullet på så kort tid. Da fekk Bonte ein ide. Dei måtte fange seg eit par mus, så kunne dei spenne mysa for ein slede, og slik komme seg avgarde.

Aksion gjekk og betalte for frukosten og kjøpte litt ost, medan Bonte sprang til båten for å hente tau.

Dei sneik seg ut i skogen. La ut osten som åte, rigga til ei felle og la seg til å vente. Det tok ikkje lang tid før den første musa kom snusande. Aksion drog i tauet og fanga den eine musa, Bonte sprang fram og gav musa litt ost og fekk sett på henne grime. Den neste musa vart fanga kort tid etter. Aksion og Bonte hoppa opp på kvar si mus og ridde smilande inn mot byen. Når dei nærma seg båten såg dei det var folk om bord. Tjuvar! Dei var i ferd med å stele gullet dei skulle kjøpe kanel for. Aksion sparka i sida på musa og sette full fart mot båten utan å tenke på at det kunne vere farleg. Bonte kom snart etter. Begge huia så høgt dei kunne og sette kursen rett mot røvarane. Måtte dei slåss? Nei, to av røvarane la på sprang den siste vart ståande rådvill på landgangen før han hoppa i det kalde havet rett før Aksion ville ridd rett over han.

Det vart kveld før dei hadde fått lasta gullet opp på ein slede bak mysene. Så la dei i veg gjennom den mørke skogen til fjellet der dei skulle møte ørnetemmaren og ørna. Trea stod høge, men månen lyste og mysene var sterke og raske. Etter nokre timar tok både Aksion, Bonte og mysene tok til å bli slitne. Dei måtte ha ein pause. Mysene somna der dei stod, og Aksion og Bonte la seg ned for å kvile litt.

Bonte vakna brått av nokre lydar frå skogen. Månen var forsvunnen bak nokre skyar. Det var blitt heilt mørk. Det einaste han såg var to lysande raude auge mellom trea. Forsiktig og stille vekte han Aksion og peika på augene eit stykke borte. Aksion tok fram kniven sin, medan Bonte forsiktig vekte mysene. Han kjente det var så vidt han kunne stå på føtene så ille skolv knea. Mus er, som du veit, ganske redde skapningar, og Bonte vart litt rolegare då han oppdaga at dei ikkje reagerte på dei to auga. Dei kom seg avgarde så fort dei kunne. Heldigvis hadde dei trollkompasset som gjorde at dei kunne finne vegen gjennom den mørke skogen.

Bak seg høyrde dei rasling og dei raude auga blenkte, nokre gongar nært, nokre gongar lengre unna. Endeleg tok det til å lysne, dei var komne til foten av fjellet og skulle starte på turen oppover fjellsida. Det gjekk sakte, gullet var tungt for mysene, og dei var slitne. Dei måtte stoppe. Då dei stoppa kom augene nærmare. Nå kunne dei sjå omrisset av ein skapning, større enn både Brombakkane og mysene. Skapningen kom hoppande mot dei, men snudde plutseleg og for opp over eit tre. Det var berre eit ekorn. Aksion stakk kniven i slira, og Bonte sette seg rett ned så letta var han. Ekornet var berre nyssgjerrig på desse raringane som reiste gjennom skogen om natta. Ho sat og såg på dei ei stund, og følgde etter når dei starta opp igjen. Dei hadde det travelt no, dei måtte nå toppen før morgonlyset kom. Mysene sleit og drog og Aksion og Bronte skuva på og tørka sveitten. Plutseleg kom ekornet, festa halen rundt sleden og drog, og på den måten gjekk det lett. Ekornet snakka på ekornspråket sitt heile tida. Aksion og Bonte snakka tilbake og takka for hjelpa, men ikkje skjønte dei ekornsk, og ikkje skjønte ekornet kva Brombakkane sa. Likevel var det hyggeleg. Nå var dei opp dei verste bakkane og nærma seg toppen. Nå var dei ikkje redde leger.

