Feature, Internasjonalt, Politikk

Mindre fridom i 2008

Freedom House er ein amerikansk organisasjon som måler fridomen i verda. Dei måler fridom i form av politiske rettar og ytringsfridom. Målt etter desse kriteria var verda i 2008 mindre fri enn foregåande år. Det er tredje året på rad at pila peikar nedover. Eit av dei landa som skårer dårlegare år for år er Russland.

fridom

Fridomen har blitt redusert iverda dei siste åra. Det gjev ei utfordring til oss alle. Foto: HORIZON/Flickr.com

I følgje Freedom House er trenden mest negativ i den tidlegare Sovjetunionen og i Afrika sør for Sahara. I Sør-Aust Asia peiker pila i rett retning. Arch Puddington skriv i oppsummeringa av undersøkjinga:

Significantly, the countries that have been most aggressive in suppressing political opposition and civil society either showed no evidence of positive change in 2008 or— as with Iran, Russia, Zimbabwe, and Venezuela—demonstrated enhanced anti-democratic tendencies.

For oss er det spesielt viktig å vere merksam på det som skjer i Russland. Rapporten peiker på den sentraliseringa av makt som skjer i Russland – til Moskva og til ein liten klikk i Moskva. Eg har tidlegare skrive om utfordringane for småsamfunna i Russland.  Rober t W. Orttung skreiv i 2007 om dette i landrapporten om Russland:

In an era of centralization, local government in Russia remains an afterthought. Putin used his power to appoint governors to shore up his political support in advance of the State Duma elections. Mayors are increasingly dependent on governors and the rest of the political hierarchy. The federal government has returned to a process of signing treaties with some regions, suggesting that federal laws do not apply equally to all. Chechnya has achieved relative calm, but at the cost of continued suppression of civil and political liberties. At the same time, violence continues to plague neighboring Dagestan and Ingushetia. Russia’s rating for local democratic governance remains at 5.75 because centralizing tendencies remain strong, denying the population much tangible influence in the conduct of local affairs.

Vidare peikar han på statsmakta si kontroll med media, vanskelege kår for uavhengige organisasjonar, politisk manupulasjon med domstolane. Dette er ein trend ikkje berre for Russland. Det er ikkje eingong verst i Russland. Men, heile den gamle sovjetunion minus dei baltiske landa er no noko av der verste området i verda for demokrati, ytringsfridom. Freedom House skriv:

Conditions in the non-Baltic former Soviet Union have deteriorated to the point that the area ranks at the very bottom on a number of indicators measured by Freedom in the World. Its average political rights score has dropped sharply over the past three years and is now worse than that of any region, including the Middle East and North Africa.

Freedom House peikar på at Afghanistan som eit land som har bevega seg spesielt sterkt i retning av mindre fridom i 2008. Afghanistan er reklassifisert frå delvis fritt til ufritt. Då kan det vel vere lov å sette spørsmålsteikn ved om det norske (og NATO og USA) sitt nærvær i Afghanistan er med på å bevege landet i rett retning. Innafor viktige område som ytringsfridom og politiske rettar er det ikkje slik – i flgje denne rapporten.

I 2008 var det 89 frie land i verda, eit mindre enn i 2007. I desse 89 landa budde 46 prosent av folka i verda. Det var  62 delvis frie land, to fleire enn i 2007. Desse landa representerer 20 prosent av folkesetnaden i verda. Dei resterande 42 landa blir rekna som ufrie. Desse landa representerer 34 prosent av alle folk på jorda. Halvparten av alle desse bur i Kina.

I 2008 var det 119 land som var demokrati i den forstand at det blir avholdt val. Det er to mindre enn året før.

På eit oversyn som det Freedom House her lagar kan ein alltid diskutere tilhøvet mellom ulike rettar. Delar av venstresida har til tider unnskyldt særleg Cuba for overgrepa mot meiningsmotstandarar. Det blir peika på godt helsevesen og lite ulikskap. Det er rett og viktig, men kan aldri unnskylde mangel på demokrati og manglande rett til å uttrykke og diksutere meiningar og fakta.

Standard