Politikk

Gjer Stortinget til ein betre reiskap for folk

image

Olemic Thomassen kan vere med på å gjere Stortinget meir tilgjengeleg for folk. Foto: Johannes Jansen/norden.org

Olemic Thommessen skal bli ny stortingspresident. Han har saman med resten av presidentskapet moglegheit til å gjere Stortinget til ein betre reiskap for det norske folket.

Noreg er eit sentralstyrt land.

Stortinget, departementa, dei tunge organisasjonane, lobbybyrå og dei store politiske redaksjonane ligg i Oslo. Dei kretsar rundt eit ganske lite miljø. Stortinget er kanskje den institusjonen som vi lettast kan endre på for å gjere noko med dette. Stortinget er og, som folket sine direkte representantar dei som lettast burde sjå dette problemet og gjere noko med det.

Tilgang til den statlege makta i form av Storting og regjeringsapparat gjer det naudsynt for alle andre å vere tilstades i Oslo. Kunne vi spreidd den direkte statlege makta, kan vi og spreie dei som gjev innspel og styrer denne makta gjennom å vere med å sette dagorden.

På mange måtar vill ei spreing av departement utover landet vore det beste og enklaste grepet. Eg synst det er ein god ide, men det er ein langsam og tung prosess. Det ville uansett berre bli eit eller to departemnt som ville blitt flytta på enden av ein slik prosess.

Eg trur ein enklare måte ville vere å endre Stortinget sin arbeidsmåte. Ein enkel måte er å gjere annakvar veke møtefri. Det vil gje representantane høve til å vere heime i det miljøet dei skal representere i alle fall halve tida. Eg trur kvar ein bur og kven ein snakkar med har betydning for kva ein meiner og kva ein legg vekt på. Kven du treff på butikken, kva for ei avis du får levert på døra om morgonen og kva distriktsprogram du høyrer på radioen og ser på TV påverkar deg. Det gjeld og stortingsrepresentantar.

Dersom dette skulle fungere etter intensjonen må det gjelde meir enn berre stortingsrepresentantane. Det må følgjast opp med at Stortinget pålegg representantane å ha lokale kontor. I tillegg er det slik at Stortinget betaler for omtrent ein rådgjevar til kvar Stortingsrepresentant. Det må bli ein føresetnad at desse jobbar og har kontoret sitt lokalt, ikkje på Stortinget. Dei lokale kontora kunne Stortinget med fordel leigd på det lokale rådhuset, eller lagt til lokale statlege institusjonar som NAV. Med eitt ville fleire ha tilgang til dei politiske prosessane. Det ville gjere lokal- og fylkesavdelingar av andre organisasjonar potensielt viktigare og kunne bidra til ei maktendring vekk frå sentralleddet også i desse.

Ein måtte sjølvsagt sørgja for at alle desse nye kontora hadde tilgang til moderne og krypterte videosamband slik at det er mogleg å delta i partiinterne møte utanå vere i Oslo. Slik ville ein og kunne ha komitemøtar utan at alle var samla i Stortingsbygninga.

Kva er argumenta mot ei slik ordninga? Eit av argumenta vil kunne vere at Stortinget kunne bli svekka som diskusjonsarena og stad der meiningar møtest og brynest mot kvarandre når representantane sjeldanare er samla. Eg vil hevde at Stortinget i liten grad fungerer slik. Det er liten grad av diskusjon. Den foregår andre stader. Det som foregår i det offentlege er skodespel og førehandsskrive. Den reelle debatten går føre seg i media og bak lukka dører. Det er ikkje eit tap om vi får mindre av det skodespelet som vi ser i stortingssalen.

Eit argument mot kunne vore kostnaden. Det meiner eg er eit dårleg argument. Først og fremst fordi kostnad ikkje er eit godt argument mot eit betre demokrati, men og fordi at om ein flyttar mange av rådgjevarane ut av Stortinget ville store kontorlokale sentralt i Oslo bli tomme. Sal av desse bygningane ville sannsynlegvis dekke kostnaden med lokale kontor rundt i landet.

Eit tredje argument er at dette vil verke motsatt av det eg håper. Avstand vil gjere at regjeringa og departementa ville få friare hender og partileiinga ville få sitte i fred og kokkelure. Eg trur ikkje det ville skje, fordi Stortinget trass alt ville vere samla annkvar veke. Om det ikkje er spørretime kvar veke gjer ikkje kontrollen med regjeringa dårlegare.

Alt i alt meiner eg dette er verd eit forsøk. Blir du med på forsøket, Olemic?

Standard