Skole, Troms og Tromsø

Elendig økonomi

Dei som no sit i Rådhuset prøver å få folk til å tru at byen var vanstyrt av dei raud-grøne for å skjule eigne prioriteringar. Foto: Harald Groven/http://www.flickr.com/photos/kongharald/598195861/

Tromsø kommune har vistnok ein elendig økonomi. Dette blir gjentatt og påstått av høgresida i Tromsø kommune til det kjedsommelege, men dessverre er det ofte slik at ei løgn som blir gjentatt mange nok gonger blir til sanninga? Det er trist når denne sanninga skjuler feil i prioriteringane frå høgrebyrådet.

Siste ut i hylekoret er Peter Reinholdtsen, rådgjevar for finansbyråden. I ein velskriven kronikk i Nordlys og iTromsø kjem han med denne påstanden på nytt. Rett nok er påstanden berre ein del av ein større debatt om eit anna tema mellom han og nokre namngjevne folk i Ap, Raudt og uavhengige. Eg skal ikkje ta del i den debatten, men gjenta nokre fakta om økonomien i Tromsø.

Etter at venstresida hadde styrt kommunen i 12 år så er altså fakta at Tromsø kommune er den mest effektive av dei 10 største kommunane våre i følgje ein studie frå «Senter for økonomisk forskning», vist til på kommunen sine eigne nettsider. Det tyder vel ikkje på ein kommune som var direkte vanstyrt av venstresida?

Meir direkte på økonomien så er det verd å merke seg at kommunen gjekk med eit overskott i 2011. Ikkje så veldig stort, men 10 millionar er vel ikkje å forakte. Igjen, det tyder ikkje akkurat på ein kommune som er totalt økonomisk skakkøyrt.

Eg synst heller høgresida, saman med Ap, skal forklare korfor dei auka bruken av pengar på politikarane med omtrent akkurat same sum som dei kutta på skolane?

Det er ei underleg prioritering. Kanskje Peter Reinholdtsen eller sjefen hans, finansbyråden, kan gje seg inn på å forklare den prioriteringa, heller enn å skulde på forgjengarane?

Til sist kan det vere verd å merke seg at kuttet i skolebudsjettet går ut over undervisninga. Det veit vi, men det betyr og vanskelegare tider for oss som ikkje går på skolen. Stakekvollan skole er no ikkje lenger mogleg å låne eller leige for lag og foreiningar på kveldstid. Fordi skolebudsjetta er kutta.

Kan du eller sjefen din forsvare den prioriteringa Peter Reinholdtsen?

Her skreiv eg om budsjettet til høgrebyrådet då det vart lagt fram.

Standard