Plutseleg forsvann ekornet i full fart, akkurat som om ho hadde blitt skremt, og mysene ville ikkje dra meir nå. Dei stritta i mot. Aksion skjønte ingenting. Han prøvde å forklare mysene at nå var det berre litt igjen og da skulle dei få ostelønna si. Men mysene nekta. Da sto sola opp og dei fekk sjå den store ørna stå på toppen. Da skjønte Bonte kvifor mysene ikkje ville gå lenger. Mus var jo ørna sin favorittmat! Dei såg tunga spelte rundt i nebbet på ørna. Mysene stod heilt stive, ute av stand til å røre seg.

Ørna slo ut vengane og kasta seg mot dei, og nebbet klora borti snuten på mysene. Då såg dei kjettingen som gjekk frå ørna sin fot og til ein stor stubbe. Ørna nådde ikkje fram så ho fekk tak i mysene heldigvis.

———————————–

Kva skjer så?

Første kapittel her

Standard
Ikkje politikk, Litteraturforsøk

Historia om Aksion og Bonte Brombakk

Av ein eller annan grunn tok eg til å dikte ei historie for gutane mine her om dagen. Det var ingen bøker som frista. Det gjekk fint dei to første kveldane, men no treng eg hjelp til å fortsette. Kva skjer neste dag? Eg og gutane mine blir glade for hjelp. Eg trur kanskje dei reiser vidare med luftballong frå Himmelbjerget, men kven veit …

——————————————-

Brombakkane er eit lite folk, berre to centimeter høge. Dei finst over store delar av verda, og dei er i slekt med troll og menneske. Brombakkane bur i sand. Sandkasser er ein av favorittane. Der liker dei å bygge seg små sandhaugar. Inni desse sandhaugane bygger dei seg gangar og rom, og der … Det som kanskje er mest interessant for oss menneske er at Brombakkane lagar sjokolade. Derfor kan du jo spørre ein konditor eller ein sjoklademeister neste gong du treff ein om dei kjenner ein Brombakk, for mellom menneska er det desse som oftast treff ein Brombakk.

Brombakkane lagar sjokolade av honning og kanel – og dei lager den nydelegaste sjokoladen du kan tenkje deg. Dei snakkar sjølvsagt bi-isk og kjøper honning direkte frå biane. Dei betaler gjerne med sukker eller gull. Av og til hjelper dei og biene med å bygge bol. Kanelen får dei frå India. I India er det eigne klanar av Brombakkar som samlar inn kanel og sel denne til Brombakkar i resten av verda.

Aksion og Bonte Brombakk budde i Lofoten for mange år sidan. Det var før det fanst fly, bilar og motorbåtar. Eit år hadde det seg slik at alle Brombakkane i Lofoten var fri for kanel, og dei visste ikkje si arme råd. Dei einaste dei visste var at kanelen kom frå India og at India var svært langt unna.

Då alle var fri for kanel måtte nokon reise til India for å kjøpe meir kanel. Aksion var namnet til ein ung og modig Brombakkgut. Han hadde alltid vore eventyrlysten og funne på mange sprell. Han sa ja med ein gong. — Eg har aldri vore i India. Det landet skulle eg gjerne ha sett, neinte han. Aleine kunne han likevel ikkje reise. Han fekk med seg ein kamerat som heite Bonte. Bonte var nesten sprellete som Aksion. Det viktigaste var likevel at han kunne segle.

Same kvelden lasta dei båten for den lange turen. Dei lasta inn mat, sjokolade, alt det gullet Brombakkane i Lofoten hadde, mykje vatn og nokre reine truser og t-skjorter. Det var blitt tidleg morgon då dei var klare til å sette kursen mot India. Bonte ser ned mot kompasset og gjer seg klare til segle. — Aksion, utbraut han, vi har ikkje noko kompass!

Kompass hadde ingen tenkt på. Det var ingen Brombakkar i Lofoten som eigde eit kompass. Dei reiste jo vanlegvis ikkje så langt at dei trengte noko slik. Den einaste dei visste om i nærleiken som hadde kompass var trolla opp i fjellet.

Trolla i fjellet var svær, av og til snille og av og til slemme. Det var aldri godt å vite med trolla i fjellet. Men, trolla var glade i sjokolade. Kanskje kunne dei bytte til seg kompasset mot litt sjokolade? Dersom dei berre fekk snakka med trolla i fjellet før dei spiste dei. Det hendte at trolla i fjellet brukte brombakkar som krydder i suppa om ein traff dei på ein dårleg dag. Dei hadde ikkje noko val.

