EU

Istappar og euro

Istappar kan vere vakre, men foræderiske...

No i desse dagar så heng det store istappar frå hustak, særleg frå hustak som er dårleg isolert. Istappar som trugar med å dette ned å skade oss alvorleg, sjølv om dei kan vere vakre på avstand. Slik er det med euroen og, vakker og lettvinn på avstand, men kjem du nær han må du vere forsiktig med å ikkje få han i hovudet.

Hellas kom nær istappane, og dei fall ned.

Utfordringa med euroen er at han stappar ulike økonomiar inn i ei tvangstrøye. Der alle skal ha same rente, inflasjon og utlånspolitikk. Det går ikkje på eit så mangfaldig kontinent som Europa. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Hellas og Tyskland treng ulik økonomisk politikk. Eller at Tyskland er like skuldig i krisa som Hellas.

Det er dette dei ikkje har skjønt, dei som er ramma av gigantomanien også i det små. Utfordringa med å slå saman sjukehusa i Oslo, er litt den same som å få Tyskland og Hellas til å gå i økonomisk takt. Når noko blir så stort så blir det ustyrleg og med dårleg samanheng. Det blir vanskeleg å sjå ting over avdelingsgrenser eller sektorgrenser.

Når Tyskland (og Noreg) insisterer på å ha store overskott på handelsbalansen med utlandet, så må nokon gå med underskott. Det minner meg litt om ei venninne som ein gong kom blakk heim etter å ha studert i Oslo i ein periode og brukt opp studielånet så alt for fort. — Eg benytta meg berre av dei tilboda som fanst, var forklaringa på at ho var pengelaus. Litt det same kan ein seie om Hellas. Nokon måtte bruke dei pengane som Tyskland (og Noreg) sparte.

Gjennom innføringa av euroen vart det plutseleg lett. Det var akkurat som om Hellas fekk studielån og stipend. Renta gjekk ned til tysk nivå. Det vart nesten gratis å låne pengar. Vi kan sjølvsagt rette peikefingeren mot greske og andre politikarar som har brukt meir pengar enn det dei har tent. Men, vi kan ikkje la vere å sjå det i samanheng med den institusjonelle ramma som vart skapt gjennom innføringa av euroen. Ansvaret vart pulverisert. Sett frå Athen såg det ut som ansvaret låg ein annan stad. Den europeiske sentralbanken fastsette renta, uavhengig av kva som skjedde i Hellas. Sentralbanken måtte sjølvsagt ta omsyn til korleis økonomien gjekk i dei største landa.

Så sit vi i ein situasjon der folk flest i Hellas må ta ansvaret for det som har skjedd kanskje i hovudsak på bakgrunn av hendingar langt borte i Brüssel ein stad. Det greske folket må stramme inn livreima for å sikre at tyske og franske bankar ikkje skal tape pengane sine.

Eg klarer ikkje å sjå at dette er rettferd, at berre ein av aktørane som bygde rammeverket rundt euroen og gjorde krisa mogleg skal bere heile byrda. Det er ikkje meining i at når naboen isolerer taket sitt dårleg, så er det eg som får istappane i hovudet.

Eg meiner derfor at det einaste rette no er å la Hellas få lov til å gå konkurs, slette store delar av gjelda, starte på nytt. Kanskje og på ein kontrollert måte gå tilbake til ein eigen valuta. Då får grekarane sjølv ta ansvaret for låna dei tar opp og renta dei betaler. Investorane og bankane får ta stilling til om dei trur dei får pengane sine tilbake om dei låner ut. Eg trudde at poenget med bankar var at dei skulle vurdere risiko, og ikkje overlate det til andre.

Så er det kanskje og på tide at arbeidsfolk i Tyskland får ta del i overskottet der, gjennom at lønene veks. Noko dei nesten ikkje har gjort på 20 år. Og, kanskje Noreg og bør ta ansvar for å redusere handelsoverskottet vårt gjennom å redusere oljeutvinninga. Ein meir differensiert økonomi i Noreg, høgare løner i Tyskland og ein betre balanse i verdsøkonomien treng ikkje vere ei dårleg løysning på eurokrisa.

Dette innlegget vart først publisert på Nei til EU sine sider under vignetten «Ukens skribent». Bli medlem i Nei til EU om du ikkje allereie er det!

Standard