Politikk

Framtida langs kysten – aktivitetsplikt og andre pliktar

Midnattsol, Nordlys og vakre bilde er ikkje nok. Vi må og ha kontroll med ressursane langs kysten vår. Foto: Clemensfranz/Wikimedia Commons

Eg er frå Stamsund. Det er eit fiskevær i Lofoten. Det er og ein av dei plassane langs kysten som har ein fiskeindustri som får fisk frå trålarane til reiarlaget Havfisk. Ein av grunnane til det er at Havfisk har såkalla aktivitetsplikt knytt til trålarane sine. Det betyr at dei får kvoter frå oss alle mot at dei sikrar aktivitet og arbeidsplassar på land. Blant anna i Stamsund.

Når no fiskeriminister Per Sandberg foreslår å fjerne aktivitetsplikta og dei andre pliktene ulike trålarar har hatt som motyting for å få gratis tilgang til folket sin eigedom så kjem det til å få konsekvensar i Stamsund og i andre fiskevær langs kysten vår. I Stortingsmeldinga skriv regjeringa:

«Basert på tall for sysselsetting og vurdering av de enkelte arbeidsmarkedene er det grunn til å anta at de regionale ringvirkningene av en eventuell nedleggelse vil bli størst i Stamsund og Melbu i Nordland.»

Ein av hovudgrunnane til at eg engasjerte meg politisk i si tid og meldte meg inn i SV var torskekrisa på slutten av 80-talet. I Stamsund som så mange andre stader langs kysten merka vi denne krisa på kroppen. Vi gjekk i tog mot fiskeriminister Svein Munkejord og slåss for at fisken som var igjen skulle komme på land i fiskeværa langs kysten og skape verdiar, arbeidsplassar, liv og røre der. No er denne kampen igjen meir enn aktuell. Dersom vi fjernar pliktane til trålarane (mot ei lita avkorting i kvotene) så kan vi ikkje sikre at fisken faktisk vil vere med å skape liv og røre langs kysten. Vi gjev frå oss kontrollen. Og, dersom utviklinga fortsetter er det nok ikkje lenge til desse reiarlaga blir eigd heilt eller delvis av internasjonale gigantar som Unilever eller andre. Presset for størst mogleg forteneste vil skape press på å tillate utanlandsk og billig arbeidskraft. Vi, som bur langs kysten, mistar avkastninga av fisken og fisket. Allereie har mange stader langs kysten mista den retten dei hadde til fisk frå trålarane. No forsvinn dei siste.

Eg trur faktisk ikkje så stygt om Frp og Per Sandberg at eg trur at dette er målet dei har sett seg. Eg trur ikkje dei eigentleg vil denne utviklinga, men det er konsekvensen av politikken om høgreregjeringa får halde fram. Dersom Stamsund og andre fiskevær langs kysten skal ha ei framtid som fiskevær, som noko meir enn kulissar for turistar, så må vi vinne kampen om kontroll med ressursane langs kysten. Det er grunnen til at at SV sitt grunnlovsforslag er så viktig. Vi foreslår at grunnloven skal seie:

«Dei viltlevande marine ressursane er eigd av det nasjonale fellesskapet, og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Nærare føresegner om forvaltninga av marine ressursar blir fastsette i lov.»

Dette stortingsvalet som kjem no blir eit avgjerande slag i kampen for dei store ressursane i havet vårt. Skal vi eige og forvalte dei saman, eller skal vi overlate til andre å hente verdien og overskottet av fisken.

Pliktene til trålarane er kanskje ikkje altomfattande viktig, men det er ein del av ei utvikling som går i feil retning. Trålarane fekk i si tid konsesjon og unntak frå deltakarloven fordi dei skulle sørge for aktivitet på land i den tida kystflåten ikkje kunne levere fisk. Dersom denne føresetninga fell bort, fell og grunnlaget for konsesjonane bort. Konsekvensen må bli at kvotane tilfell samfunna langs heile den nordnorske kysten som i dag skulle hatt fordelen av leveringsplikt og aktivitetsplikt.

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg har retta nokre skrivefeil etter at dette innlegget vart publisert

Standard
Miljø, Økonomi

Skummel forskjellbehandling?

Den spanske trålaren Arosa Quince vart raskt oppbrakt av norsk kystvakt. Skjer det same med norske trålarar?

Den 26. juli meldte NRK at den russiske trålaren «Melkekart II» får ei bot på 450 000 kroner for å ulovleg ha dumpa fisk i Barentshavet. Det ser ut som om det tok ein dag å etterforske saka og gje reiarlaget og skipperen bot.

I mai 2011 filma fiskeridirektoratet at ein norsk trålar dumpa fem tonn torsk på havet. No, eitt år og tre månader seinare er det enno ikkje gjeve bot eller tatt ut tiltale. (NRK si sak her)

Det kan godt tenkast at der er gode grunnar til at det er blitt slik, men dei gode grunnane er ikkje komen fram enno. Den einaste grunne som direktøren i fiskeridirektoratet gjev er at «Vi har tradisjon for å gå ganske nøye inn i desse sakene». Det kan då vere verd å spørje korfor ein går så mykje nøyare inn i den eine saka enn i den andre?

Eg er i alle fall heilt sikker på ein ting, om ikkje russiske fiskarar og russiske styresmakter trur at vi i Noreg er i stand til å handheve reglane likt overfor norske og utanlandske farty vil vi snart få store problem med forvaltninga i Barentshavet. Kor lenge vil russiske farty akseptere norske reglar om det blir skapt ei oppfatning av at reglane er strengare for russarane enn for nordmenn. Ikkje lenge vil eg tru.

Det går godt an å spekulere i korfor det er blitt slik. Eg ser for meg to grunnar. Anten arbeider direktoratet for tregt, eventuelt manglar kompetanse, eller så er samrøret mellom pengeinteressane og offentlege styresmakter slik at ein kvier seg for å reagere. Eg skal ikkje seie noko om kva som er realiteten. Men begge delar bør føre til ei opprydding i direktoratet og departementet.

Miljøkriminalitet må stoppast raskt og kontant.

Så kan ein jo og spørre om korfor departement ikkje har klart å sette i verk stortingsvedtaket om forbud mot fiske for båtar større enn 15 meter på fjordane. Kan det vere same grunnen?

Standard
Økonomi, SV

Privatisering av fiskeressursene

Så har NRK og Fiskerihøgskolene bekrefta det vi i SV har visst lenge. Fiskeressursene i likehet med andre naturressurser i dette landet blir privatisert i stort tempo av denne regjeringa. (Sjå NRK-Troms http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/…ms/5028506.html)

SV er det einaste partiet som konsekvent har kjempa mot denne utviklinga. Sjå http://www.sv.no/politikken/fisk/ Vi har gang på gang foreslått å sette ein stopp for denne privatiseringa og overføringa av verdier gratis til noen få. Dessverre har vi ikkje fått heilhjarta støtte frå SP og AP. Og frå Kystpartiet kjem det berre uforpliktande tåkeprat. Men dette er noko vi må løyse i ei komande regjering.

Berre eit sterkt SV tryggar kontrollen av viktige nasjonale naturressursar på fellesskapet sine hender.

Standard