SAS og bannskap

image

Eg høyrde Bård Hoksrud på Dagsnytt 18 i dag. I følgje han har Trond Giske gjort alt galt. Eg skulle likt å høyrt Hoksrud sin reaksjon om Giske hadde bidratt til konkurs i SAS. Då skulle du høyrt på halloi. Plutseleg hadde vi stått der utan flysamband mange stader og med monopolistprisar alle andre stader.

Eg er ikkje glad for det som skjer i SAS, eg liker ikkje å bruke skattepengar på private selskap, men dessverre er vi i ein slags tvangssituasjon her. Eg er ganske sikker på at det har vore ytre ein del ord i den politiske leiinga i departementet som ikkje eignar seg på trykk i den siste tida. Likevel meiner eg Giske si løysning nok er den minst dårlege i dagens situasjon.

Det aller viktigaste no er å trygge framtida og stabiliteten i Widerøe. Widerøe er eit viktig kollektivtrafikkselskap i store delar av landet. Dei grønne måsane er viktige der det ikkje finst tog. Eg håper dei tilsette får til å kjøpe selskapet, også drøymer eg om at Widerøe blir eit samvirkeselskap eigd av kundane og dei tilsette. Det ville gjeve godt grunnlag for drift og eit selskap som tar kundane sine behov på alvor. Det viktigaste hadde likevel vore at det hadde vore demokratiserande.

USA betre enn Noreg på klima

Dette biletet frå Athabasca i Alberta viser eit lite utsnitt av øydeleggingane utvinning av oljesand utset naturen for. Det øverste biletet er frå 1984, det nederste frå 2011. Foto: NASA Earth Observatory

Det er ganske utruleg, men dessverre sant. Der norske styresmakter ikkje legg seg opp i at Statoil utvinn den mest klimaøydeleggande olja i verda frå sand i Canada, har president Obama sagt nei til ei røyrledning som skal føre denne olja til den amerikanske marknaden.

Prosjektet gjeld Keystone XL som skulle føre olje frå sandbankane i Alberta til raffineria ved Mexicogolfen. Det har blitt ført ein lang kamp frå miljørørsla i USA som no er krona med siger – i alle fall i første omgang.

Tilbake i oljelandet så kunne eg inderleg ønska meg ein oljeminister som hadde tilnærma same guts og ståpåvilje som næringsministeren. Det hadde vore fantastisk om Ole Borten Moe kunne gje tydelege styringssignal til Statoil om at Norge ikkje skulle bidra til utvinning av oljesand, om det skjer på SMS, uformelt eller formelt er ikkje så viktig. Det viktige er at det skjer.

Det er ganske paradoksalt at vi øydelegg framtida for å tene pengar som vi skal spare for framtida.

Les meir om Keystone her