Arbeid og trygd,Feature,Politikk,Troms og Tromsø

Fleire barnehagar i Tromsø

I morges leste eg iTromsø og Nordlys og klarte å la meg provosere av ein privatiseringskåt Magnus Mæland frå Tromsø Høgre, iTromsø siterer han frå Nordlysartikkelen:

– Den rødgrønne allergien for private barnehager har ført til store investeringer og økt gjeld for kommunen

og

Partiet hans ønsker nå at det legges bedre til rette for at private aktører kan bidra til å lette på behovet for barnehageplasser.

Eg meiner at barnehagane bør vere eit offentleg ansvar og bør drivast i kommunen i all hovudsak, sjølv om det og må vere plass til ideelle organisasjonar og foreldredrivne barnehagar. Du kan lese svaret mitt til avisa iTromsø her

Barn leiker i ein barnehage i Oslo, dei får det betre om dei vaksne får eit betre arbeidsmiljø. Foto: Simon Norbert Pranter/http://flickr.com/photos/simonnorbertpranter/2331775036/

.

Eg ser fleire store utfordringar i barnehagesektoren. Vi treng betre arbeidsmiljø, vi treng enno betre tilbod om vidareutdanning og vi treng kontinuerleg opptak til barnehagane slik at ikkje folk blir gåande å vente på barnehageplass i lang tid.

Eg meiner at dersom vi sørgjer for å ha kapasitet i barnehagane til å kunne ha kontinuerleg opptak så er det og eit steg på vegen i å gjere arbeidsmiljøet betre og skape rom for etter- og vidareutdanning.  Korleis kan det ha seg?

Jau, om vi skal ha kontinuerleg opptak i løpet av året så må vi og ha ein “overkapasitet” i barnehagane i periodar av året. Dette medfører at vi delar av året vil ha fleire vaksne per barn enn om vi køyrte med full kapasitet. Det vil skape ein betre arbeidssituasjon for dei tilsette, betre oppfølgjing av ungane og kanskje kan dette rommet og brukast til kursing.

Det som det er liten tvil om er at det svært lite sannsynleg at private marknadsbaserte aktørar i barnehagesektoren vil akseptere å i periodar planlagt køyre med mindre enn full kapasitet. Det vil jo føre til mindre inntekter. Ei slik prioritering til beste for småbarnsfamiliane i Tromsø er det nok berre kommunen som kan gjere.

Eg er motstandar av at private skal tene pengar på å drive offentlege velferdstilbod, og i dette tilfellet meiner eg vi får viktige tilleggsverdiar om kommunen bygger og driv barnehagane

 

 

Standard
Erna Solberg
Feature,Olje,Økonomi

Høgre er næringsfiendtlege og distriktsfiendtlege

Erna Solberg

Erna Solberg sitt parti fjernar støtte til næringslivet i nord og gjer Noreg meir avhengige av oljen. Foto: Høgre/CF Wesenberg / kolonihavnen.no(dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg er kanskje naiv, men eg hadde faktisk trudd at Høgre var opptatt av næringslivet i heile landet, og at dei var opptatt å skape det nye næringslivet som vi skal leve av og med i framtida. Eg tok feil. Høgre er i beste fall opptatt av næringslivet i Oslo og Akershus.

Eg vart kvitt naiviteten min då eg las gjennom Høgre sitt alternative statsbudsjett for 2011. Det trur eg det er fornuftig at alle som er opptatt av næringsutvikling brukar tid på å lese. Då blir du kvitt all di naive tru på at Høgre er næringslivet sitt parti.

Ein av dei viktigaste aktørane i næringsutviklinga i Noreg er fylkeskommunane. Fylka har pengar som gå direkte i støtte til nye og gamle bedrifter og som blir brukt til å legge til rette for næringsutvikling. Høgre foreslår å fjerne heile denne posten på 1,5 milliardar. Det betyr at Nordland mistar 261,5 mill, Troms 178 mill, og Finnmark 134 millionar. Det vil næringslivet i nord, og særleg nye bedrifter merke.

Du trur kanskje at det var alt, men nei. Det er meir.

Høgre kuttar og ein halv milliard i rammetilskottet til fylka. Det vil gå ut over vegbygginga og den vidaregåande skolen. Det er ikkje eit gode for næringslivet.

Men, det er enno meir!

Høgre foreslår å kutte 220 millionar til utviklingsfond. Dette er sentrale middel til bygdeutvikling i Noreg og kutt vil skape problem for næringslivet i dei minste bygdene våre.

Puh, var det alt, spør du? Neida, det er enno meir!

Høgre flyttar 200 millionar frå allsidig næringsutvikling gjennom SIVA, næringshagar og kompetanseutvikling til petroleumssatsing. Høgre vil altså gjere landet vårt enno meir avhengige av oljen. Det er å gå med ryggen inn i framtida.

Har du falt av stolen no? Viss ikkje, hald deg fast, for det kjem meir.

