Politikk

Det skal vere folkets hav – sikra i grunnloven

Det er inspirerande å sjå korleis fiskeripolitikken er blitt viktigare i Noreg. Til og med nasjonale media har tatt til å bry seg om korleis ein av dei største ressursane våre blir forvalta. Det gler meg spesielt at SV gjennom Torgeir Knag Fylkesnes har aksla leiartrøya i denne debatten.

Den aller viktgaste debatten handlar om kven som skal få del i dei verdiane som fisken skaper. Skal det vere nokre få kvotebaronar eller skal det komme kystsamfunna og folket langs kysten til gode.

SV har foreslått at det siste skal inn i grunnlova. Den må slå fast at det er kystens folk som skal ha glede av fisken. Vi foreslår at §111 i grunnlova skal lyde:

«Dei viltlevande marine ressursane er eigd av det nasjonale fellesskapet, og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Nærare føresegner om forvaltninga av marine ressursar blir fastsette i lov.»

Så er det på sett og vis hyggeleg at Ap kjem halsande etter med sitt eiga forslag på same tema. Det triste er at i Ap sitt forslag har dei bevisst valt å ikkje seie noko om kven som skal tene på ressursane. Det betyr at med Ap sitt grunnlovsforslag vil politikken kunne halde fram som før. Det vil framleis vere slik at eit 20-tals familiar kan kontrollere brorparten av fiskeressursane. Ap sitt framlegg er reint pynting av grunnloven, litt slik skoleelevar teiknar bordar rundt oppgåva når leksa er ferdig.

Det er synd at Ap ikkje kan vere med på å ta eit oppgjer med faren for ei storstilt privatisering av fiskeressursane og vere med på å slå fast at det er kystens folk som skal ha verdien av fisken.

Ver med på å sikre kystfolket sine rettar til fisken, skriv under her.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Politikk

Til Angrepskrig maa Norges Hær og Flaate ikke anvendes

Lovdata har laga ein fantastisk fin gjennomgang av korleis den norske grunnlova har forandra seg frå 1814 og fram til i dag. Eg satt i går og bladde gjennom grunnlova og oppdaga at i riktig gamle dagar så stod det i den norske grunnlova: “Til Angrepskrig maa Norges Hær og Flaate ikkje anvendes, uden Storthingets Samtykke.

Umiddelbart synst eg det høyrdes ut som ein flott regel, og eg vart nysgjerrig på når og korfor denne regelen vart tatt ut av grunnlova.

Det skjedde i 1917, og så merkeleg som det høyres ut vart det gjort for å tydeleggjere at Noreg ikkje skulle kunne delta i ein angrepskrig.

Constitutionscomiteen skreiv i si innstilling:

Men grundlovsforslaget har ogsaa en anden hensigt end denne. Det vil befri den norske grundlovfor uttrykk og forestillinger som det ikkje er passende at den fører. Vort folks og lands ringe magtstilling tillater ikke, at grundloven gir forskrifter om “angrepskrig”. Hertil kommer det vigtigste: Norge er og vil være et fredelig og fredselskende land. Folket er gjennomtrængt av avsky og rædsel for krig, og har med voksende styrke sluttet seg til den “fredsbevægelse”, som i de sidste menneskealdre er opstaat verden over. Statsmyndigheten har gjort seg til tolk herfor, og Norge er blit et av de land i Europa, som først og fremst har gaat til kravet om internationale stridigheters avgjørelse ved voldgift, ved retsprøvelse istedetfor magtanvendelse, ved andre og mere mennesklige midler end krig og barbarisk ødelæggelse.

Grunnen til denne argumentasjonen er at i neste paragraf i grunnloven står at “Kongen har Ret til at sammenkalde Tropper, begynde Krig til Landets Forsvar og slutte Fred” Tolkinga var at ved å fjerne punktet om angrepskrig i §25 ville §26 effektivt sette stoppar for all anna krig, enn reine forsvarskrigar.

Dessverre har utviklinga ikkje vist seg å stemme med den argumentasjonen som vart ført på Stortinget i 1917. Dei siste 25 åra har Noreg deltatt i ei rad krigar, mot Serbia, Irak Afghanistan og Libya. Ingen av desse krigane kan ei seie var direkte norske forsvarskrigar. Så ein lekmann kan i alle undre seg på om desse krigane har vore lovlege etter paragraf 26 i grunnlova.

Vidare vart i alle fall krigen i/mot Libya sett i verk utan noko form for handsaming i Stortinget. Det er ein situasjon som ikkje kan vedvare. Vi kan ikkje leve med at regjeringa åleina kan forplikte Noreg til krig mot eller i andre land dersom krigen ikkje er ein rein forsvarskrig.

Eg meiner derfor at det er på tide å få tilbake ei formuleringer i grunnlova som liknar på den som stod fram til 1917. Blir den foreslått no kunne kanskje Stortinget vedtatt den nye formuleringa i 2017, hundre år etter at den førre formuleringa vart fjerna?

Eg kunne tenke meg å foreslå følgjande formulering:

“Norges Hær og Flaate kan ikke anvendes utenfor Norges grenser til Krig eller Krigslignende opdrag uden Storthingets Samtykke. Storthinget kan ikke gi slikt samtykke dersom ikke Internationale Sammenslutninger etter Folkerettens Regler har bedd Norge om å delta”

No er ikkje eg nokon grunnlovsekspert, så det kan tenkast at formuleringa må endrast på, men kva synst du om meiningsinnhaldet?

Få epost med oppdatering av bloggen

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard