Økonomi, SV

Hurra for skatt på finansnæringa!

finans

Finansnæringa treng sterkare reguleringar og eit skatteregime som gjer at dei bidrar til fellesskapet. Foto: Adrian Scottow/flickr

Det er ikkje lett å huske så langt tilbake, men i 2007/2008 hadde vi ei såkalla finanskrise. Ei uregulert finansnæring hadde lånt ut pengar vilt og uhemma og spekulert like vilt og uhemma. Til slutta ramla pyramiden saman. Resultatet ser vi gjennom ei arbeidsløyse på nesten 30 prosent i mange land. For å berge bankane tok dei pengane frå vanlege folk. Dette er ein av grunnane til at eg jublar for forslaget frå SV om ein skatt på omsetninga i finansnæringa. Ein slik skatt vil vere med på å gjere reint spekulative investeringar mindre lønsame. 

Når det samstundes vil gje ni milliardar som vi kan bruke på å bygge velferdsstaten, betre barnhagar, skolar, sjukehus og eldreomsorg så er det ingen tvil om om at dette er eit columbi egg. Men det tar ikkje slutt der, denne skatten vil og vere med på å minske skilnadane i Noreg. Ein sterk velferdsstat er den viktigaste reiskapen for å gje alle like moglegheter i Noreg. Samstundes må det vere lov å håpe at det vil gå ut over nokre av dei mest oppblåste lønningane innafor finanssektoren.

Abonner på denne bloggen – trykk her!

 

Standard