Erna Solberg
Politikk, Val

Mitt råd til Erna

Erna Solberg

Eg rår Erna Solberg til å lage seg ei lita regjering. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg har eigentleg ikkje noko tru på at Erna vil høyre på mine råd, spesielt ikkje om politikk. Eg skal derfor komme med eit råd på eit område som ikkje er partipolitikk, men som har med nye idear og betre løysningar å gjere.

Eg trur eit av dei problema mange norske regjeringar har er at det er vanskeleg å få 20 statsrådar til å trekke i same retning, langt mindre få dei til å gå i takt. Sjansen for dette er enno mindre når det er fleire parti involvert. Ein av grunnane til dette er at 20 personar er for mange. Det er ingen andre som ville finne på å ha eit dagleg operativt styre på 20 personar. Det er rett og slett ikkje effektivt. Ein av konsekvensane av dette er at du får eit underutval i regjeringa. Dette underutvalet blir den reelle leiinga av landet, medan resten av regjeringa strør sand på. Dette er problematisk. Ein ting er at underutvalet ikkje har nokon status i lov og grunnlov. Etter loven er alle statsrådane likestilte. Det andre er at underutvalet blir litt ad hoc, og får problem med å peike ut ei klår retning for regjeringa. Det blir heller ein måte å løyse kriser og konfliktar på.

Eg meiner det ville vore betre å formalisert det underutvalet viser at vi treng – ei mindre regjering. Dersom eg skulle sett saman ei regjering ville den hatt mellom sju og ni statsrådar. Helst sju. Det er lite nok til at du faktisk kan få til ei felles retning og til at du kan ha ei felles leiing av landet.

Ein konsekvens av dette ville vere at du måtte oppgradere statusen til statssekretærane til ein slags juniorministrar med ansvar for eigne saksfelt. Ein kan tenkje seg eit næringsdepartement med ein statssekretær med ansvar for skipsfart, ei for anna næring, ei for landbruk og ei for fiskeri.

Denne modellen ville sjølvsagt skape andre utfordringar. Mellom anna ville det vere eit problem at statssekretærane/juniorministrane ikkje har møterett for Stortinget. Det kan likevel la seg løyse.

Eg trur fordelen med ei tydelegare og kanskje strategisk leiing av landet vil vere større enn ulempane.

Standard
Høyre lover eivigvarende kvoter
Økonomi, Politikk

Evigvarande kvoter og fisken på børs

2013-08-07 20.09.10

Fiskeribladet Fiskaren onsdag 7. august

Det var vel eigentleg ikkje nokon grunn til å sette kaffen i halsen, men eg gjorde det likevel då eg såg førstesida på Fiskeribladet Fiskaren i går. Med krigstyper skreiv dei: “Høyre lover evige kvoter”

Dette bryt med eit av dei mest sentrale premissa i norsk fiskeripolitikk. I Noreg er det slik at det er folket som eig fisken, og vi har ønska at verdien av fisken skal vere med å bygge fiskerisamfunna. Dette byggverket vil Høgre rive ned.

Dersom vi tar eit lite sidesprang til Island. Der innførte dei evigvarande kvoter på nittitalet. Fisken skulle ikkje lenger tilhøyre samfunnet, men den einskilde kvotebaron. I løpet av kort tid var fisken samla på få hender, og fisken gjekk frå å vere ein vare og ein ressurs til å bli eit verdipapir som det vart spekulert på børsen med. Det var denne endringa som la grunnlaget for den islandske bankkollapsen. Spekulasjonen i fiskeripapir skapte ei islandsk bankboble og finansekspansjon som til slutt kollapsa og knuste den islandske økononomien. Høgre synst vist dette var eit så vellukka eksperiment at dei vil gjenta det i Noreg. Kanskje ikkje så rart at eg sette kaffen i halsen likevel?

Dessverre har vi allereie gått for langt i denne retninga i Noreg allereie, med strukturering av kvotane i den større kystflåten. SV har heldigvis klart å stoppa Ap sin iver etter store einingar og såkalla rasjonalitet for flåten under 11 meter. Ein rasjonalitet som konsentrerer fiskekvotane på få hender og utarmar mange fiskerissamfunn. No seier Høgre tydeleg frå at dei vil ha strukturering på alle nivå, også i kystflåten. Også den minste flåten skal kunne spisast av dei store. Dette vil føre til ei ytterlegare utarming av mange kystsamfunn.

SV har ein positiv politikk for kystflåten med satsing på kvalitet, fiskareigde farty og at verdien av fisken skal hamne i fiskeværa, hos fiskaren og ikkje på børsen. Men slikt skaper ikkje papirformuar hos dei som gjev Høgre millionstøtte i valkampen.