Høgre vil kutte 200 millionar i kjøp av ulønsame posttenester. Dette er dei tenestene som gjer at folk og bedrifter i distrikta kan få og kan sende post kvar dag. Det som gjer at distrikta har tilgang til omtrent same infrastruktur og kommunikasjon som sentrale strok.

Høgre sin politikk er ein politikk for eit meir oljeavhengig land med større skilnader mellom folk og landsdelar.

Så, eg har lagt vekk mi naive tru på at Høgre er næringsvenleg, det bør du og gjere. SV og den raud-grønne regjeringa er mykje betre for næringslivet enn Høgre.

Høgre sitt alternative statsbudsjett finn du her, kutta er frå side 69 og utover.

Standard
Feature,Skole,Vidaregåande

Trist for distriktstroms

I dag la fylkesrådet i Troms fram sitt framlegg til budsjett for 2010, og i samband med det foreslår dei å legge ned Skånland vgs og å samlokalisere Høgtun og Bardufoss. Dei foreslår og å starte ein prosess som kan føre til at Sjøvegan vgs og Sørreisa vgs blir historie. Eg gjekk av som fylkesråd i protest mot desse framlegga, og er ikkje mildare stemt i dag.

For skoletroms som heilskap er det likevel varst at skolane ikkje blir tilført det dei treng for å kunne vidareføre drifta på dagens nivå. Fylkesrådet skriv i pressemeldinga si:

Fylkesrådet i Troms vil satse på økt kvalitet i den videregående opplæringen i Troms, og tilfører derfor sektoren 24,6 millioner kroner i 2010 for å gi skolene handlingsrom for å tilpasse seg framtiden. Samtidig gjøres det strukturelle grep i sektoren.

I år har sektoren eit underskott på 30 millionar, og skolane er pressa til det ytterste på alle område. Det å tilføre 25 millionar er dessverre ikkje nok for å gje skolane levelege vilkår. Det vil ikkje vere rom for ei kraftfull satsing mot fråfall dei komande åra. Det å kalle dette ei satsing på skole er i beste fall ei kraftig overdriving.

Eg er glad for at Skjervøy vgs bergar seg i denne omgangen. Ap skal ha honør for å ha snudd i den saka. For Skånalnd er dette ein trist dag. I pressemeldinga skriv fylkesrådet:

Skånland vgs legges ned, og tilbudet flyttes til Heggen vgs. Utdanningstilbudet SIGMA Nord videreføres. Fylkesrådet vil samtidig se på finansieringen av tilbudet, særlig det at Troms fylkeskommune i dag finansierer ordningen også for ungdom som kommer fra andre fylker.

Det er to store utfordringar med dette. Det som gjer tilbodet ved Skånland til SIGMA Nord så spesielt er nærleiken mellom skolen og behandlingsinstitusjonen. Opplæringa kan vere ein integrert del av opplæringa. Sjølv om ein vidarefører tilbodet til pasientane ved SIGMA Nord forsvinn den delen av tilbodet som har vore viktig gjennom at skolen forsvinn til Harstad. Mellom linjene kan ein og lese at fylkesrådet heller ikkje lenger vil betale for elevar som kjem frå andre fylke. Dette er ofte elevar som ikkje har utdanningsrett. Det kan føre til at heile tilbodet fell i fisk, og at det offentlege i lengda får mykje større kostnader, men då på andre budsjett.

Eg trur og at det blir vanskeleg å halde oppe det samiske miljøet som i dag er på Skånland på Heggen i Harstad. Ikkje fordi ikkje skolen vil, eller fordi det ikkje er fagmiljø, men fordi det samiske miljøet blir splitta. Halvparten av elevane som i dag går på Skånland må til Narvik. Det betyr at vi ikkje får same mengde samiske elevar – og sjølvsagt eit svakare miljø.

Eg må innrømme at eg er spent på kva forslaget om ein ny skole i Midt-Troms betyr. Det trur eg må vente med å kommentere til sakspapira kjem.

SV vil halde fram arbeidet med å prøve å berge dei skolane som no er truga av nedlegging og forsøke å auke rammane til utdanning. Presset må no leggast på Krf og Høgre som har blitt samde med Ap i denne saka.

Og, ikkje nok med at dei er blitt samde i denne saka, dei skal og styre fylket i lag framover. Det skal bli interessant å følgje med på.

Standard
Feature,Klima,SV

Isen smeltar raskare enn vi vil tru

isfjorden

Havisen i Isfjorden på Grønland som bryt opp. Skal vi tru BBC er dette berre begynnelsen. Foto: Tim Norris

Torsdag 13. august hadde BBC ein reportasje som er skremmande. Vi har høyrt om at havisen i Arktis smeltar, vi har høyrt om isbrear på Grønland som kalvar og sprekk, men til no har i alle fall eg oppfatta at Antarktis har vore ganske stabilt. Det er ikkje lenger tilfelle.

BBC skriv på nettsidene sine :

«A study of satellite measurements of Pine Island glacier in west Antarctica reveals the surface of the ice is now dropping at a rate of up to 16m a year.»

