Kommunepolitikk

Skolekretsgrenser til besvær

Korleis skal vi best gje alle ungane i Tromsø eit godt skoletilbod, det er eigentleg grunnspørsmålet. Også nå vi skal vurdere skolekretsgrensene. Det er mange vanskelege avvegingar å gjere i ein slik debatt. Avstand til skolen, tradisjon, forventningar til skole etter kvar du bur og kvalitet på skolen.

Grønnåsen skole kan bli ungdomsskolen for elevane på Gyllenborg. Foto: Tromsø kommune.

Den grunnleggande utfordringa er at det over tid endrar seg kvar på Tromsøya det er flest elevar. Det endrar seg i takt med bustadbygginga og i takt med kva folk som bur i ein bydel. Når det blir bygd mykje nytt kjem det gjerne inn familiar med barn, etter kvart veks ungane til og det blir færre skoleelevar i eit område, også startar det gjerne på nytt.

På Tromsøya har vi nok plassar i ungdomsskolane våre til alle elevane. Dei tre ungdomsskolane Sommerlyst, Grønnåsen og Langnes er alle gode skolar. Skolar som vil gje ungane våre ei god utdanning, vere med å utvikle dei så dei kan bli det beste mennesket dei kan vere. Når det er slik at vi har plass til alle, ville det vore rart å skulle bygd ein ungdomsskole til. Ein ny ungdomsskole kostar fort ein halv milliard. Det er mange pengar å skulle bruke når vi allereie har plass.

For å kunne utnytte denne plassen vil det vere slik at elevar i nokre område i byen i periodar vil få lengre veg til skolen, men det er ikkje snakk om timesvis på bussen kvar dag. Vi vil vere innafor grei sykkelavstand for ein nokonlunde sprek fjortenåring uansett. Og alle som bur meir enn fire kilometer frå skolen får tilbod om buss.

Det store spørsmålet er derfor ikkje om vi skal endre skolekretsgrensene, men korleis vi skal gjere det. Kvar grensene skal gå må vi diskutere. Det som ligg fast er at nokre av dei som i dag soknar til Sommerlyst må gå anten på Grønnåsen eller på Langnes.

Administrasjonen har lagt fram eit forslag om at alle dei som i dag går på Gyllenborg barneskole i framtida skal gå på Grønnåsen (inntil demografien endrar seg og vi igjen må endre på grensene). Grunnen til det er at det er eit poeng å halde elevane samla. Det er ein tryggleik å vite at dei du gjekk på barneskolen saman med skal du og gå på ungdomsskole saman med.

Fleire moglegheiter

Det er likevel ikkje den einaste moglegheita. Dersom vi deler barneskolane kan vi lage skolekretsgrenser slik at ein del av dei som går på Gyllenborg, Fagereng eller andre barneskolar sør på øya skal gå anten på Grønnåsen eller Langnes. Det finst ikkje ein fasit på kva som er den beste løysninga. Eg ønsker velkommen ein debatt om dette, og gler meg til innspela frå foreldre og elevar på skolane om kva dei synst er den beste løysninga.

Det einaste eg er heilt sikker på er at med dei trass alt korte avstandane vi har på Tromsøya ville det vore feil bruk av fellesskapen sine pengar å bygge nytt når vi har plass til alle elevane. Den neste ungdomsskolen vil skal bygge i Tromsø kjem på Kvaløya. Der treng dei verkeleg ein ny ungdomsskole.

 

Du kan lese kommunens høyringsnotat om saka her.

Standard