Feature, Ikkje politikk

Drosje i Oslo

det er ikkje alltid ein kan stole på drosja i Oslo. foto: Eirik Solheim

Den første veka etter at eg fekk familien med meg til Oslo hadde vi fleire utfordringar. Den største utfordringa var noko så prosaisk som å få ungane til og frå barnehagen.

Vi har fått oss bustad på Frogner, og det er ingen ting å seie på bustaden. Vi har fått oss barnehageplass i Telthusbakken, og det er berre bra ting å seie om barnehagen. Dermot er det ikkje mykje bra å seie om korleis ein kan komme seg på tvers av byen med kollektivtrafikk og tre ungar på slep. Det er det nesten uråd å få til utan å bruke nesten ein time med gåing, bussing og trikking. Det synst i alle fall ikkje eg er artig, og ungane synst ikkje det var artig, verken morgon eller kveld. Det vart derfor til at vi brukte litt drosje den første tida. No har eg fått både bil og sykkel nedover så ting er blitt mykje enklare. Densykkelmotoreen eg eingong investerte i er gull verd når eg skal frakte tre ungar. To i vogna og ein bakpå. (sykkelmotoren har eg skrive og snakka om her og her) Men til tema.

Det å bruke drosje var ikkje enkelt. Det verste tilfellet var ein dag eg kom litt seint i barnehagen. Først kvart på fem var eg der. Planen var at vi skulle sykle, men på veg til barnehagen kila kjeda seg fast og drosje var einaste mulegheit. Basert på tidlegare erfaringar hadde eg mine tvil då eg ringte. Sørvisen har ikkje akkurat vore rask her i tigerstaden. Eg måtte likevel ringe Oslo taxi og be om bil med plass til ein vaksen og tre ungar. Det skulle dei ordne, men det kunne ta lit tid. Illevarslande med tre trøytte ungar og mange kuldegradar ute.

Vi tøyde tida med å kaste snøball på blink og leike sjørøvar. Det var ganske så triveleg, men når det hadde gått ein halv time tok vi til å bli både utolmodige og svoltne. Eg ringte og purra. Dette skulle dei ordne fekk eg høyre. Det gjekk eit kvarter til før dei ringte tilbake og sa dei ikkje var i stand ti å skaffe bil til oss. Humøret var ikkje på topp.

Eg må innrømme at eg vart ikkje så lite overraska. At det som eg vil tru er den største drosjesentralen i Noreg ikkje klarer å frakte tre barn og ein vaksen er smått utruleg.

Heldigvis hadde kona rekt å komme seg tilbake til Oslo frå Dammen der ho hadde henta bile. Den hadde vi frakta frå Tromsø med tog, så vi vart berga litt over ein time etter at eg først bestilte bil frå Oslo taxi, og ikkje av Oslo taxi.

Er det andre som har ei drosjehistorie som de vil dele i kommentarfeltet?

Standard