Feature, Politikk

Det susar i Sivet

Foto: Pål Berge/Flickr

Det susar i både i Hagen og Sivet for tida, og Framstegspartiet går fram på galluppen. Har forresten nokon undersøkt om namnet på det partiet er i strid med loven? Det må jo vere villeiande marknadsføring. Nåja dei fleste av oss har vel trass alt gjennomskoda namnet og sett partiet for kva det er. Vi andre (altså folk flest) har for lenge sida skjønt det Hagen antyder i VG i dag, at Siv Jensen ikkje er i stand til å styre landet. Måtte det gå opp for stadig fleire.

[mp3j track="susarisivet.mp3"] Her kan du høyre innlegget om du vil

Her i Tromsø kunne vi kanskje trengt ein fredsmeklar eller to. I avisane kan eg lese at samar i Tromsø no må skaffe seg hemmeleg nummer for å ikkje bli ringt opp og skjelt ut av tilfeldige og framande menneske. Er det rett før vi ser bustadannonasar i avisar med “Billettmerka: Ikkje samar”? Eg maktar ikkje å skjønne kva folk er redde for. Det er kanskje eit uttrykk for manglande fantasi frå mi side, det får eg heller berre leve med.

I tillegg til at vi plutseleg er blitt redde for alle som seier “buorre beivi” har vi og fått eit nytt politisk system i kommunen. Dei heiter parlamentarisme, så det må vel bety at kommunestyret er blitt eit parlament? Men det er eit underleg spetakkel vi har sett. Vi har altså skaffa oss seks byrådar med ei svært god løn, dei har skaffa seg seks rådgjevarar som heller ikkje er underbetalte. Ein skulle jo tru at dette ville gje desse byrådane eit slags behov for å rettferdiggjere løna si. Men, neida. I møta i dette nye parlamentet vårt kan dei knapt svara på eit einaste spørsmål. Dei sender administrasjonen fram for å svare for seg, medan dei sjølve sit tause bak i salen og twittrar, for eksempel “..oh, shit”

No er det for alt i verda ikkje noko galt med twitring, tvert i mot, men det bør vel ikkje erstatte at byrådane faktisk snakkar til og med kommunestyret? Ein skulle jo tru at byrådet klarte å skjønne dei heilt grunnleggande prinsippa for korleis parlamentarismen skal fungere?

Men, partiet med det villeiande namnet held i alle fall fast ved prinsippa sine, prinsippa om at alt det det offentlege gjer er galt, medan det private gjer er bra. Dette er sjølvsagt eit godt prinsipp for det gjer det enkelt å drive politikk. Ut frå dette prinsippet går alt frå galt til bra om det blir overført frå fellesskapet til private.

Og det er klart ingenting er verre enn dårleg mat. Dårleg mat er openbart galt, og dersom kommunen lagar mat er det derfor openbart at maten er dårleg, og det er galt. Då er løysninga sjølvsagt å la private lage maten. Og vi veit at det private gjer er rett, ergo må maten bli god. Det er heilt utruleg at ikkje alle andre har innsett det for lenge sidan.

Det første byråden for partiet med det villeiande namnet gjorde etter at han vart byråd og ikkje ville snakke til og med kommunestyret var å slå fast at maten til sjukeheimane i kommunen skulle konkurranseutsettast. Då blir det så smakfult, og kanskje blir det lågkarbo til alle.

Lågkarbo er kanskje ikkje løysninga på eurokrisa, men kanskje kunne løysninga vere å erstatte euroen med smør, etterspørselen etter smør er vist større enn etterspørselen etter euro for tida? Men, det er klart , medan den europeiske sentralbanken kan men ikkje vil løyse krisa gjennom å trykke fleir pengar er det vanskeleg å trykke meir smør, sjølv om ein smør tjukt på.

Det er likevel ganske utruleg at innbyggarane i Italia og Hellas aksepterer at demokratiet blir sett til sides og at dei må ta heile rekninga for krisa, slik at dei franske og tyske bankane skal sleppe tap. Då blir vel løysninga at vi får kjøpe enorme mengda olivenolje for å vege opp for mangelen på smør og fløyte.

Det kan bli ein interessant julebakst.

 

Standard