Ikkje politikk

Vibram five fingers og lugga

Det er i overkant av eit år sidan sist eg var ute og jogga. I går skjedde det igjen. Ja, kanskje jogging er å ta litt hardt i, sjølv om eg sprang ein del på førsten og slutten. Når folk kunne sjå meg.

Grunnen til at eg kom meg ut. Eg har fått meg ein ny dings. Dingsen

image

heiter Vibram Five Fingers. Dette er altså ein slags sko, med rom for kvar enkelt tå, slik som fingrane i ein hanske. Det er rart med det, men skoa gjev meg same kjensle som ein ny telefon eller ein ny datamaskin. Denne må eg prøve og meistre. Om det går veit eg ikkje, eg har jo aldri lært meg å programmere, sjølv om eg har prøvd fleire gonger. Også der omtrent ein gong i året..

I alle fall det er vist ein ny trend når det gjeld springing. Ein skal springe berrføtt, eller så nær ein kjem. Derfor desse nye skoa. I tillegg til dingsekjensla skal det styrke musklane i leggen, foten og vere sunnare for kne og andre ledd.

Men, i alle fall, medan eg sprang og gjekk opp til Myklevikaksla i dag slo det meg; dette hadde eg gjort før. Då tenkte eg ikkje på jogging men på berrføttspringing. Når eg var barn sprang eg mykje, som dei fleste barn. Eg huska og godt at å springe om vinteren med store sko ikkje var det artigaste. Men å springe med luggar, aldri sprang eg raskare og lettare. Luggane var lette, mjuke og flate, akkurat som berrføttsko. Derfor om det skulle finne på å vere ein pasjonert løpar mellom lesarane av denne bloggen. Skaff deg luggar om du vil springe til vinteren.

Korfor nokon skulle ville det, når du heller kan gå på ski, er eit spørsmål eg får la ligge.

image

Luggane mine var det ho farmor som batt. Og, dei einaste gongane eg vart erta for å vere samisk medan eg var barn var om eg hadde luggane på. No trur eg ikkje luggar er spesielt samisk, men dei var uvanlege nok til å bli assosiert med noko framandt.

Standard