Sosialisme, Troms og Tromsø, Utdanning

Tilgang på kunnskap

Aldri før har vi hatt større tilgang på kunnskap enn no. Internett har opna dørene til uante nye kunnskapskjelder. Det er kanskje berre ein type kunnskap som ikkje er blitt meir tilgjengeleg dei siste 20 åra, kunnskapen som finst på norske universitet.

Ja, eg veit eg spissformulerer meg. Kanskje i urettferdig stor grad (Til dømes blir det jobba bra på Uvett). Men Der dei store internasjonale universiteta gjer kunnskapen sin tilgjengeleg for alle, gjer norske universitet dette i for liten grad. Der ein internasjonalt ser store nye marknader sit dei norske universiteta i stor grad i ro.

Eg har vore opptatt av dette spørsmålet lenge. Studiesenteret.no er ein av dei aktørane som prøver gjere noko med dette i Noreg, der eg har gleda av å være vara til styret. Dagleg leiar Lars Utstøl seier på bloggen sin (les den):

Noe som ikke passet inn (enn si passet seg:-). I bunn og grunn er det vi har gjort  en god offentlig samhandling (mellom kommuner, fylker og høgskoler). Som fungerer i praksis. Vi har ganske “enkelt” prøvd å reorganisere tilgangen på høyere utdanning gjennom noen “enkle” prinsipper

Universiteta og høgskolane har i alt for stor grad vore nøgd med å tilby desentralisert sjukepleiar og lærarutdanning. Dette har vore viktig, men ikkje revolusjonerande. Det er eit heilt grunnleggande viktig poeng at bur du nær eit universitetscampus så har du større og billigare tilgang på kunnskap enn alle andre. Dette er det mogleg å gjere noko med om vi berre vil. Det er mogleg å trekke kunnskapen vekk frå Campus.

The Economist hadde ein artikkel i juleutgåva si som tok opp dette. Les heile, men det viktige poenget er:

Now online provision is transforming higher education, giving the best universities a chance to widen their catch, opening new opportunities for the agile, and threatening doom for the laggard and mediocre.

Dette samsvarer og med prorektor Curt Rice sin ståstad på twitter:

jo, men spørsmålet er hvilke institusjoner kommer til å forstå dette tidlig nok til å ikke tape mange studenter og posisjon.

Eg meiner vi bør sette oss eit mål om å sprenge veggane rundt kunnskapen som finst på Universitetet i Tromsø. Dersom Universitetet i Tromsø skal vere for og til heile landsdelen så er eit opent universitet måten å gjere det på.  Eg meiner at fusjonen mellom Høgskolen i Finnmark og Universitetet bør ha dette som eit mål. Universitetet skal kunne tilby ALLE sine kurs ved alle dei nye campusa. Studentar skal kunne vere på forelesningar, delta i seminargrupper og vere med i kollokvie utan å reise til Tromsø.

Dette vil vere eit steg i retning av å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, og til ein pris alle kan betale. Så trur eg at vi må reversere noko av det som skjedde då bacheloren og masteren vart innført. Det må igjen bli mogleg å lese og studere på eiga hand for dei som vil og kan det, utan å måtte vere ein del av dagens regime med innleveringar oppgåver og tilstadevering. Det vil ikkje passe for alle, men korfor skal vi ha eit system? Kan ikkje kvar einskild av oss få lære slik vi gjer best, eller slik livssituasjonen vår gjer vi kan? Kanskje kan vi få eit systemmangfald som er tilpassa at folk er ulike?

 

Standard