Men, dette er kanskje ikkje så rart når Erna Solberg ser på levande vesen, på biologisk produksjon på same måte som møbelproduksjon. I Høgre sitt sjømatprogram seier ho:

«Jeg kaller laksen Norges Ikea.»

Standard
Erna Solberg
Politikk, Troms og Tromsø

Tromsø – det blåblå utstillingsvindauget

Erna Solberg

Erna Solberg er ikkje sosialdemokrat. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Det er no litt over eit år til neste stortingsval. Meiningsmålingane tyder på at det er ein stor fare for at dei blå vinn makta i riket. Kva kan det føre til?

I den samanhengen kan det vere verd å ta ein titt på kva som skjer i Tromsø. Høgre, Venstre og Frp vann kommunevalet i Tromsø i fjor haust etter 12 år med raud-grønt styre. Dei innførte parlamentarisme i kommunen, noko som kostar oss 16 millionar i året. Og, dei starta med borgarleg politikk, naturleg nok.

Kva er situasjonen i Tromsø. To av parti som samarbeider har folk i leiinga som er sterkt ideologiske. Dei trur ærleg og oppriktig at marknaden løyser dei aller fleste oppgåver betre enn kva vi kan klare i fellesskap. Det siste partiet er mindre ideologisk opptatt av marknadsløysningar, men har ein allergi mot alt av bilavgifter.

Kva har vi sett frå dette byrådet det drøye halve året sidan dei kom til makta?

  • Dei har stoppa bygging av ny innfartsveg til Tromsø på grunn av den patologiske motstanden mot bompengar
  • Dei har kutta pengar til skolane og barnehagane
  • Dei ønskjer å gjere om alle barnehagane til as
  • Dei har lagt opp til ei valdsam utviding av skjenketidene
  • Nordlys har fått tilgang til et notat som viser at byrådet jobber med å åpne anbud på all kommunal drift.
  • Kutt i vedlikahald av offentlege fellesareal
  • Reklamefinasiering av bussskur
  • Innført såkalla «fritt» skoleval i grunnskolen

Vi skal sjølvsagt ikkje vere overraska over at høgrepartia fører høgrepolitikk. Det skulle vel eigentleg berre mangle. Men, dette viser med all tydelegheit at utsagnet “vi er alle sosialdemokratar” ikkje er sant. Dei politiske skiljelinene er der og i Tromsø har dei blitt tydelege. Dette viser og at snakket om at i kommunepolitikken betyr ikkje partia så mykje – det viktigaste er flinke folk er feil. Det er sjølvsagt bra med flinke folk, men hovudspørsmålet er kva dei er flinke til. Er dei flinke til å bygge fellesskap og velferd, eller flinke til å privatisere og konkurranseutsette?

Den lærdomen vi kan trekke frå det som no skjer i Tromsø er at Erna Solberg, Siv Jensen og Trine Skei Grande ikkje er sosialdemokratar. Dei meiner alvor med å konkurranseutsette, kutte i sjukeløn, innføre private skolar og gje arbeidsgjevaren meir makt over arbeidstakarane.

Så, bruk det blåblå utstillingsvindauget for kva det er verd framover. For underleg nok, gjev du høgrepartia makta så får du høgrepolitikk.

 

 

Standard
EU, Feature, Val

Islendingane seier nei – Høgre har panikk

ISLAND TILL EU

Island søkjer offisielt om EU-medlemsskap, men har dei folkemeininga med seg? Foto: Islandske utanriksdepartementet

Eg skal ikkje påstå at panikken har sett seg fast i krokane på Høgres hus, men eg synst det siste utspelet om EU vitnar om dei er blitt litt redde.

I ei youtube utfordring til Jens Stoltenberg nyttar Erna Solberg den islandske EU-søknaden som eit argument for at også Noreg må søke om medlemsskap. Timinga kunne vore betre. Utspelet kom same dag som EUobserver kunne melde om eit svært klart fleirtal mot medlemsskap blant folket på sagaøya som skal avgjere dette. 48,5 prosent er no mot, 34,7 prosent er for, medan resten ikkje veit. Eg skal sjølvsagt vere forsiktig med å forskottere den islandske folkemeininga, men det bør sanneleg ja-sida og vere.

Eg føler meg trygg på at Noreg ikkje blir med i EU dei neste fire åra heller.

VG skriv om saka her.

Forøvrig skriv dei i same artikkelen i EUobserver  om at granskinga av Kaupting tyder på ureint mjøl der i garden.

Oppdatert:

Stian Oen har ein fin kommentar her

Standard