Det å ha ungar er interessant. Oppveksten til ungar no er ulik den oppveksten eg hadde. Eg trur det meste er betre no. Dataspela er artigare og betre, det er fotballtrening om vinteren og skolen er betre, trur eg, men det er ein ting eg ikkje forstår. Korleis kan det ha seg at det er artigare å sjå videoar på youtube av nokon som speler, enn å spele sjølv? Eg veit ikkje om det berre er mine som er slik, men sjåartala tydar ikkje på det.

Videoane der Addexio speler minecraft har mange titusenvis av visningar på youtube, og dette er på norsk og for det meste norske ungar og ungdomar som ser på. Han har no godt over 20 000 kanalabonementar. Meir enn dei fleste avisane i dette landet vårt. Det er heller ikkje små korte snuttar som blir vist. Videoane varer mykje over 20 minutt, mange av dei.

Eg kan forstå at om noko er vanskeleg, så sjekkar du ut ein video for å finne ut korleis du kjem deg vidare. Men, å bruke timar på å sjå andre spelar?

Kan nokon forklare? Eller er det så enkelt at eg er blitt gamal?

 

 

Feature, Ikkje politikk

NRKSUPER og Superia – supert av NRK

Utsyn over spelelandet Superia

Utsyn over spelelandet Superia

Begge gutane mine er hekta på eit dataspel som heiter Superia. Dette er eit spel ein kan laste ned frå NRK. Eg trur dette, og mykje anna NRK gjer på NRKsuper.no kan vere ein genistrek av allmennkringkastaren.

Med dette spelet har NRK fått til eit samspel mellom tre plattformar på ein svært god måte. Du kan laste ned og spele Superia, du kan diskutere Superia på NRK sine sider og på søndagane kan du sjå på TV og lære nytt om Superia – og ikkje minst – få omtale på TV om du har vore flink i spelet. Dette kan vere eit viktig steg for NRK for å halde på barn og ungdom, og ein måte å vere allmennkringkastar i ein ny digital kvardag. NRK har og klart å utnytte gode sider ved ulike kanalar. I spelet kan du lage teikningar, animasjonar og musikk som du sender inn til NRK og kanskje få vist på TV. Samspelet mellom ulike kanalar er bra.

I tillegg er Superia artig for oss foreldre. Inni spelet dukkar det opp småspel som mange av oss vil huske frå eigen barndom, variantar av Boulder Dash, Jetpack og Space Invaders og Donkey Kong gjer det heile til ei god retrooppleving.

Så kan ein godt stille spørsmålet; vil eg at ungane mine i ein alder av fem år skal bruke mykje tid på dataspel? Eg har ikkje svaret, det er ingen tvil om at dei synst det er artig, at det er god trening i finmotorikk og tildels tvinger dei til å tenke, men fysisk aktivt er det jo ikkje.

Har du tankar om dataspel og ungar? Kor mykje tid bør dei bruke på det?

Standard