Tyskland mot høgre – som resten av Europa?

799px-Angela_Merkel_(2008)
Angela Merkel er kjedleg men trygg. Foto: Wikipedia Commons/http://de.wikipedia.org/wiki/Benutzer:א

Valet i Tyskland fekk på mange måtar det motsette resultatet av valet i Noreg, høgresida vann, men dei grønne og raude partia hadde framgang. Då er resultatet i Noreg trass alt det beste, sjølv om det er sår i SV-hjartet mitt enno.

Det partiet i Tyskland som står SV nærmast er Die Linke. Dette er eit parti som er fusjonert av utbrytarar frå sosialdemokratiet i vest og det gamle kommunistpartiet i aust. Det er ikkje mykje att av det gamle kommunistpartiet sin politikk (heldigvis). Die Linke har profilert seg på krigsmotstand, velferd og rettferd.  Ser vi derimot på fordelingane av røystene i aust og vest så er det ekstremt tydelege skilnader.

dielinke
Det er ikkje vanskeleg å sjå kor grensene til det gamle DDR gjekk på dette kartet som viser valresultatet til Die Linke. Mørkare lilla er eit betre resultat. Kjelde: Frankfurter Algeime

Bård Vegar Solhjell skriv på bloggen sin:

Det tyske valet viser kor vanskeleg det kan vere å vere juniorpartner i ei Regjering utan å ha topposisjonen. Sjølv eit stort sosialdemokratisk parti slit i ein sånn situasjon, ikkje berre SV. Men SPD sin tilbakegang er ulik SV sin.

SV tapte til AP, ikkje til utfordrarane på utsida (Rødt og Venstre). SPD tapte derimot til den raudare og grønare opposisjonen.

I Tyskland framsto og Angela Merkel som den einaste reelle kanslarkandidaten, litt som Stoltenberg var den einaste reelle statsministerkandidaten i Noreg ved valet no. Han framsto med karisma og tyngde. Tyngde har Merkel og, men kanskje ikkje så mykje karisma?

Isn’t Angela Merkel’s lack of charisma amazing? A friend and I recently went down the list of G20 leaders and concluded that she was the single most boring individual on it. It’s sort of awesome that someone so utterly dull can be elected the leader of a major liberal democracy in the 21st century. And not just once, but twice! Fantastic!

Skreiv Douglas Muir på bloggen «A fistful of Euros» Det kan jo vere godt å vite for nokon og einkvar. Kjedeleg kan vere bra. Alle rapportane tyder på at valkampen i Tyskland har vore kjedeleg. Jörg Wolf i «The Atlantic Review» meiner Tyskland treng ein Obama. Han seier at tyskarane var veldig interessert i valkampen i USA, men liten interesse for eige val. Han siterer ein artikkel frå «The New York Times»:

The voter apathy is well documented. The polling company Forsa said that 84 percent of the more than 1,000 people they surveyed recently found the election boring. Of those, 38 percent said the campaign was “absolutely not interesting and exciting,” versus 46 percent who found it somewhat uninteresting and unexciting. Only 1 percent found it “very interesting and exciting.”

Eit lite kjent faktum om det tyske valet er at aldri før har det vore så mange førstegongsveljarar som i år. Det hadde ikkje eg trudd, vi høyrer så mykje om låge fødselstal og forgubbing i Tyskland. Men «der Standart» skriv:

Noch nie zuvor waren in Deutschland so viele Erstwähler zur Bundestagswahl aufgerufen wie in diesem Jahr. Nach Angaben des Bundeswahlleiters können am 27. September rund 3,5 Millionen Deutsche erstmals ihre Stimme abgeben.

Kanskje kan dette vere noko av grunnen til at Dei Grønne og Die Linke gjorde det så bra?

Dette valet viser at Europa ikkje er i ferd med å gå mot venstre, slik ein kanskje kunne trudd i etterkant av finanskrisa. Høgresida styrer no dei fleste store landa (Italia, Tyskland, Frankrike, Polen) eller er i ferd med å kunne vinne neste val (Storbritannia).

Det interessante spørsmålet etter valet i Tyskland og ein sannsynleg siger for høgresida i Storbritannia er; kva konsekvensar får dette for EU?

Eg trur dette vil føre til meir proteksjonisme på vegne av dei store selskapa og meir liberalisering  for den vanlege mann. Kva trur du? Kommenter gjerne.

Dagbladet skriv om valet her.