Internasjonalt, Politikk, Russland

Svensk internettovervaking retta mot Russland?

Demonstrasjonar mot loven i Stockholm 08.06.08Den svenske FRA-lagen er ein undertrykkande lov som føresett at alle svenskar med utanlandskontakt ikkje har krav på privatliv. Eg har lenge vore forundra over at dei svenske styresmaktene kunne vedta ei slik undertrykkande lov, sjølv om det er høgresida som styrer. Denne artikkelen i Dagens Industri, forklarer kanskje ein del (også her).

Det viser seg at 80% av den russiske internettrafikken går gjennom Sverige. Den nye loven gjev svensk forsvar rett til å overvake denne trafikken utan rettsleg kjennelse eller grunngjeving. Det er i så fall trist at redsla for Russland skal få denne typen konsekvensar.

Denne loven vil svekke rettane til svenskar og mange nordmenn. Denne nettstaden ligg på ein svensk server. All trafikken som går gjennom denne serveren kan no overvakast. I tillegg til den makta dette potensielt gjev svenske styresmakter over privatlivet til folk, er dette med på å forsure tilhøva mellom Russland og vesten. Eg er redd for at dette vil bli nok eit argument i Russland for at russarane ikkje kan stole på vesten. Det kan vere ein av mange faktorar som styrkar ei utvikling i Russland som få av oss ønsker.

Du kan lese meir om FRA-lagen i DN eller på Wikipedia, eller Jan Omdals kommentar i Dagbladet.

Standard