EU

Det greieste ville være at skyde dem

Den siste store fantejakta gjekk føre seg i Noreg i 1907. Meir enn 1000 menn samla seg i Flå i Gauldal for å jage fantane ut av bygda. Ein fant er det same som ein omstreifar, tater eller ein frå rom-folket. I følgje Wikipedia vedtok Sør Odal herredsstyre så seint som i 1920 med 8 mot 5 stemmer at det «ikke lenger» skulle vere lov å skyte fantane. Grunnen var at bygdevektaren hadde bedt om lov til å gjenoppta den gamle praksisen med å skyte tatarar. «Det greieste ville være at skyde dem” uttalte bygdevektar Ihler i si henstilling til herredsstyret.

I alle bygder i Noreg hadde vi frå seinmellomalderen såkalla ståtarfogdar. Denne hadde som si hovudoppgåve å jage fantar og tatarar frå bygda og å halde oppsyn med kor mange tiggarar, og omstreifarar som fanst i distriktet.

Diskusjonen om å stenge grensene for romfolket, om å jage romfolket bort, å forby tigging er eit framhald av ein svært lite ærerik tradisjon i Noreg. Ei tid eg hadde håpa at vi hadde forlatt.

Når vi no atter ser fattigdomen og nauda på våre eigne gater og torg må vi møte det på andre måtar enn med forbod.

Det å forby tigging løyser ikkje fattigdomsproblema. Samstundes er det like klårt at tigging heller ikkje løyser fattigdomsproblema og det er sannsynleggjort at ein del kriminalitet oppstår i kjølvatnet av tigginga.

Kva kan då vere løysinga?

Eg trur vi må innsjå at vi har hatt omreisande folk i samfunnet vårt til alle tider. Vi må finne løysningar slik at vi kan leve saman og at flest råd kan skape seg eit innkome gjennom arbeid heller enn tigging.

Vi kan heller ikkje vere kjent av at folk i Noreg søv under bruer og med dårlege hygienske forhold. Det kan spreie sjukdom er respektlaust overfor dei det gjeld. Vi bør makte å stille opp med eit område der folk kan bu, der det er tilgang på vatn og do. Samstundes bør vi stille klåre krav til at det er nokonlunde flidd rundt vogner, bilar og telt. Det kan ikkje sjå ut som ein svinesti.

Den fattigdomen som vi ser mellom rom-folket og som no spreier seg til stadig fleire grupper i Europa er eit resultat av ein kapitalisme som belønner oss som allereie har det godt, og straffar dei som allereie har det vondt. Løysninga for rom-folket og alle andre fattige i Europa er eit økonomisk system som klarer å dele godene slik at alle har nok. Det klarer ikkje dagens system. Her må venstresida i Noreg jobbe saman med venstresida i heile Europa for å få gjort noko med tvangstrøya euroen og det kapitalistiske systemet legg på oss.

Eg vil utfordre dei norske byane til å ta initiativ til ein europeisk ordførarkonferanse for å diskutere problema knytt til tigging og fattigdom. Dette er ikkje noko verken Tromsø eller Noreg kan løyse åleine.

Så er det rett at dette er ein vanskeleg diskusjon. Men eg håper vi kan bevege oss i ei retning der vi leiter etter praktiske løysingar og ikkje ropar etter forbod.

Standard