Dette er alarmerande fordi det er når innlandsisen tar til å smelte at havet for alvor vil stige. Dette må få betydning for det norske valet. Det ville vere direkte uansvarleg å auke tempoet i den norske oljeutvinninga i ein slik situasjon. Vi kan med fordel spare hydrokarbonane på botn av havet, framfor på børsane. Sjølv om det gjekk godt det siste kvartalet.

Dersom du er opptatt av miljøet og opptatt av å hindre oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for å ta vare på ei av dei viktigaste næringane i landsdelen – fiskeria – då er det berre eit alternativ. Det alternativet er SV.

Korfor SV, er ikkje Venstre og Krf og mot oljeutvinning?
Jo, det er dei, og all ære til dei for det. Det hjelp berre ikkje. Etter dette valet kjem Arbeidarpartiet og Frp til å ha fleirtal på Stortinget. Desse partia vil etter alle solemerker gå inn for oljeboring. Den einaste måten å bryte dette fleirtalet på er gjennom å binde Ap til masta i ei regjeringserklæring. Det er einaste måten å unngå fleirtal for oljeboring. Det betyr at sjølv om V og Krf skulle komme i regjering med Høgre, og få Høgre med seg på å seie nei til oljeboring vil fleirtalet av Ap og Frp kunne trumpe saka gjennom i Stortinget. Det einaste partiet som kan binde Ap til masta er SV.

Er du opptatt av miljø må du stemme SV ved dette valet. Forøvrig same konklusjon som professor Jørgen Randers på BI kom til i rapporten; «Partienes klimapolitikk 2005-2009 – løfter og leveranser». Til Morgenbladet seier Randers:

«- SV ønsker de riktige tingene på alle de områdene vi har blinket ut. Samtidig som de faktisk har styringsvilje. De andre ønsker mye av det samme, men de vil alle gå forsiktigere til verks.»

Valet er klart og valet er ditt.

——————————————

VG skriv om saka her

Brumlebass her

og  Steinar J. Olsen er innom temaet her.

Standard
Skole,SV

SV fokuserer på læring – Høgre på sortering

Kent Gudmundsen og Høgre kan ikkje ha likt at eg påpeika at Høgre vil privatisere skolen. Han svarer i alle fall ikkje på den utfordringa. Vedstår ikkje Høgre seg sin eigen politikk? Her svarer eg på Kent Gudmundsens innlegg; «SV uten fokus på innholdet i skolen» som du finn her.

Det eg har sett frå Høgre i det siste er at Høgre ikkje vil ha mat i skolen. Hender det ikkje at det finst mat på eit høgremøte, litt frukt kanskje? Eg trur det, for høgrefolk akkurat som ungar jobbar betre om blodsukkeret ikkje er langt nede. Utan mat, Gudmundsen blir det heller ikkje matte.

I denne perioden har vi auka timetalet i 1-4 fjerde klasse for å satse på lesing, skriving og rekning. Det kan ikkje Gudmundsen ha fått med seg når han skriv; «Høyre har kjempet en politisk kamp om å øke timetallet i norsk, matte og engelsk for grunnskolen». Høgre har snakka, SV har gjennomført.

Noko av det viktigaste i dei komande fire åra blir å auke kvaliteten i SFO. Ei gratis kjernetid midt på dagen vil gje ungane eit pusterom, som vil føre til betre læring i timane. Prisen på SFO må få eit tak slik at den ikkje veks gjennom taket – og ja – ungane må få mat.

SV var mot Høgre sine nasjonale prøver. Desse hadde berre eit formål, å rangere og henge ut skolar. SV har sett i verk prøvar for å kunne gje skolane tilbakemelding for å kunne utvikle skolane, heller enn å henge dei ut. Dei fleste blir flinkare av konstruktiv kritikk ikkje uthenging, men det er kanskje annleis i Høgre. I SV trur vi på gode tilbakemeldingar til skolar og elevar slik at dei kan bli betre. Derfor har innført prøver som er eit verkty for lærarane for skoleutvikling – ikkje for uthenging.

Gudmundsen påstår at SV er mot karakterar og eksamen. Det er rett at SV ikkje vil innføre karakterar i småskolen. Vi trur ikkje seks, sju og åtteåringar blir motivert til skole gjennom karakterar, men vi vil ikkje fjerne karakterane frå skolen. I programmet til SV står det:

«SV ynskjer difor å greie ut endringar i systemet for vurdering i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring med tanke på å forbetre vurderingssystemet vi har i dag. Målet med ei slik utgreiing må vere å finne vurderingsformer som gjev ei meir presis og heilskapleg tilbakemelding til eleven, og som seier frå om eleven er klar for å gå vidare i utdanninga eller ikkje. Eit godt system for vurdering må innehalde krav til ei meir kontinuerleg vurdering av kor godt eleven ligg an i høve til kompetansemåla på gjeldande steg, ha større fokus på kva elevane må arbeide med for å forbetre seg og medverke til motivasjon framfor sortering.»

Eg trur ikkje ein gong Høgre kan vere mot dette om dei set seg ned å tenkjer i staden for å berre reagere.

Tidlegare innlegg i debatten her

Standard