Politikk

Kjensla av at vi manglar kontroll med flyktningepolitikken

Eg har ei sterk kjensle av at norske styresmakter manglar kontroll over det som skjer med mengden asylsøkjarar i Noreg. Dersom vi føler at styresmaktene manglar kontroll med flyktningepolitikken får vi og for ei kjensle av å bli oversvømt. Dersom det får festa seg ei kjensle av at vi bli oversvømt kan vi for komme i ein vanskeleg situasjon.

Grensa mellom Noreg og Russland - Storskog

Grensa mellom Russland og Noreg har blitt ei utfordring. Her utan syklar.

Eg meiner vi skal ha ein liberal asylpolitikk. Eg meiner nok at vi skal ta mot fleire enn det fleirtalet i Noreg meiner er rett. Derfor skremmer dagens situasjon meg. Når vi får oppslag i avisene av typen:

Kapasiteten er sprengt hos politiet og ved sykehuset i Øst-Finnmark. Nå sendes det til og med busser med asylsøkere langs E6 uten at sjåføren vet hvor de skal.

Denne kjensla av å bli oversvømt, av at vi ikkje har kontroll er farleg. Då er det kort veg til kommentarar som denne i kommentarfeltet hos nordnorskdebatt:

Det er ikke en folkevanding, det er en invasjon.

Det kan fort gå rask nedover i debatten frå denne typen utsegner. Derfor er det skummelt at det framstår i nasjonale media som om dei sentrale politikarane våre er handlingslamma. Eg ønsker meg nokon som står fram og tydeleg seier at dette kan vi handtere. Dette har vi beredskap for. Og deretter handlar for å vise nettopp at vi har kontroll. Dersom Noreg skal vere eit liberalt land, der dei som har behov for vern faktisk får vern så treng vi å sjå at styresmaktene våre har kontroll.

Og, dersom vi faktisk ikkje har kontroll, då har vi eit stort problem.

Då får vi innlegg av denne typen:

Kjære Erna Solberg! Er du statsminister eller er du bare en som tar ordre fra andre og kun er en som administrerer for landets undergang? Er denne regjeringa din satt fullstendig sjakk matt? Skal dere bare sitte der og se på at landet voldtas og raseres? Tenker dere ikke på vårt eget folks sikkerhet? Og hvorfor blir ikke grensa stengt?

Dette ser meget farlig ut, og det enste som nå kan redde oss er en eller flere hendelser som vekker folket. Alt annet ser ut til å være nytteløst, der det norskefolk ikke engang får opplysning om hva som foregår i sitt eget land. Enhver ser jo at dette kan IKKE fortsette!

Det er mange ting å reagere på i desse to korte avsnitta. Spørsmålet om Solberg styrer eller er ein marionett for andre er jo typisk konspirasjonsteori. Før var det jødane som stod bak og styrte i denne typen teoriar, kven det er no kjem ikkje klart fram. Vidare blir det vist til «hendelser som vekker folket». Eg veit ikkje om eg skal utbrodere, la meg nøye meg med å seie at eg ikkje liker dei assosisjonane eg får.

Vi treng no politisk leiarskap. Vi treng å ta grep for å kunne gje hjelp til dei som faktisk treng hjelp. Vi treng at vi kan stole på at styresmaktene har kontroll.

Korfor har ikkje Erna Solberg reist til Storskog?

Korfor tar ikkje Noreg internasjonale initiativ?

Korfor snakkar vi ikkje med Russland på høgt nivå?

Dette skulle eg likt å visst.

Bildelisens: «Storskog Grenze» av Clemensfranz – Eige arbeid. Lisensiert under CC BY 3.0 gjennom Wikimedia Commons – https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Storskog_Grenze.jpg#/media/File:Storskog_Grenze.jpg

Standard

Sidan 1988 har minst 19144 menneske døydd ved dei europeiske grensene. Dei fleste har drukna. Sist no omkom nesten 300 menneske utanfor Lampedusa. 

VG skriv:

Fiskere fra Lampedusa har sagt at de under besøket vil tute i hornene for å protestere mot Europas innvandringspolitikk. Det er ofte fiskerne som må komme flyktninger til unnsetning når de holder på å drukne utenfor øya

Dette viser litt av omfanget:

grensedod

Eg er ikkje heilt sikker på kva svaret er. Det er nok ikkje å slå alle dører opp på vidt gap.Men det er heller ikkje å stenge grensene på ein slik måte at folk blir tvungen til å bruke kriminelle bandar eller rotne båtar for å komme seg til Europa.

Eg er heilt sikker på at dette heng saman med fattigdom og krigføring i mange land. Det er derfor skremmande at den nye regjeringa vil redusere bistanden til fattige land. Så kan vi nok godt diskutere om bistanden fungerer godt nok og om ting kan gjerast betre. Men det blir ikkje færre flykningar av å redusere bistanden.

Utanfor Lampedusa i 2007. Foto: Sara Prestiani/noborder networks

Utanfor Lampedusa i 2007. Foto: Sara Prestiani/noborder networks

Cayuco, denne er frå i nærleiken av Kanarieøyane. Foto: noborders network

Cayuco, denne er frå i nærleiken av Kanarieøyane. Foto: noborders network

Kva synst du, korleis kan vi best unngå at folk døyr ved Europas grenser?

Denne artikkelen i VG er verd å lese:

– Foreldrene som bringer med seg barna sine vet at de risikerer livet. De har kommet fram til at det ikke er håp der de er, og de har håp om å skape seg en bedre fremtid ved den desperate flukten, sier Jan Egeland til VG.

Internasjonalt, Politikk

Dei døyr ved grensene våre

Bilete