Aksion og Bonte pakka inn ein stor bit sjokolade. Gullpapir og fin raud sløyfe. Dei fekk hjelp til å laste den store sjokoladepakka på vogna. Dei spente for to mus og la i veg. Det var ein lang og strabasiøs tur opp til hola der Trolla i fjellet budde. Vegen var laga for troll, ikkje for brombakkar. Der trolla kunne gå lett og ledig var det djupe juv og bratte fjellveggar som brombakkane måtte passere.

Aksion og Bonte pusta djupt sju gonger, såg på kvarandre og så starta dei avgarde. Dei brukte lang tid på å nå opp til hola til Trolla i fjellet. Dei klatra i tau, balanserte langs bratte fjellskrentar, men fram kom dei til slutt. Dei klarte det medan sola enno var oppe. Då dei kom fram var døra til hola stengt. Ingen av dei hadde lyst til å forstyrre trolla, men inn måtte dei, ellers vart det ikkje meir sjokolade. Dei banka. Men ei trolldør er tjukk og og ein brombakk er liten. Det var ingen som kom og opna. Dei banka ein gong til – hardare. Ingenting skjedde. Dei prøvde å kaste stein mot døra, men det vart ikkje nok rabalder til at nokon kom og opna.

Aksion og Bonte såg rådlause på kvarandre. Det var Bonte som såg det først, over skuldra til Aksion. Det var ei lita sprekk i døra. Stor nok til at dei kunne komme seg inn, men umuleg å ta med seg sjokoladen inn. Dei pressa seg gjennom sprekka. Endeleg inne. Aksion hoppa høgt, eit valdsamt rabalder kom mot han. Han og Bonte kraup saman, klare til å springe ut. Først då skjønte dei kva det var – eit troll som snorka. Sakte lista dei seg over golvet. Eit troll som blir vekt er sjeldan snilt. Endeleg kom dei fram til ei skapdør. Dei sneik seg inn, og der var kompasset. Men så stort. Det var uråd for Bonte og Aksion å løfte, eller få med seg gjennom sprekka i døra. Ingen av dei hadde lyst til å ta sjansen på å vekke eit av trolla, spesielt når dei ikkje hadde noko sjokolade med seg inn for å blidgjere trolla.

Aksion kraup opp på kompasset. Nåla var ganske tynn og spiss. Kanskje kunne han klare å bryte av ein liten del? Han tok tak, brakk fram og tilbake. Med ein skingrande lyd brakk nåla. Dei høyrte eit av trolla røre på seg i senga. Aksion stappa nålebiten ned i ryggsekken og dei sprang. Bak seg høyrte dei lyden av troll som strekte seg og mumla. Bonte stupte gjennom sprekka i døra, Aksion rett etter med føtene først. Dei var ute, og sola var framleis så vidt oppe. Dei var trygge, ingen troll kunne følgje etter dei medan sola var opp.

Dei la igjen sjokoladen, dei ville jo ikkje vere tjuvar. Bak seg høyrde dei eit frykteleg brøl. Trolla hadde oppdaga dei.

Aldri før har ein brombakk sprunge ned frå fjellet så fort. Dei kom seg ombord, og heisa segla med ein gong. Dei var på veg til nye eventyr.

Då Aksion og Bonte seinare kom heim frå India fekk dei snakka med trolla medan dei var snille, og betalt for kompassnålbiten med meir sjokolade.

Dei fekk god bør ut Vestfjorden. Så snart dei hadde roa seg ned litt gjorde dei det alle smarte brombakkar gjer når dei skal ut langtur på havet – dei gjev ei gåve til kongen på havet, draugen. Draugen ror i ein halvbåt, som ikkje søkk. Han ser litt ut som eit troll, men har tang til hår og sjøgras til skjegg.

Det er ikkje så enkelt å gje ei gåve til nokon som ikkje er der, men Aksion og Bonte visste korleis det skulle skje. Dei bretta ein papirbåt og la ein av dei siste sjokoladebitane dei hadde i papirbåten. Så slepte dei båten ut på havet. Det spennande med å gje ei gåve til kongen på havet er at du aldri veit om kongen liker gåva før du treng hjelp frå kongen.

