Politikk, Sosialisme

Folkeavstemming om statsbudsjettet!

No nærmar tida for sjølvmelding seg med stormsteg. Vi skal alle saman fortelle stat og kommune kor mykje pengar vi tente i 2007, også får vi beskjed om kor mykje som skal betalast i skatt. Og, vi håper alle på at det skal bli litt pengar til overs, heller enn den frykta baksmellen.

Er det ikkje litt trist at den einaste gongen staten kommuniserer med innbyggarane er når dei skal ha pengane våre? Eg er ein av dei som betaler skatt med glede, eg veit at det vi får igjen i form av skole, omsorg og sjukehus er enormt mykje meir verd enn dei pengane eg betaler inn. Eg trur likevel vi kan gjere ein vri, ein vri som vil auke gleden over å betale skatt.

I 2008 har Stortinget budsjettert med at vi skal betale 170 milliardar i inntekts- og formueskatt. Burde ikkje vi fått love til å bestemme over korleis i alle fall litt av desse pengane skulle brukast? Stortinget kunne vedtatt skattesatsen og sett av – la oss tenke på eit tal – 50 milliardar som vi fekk bestemme over.

Praktisk
Det er ganske lett å gjennomføre dette i praksis. Når eg leverer sjølvmeldinga så fekk eg lov til å krysse av i eit skjema. Skjemaet kunne ha 10 val:

Eg vil at pengane skal brukast til:

  • Betre skolar
  • Meir til forskning og utvikling
  • Meir til forsvaret
  • Billigare sprit og bensin
  • Større innsats innafor eldreomsorgen og sjukehusa
  • Lågare skatt
  • Auking i bistanden
  • Fleire politifolk
  • Billigare barnehagar og SFO
  • Større overføringar til landbruket

Så ville dei kryssa vi har sett inn avgjere korleis dei 50 milliardane skulle bli brukt. Eg trur vi fort ville oppdaga at dei fleste ikkje ville ønske seg billigare bensin eller lågare skatt, men ville ønske seg betre offentlege tenester. Eg ser og for meg ein spennande offentleg debatt om korleis vi skal sette kryssa våre.

Det er openbart store utfordringar med dette, men vil vi demokrati så kan vi løyse dei utfordringane.

Standard