Olje, Sosialisme

Store forskjeller på folk

I går la SSB ut nok ein av mange spanande statistikkar. Denne gongen handlar det om fordelinga av rikdomen og inntekta i landet. Statistikken viser at det er svært stor skilnad mellom fylka i landet. I følgje denne statistikken er BNP per innbyggjar i Oslo 600 959 kroner, medan det i Nord-Trøndelag er 217 471 kroner. Kan det verkeleg vere sånn att innbyggjarane i Oslo er tre gonger meir effektive enn innbyggjarane i Nord-Trøndelag? Eg tviler.

Det denne statistikken viser er at Noreg er eit svært sentralisert land. Der resultata av arbeid i resten av landet blir inntektsført i Oslo. Den største verdiskapinga i landet (i alle fall slik det blir rekna i BNP) skjer innafor olje og gass. Då kan det ikkje vere rett at BNP per innbyggjar er dobbelt så høgt i Oslo som i Rogaland. Dette viser at vi som bur utanfor Oslo alt for lenge har akseptert å stå med hovudet i olja og fisken, medan profitten har hamna andre stader. Dette gjev seg og utslag i lønningar og disponibel inntekt for folk. Den disponible inntekta per innbyggjar i Oslo er 243 752 kroner, medan inntekta i Sogn og Fjordane er 161 849 kroner. Sjølv om det er store skilnader innad i Oslo viser dette tydeleg at den regionale dimmensjone får alt for liten plass i norsk politikk.

Dette landet treng ein politikk for å redusere skilnader mellom klasser, men i like stor grad for å utlikne skilnadene mellom fylka i landet. Kanskje på tide at vi tar til å prate om distriktspolitikk igjen i dette landet vårt?

Standard