Feature, Ikkje politikk

Trist om det er sant

Foto: Bruce Irving/Flying Singer på Flickr

Skal menneskeslekta busette seg på ny planetar. Skal vi hente verdiar ut av dette solsystemet – og fleire? Eg håper det, og eg trur det. Eg trur vi har enormt mykje å lære der ute, eg trur vi har enorm verdi av å redusere risikoen for menneska og dyr og plantar på jorda gjennom at vi ikkje er avhengige av berre ein planet. Derfor må eg må innrømme det, eg vart trist då eg las leiaren i siste nummer av The Economist. Der argumenterer dei for at romfartsepoken snart er slutt.

Leiarskribenten skriv:

The future, then, looks bounded by that new outer limit of planet Earth, the geostationary orbit. Within it, the buzz of activity will continue to grow and fill the vacuum. This part of space will be tamed by humanity, as the species has tamed so many wildernesses in the past. Outside it, though, the vacuum will remain empty. There may be occasional forays, just as men sometimes leave their huddled research bases in Antarctica to scuttle briefly across the ice cap before returning, for warmth, food and company, to base. But humanity’s dreams of a future beyond that final frontier have, largely, faded.

The Economist meiner og argumenterer godt for at ingen vil betale for å reise til Mars, eller til Saturn sine ringar for ikkje å snakke om enno lenger. Dei seier at det framleis vil vere auka bruk av det nære rommet. Til satellittar, overvaking og kanskje våpen, men at tida for dei store draumane om det ytre rommet er over.

Eg trur dei har rett i at det nære rommet vil bli viktigare og viktigare, men eg trur og håper at dei tar feil om det andre. Det kan ikkje vere slik at menneska sin draumar om nye stjerner og nye breidder ikkje lenger er ei drivkraft i oss.

Eg trur denne drivkrafta er så sterk at ho vil overvinne dei reine økonomiske betraktningane. Eg veit ikkje om det blir amerikanarane, kinesarane eller vi nordmenn som tar hol på oljefondet og kjem først til Mars, men eg er heilt sikker på at menneska vil reise, vil reise lenger, og at dei kvite flekkane på stjernekarta vil bli borte.

 

 

Standard