Gunhild Johansen
Feature, Internasjonalt, Sosialisme, Troms og Tromsø

Reis meir, Gunhild!

Gunhild Johansen

Det er viktig at Gunhild og andre i den politiske leiinga i Tromsø reiser ut og hentar inn informasjon, kunnskap og inspirasjon

Skal Tromsø vere ein holme i havet i arrogant einsemd, eller skal det vere ein viktig by i verda? For meg er det ingen tvil om at Tromsø skal vere ein viktig by i verda, at vi ikkje skal vere oss sjølve nok. Då må Tromsø ta vare på venskapsbyane våre, då må vi vere til stades i i Brüssel, då må vi lære av det som skjer andre stader i verda.

Eg er stolt over at vi har ein varaordførar i Tromsø som er interessert i å hente inn inntrykk utanfrå for å gjere byen våre betre, eg er stolt over at vi har ein varaordførar i Tromsø som tar ansvar for å pleie venskap med andre byar. Nokre av dei, som Gaza, treng verkeleg venskap både frå oss og andre.

Eg trur fleire i kommunestyret og i politisk leiing burde reise meir, at vi oftare burde sjå informasjon og diskusjon i kommunestyret om internasjonale tilhøve, helst utan at nokre parti marsjerer ut.

Tromsø blir påverka av det som skjer i Russland, USA, Kina, Latin-Amerika og EU. Vi har valet, skal vi melde oss ut av det som skjer i verda, eller skal vi delta? For meg og for SV er svaret enkelt.

Til sist, eg kan ikkje la vere å nemne ein liten ting. Blomseth seier til Nordlys i dag, 14.05.11 at dette viser at vi ikkje treng ein varaordførar i full stilling – dette frå mannen som vil innføre parlamentarisme i Tromsø og dermed opprette minst fem, og kanskje fleire fulltidsstillingar for politikarar i Tromsø. Parlamentarismen er utprøvd på fylkesnivået, og det er ikke tvil om at det fører til flere heltidspolitikere.

[poll id=»8″]

Standard
EU, Feature, Internasjonalt

Stakkars brüsselværingar

Belgia er eit plaga land. Då tenkjer eg ikkje på at dei ikkje klarer å skaffe seg ei regjering. nokre vil kansskje hevde at det er ein fordel for eit land. Eg tenkjer heller ikkje på at landet kan vere i ferd med å bli delt i to. derimot tenkjer eg på trafikken.

I tillegg til den vanlege trafikkorken som du finn i dei fleste store byar i verda er Belgia og Brussel plaga med at dei er EU-hovudstad. Det betyr besøk av utanlandske notabilitetar nesten kvar dag.

Det er sjølvsagt hyggeleg å få besøk, men når dei som er på besøk jagar vek lokalbefolkninga frå vegane. Det er heller ikkje slik at det berre er når statsleiarar kjem at du blir jaga av vegane. Også når ministrar og skarve statsekretærar møtes til uformelle møte skjer det noko på vegane.

Denne videoen tok eg på morgonkvisten i dag på veg inn til Brüssel. Hadde eg budd og jobba hadde eg nok blitt sur om dette skjedde til stadigheit, og kanskje nok eingrunn til at vi ikkje bør bli medlem i EU. Tenk deg situasjonen i Oslo dersom Noreg hadde formannskapet og til stadigheit måtte jage folk av vegane for å få plass til kortesjar av svarte bilar.

Standard