Bil og ugras
Feature, Kollektivtrafikk, Miljø, Troms og Tromsø

Den vanskelege debatten – om bensinpris og bussbillett

Bil og ugras

Vi må ha fridom til å la bilen stå. Foto: Harald Grovenhttp://www.flickr.com/photos/kongharald/

I dag kunne eg, og mange andre sjå på førstesida av Nordlys at ein partikamerat meinte at bensinprisen burde vere 20 kroner. Kva skal ein seie til slikt?

At han har heilt rett – i alle fall i byen.

Det er minst to innfallsvinklar til denne debatten

1. Bilen er viktig for velferden til folk, og naudsynt for å få barn i barnehagen, for at mor skal kome seg på jobb og ungdomen på trening eller korpsøving. Dessutan bensinen er dyr nok, bilavgiftane er høge og vedlikehaldet av vegane våre er elendig, sommar som vinter. Snart er det berre rikfolk som kan bruke bilen.

Eller

2. Klimaendringane er den største utfordringa vi står framfor. Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassar og må avgrensast, det gjer vi best gjennom pris. Dessutan er det bra for folkehelsa om fleire går og syklar, ungdomen blir mindre overvektig og vi slepp svevestøv og anna forureining som skadar folk. Vi treng heller ikkje legge meir jord under asfalt.

Begge desse innfallsvinklane er heilt rette. Både dei som hevdar 1 og dei som hevdar 2 har heilt rett.

Problemet er samansett. I dag er det for mange ikkje muleg å klare seg utan bilen. Bensinavgifter blir derfor ein rein skatt som det ikkje er muleg å unngå. Samstundes er det heilt rett at utan at vi legg store avgifter på biltrafikken lokalt, så er det ikkje muleg å bygge opp eit busstilbod eller gode nok gang og sykkelvegar til at barnefamiliar og andre kan velge å la bilen stå heime.

Høna eller egget?

Eg trur dessverre ikkje vi kjem utanom anten vegprising eller høgare bensinavgifter i byen. Dersom denne byen skal halde fram med å vekse kjem vi til å bli kvalt i vegar og eksos om vi ikkje får fleire til å velge buss, sykkel eller føtter. Vegprising gjer det enkelt å differensiere slik at dei som bur i distrikta og sannsynlegvis aldri vil få eit godt nok busstilbod slepp å betale.

Dersom vi skal gje folk fridom til å velge bort bilen treng vi inntekter til å subsidiere bussbilletten og sørge for at bussane går oftare. Vi treng eit betre vedlikehald av vegar, sykkelvegar og gangvegar sommar som vinter. Då trengst det inntektar.

Så kan vi sjølvsagt håpe at det skal drysse oljemilliardar nedover byen frå staten…

Eg trur dessverre vi må løyse problema sjølv.

[poll id=»4″]

Les Nordlys si sak her

iTromsø si sak her

NRK Troms si sak her

PS bilar som ikkje nyttar bensin eller diesel slepp avgift.

 

Standard