Feature, Internasjonalt

Fotball og fred

I samband med fotball VM i 2010 skulle det vore arrangert ein fredskonferanse no.

I dag spelte det norske landslaget i fotball vennskapskamp mot det sør-afrikanske landslaget og kampen vart overført direkte på TV. Jacob Zuma, som er leiar av ANC, og president Monlanthe var begeistra til stades og helste på nordmennene etterpå, men dei kunne gratulere sine eigne. Det var dei som vann 2-1 over nordmennene.

Eg kan ikkje seie at eg er så inne på dette med fotball, men eg kunne sjå at sør-afrikanarane spelte veldig artig fotball, dei var raske, dribla mykje og var klart veldig gode teknisk. Dei lange ballane til Drillo-fotballen var kjedelege i forhold.

Det var i samband med denne vennskapskampen at the Soccer World Cup peace conference skulle ha vore nå i helga. Zuma og Monlanthe har framleis forklaringproblem etter at Desmond Tutu og FW de Klerk trekte seg og konferansen vart utsatt. Dalai Lama har ennå ikkje fått visum.

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika.

Standard
Feature, Internasjonalt

Dalai Lama – uønska i Sør-Afrika

Nettopp landa i Cape Town igjen etter 3 vintermånader i Norge, kastar eg meg over avisene for å prøve fange opp kva som går føre seg for tida. Reknar med at det er innspurten til valet 22.april som pregar avisene, men det er det ikkje.

461px-dalai_lama_1430_luca_galuzzi_2007crop

Den 14. Dalai Lama vart nekta adgang til Sør-Afrika. Foto: Luca Galuzzi - www.galuzzi.it/Wikipedia

Nei, her er det side opp og side ned om Dalai Lama som har blitt nekta visum til Sør-Afrika for å vere med på ein fredskonferanse i samband med Fotball VM i 2010. Så langt har eg ikkje sett ein artikkel som forsvarar den avgjerda. Den eine etter den andre er skamfulle på den sør-afrikanske regjeringa sine vegne og minner om at det er ikkje så lenge sidan det sør-afrikanske folket fekk nyte godt av international solidaritet og støtte i kampen mot apartheid. Men her er det tydeleg at regjeringa syns dei har meir å vinne på å halde seg til venns med Kina og ikkje på nokon måte utsette seg for skurr i det forholdet.

I følgje Cape Times har finansminister Trevor Manuel mistenkeleggjort Dalai Lama sitt motiv for å kome til Sør-Afrika. Han samanliknar Tibet med Taiwan og seier denne «Bambien» eller «Guden» er like mykje ein feudal lord og politisk leiar som har etablert ei ulovleg exilregjering.

Fredskonferansen er utsatt på grunn av dette. Det blir spennande om andre fredsprisvinnarar som Desmund Tutu, Nelson Mandela og de Klerk møter opp når den tid kjem at konferansen skal arrangerast.

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika. Dette er første innlegget.

Standard