Internasjonalt

Millitærkuppet i Egypt

tahrir_egypt

Frå demonstrasjonane i 2011 då diktatoren vart kasta. Foto: Maged Helal

Mursi var ein dårleg president for Egypt. Han skapte splid og ikkje samhald i eit land som trengte å stå saman. Han forsøkte å gje majoritetsreligionen fordelar og innføre reglar som mange folk og minoritetsreligionane ikkje ville ha. Han var ikkje i stand til å skape økonomisk framgang for folk. Han prøvde å innføre ein ny grunnlov utan tilstrekkeleg vern for minoritetar. Det er med andre ord eit uttal grunnar til at han burde blitt kasta av folket i neste val.

Men, for meg er “i neste val” det avgjerande punktet her. Det er dessverre litt for mange som jublar for kuppet berre fordi vi misliker mannen kuppet er retta mot. Dersom vi først er for demokratiet må vi og vere for det om dei som blir valt gjer ein dårleg jobb og står langt frå oss politisk.

Derfor meiner eg Henrik Thune prøver seg med ei forfina omskriving når han seier til Aftenposten:

Thune kaller fjerningen av Mursi «et demokratisk kupp», der hæren har bistått.

– Det er en konsekvens av at den demokratiske prosessen har gått av sporet det siste året, noe som er begge parters ansvar, sier Thune til NTB.

Så kan eg godt vere samd med Thune i at den demokratiske prosessen har gått av sporet. Mursi og det demokratiske brorskapet har ikkje vore interessert i ein dialog med opposisjonen. Men, sanneleg opposisjonen har heller ikkje lagt til rette for ein god prosess.

Eg er glad for at den norske regjeringa har tatt ei litt meir prinsippiell tilnærming til det som har skjedd.

Når no det kjem meldingar om fengslingar av journalistar og politiske motstandarar så teiknar det ikkej bra for det styret Mansour skal stå for, på det millitære sine vilkår og med deira “legitimitet” i ryggen

 

Standard
Support freedom visiy egypt
Internasjonalt

All inclusive

Eg har vore på ferie. Ei herleg veke i Egypt, med kone, barn, sol og varm badevatn. Betre kan det knapt bli, men som den gode sosialisten og pietisten eg er, er det alltid minst eit aber.

Det var Bjørnson som i skodespelet «Kong Sverre» lot ein av karakterane seie:

Hver Glædesstund, du fik paa Jord,
betales maa med Sorg.
Om flere følges ad, saa tro,
de gives kun paa Borg.

Sorga ligg i at «All inclusive» konseptet som er ganske fantastisk for ein barnefamilie som berre skal ha ei veke avslapping ikkje er like bra for den regionale økonomien. Nokre hevdar at berre 10 prosent av det du som turist brukar hamnar i den regionale økonomien. Resten forsvinn ut.

Det hotellet vi budde på i Hurghada er eigd av ein av dei rikaste mennene i Egypt. Det er han som fekk fortenesta ikkje folk lokalt. På den andre sida hamnar no pengane i det minste i Egypt (får vi tru) og ikkje andre stader.

Uansett, turisme utgjer over 10 prosent av økonomien i Egypt. Landet kan ikkje komme seg vidare utan turismen. Det er kanskje derfor denne t-skjorta gjorde at eg kunne slappe godt av under den varme egyptiske sola.

Support freedom visiy egypt

Standard