Aksion og Bonte hadde god bør sørover. Dei segla med god fart forbi Helgeland, over Stadthavet og forbi Bergen. Dei kosa seg i det gode vêret og fekk kvilt ut etter besøket hos trolla. Nordsjøen som var neste etappe skulle vise seg å vere ein annan skål.

Det blåste opp. Det vart kuling, det vart storm og det vart orkan. Aldri hadde Aksion og Bonte opplevd slikt eit vêr. Bølgane slo over båten, alt rista, vart knust og datt ned. Redsla starta å plage dei begge. Dei var redde for seg sjølve, men og for gullet dei hadde med. Det var all rikdomen Brombakkane i Lofoten hadde. Mista dei gullet kom det heilt sikkert til å gå galt.

Høgt over dei og raskare enn nokon hest kom den største bølga Aksion nokon gong hadde sett. Han stod ved roret stiv av skrekk. Båten kunne ikkje overleve noko slikt. Men båten, Aksion og Bonte overlevde. Det gjorde ikkje masta. Ho brakk som eit sugerør og forsvann, Båten var full av vatn. — Vi har ikkje noko val Bonte, ropte Aksion. — Vi må kaste gullet over bord om vi skal overleve.

Bonte rista på hovudet og peika. Aksion såg ikkje først kva han peika på, men midt mellom to bølger såg han det. Ein mann med tang til hår og sjøgras til skjegg kom roande mot dei. Aksion kjente han vart kald på ryggen, at knea stivna og armane vart veike. Når kongen på havet kjem skjer det alltid ein av to ting. Anten tar han deg med seg til sitt eiga land og du kjem aldri heim, eller så får du hjelp. Det var sjeldan hjelp og få.

Draugen kom nærmare og like før han var heilt inntil dei såg Aksion smilet. Tennene var lage av skjel og glinsa av gull og perlemor. Var det eit hyggeleg smil skal tru.

— Takk for sjokoladen, aldri har eg smakt så god ein sjokolade. Draugen løfta venstra handa. Bonte meinte han kunne høyre han mumla: — Hokus pokus, abrakadabra. Men sikker kunne han ikkje vere.

Plutseleg la bølgane seg. Det vart roleg på havet. Aldri før hadde Aksion og Bonte kjent sånn ei glede. Dei kunne enno skaffe kanel og lage meir sjokolade. Men korleis skulle dei finne ei ny mast midt på havet. Korleis skulle dei segle vidare. Draugen såg kva dei tenkte på. Han røska ut eit sjøgras frå skjegget sitt, løfta venstrehanda. Først svaia grasstrået forsiktig i vinden, så stivna det, så vaks det og vart langt som ei mast. Sakte flaut det gjennom lufta og la seg til ro i båten.

— Tusen takk, prøvde Bonte og stamme fram, det kom ikkje ein forståeleg lyd frå han. Aksion hadde det ikkje noko betre. Draugen berre smilte. Vinka. Då han rodde bort i ei valdsam fart synst dei at dei kunne høyre han seie. — Kom heim med kanel og lag meir sjokolade.

No kunne Aksion og Bonte bevege seg, men enno var ikkje faren over. Det å reise ei mast til havs er ikkje enkelt. Eit lite feiltak så kunne masta gå gjennom botn av båten og søkke dei like enkelt som ein storm. Aksion var rådvill. Han kunne segle, og han kunne eventyr, men dette? Bonte derimot var praktisk anlagt. Han rigga til ein heis av tau og motvekter av gull. Sakte kom masta opp og dei fekk ho på plass.

Då dei segla inn mot hamna i Esbjerg var det to trøtte karar som smilte stort til kvarandre. Utanfor menneskebyen Esbjerg fanst brombakkbyen Esbjerg. Den låg like utanfor menneskebyen og var bygd i stein, for brombakkane der bora i stein heller enn å grave i sand. Hamna til Brombakkane var ei hole i berget. Dei segla inn. Der var mange båtar, og mange brombakkar. Dei la til kai fortøyde og sovna begge to.

Kven dei møtte neste dag får du høyre om ein annan dag.

————————————-

Kapittel to her, takk for all hjelp og alle innspel

Standard