Amerikanske styrkar i Troms bidrar ikkje til avspenning i nord

Nordlys melder at det blir diskutert at det skal vere fast utstasjonering av amerikanske styrkar i Troms. Det kan kanskje høyrast tilforlateleg ut å stasjonere amerikanske og allierte styrkar fast i Troms. Det er då ingenting galt med allierte styrkar i Noreg?

US Marines trener landsetting under Cold Response 2012.
US Marines trener landsetting under Cold Response 2012. (U.S. Marine Corps photo by Lance Cpl. Marcin Platek)

For å svare på dette spørsmålet er det lurt å starte med formålet med forsvaret. Det er å skape ein så høg terskel for ein angripar slik at vi aldri kjem i krig. Og, om så galt skulle skje er formålet å forsvare landet. Noreg har vel berre ein potensiell militær utfordrar. Det er Russland. Det viktigaste for forsvaret og Noreg er då å stille seg sånn at vi ikkje kjem i krig med Russland.

Det er mogleg å forstå at Russland er mistenksam på intensjonane til NATO. Dei ser at den gamle fienden NATO nærmar seg dei russiske grensene, dei føler seg omringa, og det er mogleg å trur at dei føler seg trua og pressa inn i eit hjørne. Eg har aldri gått på bjørnejakt, men eg tenkjer at å presse ein bjørn inn i eit hjørne er lite lurt, i alle fall om du er den som er i nærleiken.

Derfor valde Noreg gjennom heile den kalde krigen å seie nei til permanent basering av allierte styrkar i Noreg. Vi ville ikkje presse bjørnen inn i eit hjørne. Fordi det var oss labbane ville treffe om han langa ut. Det er enno betre grunnar til å halde fast ved denne politikken no. Derfor er det negativt for norsk tryggleik at det vart fast stasjonert amerikanske styrkar på Værnes, derfor kjem det til å vere enda meir negativt om det blir fast utstasjonering av amerikanske styrkar i Troms.

Samstundes med at denne saka blir diskutert, så aukar spenninga i nordområda. The Independent Barents Observer viser til russiske dokument som held fram Svalbard som eit av områda der det kan bli militær konfrontasjon mellom Russland og NATO.

Det er viktigare enn nokonsinne å halde på lågspenninga i nord. Då treng vi eit truverdig norsk forsvar, laga for å forsvare Noreg, ikkje for å delta i militære ekspedisjonar i Nato-regi, og vi må halde fast ved dei reglane vi hadde under den kalde krigen. Ingen utanlandske styrkar i Noreg i fredstid, og grenser for kor nært Russland alierte styrkar kan øve.

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner